År 2005 den 9. juni holdtes Odelsting, hvor da ble gjort slikt
Lov 6. juni 2003 nr. 39 om burettslag endres slik:
I følgende bestemmelser skal
begrepene "burettsregister" og "burettsregisteret"
erstattes med "grunnbok" og "grunnboka":
§§ 6-2 første ledd, 6-3 første
ledd, 6-6 tredje ledd, 6-12 første ledd, 6-13 første
ledd, 6-13 tredje ledd, 13-5 åttende ledd og niende ledd
første punktum, 14-5 andre ledd, 14-6 andre ledd, 14-9
overskriften og 14-9 tredje ledd.
I § 14-12 nr. 3 og nr. 8 skal begrepet "borettsregisteret" erstattes
med "grunnboken".
§ 2-13 andre ledd skal lyde:
(2) Medan yrkesutøvar som nemnd i første
ledd eig alle andelane i laget, kan forbrukaren etter avtale ha
burett etter kapittel 5 før andelen blir overført
eller teikna. Før buretten blir overteken, skal avtalen
om rett til bustad i laget registrerast i grunnboka. Frå registreringa
gjeld reglane om råderett over og rettsstiftingar i
andel tilsvarande. Blir laget oppløyst før andelen
er overført eller teikna, gjeld § 5-25 tilsvarande. Annan
avtale med forbrukaren om bruksrett til bustaden er ikkje gyldig.
§ 5-11 andre ledd første punktum
skal lyde:
Ein andelseigar kan med godkjenning frå styret gjennomføre
tiltak på eigedomen som trengst på grunn av funksjonshemming
hos ein brukar av bustaden.
§ 6-1 skal lyde:
§ 6-1 Registrering i grunnboka
(1) Andelane i burettslaget skal registrerast
i grunnboka.
(2) For registreringa gjeld reglane i tinglysingslova
så langt ikkje noko anna er fastsett i kapitlet her.
(3) Kongen gir nærare forskrifter om
registreringa, og kan i den samanhengen gi føresegner som
vik frå tinglysingslova med forskrifter.
§ 6-2 andre ledd skal lyde:
(2) Stemninga eller eit utdrag av stemninga i eit søksmål
som gjeld rett som nemnd i første ledd, kan registrerast
dersom retten fastset det i orskurd.
Ny § 6-16 skal lyde:
§ 6-16 Gebyr
(1) For registrering etter lova her skal det betalast gebyr.
Departementet kan likevel fastsetje fritak frå plikta til å betale
gebyr for bestemte registreringar. Departementet gir forskrifter
om storleiken på gebyret. Departementet kan også gi
forskrifter om korleis informasjon om registrerte rettar skal gjerast
tilgjengeleg, og kan fastsetje at det skal betalast gebyr for tenestene.
(2) Gebyret skal betalast av den som har kravd forretninga.
Den som har kravd ei bestemt forretning, må også betale
for andre gebyrpliktige forretningar som nødvendig følgjer
med den forretninga som er kravd.
(3) Er ei forretning kravd av ein person eller
ei myndigheit på vegner av ein annan, blir begge ansvarlege
for gebyret. Ved registrering av dokument som har samanheng med
sal av burettslagsandel, er eit meklarføretak som hjelper
avtalepartane med oppgåver som nemnde i lov 16. juni 1989
nr. 53 om eiendomsmegling § 3-9 første ledd nr.
1, 2 eller 4, også ansvarleg for gebyret uavhengig av om
meklarføretaket har kravd forretninga. Har staten kravd
ei forretning på vegner av nokon, kan staten krevje refusjon
av denne dersom ikkje noko anna følgjer av lov.
(4) Krav på betaling etter denne føresegna
frå andre enn stat, fylkeskommune eller kommune er tvangsgrunnlag
for utlegg. Når Statens innkrevjingssentral er pålagt å krevje
inn gebyr for Statens kartverk, kan krava drivast inn ved trekk
i lønn og liknande ytingar etter reglane i dekningslova § 2-7.
Innkrevjingssentralen kan også drive inn krava ved å stifte
utleggspant for kravet dersom panteretten kan få rettsvern
ved registrering i eit register eller ved ei melding til ein tredjeperson,
jf. pantelova kapittel 5, og utleggsforretninga kan haldast på kontoret
til innkrevjingssentralen etter tvangsfullbyrdingslova § 7-9
første ledd.
Ny § 6-17 skal lyde:
§ 6-17 Skadebotansvar
(1) Staten skal bøte tap som nokon lir
utan eiga skuld på grunn av registreringsfeil ved:
1.å lite på ein
attest om registrering eller sletting eller på ei attestert
registerutskrift,
2.at eit rettserverv ikkje
blir registrert eller blir registrert eller endeleg registrert for
seint,
3.at eit rettserverv må stå attende
etter § 6-12 for eit erverv som er registrert seinare,
eller
4.at registrering er skjedd
på grunnlag av eit dokument som nemnd i § 6-13
andre ledd, og nokon i god tru har fått registrert ein
rett som byggjer på avtale, i tillit til det registrerte.
(2) Det skal reknast som registreringsfeil etter første
ledd nr. 1 at eit hefte ikkje er påført i attesten
på pantedokumentet, og dette seinare viser seg å redusere
høvet til dekning av panteretten.
§ 14-1 første og andre ledd skal
lyde:
(1) Lova gjeld frå den tid
Kongen fastset. Kongen kan setje i verk dei einskilde føresegnene
til ulik tid.
(2) Kongen fastset når lov
4. februar 1960 nr. 2 om borettslag blir oppheva.
§ 14-9 første ledd første
punktum skal lyde:
(1) Seinast seks månader etter at kapittel
6 i lova her er sett i verk, skal styret sende melding
til registerføraren for tinglysing av andelar
i burettslag om registrering av andelane.
§ 14-9 femte ledd oppheves. Nåværende
sjette og syvende ledd blir femte og sjette ledd.
§ 14-9 syvende og nytt åttende
ledd skal lyde:
(7) Beslagsforbod i andel i burettslag og råderettsband
etter dekningslova § 3-2 i slik andel har rettsvern utan
registrering i grunnboka, dersom rettsvernet er sikra før
kapittel 6 i lova her er sett i verk.
(8) Er det i medhald av § 14-17 avtalt
innskrenking i røysteretten etter § 7-10, kan
innskrenkinga halde fram så langt det følgjer
av dei tidlegare reglane.
§ 14-11 skal lyde:
§ 14-11. Vedtekter og avtalar
Vedtektsføresegner og avtalar som er i strid med føresegner
i lova her, fell bort seinast eitt år etter at lovføresegnene blei
sett i kraft.
Kapittel 14 nytt avsnitt V skal lyde:
V Mellombelse reglar
§ 14-13 Varigheit
Når kapittel 6 i lova her blir sett i verk, blir
reglane i kapittel 14 avsnitt V oppheva.
§ 14-14 Andelsbrev
(1) For kvar andel skal det skrivast ut eit andelsbrev.
Andelsbrev kan ikkje skrivast ut før laget er registrert
i Føretaksregisteret.
(2) Andelsbrevet skal innehalde namnet på laget, dagen
for registreringa, andelsnummeret og pålydande, namnet
på andelseigaren og opplysning om kva bustad som er knytt
til andelen.
(3) Er det knytt innskot til andelen, skal dette førast
på andelsbrevet med opplysning om at andelen ikkje gyldig
kan ervervast eller pantsetjast utan saman med innskotet.
(4) Er det avtalt innskrenking i røysteretten
etter § 14-17, skal innskrenkinga førast på andelsbrevet
med opplysning om frå kva tidspunkt andelseigaren skal
ha røysterett.
(5) Andelsbrevet skal vere datert og underskrive av minst
to styremedlemmer.
§ 14-15 Partialobligasjon
(1) Er det knytt innskot til andelen etter § 2-10, skal
det skrivast ut ein partialobligasjon til kvar andelseigar. Partialobligasjonane
kan ikkje skrivast ut før panteretten for dei samla innskota
er tinglyst etter § 2-11.
(2) Partialobligasjonen skal ha ei påføring
som viser tilknytinga mellom innskotet og andelen.
§ 14-16 Andelsbok
Alle andelar skal vere innført i ei andelsbok
med opplysning om namnet og adressa til eigaren. Som andelsbok reknar
ein også eit sikkert lausblads- eller kortsystem. Føringa
kan også gjerast ved elektronisk databehandling.
§ 14-17 Avtale mellom utbyggjar og forbrukar
(1) For avtale mellom yrkesutøvar som nemnd i § 2-12
og forbrukar om rett til bustad i laget gjeld bustadoppføringslova
dersom arbeid som er omfatta av avtalen, ikkje er fullført
på avtaletida, og elles avhendingslova, jf. bustadoppføringslova § 1
a og avhendingslova § 1-1 a.
(2) Medan ein yrkesutøvar som nemnd i første ledd
fører opp bustader for burettslaget, kan yrkesutøvaren
og forbrukaren avtale at andelen blir overført eller teikna
utan at forbrukaren får røysterett etter § 7-10.
Det kan ikkje gyldig avtalast andre innskrenkingar i råderetten
til andelseigaren enn det som elles følgjer av lova her.
(3) Er det avtalt innskrenking etter andre ledd, skal andelseigaren
få røysterett etter § 7-10 seinast to år
etter første overtaking av andel i laget.
§ 14-18 Panterett for felleskostnader
Laget kan ikkje stifte panterett i eigne andelar ved avtale
unntatt til sikring av krav på dekning av felleskostnader
og andre krav frå lagsforholdet.
§ 14-19 Burett
Burett etter burettslagslova kapittel 5 skal likestillast
med leigerett i panteloven §§ 4-3 og 5-8 og tvangsfullbyrdelsesloven §§ 1-8,
6-1 og 12-1.
§ 14-20 Heimelsoverføring
Overføring av andel etter avhendingslova § 1-1
a og bustadsoppføringslova § 1 a skjer ved overlevering av
andelsbrev og eventuell partialobligasjon, og melding til burettslaget.
§ 14-21 Forskrifter
Kongen kan i forskrifter gi ytterlegare mellombelse reglar
til kapittel 6 i lova her er sett i verk.
Lov 7. juni 1935 nr. 2 om tinglysing endres slik:
§ 1 første ledd skal lyde:
Tinglysing av dokumenter som gjelder fast eiendom, hører
under en eller flere registerførere under Statens kartverk
i den utstrekning det er bestemt av departementet, og ellers under
tingretten. Registrering av dokumenter som gjelder andeler
i borettslag etter burettslagslova kapittel 6, hører under
en eller flere registerførere under Statens kartverk. En
registerfører som nevnt i første og annet punktum, må ha
juridisk embetseksamen eller tilsvarende. Er tingrettens forretninger
delt mellom flere embetsmenn, kan departementet bestemme hvem som
skal være registerfører.
Lov 16. juni 1989 nr. 53 om eiendomsmegling endres
slik:
§ 3-9 andre ledd skal lyde:
(2) Meglerforetak som bistår med oppgaver som nevnt
i første ledd nr. 1, 2 eller 4 er etter lov 12. desember
1975 nr. 59 om dokumentavgift, lov 6. juni 2003 nr. 39
om burettslag og lov 17. desember 1982 nr. 86 om rettsgebyr,
ansvarlig for at avgifter, gebyrer og renter knyttet til tinglysing
av skjøte og andre dokumenter som har sammenheng med salget,
blir betalt.
Loven gjelder fra den tid Kongen
bestemmer.
Ågot Valle |
Sigvald Oppebøen Hansen |
president |
sekretær |