2.1 Generelle merknader frå Arbeidarpartiet

Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet vil peike på at kommunesektoren har ei heilt spesiell rolle for kvardagen til innbyggjarane i landet vårt. Desse medlemene meiner difor at det er viktig at oppgåveløysinga i offentleg sektor framleis skal vere lagd under lokal og regional demokratisk styring. Kommunalt sjølvstyre og likeverdige velferdstilbod er viktige målsetjingar.

Desse medlemene viser til at kommunane og fylkeskommunane står for ein svært stor del av den offentlege tenesteproduksjonen. Av den grunn må kommunar og fylkeskommunar ha økonomiske rammer som gjer dei i stand til å tilby dei tenestene som innbyggjarane har behov for. Desse medlemene strekar under at det må vere ei prioritert oppgåve å gi kommunar og fylkeskommunar rammevilkår som gjer det mogleg for dei å løyse oppgåvene sine.

I St.prp. nr. 1 (2003-2004) foreslår Regjeringa ein auke i dei samla inntektene til kommunesektoren på 3 3/4 mrd. kroner for 2004. Veksten er rekna ut frå nivået på inntektene som blei lagt til grunn i Revidert nasjonalbudsjett for 2003. Dessemedlemene viser til at i kommuneproposisjonen for 2004 blei det varsla ein reell vekst i dei frie inntektene for kommunesektoren på om lag 2 1/4 mrd. kroner rekna ut frå overslag i Revidert nasjonalbudsjett for 2003. Desse medlemene konstaterer at Regjeringa i forslaget til statsbudsjett legg opp til ein vekst i dei frie inntektene på om lag 1,8 mrd. kroner. Då er auken i støtte til særleg ressurskrevjande brukarar på 550 mill. kroner medrekna. Desse medlemene viser til at Regjeringa konstaterer at veksten i frie inntekter dermed utgjer 1 1/4 mrd. kroner.

Desse medlemene vil peike på at mange kommunar er i ein alvorleg økonomisk situasjon. Det oppsamla underskotet i kommunesektoren nærmar seg no 12 mrd. kroner. Det er nesten ei fordobling frå ifjor. Desse medlemene meiner difor at forslaget som Regjeringa har lagt fram, gir kommunane alt for stramme økonomiske rammer for neste år. Følgjene av dette vil vere at omfanget av og kvaliteten på velferdstenester i mange kommunar må reduserast. Det vil særleg vere opplæring og eldreomsorg som blir ramma av denne politikken. Dette er dei aller viktigaste tenesteområda i kommunane. Desse medlemene meiner at mangel på midlar spesielt vil gå utover dei som har aller mest behov for dei kommunale velferdstilboda. Difor poengterer desse medlemene at det er nødvendig å betre økonomien i kommunesektoren. Det er eit vilkår for å sikre ein betre skule og ei god eldreomsorg.

Desse medlemene viser dessutan til at etterslepet i kommunesektoren er stipulert til 5,5 mrd. kroner, noko som legg sterke avgrensingar på den kommunale handlefridommen. Denne tilstanden er òg eit uttrykk for at Regjeringa ikkje har prioritert økonomien i kommunesektoren i tilstrekkeleg grad.

Desse medlemene viser til Arbeidarpartiet sitt alternative budsjett for 2004. Der blir det foreslått å auke dei frie inntektene til kommunane og fylkeskommunane med 3,5 mrd. kroner utover forslaget frå Regjeringa. I denne auken ligg også ei satsing på 400 mill. kroner til 3 timars ekstra opplæringstid pr. veke til elevar i 1.-4. klasse i grunnskulen og 100 mill. kroner til å gjeninnføre utlånsordninga for lærebøker i vidaregåande opplæring.

Desse medlemene meiner at Arbeidarpartiet sitt alternative budsjett vil styrkje kvaliteten i opplæringa i grunnskulen og vidaregåande opplæring, redusere behovet for skulefritidsordninga og gi foreldra lågare utgifter til det sistnemnde tilbodet. Dessemedlemene legg dessutan vekt på at med Arbeidarpartiet sitt forslag vil det bli større omfang og betre kvalitet på eldreomsorga.

Desse medlemene viser dessutan til at Arbeidarpartiet vil auke overføringa til regional utvikling i fylkeskommunane.

I 2002 blei det innført ei ny ordning med rentekompensasjon til kommunar og fylkeskommunar for å halde ved like og rehabilitere skulebygg. Desse medlemene konstaterer at det er stort behov for midlar til utbetring og bygging av skuleanlegg og vil difor styrkje investeringsramma med 1 mrd. kroner utover forslaget frå Regjeringa.

Desse medlemene viser til at det er økonomisk ubalanse i kommunesektoren. Difor må det utarbeidast ein plan for å rette opp dette misforholdet. Det blir vist til eigen merknad og eige forslag seinare i innstillinga.

Desse medlemene viser til at Regjeringa går inn for at det skal setjast i verk ei ordning med nøytral meirverdiavgift for kommunesektoren, og at eit fleirtal i Stortinget har slutta seg til dette. Desse medlemene er ueinig i den omlegginga av meirverdiavgiftssystemet som er vedteke. Saka har ei rekkje uklare sider og var difor ikkje tilstrekkeleg utgreidd før avgjerd blei teken. Desse medlemenevil dessutan peike på at det nye systemet vil vere ein ytterlegare stimulans for kommunane til å konkurranseutsetje tenestene sine.

Når det gjeld pensjonskostnader i kommunesektoren, viser desse medlemene til eigne merknader og forslag i innstillinga til kommuneproposisjonen for 2004 (jf. Innst. S. nr. 259 (2002-2003)).

Desse medlemene meiner det er stort behov for endrings- og utviklingsarbeid i kommunar og fylkeskommunar. Målet med fornyingsarbeidet må vere å bruke mindre ressursar på administrasjon og meir på tenester og velferd for å gi innbyggjarane ein tryggare og enklare kvardag. Regjeringa har etter desse medlemene sitt syn einsidig søkelys på konkurranseutsetjing og privatisering som verkemiddel for effektivisering av kommunane. Desse medlemene vil poengtere at endrings- og utviklingsarbeidet i kommunesektoren må skje gjennom aktiv medverknad frå dei tilsette. Dessemedlemene meiner at konkurranseutsetjing innanfor helsestellet og eldreomsorga må stansast til følgjene er evaluerte.

Desse medlemene viser dessutan til Arbeidarpartiet sine merknader og forslag i Budsjett-innst. S. I (2003-2004) og Budsjett-innst. S. nr. 1 (2003-2004).

Oversyn over Arbeidarpartiets auke i inntektene for kommunesektoren samanlikna med forslaget frå Regjeringa (i mill. kroner):

Forslag frå Regjeringa

Forslag frå Arbeidarpartiet (auke)

Kommunar

Rammetilskot til kommunar

30 979,0

1 186,8

Tillegg i undervisningstimar i 1.-4. klasse i grunnskulen

400,0

Skatteinntekter, kommunar

88 025,0

1 245,0

Sum frie inntekter utan tillegg for 1.-4. klasse i grunnskulen

119 004,0

2 431,8

Sum frie inntekter med tillegg for 1.-4. klasse i grunnskulen

2 831,8

Fylkeskommunar

Rammetilskot til fylkeskommunar

11 468,0

413,2

Utlånsordning for lærebøker i vidaregåande opplæring

0,0

100,0

Skatteinntekter, fylkeskommunar

16 340,0

155,0

Sum frie inntekter

27 808,0

568,2

Sum frie inntekter med utlånsordninga

668,2

Kommunesektoren (utan tillegg for 1.-4. klasse i grunnskulen og utlånsordninga)

Rammetilskot

42 447,0

1 600,0

Skatteinntekter

104 365,0

1 400,0

Sum frie inntekter

146 812,0

3 000,0

Desse medlemene viser elles til budsjettavtalen mellom regjeringspartia og Arbeidarpartiet.

2.2 Generelle merknader frå Høgre og Kristeleg Folkeparti

Komiteens medlemmer fra Høyre og Kristelig Folkeparti er svært tilfreds med at Regjeringen vil føre en politikk som styrker lokaldemokratiet og øker den kommunale handlefriheten. Disse medlemmer vil understreke målsettingene i en slik politikk:

  • – Innbyggerne skal oppleve at de har nærhet til og anledning til å påvirke avgjørelser som blir tatt i lokalsamfunnet.

  • – Innbyggerne skal oppleve å bli tilbudt likeverdige tjenester av god kvalitet og med god tilgjengelighet - tilpasset individuelle og lokale behov - uavhengig av hvor de bor.

  • – Organiseringen av tjenesteproduksjonen skal sikre best mulig tjenester til lavest mulig kostnad, uavhengig av kommunegrenser og grenser mellom ulike forvaltningsnivå.

Disse medlemmer er tilfreds med at Regjeringen innenfor stramme budsjettrammer har prioritert økte overføringer til kommunene. Disse medlemmer viser videre til budsjettavtalen mellom Arbeiderpartiet og regjeringspartiene, hvor rammene er ytterligere økt. Disse medlemmer har forståelse for at mange kommuner opplever den økonomiske situasjonen som vanskelig. Denne situasjonen har vokst frem over lang tid, og er forårsaket av blant annet detaljstyrte og underfinansierte reformer, økte pensjonskostnader og dyre lønnsoppgjør. For å frigjøre midler til tjenester til innbyggerne, er disse medlemmer oppmerksom på at mange kommuner og fylkeskommunene har tatt ansvar for å møte økte utgiftsbehov med nødvendige omstillings- og effektiviseringstiltak. Det er avgjørende å fortsatt ha et betydelig påtrykk for omstilling og modernisering av offentlig forvaltning og tjenesteproduksjon, også i en situasjon hvor de økonomiske rammene for mange kommuner og fylkeskommuner i 2004 kan synes noe romsligere enn først antatt. Disse medlemmer viser til at kommunesektorens inntekter økes med 6,685 mrd. kroner fra 2003 til 2004. Dette representerer en historisk vekst på hele 6,1 pst. Kommunene får nær 1 500 kroner mer pr. innbygger neste år. Disse medlemmer vil også vise til at Regjeringens økonomiske politikk de siste to årene har bidratt til lavere rente. Disse medlemmer ser det som positivt at kommunesektoren nyter godt av rentenedsettelsen den senere tid på til sammen 4,5 prosentpoeng. Med en netto gjeld i størrelsesorden 70-80 mrd. kroner konstaterer disse medlemmer at den langsiktige effekten av rentenedsettelsen er om lag 3,5 mrd. kroner på årsbasis for kommuner og fylkeskommuner. På grunn av langsiktig rentebinding vil den kortsiktige besparelsen bli noe mindre. Disse medlemmer vil i den forbindelse framholde betydningen av å videreføre en stram økonomisk politikk som bidrar til å holde renten på et lavt nivå. Sammen med andre tiltak vil dette ha en positiv påvirkning på kommunenes rammevilkår slik at de viktige oppgavene sektoren skal utføre kan ha en forsvarlig kvalitet.

Disse medlemmer vil understreke at kommunesektoren har hovedansvaret for de viktigste velferdstjenestene. Disse tjenestene blir finansierte gjennom skatteinntekter, rammetilskudd, øremerkede tilskudd og brukerbetaling. Disse medlemmer er svært positive til at Regjeringen mener at rammefinansiering gjennom skatteinntekter og rammetilskudd bør være hovedprinsippet for finansiering av kommunesektoren. I den forbindelse vises det til at Regjeringens forslag til statsbudsjett økte skatteinntektenes andel av kommunenes samlede inntektsnivå, i tråd med ønsker fra kommunesektoren selv. Større grad av rammefinansiering av kommunesektoren må understøttes av et fortsatt arbeid for mindre detaljert statlig regelverkstyring. Disse medlemmer mener at rammestyring gir gode forutsetninger for å nå nasjonale mål, likeverdig fordeling av tjenestetilbud i ulike deler av landet og nasjonaløkonomisk styring av kommunesektoren. Disse medlemmer er tilfreds med at Regjeringen følger opp planen for innlemming av øremerkede tilskudd i inntektssystemet for 2004. Disse medlemmer viser også til avtale mellom Arbeiderpartiet og regjeringspartiene om innlemming av midler til barnehagene fra 2006.

Disse medlemmer er opptatt av at fordelingsmekanismene i inntektssystemet er treffsikre i forhold til utfordringene i kommunesektoren, og er derfor tilfreds med at Regjeringen har oppnevnt et utvalg som skal foreta en faglig gjennomgang av inntektssystemet, både inntekts- og utgiftsutjevningen. Disse medlemmer har merket seg at Regjeringen følger opp Stortingets vedtak om å fremme sak om endringer i kostnadsnøkkelen for sosiale tjenester parallelt med statsbudsjettet for 2004. Målet er å bedre gjenspeile kommunenes reelle utgifter innenfor dette området.

Disse medlemmer er også svært tilfreds med den modell som er foreslått for å dekke utgifter til ressurskrevende brukere i kommunene, og viser til at den foreslåtte modell og bevilgning vil frigjøre midler i kommunene.

2.3 Generelle merknader frå Framstegspartiet

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet konstaterer at utviklingen innen kommunesektoren i dag preges av finansieringsproblemer og avpolitisering. Disse medlemmer mener derfor at landet trenger en nytenkende og fremsynt kommunepolitikk, som sikrer et solid tjenestetilbud for alle og som inspirerer til økt politisk aktivitet. Dette er ikke mulig å oppnå innenfor gjeldende inntektsopplegg som baserer seg på et generalistkommunesystem.

Disse medlemmer viser til at Fremskrittspartiet ønsker å overføre finansieringsansvaret for primæroppgavene skole, helse og omsorg til staten gjennom en stykkprisfinansiering. Dette har som hensikt å gi en jevnere standard på de grunnleggende velferdstjenestene landet over, uavhengig av kommunenes ulike politiske prioriteringer. Et slikt statlig finansiert stykkprissystem vil også skjerme tjenester mot tilfeldige svingninger i kommunenes økonomi, slik vi blant annet er vitne til ved fallende skatteinntekter.

Disse medlemmer viser til at stykkprissystemet ikke fratar kommunene rollen som formelt og reell ansvarlig for at det tilbys gode og tilstrekkelige tjenestetilbud, og at den praktiske forskjellen for kommuneadministrasjonen i de kommuner som i dag har skilt ut sine tjenesteoppgaver som selvstendige enheter, vil være minimal. Disse medlemmer viser til Politisk INFO nr. 12 2002, utgitt av KS, hvor det skrives:

"Det er ikke nødvendigvis gitt at innføring av brukergarantier og friere brukervalg ensidig svekker det lokale demokratiet. Det er mulig at det kan bidra til en styrking, men ut fra noen andre dimensjoner enn de vi legger til grunn i dag. Brukergarantier kan bety et betydelig grasrotengasjement, og dermed bidra til vitalisering av det lokale nivået."

Disse medlemmer viser videre til behandlingen av Dokument nr. 8:123 (2002-2003).

Disse medlemmer påpeker at Fremskrittspartiets alternative statsbudsjett inneholder et samlet økonomisk opplegg som vil gi kommunesektoren reduserte utgifter, og dermed et bredere økonomisk handlingsrom. Videre inneholder det alternative budsjettfremlegget en omfordeling av inntekter fra de kommuner som i lang tid har fått for mye penger, over til de kommunene som i lang tid har blitt underfinansiert gjennom det skjeve inntektssystemet. Fremskrittspartiet ønsker å legge innbyggertilskuddet til grunn. Nord-Norge-tilskuddet og regionaltilskuddet er ikke annet enn et uttrykk for en politisk skjevfordeling, og disse tilskuddene har i mange år vært med på å gi noen kommuner alt for mye penger. Dette understøttes av rapporter fra teknisk beregningsutvalg for kommunesektoren som forteller at det bredeste velferdstilbudet finnes i nordlige kommuner. Dette forklares lett gjennom følgende eksempel som viser forskjellene i rammeoverføringene fra staten til de to kommunene Alta og Kristiansund:

Alta kommune i Finnmark og Kristiansund kommune i Møre og Romsdal har begge litt i overkant av 17 000 innbyggere.

ALTA

KRISTIANSUND

Innbyggertilskudd

121 819

133 224

Nord-Norge-tilskudd

99 179

0

Regionaltilskudd

0

0

Skjønnstilskudd

11 831

11 900

Sum rammetilskudd

232 829

145 124

I tillegg vil Fremskrittspartiet utnytte at det finnes et effektiviseringspotensial i kommunal sektor. Beregninger foretatt av Servicebedriftenes Landsforbund i 2002 viser at de 40 største kommunene alene har et innsparingspotensial på 1,6 mrd. kroner, dersom de konkurranseutsetter 20 pst. av den kommunale tjenesteproduksjonen. På denne bakgrunn er det bakstreversk av Regjeringen ikke å legge mer offensivt til rette for hensiktsmessig og sunn konkurranse i kommunal sektor. Disse medlemmerviser konkret til Regjeringens snuoperasjon i forhold til innføring av kommunal utfordringsrett, hvor regjeringspartiet Høyres kategoriske landsmøtevedtak om innføring av utfordringsrett, ble til tannløs eufemisme om kommunal frivillighet. Disse medlemmer håper imidlertid at kommunene bruker den anledning de nå har til å innføre utfordringsrett, og at Regjeringen utarbeider klare planer for veiledning til de kommuner som ønsker å sette i gang slike tiltak. Disse medlemmer fremmer på denne bakgrunn følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen iverksette en informasjonskampanje overfor kommunene som forteller om mulighetene knyttet til kommunal utfordringsrett."

Disse medlemmer mener at krav om effektivisering må kunne stilles til kommunesektoren på samme måte som til det private næringsliv. Det bør ikke være slik at kommunesektoren skal kunne drive sin virksomhet skjermet fra krav om effektiv og rasjonell drift, heller ikke skjermet fra ordinær konkurranse fra det private næringsliv. I mange kommuner er det ideologisk motstand mot å konkurranseutsette kommunale tjenester, men det bør ikke være til hinder for at Stortinget stiller krav til at den kommunale tjenesteproduksjonen skal foregå på en mest mulig effektiv måte.

Disse medlemmer mener det er uakseptabelt at ideologisk begrunnet skjerming av kommunal tjenesteproduksjon skal føre til dyrere og dårligere kommunal service, og at det generelle skatte- og avgiftsnivået som en følge av denne ideologiske forankringen skal øke. Disse medlemmer observerer imidlertid et begynnende paradigmeskifte knyttet til bruken av konkurranse i offentlig sektor, dette er svært positivt og disse medlemmer vil understreke viktigheten av dette for at kommunal sektor skal kunne møte morgendagens krav fra innbyggerne.

Disse medlemmer er tilfreds med at Regjeringen har fulgt opp fjorårets budsjettavtale mellom regjeringspartiene og Fremskrittspartiet i forhold til å drive et mer aktivt informasjonsarbeid ovenfor kommunene knyttet til konkurranseutsetting. Utviklingen av konkurranseportalen.no bør fortsette for å danne et nasjonalt kompetansesenter for konkurranseutsetting.

Øremerking

Disse medlemmer er svært kritiske til innlemmingen av flere øremerkede tilskudd inn i det ordinære rammetilskuddet. Dette vil gi store negative følger for drift av ulike tilbud i kommunene. Omleggingen av øremerkede tilskudd er ikke tilrådelig innenfor det inntektssystemet som finnes i dag. Argumentasjonen om at innlemmingen er basert på antakelse om at lokale politikere vet best å prioritere er svært betegnende, nettopp fordi de tiltakene som nå faller utenfor øremerking vil bli satt opp med andre viktige, men dessverre underfinansierte oppgaver. Det betyr at når det øremerkede tilskuddet overføres til rammefinansieringen, så må disse institusjonene konkurrere om kronene til andre også viktige tilbud, med det resultat at et av tilbudene vil tape kampen om kronene. Disse medlemmer konstaterer at dette allerede har skjedd i flere kommuner, og at den friheten Regjeringen har proklamert at kommunene nå får er en fiktiv frihet.

Disse medlemmer viser til merknad og forslag om leirskoler under punkt 2.6.11.

Disse medlemmer er kritiske til at Regjeringen ikke hadde intensjon om å følge opp flertallsvedtaket fra behandlingen av St.prp. nr. 66 (2002-2003), jf. Innst. S. nr. 259 (2002-2003) om økning i over­føringene til kommunene med 1,5 mrd. kroner. Forholdet blir verre ved at Kommunal- og regionaldepartementet meddelte Stortinget at vedtaket ville bli fulgt opp, jf. brev 21. august 2003. Disse medlemmer mener en slik praksis er hinsides enhver korrekt konstitusjonell opptreden.

Disse medlemmer registrerer at budsjettavtalen mellom regjeringspartiene og Arbeiderpartiet tilfører kommunene 2 mrd. kroner utover Regjeringens budsjettforslag, og er glad Stortingets vedtak fra kommuneøkonomiproposisjonen dermed er fulgt opp.

Disse medlemmer vil påpeke at det nominelle løftet i overføringene til kommunene for 2004 nå er i overkant av 6 mrd. kroner. I denne sammenheng er det betenkelig at mange politiske aktører og partiers fullstendige svartmaling av kommunenes økonomi ikke på noen måte har avtatt. Disse medlemmer mener det må være en viss øvre grense for hvor store direkte overføringer som kan gis til kommunene, og sikter til det effektiviserings- og omstruktureringsarbeidet som må skje i mange kommuner. Disse medlemmer vil videre vise til at det ikke er en kausal sammenheng mellom hvilke kommuner hvis økonomistyring er underlagt fylkesmannens kontroll, og hvilke kommuner som kommer dårlig ut i inntektssystemet. Disse medlemmer understreker derfor at lokale økonomiske prioriteringer i stor grad er avgjørende for hvordan den enkelte kommunes økonomi er.

Disse medlemmer er imidlertid opptatt av at overføringene fra staten til kommunene skal være stabile og forutsigbare. Plutselige omveltninger i skatteanslag bør ikke komme kommunene til ulempe, da kommunene bør kunne forvente at Regjeringens beregninger av dette innebærer en viss riktighet. Disse medlemmer mente derfor at kommunenes tapte skatteinntekter for 2003 burde ha blitt kompensert. Disse medlemmer viser til sine merknader under behandlingen av St.prp. nr. 65 (2002-2003)

Disse medlemmer mener at kommunene også burde få beholde eventuell merskattevekst som måte komme i 2004, og fremmer følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen om å sørge for at kommunene får beholde eventuell merskattevekst for 2004."

Disse medlemmer fremmer i tillegg følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen utrede alternativ finansiering av de videregående skolene og institusjonene innen sosialomsorg, med basis i en stykkprisfinansiering."

"Stortinget ber Regjeringen iverksette forsøk hvor kommuner som ønsker det kan få overta ansvaret for kollektivtrafikk og tilhørende midler."

"Stortinget ber Regjeringen utvikle forslag hvor enkeltkommuner og interkommunale samarbeidsorganer får overta rollen som regional utviklingsansvarlig, og dermed de virkemidler som tillegges fylkeskommunen knyttet til regional næringsutvikling."

"Stortinget ber Regjeringen innvilge forsøk med at kommuner overtar ansvaret for videregående skoler hvis enkeltkommuner ønsker dette."

"Stortinget ber Regjeringen praktisk iverksette forsøk med å overlate fylkeskommunens oppgaver til kommunene og avvikle fylkeskommunen hvis et flertall av befolkningen og kommuner i et fylke ønsker å delta i et slikt forsøk."

2.4 Generelle merknader frå Sosialistisk Venstreparti

Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstrepartis kommuneopplegg har som hovedmål å sikre er samfunn med små forskjeller, en moderne kvalitetsskole og god kvalitet og tilgjengelighet på velferd og omsorg til de som trenger det.

Disse medlemmer vil videreutvikle god kvalitet på fellesløsningene og innføre en rettferdig fordelingspolitikk. Dette vil sikre det finansielle grunnlaget for flere og bedre tjenester uavhengig av personlig økonomi og hvor en bor.

Disse medlemmer vil koble flere ledige hender med uløste oppgaver og derigjennom få ned arbeidsløsheten og skape verdier.

Regjeringens budsjett vil gi økte forskjeller og mang­ler i kvalitet og kapasitet i kommunesektoren. Hovedproblemet er at handlingsrommet blir brukt opp av skattelette og at Regjeringen vil minske fellesgodene i offentlig sektor. Regjeringen foreslår økt egenbetaling på 900 000 mill. kroner for tjenester en trenger hvis en er syk eller ufør, mens store skatteletter er gitt til midlere og høye inntekter. Skatt på sjukdom og behov øker og det blir dyrere å gjøre bruk av offentlige fellesgoder. Dette rammer folk med dårlig råd.

Privat forbruk øker sju ganger så mye som offentlig forbruk. Standardgapet mellom offentlig og privat forbruk øker og forskjellene mellom fattig og rik øker.

Disse medlemmer viser til at skatteanslaget for 2003 må nedjusteres med 1,5 mrd. kroner. Dette får en direkte effekt på kommunenes økonomi og tjenestekvalitet og må derfor rettes opp. Disse medlemmer påpeker at Regjeringen ikke legger opp til å kompensere for skattesvikt og befolkningsvekst. Disse medlemmer viser til at mens Regjeringen beregnet effekten av lavere rente til 1,6 mrd. kroner i mindre utgifter for kommunene, viser en rapport laget av ECON at den kortsiktige gevinsten bare er mellom 800 og 900 mill. kroner.

Disse medlemmer viser til at Teknisk beregningsutvalg betrakter netto driftsresultat som den primære indikator for økonomisk balanse i kommunesektoren. For kommunesektoren som helhet anslås driftsresultatet redusert til 0,6. Med et svekket driftsresultat over flere år, reduseres kommunenes handlefrihet og evne til å løse oppgaver utover et nødvendig minimum.

Disse medlemmer viser til at målt som andel av de totale inntektene økte underskuddet med 4,0 pst. fra 2001 til 2002.

Disse medlemmer mener kommuneopplegget bør ha et netto driftsresultat på minst 3 pst. og vil legge opp til dette.

Disse medlemmer viser til forslag om dette neden­for.

Disse medlemmer viser til at kommunesektoren anslås å få et underskudd på vel 9 mrd. kroner i 2003. Disse medlemmer mener at Regjeringen straks må innlede drøftinger med kommunene om en helhetlig plan for oppretting av den økonomiske ubalansen i kommunesektoren.

Disse medlemmer viser til forslag fremmet i finansinnstillingen Budsjett-innst. S. I (2003-2004).

Disse medlemmer kan ikke godta nedbygging av velferdstjenester, og øker derfor kommuneøkonomien med 6,5 mrd. kroner i forhold til Regjeringens opplegg. Kommunenes frie inntekter økes med drøyt 4,6 mrd. kroner. I tillegg kommer øremerkede midler på en rekke områder.

Disse medlemmer viser til at det er et opprustningsbehov i skolene på 55 mrd. kroner for å sette bygningsmassen i teknisk forsvarlig stand, og slik at de gir lik tilgjengelighet for alle. Derfor foreslår vi å øke investeringsrammen for rentekompensasjon for skolebygg med 2 mrd. kroner utover Regjeringens forslag, og ber Regjeringen påse at all utbedring følger prinsippene om universell utforming.

Disse medlemmer viser til at dagens skjevfordelende inntektsutjevningssystem sammen med at kommuneskatteandelen av inntektene øker, bidrar til å øke forskjellene mellom fattige og rike kommuner. Særlig rammer dette en del av byene som sliter med store utfordringer, lave inntekter og store investeringsutgifter.

Disse medlemmer forventer at Regjeringen kommer tilbake til Stortinget med en vurdering av en mer symmetrisk inntektsutjevning i forbindelse med kommuneproposisjonen.

Disse medlemmer vil at gode, offentlige fellesløsninger skal videreutvikles, ikke avvikles, privatiseres og fragmenteres. For å få budsjettene til å gå opp, har mange kommuner vært nødt til å legge ned eller kutte i velferden eller redusere kvaliteten. Dårlig kvalitet eller mangel på offentlige velferdstjenester vil øke befolkningens misnøye og de med god råd vil søke mot private løsninger. Dette er en bevisst del av Regjeringens privatiseringsstrategi. Politikken er basert på teori og ikke på hva som faktisk er mest fornuftig eller på hva som gir hele befolkningen like muligheter og skaper mindre forskjeller og fattigdom. Erfaring viser at privatisering ikke fører til en mer fornuftig bruk av ressurser, bedre tilbud eller høyere kvalitet. Økt konkurranse betyr mindre langsiktighet, mindre fokus på kompetanse og konkurranse, framfor samarbeid om helhetlige god løsninger for befolkningen.

Disse medlemmer viser til at en rapport fra Den Europeiske sentralbanken rangerer norske kommuner og fylkeskommuner blant de mest effektive i OECD-området.

Disse medlemmer viser til at Regjeringen vil gi fylkesmennene en sentral rolle i moderniseringen av kommunen. Disse medlemmer påpeker at dette er statlig overstyring og at det er i strid med det uttalte ønsket om mer frihet til kommunene.

Disse medlemmer vil også peke på at disse medlemmer i Innst. S. nr. 253 (2001-2002) gikk imot økningen i skatteandel til 50 pst. Regjeringens egne beregninger viser at av fylkeskommunene er det bare Oslo og Akershus som vinner på opptrappingen, og av kommunene vil 17 vinne og resten tape. Av kommunevinnerne er 6 kommuner i Akershus og de fleste av de rikeste kraftkommunene. Disse medlemmer finner det derfor urimelig å forsterke omfordelingen ytterligere, uten at helheten er vurdert. Disse medlemmer mener det må foretas en helhetlig gjennomgang av inntektssystemets fordelingsvirkning og skeivheter.

Disse medlemmer viser til egne forslag om endringer i eiendomsskatteloven og forslag om å gi kommunen anledning til et friere kommunalt skattøre, og viser også til forslagene fra Zimmer-utvalget. Utvides skattegrunnlaget ville det være mulig å senke skatten for svært mange innbyggere og på den måte sikre en mer rettferdig skattlegging.

Disse medlemmer vil påpeke behovet for å gi kommuner og fylkeskommuner mulighet til å fungere som gode samfunnsplan- og tilretteleggere og for å kunne gå i partnerskap med andre samfunnsaktører, må de ha en langt bedre økonomi enn i dag.

Disse medlemmer vil spesielt advare mot at fellesarenaer for barn og unge utarmes og legges ned. I moderne multietniske samfunn er det viktigere enn noen gang å styrke enhetsskolen og barnehagene. Disse medlemmer vil påpeke at det er i den offentlige skolen grunnlaget for framtidas verdiskapning legges. Skolene skal ha god kvalitet, ha et mangfold av metoder og undervisningsformer som sikrer god læring og mestring hos alle elever. Skolen må være fullt på høyde teknologisk og kunnskapsmessig med samfunnet ellers og ha ressurser til å holde god kontakt med samfunnet rundt seg. Regjeringen har ikke fulgt opp den offentlige skolen med tilstrekkelige midler til å virkeliggjøre de nye læreplanene med tilpasset opplæring. Den offentlige enhetsskolen svekkes, samtidig som det åpnes for flere private skoler. Dette bryter med grunnlaget for enhetsskolen og vil på sikt splitte opp samfunnet i enkeltindivider og grupper som har lite til felles.

Disse medlemmer viser til at Stortinget har vedtatt etter- og videreutdanningsreformen. Kommunesektoren som er landets største arbeidsgiver må ha ressurser til å følge den opp. Disse medlemmer vil vise til behov for en forsterket innsats i tilbudet til den enkelte pasient/bruker i helse- og omsorgssektoren. Det forutsetter tilstrekkelig bemanning og kvalifikasjoner til dem som arbeider i sektoren. Rekruttering er en stor utfordring på mange steder. Disse medlemmer foreslår derfor å bevilge 50 mill. kroner til formålet. Skal rekrutteringsplaner ha noen mening, må dette følges opp av tilstrekkelige rammer til kommunesektoren slik at de kan ansette nok personell til å møte befolkningens behov og slik at sjukefravær og uføretrygding går ned. Turnus og skift må likestilles med hensyn til arbeidstid. Full stilling må bli en rettighet og deltid være en mulighet.

Disse medlemmer vil vise til at barn i fattige familier rammes svært hardt av dårlig kommuneøkonomi. Mer enn andre er de avhengige av god skole og SFO og at det finnes gode kultur- og fritidstilbud som ikke er kommersielle og der ingen stenges ute fordi en ikke har råd. Dårlig kommuneøkonomi vil kunne føre til kutt i sosialhjelpssatsene og øke problemene. De smale fattigdomstiltakene i Regjeringens politikk finansieres ved kutt i ytelser til arbeidsledige og økte egenandeler til syke.

Disse medlemmer viser til den nye ordningen med statlig toppfinansiering av særlige ressurskrevende brukere og vil foreslå en opptrapping av den statlige medfinansieringen og gå imot begrensninger i beregningsgrunnlaget for kompensasjonene.

Disse medlemmer viser til at fylkeskommunen har en svært anstrengt økonomi. Det er ikke gitt noen form for økning i ramme for å følge opp elever som får realkompetansevurdering og som trenger videregående utdanning. Disse medlemmer vil påpeke behovet for opprusting og bredde i videregående skole.

Lokal Agenda 21

Disse medlemmer vil påpeke at Norge har en unik mulighet og et særskilt internasjonalt ansvar for å nå målene om en bærekraftig utvikling. Norske regjeringer siden 1992 har sviktet totalt i oppfølgningen.

Regjeringen har et spesielt ansvar for å gjøre arbeidet med å lage agendaen bredt og inkluderende, og ikke la det bli et interdepartementalt pliktløp inn i nærmeste arkivskuff. Arbeidet må organiseres som en bred og omfattende samfunnskontrakt. Disse medlemmer viser til finansinnstillinga der Sosialistisk Venstreparti styrker dette arbeidet med 10 mill. kroner.

Disse medlemmer viser til at mange kommuner har lagt ned en betydelig innsats i arbeidet med den lokale oppfølginga av Lokal Agenda 21. Dette arbeidet risikerer nå å stoppe opp på grunn av svak kommune­økonomi.

Disse medlemmer viser til sitt forslag under Miljøverndepartementets budsjett om å opprette et investeringsprogram for Lokal Agenda 21-arbeid på 100 mill. kroner (ny post 65) som skal administreres av Miljøverndepartementet.

Disse medlemmer vil ha en kommunesektor som kan:

  • – Koble flere ledige hender med uløste oppgaver.

  • – Fullføre barnehagereformen.

  • – Bidra vesentlig til å fjerne fattigdommen og ta et særlig medansvar for fjerning av fattigdommen blant barn.

  • – Gi grunnskolen nødvendige ressurser til kvalitet i innhold og på bygninger, og å sikre mangfold, kvalitet og bredde i videregående skole.

  • – Ha kapasitet og kvalitet i omsorg og pleie for å sikre en velferdsstat som fungerer og arbeidsforhold som ikke sliter helsa av de ansatte.

  • – Sikre full tilgjengelighet for funksjonshemmede og benytte prinsippet om universell utforming.

  • – Sikre bosetting og oppfølging av flyktninger og bosatte på humanitært grunnlag.

  • – Satse offensivt på kollektivtrafikken som en forutsetning for et velfungerende moderne samfunn.

  • – Sikre fylkeskommunenes rolle som regional ut­-viklingsaktør.

  • – Ta medansvar i miljøpolitikken.

  • – Medvirke til økt boligsatsing for unge og vanskeligstilte.

Disse medlemmer viser til merknader vedrørende bortfall av den differensierte arbeidsgiveravgiften under kapittel 2.6.1, 4.5.2.5 og 4.5.2.4 og til merknader og forslag i Innst. S. nr. 259 (2002-2003).

Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet fremmer følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen fremme et kommuneopplegg for 2005 som baseres på at kommunesektoren skal ha et netto driftsresultat på 3 pst."

2.5 Generelle merknader frå Senterpartiet

Medlemen i komiteen frå Senterpartiet vil vise til Senterpartiet sitt alternative budsjett og merknader frå Senterpartiet i Budsjett-innst. S. nr. 1 (2003-2004) der Senterpartiet sitt samla økonomiske opplegg for kommunesektoren blir presentert. Denne medlemen vil vise til at Senterpartiet aukar løyvingane til kommunar og fylkeskommunar med i alt 4,93 mrd. kroner utover Regjeringa sitt opplegg. Av desse midlane kjem 4 mrd. kroner som auke i frie inntekter. Dette er etter denne medlemen sitt syn ein naudsynt auke i løyvingane for å sikre eit godt velferdstilbod til innbyggjarane.

Denne medlemen registrerer at budsjettavtalen mellom regjeringspartia og Arbeidarpartiet aukar kommunesektoren sine inntekter med 2,2 mrd. kroner. Dette er eit steg i riktig retning. Denne medlemen reagerer imidlertid sterkt på at Regjeringa ikkje fylgde opp handsaminga av St.prp. nr. 66 (2002-2003) og Innst. S. nr. 259 (2002-2003) kommuneproposisjonen. Her la Regjeringa opp til ein vekst i kommunesektoren sine inntekter på mellom 3,75 og 4,25 mrd. kroner. Denne medlemen viser vidare til at eit klårt fleirtal på Stortinget vedtok å styrke inntektene til kommunesektoren med 1,5 mrd. kroner utover Regjeringa sitt framlegg. Det er etter denne medlemen si meining oppsiktsvekkjande at Regjeringa korkje oppfyller eigne lovnadar eller Stortinget sitt klåre vedtak i framlegget til statsbudsjett. Dette må oppfattast som eit klårt tillitsbrot overfor kommunane og fylkeskommunane i forhold til dei forventningane som vart skapte.

Denne medlemen konstaterer at budsjettforliket i sum er om lag på det nivået som Stortinget vedtok i juni 2003.

Denne medlemen vil påpeike at kommunane er ryggrada i velferdssamfunnet vårt. Barnehage, skule, kultur, eldreomsorg, vatn, veg og kloakk - alt avheng av ein velfungerande kommune. Kommunesektoren har vore denne regjeringa sin salderingspost gjennom tre statsbudsjett. Senterpartiet er sterkt usamd i eit vidare svarteperspill, der taparane, lokale folkevalde er utpeikte på førehand.

Ein god skule og ei meir verdig omsorg avheng av at kommunane vert sette økonomisk i stand til å løyse dei oppgåvene dei er pålagde. Det er rimeleg sjølvmotseiande når alle seier vi skal ha den beste skulen i verda, samstundes som vi ser skulebygg forfalle og lærarar som vert oppsagde. Når vi også let oss ryste av at det blir avdekka omsorgssvikt på sjukeheimar og i heimetenesta, sjølv om vi vil det beste for våre gamle og sjuke, må vi gjere noko med problemet.

Denne medlemen viser til betydninga av å ha ein effektiv, utviklingsdyktig og innbyggjarorientert offentleg sektor, der tilbod og avgjerdsmynde er så nær innbyggjarane som råd.

Denne medlemen meiner desentralisering og folkestyre er nødvendige fundament for ei positiv utvikling i samfunnet. Denne medlemen viser til at Senterpartiet vil ha ein snuoperasjon, båe i økonomisk politikk og i forhold til korleis makta skal fordelast i samfunnet.

Den økonomiske situasjonen for kommunane

Denne medlemen meiner det største problemet offentleg sektor no står framfor er ubalansen mellom inntektene kommunesektoren har til disposisjon og dei oppgåvene det er forventa at dei skal utføre.

Denne medlemen meiner det er grunn til å minne om at då regjeringa Bondevik II vart etablert, var underskotet i kommuneforvaltninga 6,9 mrd. kroner. Rapporten frå Teknisk berekningsutval frå november 2003 viser at underskotet i 2002 er på 12,7 mrd. kroner. Det er ein dramatisk auke i løpet av kort tid. I same periode har netto driftsresultat, eit godt parameter på sunnheita i kommunesektoren, gått frå 1,7 pst. i 2001 til 0,6 pst. i 2002. Snittet for 1990-talet er eit driftsresultat på om lag 3 pst.

Denne medlemen vil også vise til at når kommunane no har ei gjeld på mellom 70 og 80 mrd. kroner, er det fordi statlege reformer, t.d. eldreplanen og grunnskulereforma er underfinansierte frå staten si side.

Denne medlemen viser elles til at Regjeringa ikkje tek omsyn til dei ekstraordinære pensjonsutgiftene kommunesektoren er blitt påførte som følgje av nedgangen i finansmarknadene i verda. Regjeringa har heller ikkje teke omsyn til det akkumulerte underskotet i kommunesektoren.

Denne medlemen registrerer at Regjeringa ved fleire høve har nedjustert skatteanslaget for kommunesektoren. Dette forholdet svekkar kommunane ytterlegare. Denne medlemen vil vise til at Senterpartiet vil gjere framlegg om å kompensere for skattesvikten i salderinga av statsbudsjettet for 2003.

Denne medlemen viser til at inntektssystemet stadig er i endring. Denne medlemen viser til at ei lang rekke distriktskommunar kjem særs uheldig ut. Gjennom dei omfattande omfordelingseffektane som vart gjorde på bakgrunn av Rattsø-utvalet, og nedtrappinga av tapskompensasjonen for omleggingane, det ekstraordinære skjønnstilskotet, blir tenestetilbodet i distriktskommunane stadig meir utsett. Auka skatteandel og andre endringar i inntektssystemet gjev i sum ein sterk omfordeling av midlane.

Denne medlemen viser difor til Senterpartiet sitt alternative budsjett der ein går imot å auke kommuneskatten sin andel av kommunane sine totale inntekter til 49 pst. Denne endringa vrir inntektene frå skattesvake til skattesterke kommunar. Utan ei betre ordning for skatteutjamning er ikkje dette akseptabelt.

Denne medlemen viser òg til at Senterpartiet i sitt alternative budsjett gjekk imot vidare nedtrapping av det ekstraordinære skjønnstilskotet.

Denne medlemen vil vise til dei store ekstraordinære pensjonsutgiftene kommunesektoren har hatt i dei seinare åra og merknader og forslag om dette i Innst. S. nr. 259 (2002-2003), kommuneproposisjonen for 2004.

Privatisering og konkurranseutsetjing

Denne medlemen registrerer at denne Regjeringa har som hovudmålsetjing å redusere offentleg sektor. Det viktigaste grepet i dette arbeidet synest å vere ei blind tru på privatisering, konkurranseutsetjing og effektivisering av offentleg sektor. Regjeringa meiner vidare at dette skal gje betre tenester til innbyggjarane.

Denne medlemen er usamd i ei slik tenking. Regjeringa sitt opplegg for konkurranseutsetjing av velferdsoppgåvene er ei avsporing av ein viktige debatt om korleis vi kan sikre kvaliteten og få inn auka valfridom for brukarane av tenestetilboda. God eldreomsorg må utviklast lokalt. Kommunane må ha ansvaret, men det må følgje pengar med.

Denne medlemen viser òg til det særs viktige arbeidet som er gjort i modellkommuneforsøka. Dette viser at ved å satse på dei tilsette som ressurs, kan kommunane få til både effektivisering og kvalitetsheving av det kommunale tilbodet.

Denne medlemen er usamd i at effektiviseringsprosessane som no er på gong fører til ein betre kommunal sektor. 2. desember 2003 la KS fram resultata av ei stor undersøking der innbyggjarane var spurde om deira oppfatning av effektivisering av kommunal sektor. Svara stadfestar det Senterpartiet har hevda i lang tid. Effektivisering og tronge økonomiske rammer fører til eit dårlegare tenestetilbod.

Denne medlemen viser til nokre hovudpunkt frå denne undersøkinga:

"Det er en større andel som opplever at kvaliteten på kommunens tjenester sett under ett har blitt dårligere de siste 3 - 5 årene, sammenlignet med de som mener det motsatte. Det er flere som opplever at kommunen jobber mindre effektivt i dag enn andelen som mener den jobber mer. Omlag halvparten av befolkningen mener at effektiviseringstiltak i kommunen har gått ut over kvaliteten. Mest viktig vurderes å sikre mer penger til kommunene, større grad av brukerorientering og (interne) omstillingsprosesser for å utnytte pengene bedre. Minst viktig vurderes sammenslåing med nabokommune. Kvinner synes i større grad enn menn at det er viktig å sikre kommunen penger, utvikle kompetanse hos ansatte og ledere, samt tilpasse tjenestene til brukernes ønsker. Menn synes i større grad enn kvinner at det er viktig å konkurranseutsette flere tjenester, organisere tjenestene mer i samarbeid med andre kommuner, samt slå kommunen sammen med nabokommune."

Denne medlemen vil difor oppmoda Regjeringa om å leggje sitt store ideologisk funderte prosjekt om nedbygging av offentleg sektor til side og i staden setje kreftene inn på å vidareutvikle kommunal sektor slik at tilbodet til innbyggjarane vert sikra og betra.

Interkommunalt samarbeid som alternativ til kommunesamanslåingar

Denne medlemen viser til at Regjeringa har ein langsiktig strategi for å endre kommunestrukturen i Noreg. I denne planen synest det etter denne medlemen sitt syn to hovudelement, nedlegging av fylkeskommunen og massive kommunesamanslåingar.

Denne medlemen meiner dette er lite gjennomtenkte og lite føremålstenlege strategiar for ei framtidsretta utvikling. Denne medlemen meiner fylkeskommunen har ei viktige rolle både som oppgåveløysar og som regional utviklar og samordnar. Når det gjeld kommunestruktur, meiner denne medlemen at det er eit spørsmål som det ligg til kommunane sjølve å avgjere. Denne medlemen registrerer at det pågår ei lang rekkje utgreiingsarbeid om endra kommunegrenser. Denne medlemen vil peike på at den statlege politikken som no vert ført overfor kommunane gjer at mange kommunar kjenner seg tvinga til å slå seg saman. Det er eit særs dårleg utgangspunkt både for samanslåingsprosessen og for den eventuelle nye kommunen.

Denne medlemen vil peike på betydninga av desentraliserte folkevalde organ der avstanden mellom folk og folkevalde er kort, og der moglegheitene for lokalt engasjement er stort. Denne medlemen vil vise til rapporten "Kommunale oppgaver - hvorfor varierer omfang og kvalitet?" frå NIBR. Der er konklusjonen at tette og nære kommunar fungerer særs godt, medan kommunar med lågt folketal og store avstandar kjem dårlegast ut.

Denne medlemen ser at Regjeringa argumenterer for sitt syn ut frå eit ynskje om å kostnadseffektivisera kommunesektoren, samt å sikre naudsynt kompetanse i kommunane. Denne medlemen vil vise til 5 kommunar i midtre Namdal som utgreidde kommunesamanslåing. Utgreiinga viste at dei oppsiktsvekkjande nok berre kunne spara 20 mill. kroner i året. Denne medlemen vil påpeike at innsparte midlar kan ha sine klare motpostar i form av auka avstandar og sentralisering av tenester. Denne medlemen stiller seg òg kritisk til tesen om at kommunesamanslåing medverkar til mindre administrasjon og fleire og betre tenester. Erfaringar frå anna omorganisering i det offentlege tyder på at kostnadane og ressursbruken til administrasjon aukar. Både sjukehusreforma og omorganiseringa av politidistrikta er døme på det.

Denne medlemen registrerer òg at det er stor lokal motstand mot kommunesamanslåingar. Nyleg sa eit klårt fleirtal av innbyggjarane i Spydeberg nei til å slå seg saman med Hobøl. Dette er kommunar som har god geografisk arrondering. Denne medlemen finn det òg naudsynt å minne om at når innbyggjarane i Ølen og Vindafjord har vedteke at desse to kommunane skal slåast samen var det ut frå andre argument enn økonomiske.

Denne medlemen erkjenner at mange små kommunar vil ha problem med brei og tung fagkompetanse for å handtere alle dei oppgåvene kommunane er pålagde. Denne medlemen meiner ei målretta satsing på interkommunale samarbeidsløysingar er naudsynt for å løyse dei utfordringane mange kommunar no har. Denne medlemen viser til at det i dag er ei mengd interkommunale samarbeidsløysingar rundt om i kommunane. Mange av desse fungerer heilt utmerkt og medverkar både til auka effektutnytting, breiare fagmiljø og ei styrking av tilbodet til innbyggjarane. På den andre sida er det ei rekkje døme på kommunar som deltar i interkommunale samarbeidsløysingar utan noka planmessig overbygging. Denne medlemen meiner at interkommunalt samarbeid må gjerast planmessig og strategisk. Difor bør det leggjast betre til rette for å nytta interkommunalt samarbeid som ein hovudstrategi for å utvikla kommunalt tenestetilbod og lokaldemokrati. Denne medlemen viser til forslag og merknader i Innst. S. nr. 259 (2002-2003) og til forslag i denne innstillinga.

Denne medlemen viser vidare til eigne merknader og forslag i denne innstillinga om eit friare kommunalt skatteøre, ei vidareutvikling av konsultasjonsordninga, eigen gjennomgang av dei økonomiske tilhøva for distriktskommunane, auka interkommunalt samarbeid, kompensasjon til fylkeskommunane, skyss av helsepersonell, grunnskuleopplæring i helseinstitusjonar, musikk- og kulturskular og ein plan for å rette opp balansen i kommunane sin økonomi.

2.6 Merknader om særlege temaer

2.6.1 Gradert arbeidsgiveravgift

Komiteen har merket seg at EØS-avtalens forbud mot konkurransevridende statsstøtte gjelder overfor forretningsvirksomhet når dette "vrir eller truer med å vri konkurransen" og "i den utstrekning støtten påvir­ker samhandelen mellom avtalepartene".

Komiteen vil peke på at det kan være mulig å videreføre gradert avgift for de deler av næringslivet som ikke driver virksomhet som er i konkurranse eller potensielt kan være i konkurranse med virksomhet i andre land i EØS-området, herunder vesentlige deler av offentlig virksomhet og ikke-kommersielle organisasjoners virksomhet.

Komiteen mener at ordningen med gradert avgift må videreføres så langt mulig. Dette gjelder både i forhold til privat og offentlig sektor. Komiteen går inn for å søke om å få til en ordning der hele eller deler av bransjer kan betale gradert avgift begrunnet med at det ikke foreligger aktuell eller potensiell konkurranse. Komiteen mener derfor at Regjeringen raskest mulig må utforme forslag til en slik ordning, som kan notifiseres til ESA. Ordningen må utformes og avgrenses slik at den må forutsettes å kunne gjøres gjeldende for hele eller vesentlige deler av en bransje i samme avgiftssone uten at dette er i strid med EØS-avtalen.

Komiteen peker på at en nå ikke har oversikt over omfanget og iverksettingstidspunktet for en slik ordning. Komiteen legger derfor til grunn at Regjeringen, forutsatt godkjenning fra ESA, kommer tilbake til Stortinget med forslag til nedsettelse av bevilgningsvedtakene for arbeidsgiveravgift og kompenserende tiltak.

Komiteen viser til at ved eventuell godkjenning av komiteens opplegg for å videreføre lav avgift for større deler av næringslivet og kommunesektoren, vil behovet for bevilgninger til andre kompensasjonstiltak være mindre enn med Regjeringens opplegg. Inntil Regjeringen kommer tilbake med forslag om budsjettmessige endringer som følge av oppfølgingen av dette vedtaket, legger komiteen bevilgningsmessig til grunn at arbeidsgiveravgiften økes slik det følger av Regjeringens opplegg i statsbudsjettet, og vurderer nivået på bevilgningene til kompensasjonstiltak ut fra dette. Komiteen legger tilsvarende inntil videre til grunn det system for kompensasjon til kommunesektoren som framgår av Regjeringens opplegg.

2.6.2 Friare kommunalt skatteøre

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Høyre, Sosialistisk Venstreparti, Kristelig Folkeparti og Senterpartiet, vil vise til sine merknader i Innst. S. nr. 37 (2003-2004) vedrørende Dokument nr. 8:123 (2003-2004) om et forslag fra Fremskrittspartiet om å innføre fritt kommunalt skattøre og en statlig stykkprisfinansiering av velferdstjenestene.

Komiteens medlemmer fra Høyre og Kristelig Folkeparti viser videre til sine merknader i Innst. S. nr. 259 (2002-2003) og understreker at eventuell innføring av friere kommunalt skattøre ikke kan ses uavhengig av andre endringer i inntektssystemet. Disse medlemmer viser til at Regjeringen har nedsatt et inntektssystemutvalg som skal foreta en helhetlig gjennomgang av kommunesektorens inntektssystem.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet vil vise til sine merknader og forslag til nevnte innstilling.

Medlemene i komiteen frå Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet vil vise til at staten har eit hovudansvar for finansiering av dei offentlege velferdstilboda. Dagens finansieringssystem gir kommunane små moglegheiter til sjølve å innverke på inntektene sine. Den eksisterande ordninga med kommunal utskriven eigedomsskatt er både upresis og lite rettferdig.

Desse medlemene meiner kommunane i større grad enn i dag må ha høve til å styre eigne inntekter. Gjennom å gje kommunane eit friare skatteøre gir ein kommunane eit viktig incitament for styrka lokaldemokrati og auka økonomisk handlefridom.

Desse medlemene vil vise til at det i den offentlege debatten er tatt til orde for ei slik ordning av representantar frå fleire parti. Det er såleis no naudsynt å få ein breiare gjennomgang av dette temaet.

Desse medlemene meiner at eit friare kommunalt skatteøre skal vere eit alternativ til dagens kommunale eigedomsskatt på verk og bruk.

Desse medlemene fremjar følgjande forslag:

"Stortinget ber Regjeringa i kommuneproposisjonen for 2005 å utgreie friare rett til skattlegging for kommunane."

2.6.3 Styrking av konsultasjonsordninga

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, meiner at ei utviding av dagens konsultasjonsordning mellom staten og kommunesektoren er ein sentral reiskap for å vidareutvikla det offentlege tenestetilbodet og lokaldemokratiet. Gjennom konsultasjonsordninga kan ein avvege statleg politikk og økonomiske prioriteringar. For at dette skal vere mogleg er auka rammer ein føresetnad. Dette krev sameinte kostnadsutrekningar for kva økonomiske konsekvensar løpande utgiftsvekst, iverksetjing av rettigheitslover og reformer vil gi. Fleirtalet vil påpeike at kommunesektoren på si side må ta eit større ansvar for å medverka til gjennomføring av reformer i det offentlege. Ei utvida konsultasjonsordning må vidare medverke til å leggje meir av kommunesektoren sine inntekter inn i rammefinansieringa.

Fleirtalet fremjar følgjande forslag:

"Stortinget ber Regjeringa medverke til at konsultasjonsordninga mellom staten og kommunesektoren v/KS, blir gjort meir forpliktande slik at dei totale ressursane innan offentleg sektor kan nyttast betre, ikkje minst gjennom at ein i fellesskap tek eit større ansvar for gjennomføring av statleg politikk."

Fleirtalet viser vidare til at Regjeringa og kommunesektoren gjennom konsultasjonsordninga drøftar prioriteringar av kommunesektorens oppgåver og dei økonomiske rammene for dette.

Fleirtalet vil vise til den siste rapporten frå Teknisk berekningsutval (november 2003) der det heiter:

"Utvalget mener det er bekymringsfullt at netto driftsresultat nå har ligget på et lavt nivå gjennom flere år, og at netto driftsresultat for kommunene er svekket ytterligere i 2002. (…) De beregningene som presenteres i denne rapporten indikerer at netto driftsresultat over tid bør utgjøre om lag 3 prosent av inntektene for at kommunesektorens formue skal opprettholdes. Resultatene er imidlertid følsomme for valg av metode for beregning av kapitalslit. Dersom det benyttes lineære avskrivninger i stedet for geometriske, er et netto driftsresultat på om lag 1,5 prosent tilstrekkelig for å opprettholde formuen. De siste fem år har netto driftsresultat de siste fem årene har variert fra 0,6 til 2 prosent av inntektene, med et gjennomsnitt på 1,2 prosent."

I denne rapporten framgår det vidare at det akkumulerte underskotet ved utgangen av 2002 var auka til 12,7 mrd. kroner.

Fleirtalet meiner det er naudsynt å få på plass ein heilskapleg plan for oppretting av den økonomiske ubalansen i kommunesektoren.

Fleirtalet fremjar følgjande forslag:

"Stortinget ber Regjeringa om å innleie drøftingar med kommunane om ein plan for oppretting av den økonomiske ubalansen i kommunesektoren."

Komiteens medlemmer fra Høyre og Kristelig Folkeparti viser til at det fra og med 2001 har vært praktisert en ordning med konsultasjoner mellom staten v/Regjeringen og kommunesektoren v/Kommunenes Sentralforbund om det kommunaløkonomiske opplegget. Et viktig tema for konsultasjonsordningen er effektiviseringsmuligheter i kommunesektoren. Disse medlemmer viser til at Regjer-ingen samarbeider med Kommunenes Sentralforbund om å videreutvikle konsultasjonsordningen.

2.6.4 Dei økonomiske tilhøva for distrikts­kommunane

Medlemene i komiteen frå Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet er sterkt uroa over dei økonomiske tilhøva for dei minste distriktskommunane. Mange av desse kommunane tapte mest ved omleggingane i inntektssystemet etter Rattsø-utvalet. Dei same kommunane taper òg stort på andre omleggingar i inntektssystemet, til dømes nye kostnadsnøklar.

Desse medlemene registrerer mellom anna at kommunane i Namdalen i Nord-Trøndelag har bede om å bli omfatta av Nord-Noregs-tilskotet.

Desse medlemene meiner det er behov for ein gjennomgang av nivået, innretninga og eventuell gradering av regionaltilskotet og Nord-Noregs-tilskotet slik at dei best mogleg treffer dei kommunane som har særskilte utfordringar.

Desse medlemene fremjar følgjande forslag:

"Stortinget ber Regjeringa i kommuneproposisjonen for 2005 om å leggje fram ei heilskapleg vurdering av dei økonomiske forholda til dei minste kommunane som er dei største taparane ved omleggingar i inntektssystemet, herunder ei vurdering av nivå og omfang av regionaltilskot og Nord-Noregs-tilskot."

2.6.5 Oppgåveendringar i fylkeskommunane

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, her merka seg at det ved oppgåveendringane innanfor barne- og familievern og rusområdet er lagt til grunn dei same prinsippa som ved reforma for spesialisthelsetenesta. Fleirtalet er einig i at det overordna prinsippet for det økonomiske oppgjeret er at fylkeskommunane skal vere i stand til å løyse dei oppgåvene som står igjen, på ein tilfredsstillande måte. Fleirtalet stør at ansvarsoverføringane ikkje skal ha budsjettverknad, men at dei skal finansierast gjennom uttrekk frå frie inntekter til fylkeskommunane.

Fleirtalet meiner det difor må vere samsvar mellom dei reduserte utgiftene fylkeskommunane får når dei ikkje lenger skal ha ansvar for ei oppgåve, og uttrekk i rammeoverføringane som følgje av dette.

Fleirtalet er ikkje kjende med at det er gjort noka heilskapleg og konkret vurdering av fylkeskommunane sin økonomi etter oppgåveendringane innanfor barne- og familievern og rusområdet. Fleirtalet ber om at det blir gjort ein slik gjennomgang av saksfeltet.

Fleirtalet viser til omlegging av finansieringa for teknisk fagskule som blei gjennomført frå 1. august 2003. Etter det som er opplyst, er det i den samanhengen brukt talmateriale frå KOSTRA og elevtal ved den enkelte skule pr. 1. oktober 2001 for å fastsetje uttrekka for dei enkelte fylkeskommunane. Dette resulterer i at fylkeskommunar med eit høgt tal gjesteelevar får uttrekk i rammetilskotet for 2004 som er særleg høgt. Fleirtalet viser i den samanhengen til Innst. O. nr. 78 (2002-2003) der det mellom anna heiter:

"Komiteen legger til grunn at Regjeringen foretar uttrekk i rammetilskuddet til fylkeskommunene som tar hensyn til elevenes faktiske hjemfylker."

Fleirtalet meiner derfor at uttrekket for fylkeskommunane må vurderast på ny.

Eit anna fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Framstegspartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, fremjar følgjande forslag:

"Stortinget ber Regjeringa om å forhandle med dei enkelte fylkeskommunane for å sikre at det blir samsvar mellom endra ansvarsoppgåver for barne- og familievern, rusområdet og tekniske fagskular og uttrekk i rammeoverføringane som følgje av dette, og at det blir gjort greie for saka i kommuneproposisjonen for 2005."

Komiteens medlemmer fra Høyre, Fremskrittspartiet og Kristelig Folkeparti er enig med Regjeringen i at det økonomiske oppgjøret ved endringene i oppgaver innenfor barne- og familievern og på rusområdet skal følge de samme prinsippene som ble lagt til grunn da staten overtok spesialisthelsetjenesten. Det overordnede prinsippet for det økonomiske oppgjøret er at fylkeskommunene etter reformene skal være i stand til å utføre de oppgaver som gjenstår på en tilfredsstillende måte, samtidig som de nye forvaltningsorganene skal settes i stand til å ta seg av de oppgaver som blir overført til disse. Disse medlemmer viser til at Stortinget ved behandlingen av endringene i oppgaver innenfor barne- og familievern og rusområdet forutsetter at reformene ikke skal ha budsjettmessige konsekvenser, men finansieres fullt ut med uttrekk fra de frie inntektene til fylkeskommunene.

Disse medlemmer viser til at utgangspunktet for uttrekket er regnskapstall fra 2002, for netto driftsutgifter innenfor de tjenesteområdene som blir omfattet av endringene. Tallgrunnlaget er framskrevet for å gi et overslag over netto driftsutgifter i 2003, med forventet lønns- og prisvekst og forventet volumvekst fra 2002 til 2003. Disse medlemmer har merket seg at i møte mellom Kommunal- og regionaldepartementet, fylkesordførernes arbeidsutvalg og KS var det enighet om at det økonomiske oppgjøret bør gjennomføres i tråd med prinsippene fra sykehusoppgjøret. På det samme møtet mente fylkesordførernes arbeidsutvalg at volumveksten fra 2002 til 2003 som er lagt inn ved utregningen av uttrekket, er for høy. Til tross for uvissheten knyttet til den volumvekst som er lagt til grunn for uttrekket, konstaterer disse medlemmer at den anslåtte volumveksten ligger under økningen de siste årene, og at den derfor må regnes som et forsiktig overslag over den faktiske utviklingen i aktiviteten innenfor disse områdene.

Medlemene i komiteen frå Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet viser til at ansvaret for barne- og familievern og rusomsorga er flytta frå fylkeskommunane. Det oppstår då ein omfordelingseffekt fylka imellom, som ein del fylke til dels taper mykje på. Desse medlemene meiner desse fylka skal kompenserast fullt ut for dette tapet, inntil eit nytt inntektssystem for kommunesektoren er på plass.

Desse medlemene vil vise til at objektiviteten i inntektssystemet vert utfordra av endringar i oppgåvefordelinga og av uttrekksmodellar for einskilde område. Dette har særleg vore problematisk for fylkeskommunane. Når ein hentar ut delar av eit heilskapleg inntektssystem, vil det vere tilfeldig om det resterande systemet blir riktig.

Inntektssystem er basert på at einskildelementa i prinsippet delfinansierer kvar sine tenester. Om ein då hentar ut heile finansieringa av eitt tenesteområde, vil det vere vanskeleg å få til eit "restsystem" som delfinansierer den resterande oppgåveporteføljen rett. Noko anna er om ein har som mål å omfordele.

Desse medlemene vil vise til at ein ved barnevernsoppgjeret trekkjer ut 3665,4 mill. kroner. Uttrekket vert handtert ved hjelp av kriteria i inntektssystemet. Vidare vert det gjennomført ei fordeling av eit beløp (i 2003) på 27,4 mrd. kroner (som er eit berekna utgiftsbehov) etter eit sett kriterium. Barnevernsoppgjeret vert gjennomført ved at den opphavlege summen på 27,4 mrd. kroner vert redusert med 3 665 mill. kroner. Dette inneber at 23 735 mill. kroner (i 2003-prisnivå) vert fordelt, noko som svarer til 86,6 pst. av det opphavlege beløp. Samstundes vert kriteriesettet redusert med 9,6 pst., slik at ein bruker 90,4 pst. av dei eksisterande kriteria. 86,6 pst. av dei resterande midlane vert såleis fordelt med 90,4 pst. av dei gamle kriteria. Ein kan også sjå det slik: 13,4 pst. av utgiftene vert trekte ut ved å bruke 9,6 pst. av kriteria. Desse medlemenemeiner det er heilt tilfeldig om dette blir rett.

Desse medlemene fremjar følgjande forslag:

"Stortinget ber Regjeringa gjennom skjønnstilskotet om å kompensere dei fylkeskommunane som taper på endringar i oppgåvefordeling på rus- og familievernområdet."

2.6.6 Auka interkommunalt samarbeid

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, ynskjer ei offensiv satsing på interkommunale samarbeidsløysingar. Ein slik strategi vil bidra til å løyse mange av dei problema kommunane slit med, gjennom å sikre breiare fagmiljø og meir samarbeid om kommunale oppgåver.

Fleirtalet meiner at i tillegg vil samarbeidsløysingar gje effektiviseringsgevinstar for kommunane, samstundes som einingane og det lokale folkestyret vert sikra. Fleirtalet visar til merknader og forslag i Innst. S. nr. 259 (2002-2003).

Fleirtalet fremjar følgjande forslag:

"Stortinget ber Regjeringa i kommuneproposisjonen for 2005 leggje fram ein heilskapleg plan for stimulering av interkommunalt samarbeid."

2.6.7 Nøytral momskompensasjonsordning

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Framstegspartiet, Høgre og KristelegFolkeparti, ber om at Regjeringa legg stor vekt på at ordninga med nøytral meirverdavgift ikkje skal gi utilsikta omfordeling i kommunesektoren.

Fleirtalet ber dessutan om at det i kommuneproposisjonen for 2006 blir gjort greie for korleis refusjonar og trekk balanserte i 2004. Fleirtalet ber også om at det må lagast oversyn for sektoren samla og for den enkelte kommune og fylkeskommune, og at dette materialet seinast blir lagt fram i statsbudsjettet for 2006. Fleirtalet legg til grunn at det blir fremma forslag om oppretting av eventuell utilsikta omfordeling av ordninga.

Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet viser til at disse partier har gått imot den nye momskompensasjonsordningen, og vil understreke at vedtaket slik det framgår av Budsjett-innst. S. nr. 1 (2003-2004), er et opplegg for mer privatisering og konkurranseutsetting. Det hersker stor forvirring og usikkerhet i kommuner/fylkeskommuner om reformen, tallberegningene og konkrete fordelingsvirkninger.

Reformen medfører premiering av kommuner som konkurranseutsetter og de som har råd til å investere mye. Disse medlemmer viser til at utredningen som ligger til grunn for endringen er for snever og ikke vurderer alle sider ved konkurransevridning. Disse medlemmer mener det bør utredes en utvidelse av dagens begrensede ordning der det gis kompensasjon for sjablonmessige beregnede kompensasjonskostnader som reflekterer tjenestedelen av leveransen. Da treffer en det som utgjør konkurransevridningen mellom å utføre oppgaven med egne ansatte og kjøp fra private.

Disse medlemmer fremmer følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen fremme forslag om en utvidelse av dagens begrensede momskompensasjonsordning."

Disse medlemmer vil påpeke at KS under prosessen ikke er blitt orientert om den praktiske gjennomføringen av reformen. Endringer av dagens ordning må skje på en slik måte at kommunesektoren ikke taper.

Disse medlemmer viser til brev fra Kommunenes Sentralforbund den 14. november 2003 der det blir bedt om at departementet vurderer uttrekk og omfordelingsvirkninger av momskompensasjonsordningen med vekt på å håndtere uheldige utslag av særleg høye uttrekk. Disse medlemmer viser også til brev fra ordførerne i Gjesdal, Hå, Klepp og Time kommuner til kommunalkomiteen som illustrerer uheldige virkninger av reformen.

Disse medlemmer fremmer følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringa i Revidert nasjonalbudsjett leggje fram ei grundig utgreiing av omfordelingsverknadene mellom kommunane som følgje av nøytral momskompensasjonsordning og fremje forslag til ei revidering av uttrekket i rammetilskotet som no vert gjennomført."

2.6.8 Konkurranseutsetjing og privatisering

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, meiner at Regjeringa har eit einsidig fokus på konkurranseutsetjing og privatisering som verkemiddel for å effektivisere kommunesektoren. Fleirtalet poengterer at kravet til effektivisering ikkje må gå ut over kvaliteten på det tilbodet som skal bli gitt.

Fleirtalet viser til at Regjeringa har fått tilslutning frå eit fleirtal i Stortinget til å innføre ei ordning med nøytral meirverdiavgift for kommunesektoren, noko desse partia har gått imot. Fleirtalet meiner at det må gjerast ei brei vurdering av kva følgjer konkurranseutsetjinga vil få for kvaliteten på dei tenestene som skal utførast. Dessutan må det bli vurdert nøye kva som blir konsekvensane av omlegginga for arbeids-, løns- og pensjonsvilkåra for dei tilsette.

Fleirtalet fremjar følgjande forslag:

"Stortinget ber Regjeringa greie ut kva konsekvensar konkurranseutsetjing i kommunesektoren vil ha å seie for kvaliteten på den kommunale tenesteproduksjonen og arbeids-, løns- og pensjonsvilkåra for dei tilsette, og at det blir gjort greie for saka i kommuneproposisjonen for 2005."

Komiteens medlemmer fra Høyre, Fremskrittspartiet og Kristelig Folkeparti vil ta avstand fra påstanden om at man har et ensidig fokus på konkurranseutsetting og privatisering som virkemiddel for å effektivisere kommunesektoren. Disse medlemmer understreker det store ansvaret alle har for å utnytte offentlige ressurser best mulig til glede for innbyggerne. Disse medlemmer viser til Sem-erklæringen der Samarbeidsregjeringen blant annet sier at den vil styrke kommuneøkonomien og at den forutsetter en fortsatt realøkning av kommunesektorens rammer. Disse medlemmer viser til at kommunesektorens inntekter økes med 6,685 mrd. kroner fra 2003 til 2004. Dette representerer en historisk vekst på 6,1 pst. Kommunene får dermed nær kr 1 500 mer pr. innbygger neste år. Disse medlemmer vil samtidig fremheve at man legger betydelig vekt på det store behovet for modernisering og omstilling i kommunesektoren. Disse medlemmer mener det må være et mål å sikre best mulig tjenester til lavest mulig kostnad, uavhengig av kommunegrenser og forvaltningsnivåer. Disse medlemmer har derfor stor tro på en politikk som øker det lokale handlingsrom for å foreta prioriteringer utfra lokale ønsker og behov. Derfor fokuserer disse medlemmer på at brukeren må settes i sentrum. Offentlig sektor er til for innbyggerne, og må tilpasses deres ønsker og behov. Disse medlemmer ønsker derfor å øke det lokale handlingsrommet fordi vi mener at det er lokale myndigheter selv, i dialog med brukerne, som best vet hvordan tjenestetilbudet bør utformes.

Disse medlemmer er positive til at kommunene vurderer konkurranseutsetting også på kjerneområdene for å stimulere kvalitet, effektivitet og innovasjon. Disse medlemmer viser til at konkurranseutsetting ikke er et mål i seg selv, men at det er ett av flere virkemidler for å kunne tilby gode og fleksible kommunale tjenester. Disse medlemmer vil videre understreke at det er det enkelte kommunestyre som selv avgjør hvilke virkemidler kommunene skal ta i bruk, og at brukerperspektivet må stå sentralt i all tjenesteyting, uavhengig av organiseringsvalg.

Disse medlemmer viser til at dagens merverdiavgiftssystem gir konkurransevridninger mellom offentlig forvaltning og private aktører ved at kommunal og statlig forvaltning som regel ikke er merverdiavgiftspliktig. Disse medlemmer er tilfreds med at det fra 1. januar 2004 innføres en ordning med nøytral merverdiavgift for kommunesektoren. Disse medlemmer viser videre til sine merknader under punkt 2.6.7.

2.6.9 Tilskot til grunnskuleopplæring i institusjonar

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Framstegspartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, viser til at det er gjort vedtak om å oppheve øyremerkinga av tilskot til grunnskuleopplæring i institusjonar frå 1. januar 2004.

Fleirtalet konstaterer at det kan få klart negative konsekvensar for elevar og tilsette ved dei elleve institusjonane som er omfatta av ordninga, dersom det ikkje blir etablert eit overgangssystem. I verste fall kan det føre til at opplæringa for elevane kan komme i fare. Fleirtalet ber på dette grunnlaget om at Regjeringa vurderer saka for å komme fram til ei tenleg og praktikabel løysing.

Fleirtalet fremjar følgjande forslag:

"Stortinget ber om at Regjeringa i kommuneproposisjonen for 2005 gjer greie for den økonomiske situasjonen for grunnskuleopplæringa i institusjonar etter at det øyremerkte tilskotet er blitt erstatta med ramme­overføring."

Komiteens medlemmer fra Høyre og Kristelig Folkeparti viser til at tilskuddet til institusjoner (kap. 221 post 61) innlemmes i rammetilskuddet til kommunene fra og med 2004. Tilskuddsordningen var øremerket institusjonenes driftsutgifter knyttet til grunnskoleopplæring. Målsettingen med innlemmingen i rammetilskuddet er at all grunnskoleopplæring skal ha samme finansieringsordning. Gjennom endringer i opplæringsloven (Ot.prp. nr. 7 (2003-2004), Innst. O. nr. 32 (2003-2004)) får fylkeskommunen det finansielle ansvar for opplæringstilbud til barn ved plassering på institusjon etter barnevernsloven. Disse medlemmer ber departementet overvåke situasjonen i overgangsfasen for de som omfattes av omleggingen.

2.6.10 Tilskot til musikk- og kulturskular

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre, Sosialistisk Venstreparti, KristelegFolkeparti og Senterpartiet, viser til at Stortinget har vedteke at øyremerking av tilskot til kulturskular skal opphevast frå 1. januar 2004.

Fleirtalet ber om at Regjeringa følgjer utviklinga nøye, og at det i statsbudsjettet for 2005 blir gjort greie for erfaringar med at midlar til kulturskulane ikkje lenger er øyremerkte.

Eit anna fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti, meiner at kulturskulane gir eit verdfullt tilbod i kommunane. Tilbodet har mykje å seie utdannings- og kulturpolitisk, og dessutan har det ein viktig førebyggjande funksjon i barne- og ungdomsmiljøa.

Dette fleirtalet legg til grunn at tilbodet frå kulturskulane skal stå ved lag, og ber om at Regjeringa medverkar til at kommunane held oppe og styrkjer dette tilbodet. Dette fleirtalet legg dessutan vekt på at foreldrebetalinga ikkje må bli så høg at den ekskluderer barn og unge frå å gjere seg bruk av tilboda frå kulturskulane.

Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet viser til at hver kommune har en lovpålagt plikt, enten selv eller i samarbeid med andre, til å gi et kulturskoletilbud til barn og unge.

Disse medlemmer mener det er viktig å videreføre dette tilbudet, og har derfor bl.a. økt kommunenes frie inntekter. I rammen er det lagt inn om lag 175 mill. kroner til kulturskolene.

Disse medlemmer viser til Stortingets uttrykte målsetting om en dekningsgrad på 30 pst. av elevkullene i grunnskolen. Videre vil disse medlemmer minne om at foreldrebetalingen hadde et maksimumsbeløp på 1 600 kroner pr. år og at maksimumsbeløpet var knyttet til statstilskuddet. Når statstilskuddet, som var en undervisningstimesats, nå legges inn i ramme­overføringene til kommunene, forutsetter disse medlemmer at foreldrebetalingen ikke øker vesentlig. Kulturskolene skal fortsatt være et rimelig tilbud, åpent for alle.

Disse medlemmer viser til at en innlemmelse av tilskuddet til kulturskolene i rammeoverføringene får en annen fordelingsvirkning mellom kommunene. Mindre kommuner som har satset mye på kulturskoletilbudet vil etter innlemmingen i rammetilskuddet komme vesentlig dårligere ut. Disse medlemmer mener derfor det bør være en overgangsordning på 5 år i innlemmelsen av tilskuddet.

2.6.11 Leirskular

Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet meiner at elevar skal sikrast eit tilbod om leir­skule. Desse medlemene foreslo derfor å øyremerke midlar til dette formålet i budsjettet for 2003. Dessutan la desse medlemene vekt på at tilskotet til leirskular framleis må øyremerkast fordi ordninga ikkje er fullfinansiert. Desse medlemene viser til merknader og forslag i Innst. S. nr. 259 (2002-2003).

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser også til avtalen mellom Fremskrittspartiet og regjeringspartiene om statsbudsjett for 2003 der det heter at:

"Statlige bevilgninger til leirskoler øremerkes på UFDs budsjett fra og med 2003."

Disse medlemmer viser til at regjeringspartiene brøt denne skriftlige avtalen i forbindelse med behandling av St.prp. nr. 66 (2002-2003), jf. Innst. S. nr. 259 (2002-2003) på den måten at statlige midler til leirskoleopphold for elever ble besluttet lagt inn i rammetilskudd til kommunene, mens tilskudd til bemanning og drift av leirskoler ble videreført som øremerket tilskudd på Utdannings- og forskningsdepartementets budsjett. Disse medlemmer vil videreføre ordningen med at midler til drift av - og opphold ved - leirskoler for elever i grunnskolen, øremerkes over Utdannings- og forskningsdepartementets budsjett.

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet og Fremskrittspartiet fremmer følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen om å fremme forslag om å øremerke tilskuddet til drift av - og opphold ved - leirskoler for elever i grunnskolen i forbindelse med revideringen av budsjettet for 2004."

Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti ogSenterpartiet viser til merknader og forslag i Innst. S. nr. 259 (2002-2003).

Leirskoletilbudet er ikke sikret i lov. Disse medlemmer vil peke på at den dårlige kommuneøkonomien gjør at dette i praksis betyr at noen klasser velger å ikke dra på leirskole fordi det ikke finnes nok midler innenfor budsjettet til å klare en slik utgift.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Fremskrittspartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, fremmer følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen melde tilbake om situasjonen for leirskolene og tilbudet til elevene i kommuneproposisjonen for 2005."

2.6.12 Krisesentrene

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Fremskrittspartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, påpeker det store behovet for å sikre krisesentrene en tilfredsstillende og forutsigbar finansiering, slik at tilbudet kan samsvare med det reelle behovet for beskyttelse og hjelp, både når det gjelder omfang og kvalitet.

Flertallet viser til at på tross av at Stortinget under behandlingen av budsjett for 2003 ba Regjeringen i kommuneproposisjonen for 2004 legge fram forslag til statens finansiering og kommunesektorens medfinansiering av landets krisesentre, slik at tilbudet kan samsvare med det reelle behovet for beskyttelse og hjelp, både når det gjelder omfang og kvalitet, kom Regjeringen tilbake med forslag om å innlemme det øremerkede tilskuddet i kommunenes rammeinntekter uten noen sikring av at krisesentrene ikke skulle blir rammet av nedskjæringer.

Flertallet viser til at forslaget ble avvist og viser til merknader og forslag i Innst. S. nr. 259 (2002-2003). Flertallet viser til at Regjeringen har varslet lovfesting, men ikke fulgt dette opp.

Flertallet mener at tiltaket må lovfestes og det må legges fram en helhetlig finansieringsplan for landets krisesentre.

Flertallet viser til flertallsmerknad i Budsjett-innst. S. nr. 2 (2003-2004) fra familie-, kultur- og administrasjonskomiteen om ny finansieringsordning for krisesentrene med en øremerket ordning og med kostnadsdeling der staten bærer 80 pst. og kommunene 20 pst.

Komiteens medlemmer fra Høyre og Kristelig Folkeparti viser til regjeringspartienes merknader om krisetiltak i Budsjett-innst. S. nr. 2 (2003-2004).

2.6.13 Skyss av helsepersonell

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Framstegspartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, viser til Innst. O. nr. 9 (2003-2004) som mellom anna omhandlar overføring av det økonomiske ansvaret for skyss av helsepersonell frå Folketrygda til kommunane. Fleirtaletviser til at det no kjem urovekkjande meldingar frå ei rekkje kystkommunar om negative verknader av denne lovendringa. Fleire kommunar synest å få store ekstra utgifter til båttransport t.d. i legevaktsamarbeid og anna transport av helsepersonell. Fleirtalet vil be Regjeringa snarast vurdere konsekvensane for dei aktuelle kommunane med sikte på å motverke negative effektar og gi eit oversyn over saka i kommuneproposisjonen for 2005 med forslag til eventuell oppretting av uheldige økonomiske verk­nader.

Komiteens medlemmer fra Høyre og Kristelig Folkeparti viser til regjeringspartienes merknader om transport av helsepersonell i Budsjett-innst. S. nr. 11 (2003-2004).

2.6.14 Kommunar med feilmelding

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Framstegspartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, viser til at fire kommunar, ifølgje svar frå statsråden av 28. november 2003 til Senterpartiets stortingsgruppe, har rapportert feil om sine psykisk utviklingshemma og derfor tapt til saman om lag 19 mill. kroner i inntekter. Fleirtalet seier seg nøgd med at departementet alt har kompensert for 50 pst. av tapet. Fleirtalet meiner at når dette gjeld feil som raskt kan opprettast, bør departementet syte for at 100 pst. kompensasjon vert gitt.

2.6.15 Kollektivtransport og TT-transport

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Fremskrittspartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, viser til Stortingets vedtak i forbindelse med kommune­proposisjonen for 2004 om at Regjeringen i løpet av 2004 skulle utarbeide nasjonale retningslinjer for kvalitet og kvantitet for TT-transporten og foreslå en finansieringsordning som sikrer TT-transport i tråd med de nasjonale retningslinjene.

Et annet flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, mener det er kritikkverdig at dette ikke har skjedd og forventer forslag fra Regjeringen snarest.

Flertallet viser til at det på lik linje med andre områder som er kommunesektorens ansvar, er behov for at det blir rapportert i kommuneproposisjonen om pris, tilgjengelighet og kvalitet på kollektivtrafikken i fylkeskommunene. Transporttjenesten for funksjonshemmede er en viktig del av dette. Flertallet ber Regjeringen legge opp til en slik årlig rapportering.

Flertallet fremmer følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen i den årlige kommuneproposisjonen rapportere om omfang, volum, kvalitet og pris i fylkeskommunal kollektivtrafikk."

Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet vil påpeke at fylkeskommunen ikke er gitt tilstrekkelige ressurser til å bedre kvalitet, kapasitet og tilgjengelighet i kollektivtrafikken. Særlig er det grunn til å påpeke manglene i TT-ordningen.

2.6.16 Tap av naturressursskatt

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, viser til at Tydal kommune etter skattelova har krav på naturressursskatt frå Trondheim Energiverk som eigar av Nea Kraftverk. Fleirtalet konstaterer at det har vore usemje om kven som skal betale skatten, og at kommunen har bede om å bli skadelaus for intern usemje mellom likningsstyresmaktene.

Fleirtalet viser til at staten skal ha avvist kravet frå Tydal kommune om at den ikkje skal lide noko økonomisk tap på grunn av handteringa av skattespørs­målet.

Fleirtalet ber om at saka blir vurdert på ny med sikte på å komme fram til ei løysing som Tydal kommune kan godta, og at det blir gjort nærare greie for saka i kommuneproposisjonen for 2005.

2.6.17 Vannforvaltning

Komiteens medlemmer fra Høyre og Kristelig Folkeparti viser til at "Tilskudd til helhetlig vannforvaltning" (kap. 1441 post 61) innlemmes i rammetilskuddet til kommunene fra og med 2004. Disse medlemmer vil understreke behovet for at kommunene fremdeles prioriterer utbygging og utbedring av vannverk, og forutsetter at påbegynte prosjekt videreføres.

Komiteen viser til merknader og forslag i Innst. S. nr. 67 (2003-2004), jf. Dokument nr. 8:115 (2002-2003).

2.6.18 Timetall i grunnskolen

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Høyre og Kristelig Folkeparti,viser til budsjettavtalen mellom regjeringspartiene og Arbeiderpartiet der timetallet i 1.-4. trinn i grunnskolen ble økt, slik at timetallet skal økes med 2 timer på 1. trinn og 1 time på hvert av trinnene 2 til 4 fra høsten 2004. Forskriftene for grunnskolen opererer ikke med enkeltklasser når det gjelder timetallet, men med "bolker" av trinn, f.eks. 1.-4. trinn. For å unngå endringer av forskriftene, tolkes avtaleteksten slik:

"Timetallet for 1. til og med 4. trinn øker med til sammen 190 årstimer, dvs. i gjennomsnitt 5 uketimer totalt for 1. til og med 4. trinn, fra og med skoleåret 2004-2005. Timene skal bl.a. brukes til å styrke elevenes grunnleggende ferdigheter i lesing, skriving og regning. Timetallet i småskolen økes ytterligere i 2005."

Flertalletviser videre til avtalen mellom regjeringspartiene og Arbeiderpartiet om timetallsøkningen i grunnskolen og legger til grunn at alle kommuner innfører et timetall i tråd med dette.

Medlemen i komiteen frå Senterpartiet meiner at spørsmålet om auka timetal i grunnskulen burde handsamast som eiga sak i Stortinget og ikkje som resultat av eit budsjettforlik.

Komiteen viser for øvrig til Budsjett-innst. S. nr. 12 (2003-2004).

2.6.19 Ressurskrevjande brukarar

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Framstegspartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, viser til merknader og forslag i Innst. S. nr. 259 (2002-2003) og i Budsjett-innst. S. nr. 11 (2003-2004). Fleirtalet vil understreke vedtak om fortløpande evaluering og omsyn til særleg tyngande utslag for enkeltkommunar ved fordeling av skjønsmidlar.