2. Tiltak mot utleige til bordellverksemd

       Stortinget handsama våren 1992 St.meld. nr. 23 (1991-1992) om bekjempelse av kriminalitet. I den samanhangen ba fleirtalet i justiskomiteen departementet om å vurdera eit tillegg til straffelova § 206, slik at det blei klårt at utleige av lokale til bordellverksemd kan straffast. Aktlaust lovbrot burde òg etter fleirtalet sitt syn vera omfatta av reglane.

       Allereie etter gjeldande rett vil utleige av husrom til bordellverksemd kunna rammast av regelen i § 206, men dette kan det vera vanskeleg å lesa ut av lova. I ein del høve er det vanskeleg å prova at den som leiger ut husrom veit at lokala vert brukte til bordellverksemd. Dette kan tala for at òg aktlaus utleige av husrom til slik verksemd vert gjort straffbart. I praksis skjer utleige til bordellverksemd i nokre høve gjennom fleire ledd. Skal ein kunna handheva forbodet effektivt, må og utleige som går via andre rammast.

       Dei fleste høyringsinstansane er samde i at regelen bør klargjerast. Kommunaldepartementet er skeptisk til framlegget fordi det kan skapa problem for partane i utleigetilhøve. Ein del høyringsinstansar meiner at § 206 bør vera som i dag. Sosialdepartementet peikar på at regelen ikkje bør hindra at kommunen oppfyller si plikt til å skaffa husrom. Riksadvokaten har framlegg om ein noko anna utforming av regelen.

       Departementet meiner at regelen bør klargjerast, og at Riksadvokaten sitt framlegg ikkje i naudsynt grad ivaretek dette omsynet. Den nye regelen i § 206 kan ikkje tolkast slik at kommunen vert hindra i å oppfylla sine plikter etter sosialtenestelova, og lovendringa grip ikkje inn i oppseiingsvernet etter husleigelova. Etter departementet si meining bør berre grov aktløyse rammast av regelen. Det er naturleg å ha med bot som straffealternativ, idet ein del av dei tilfella som vert ramma vil vera relativt unnskyldelege.

Komiteen sine merknader

       Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemen frå Framstegspartiet, viser til Innst.S.nr.192 (1991-1992) der fleirtalet i komiteen ba departementet vurdere ei tilføying til § 206 i straffelova slik at utleige av lokale til bordellverksemd vert straffa. Ein peikte òg på at straffebudet burde omfatte aktlaust lovbrot. Fleirtalet er nøgd med at departementet no fremjer ei slik lovendring, og fleirtalet meiner ei slik endring vil gjere det lettare for politi og påtalemakt å kome organisert bordell- og hallikverksemd til livs.

       Fleirtalet er einig i at lova bør presisere gjerningsskildringa, og har merka seg løysinga med eit tillegg i andre ledd.

       Fleirtalet har merka seg departementet si vurdring om at lova ikkje kan tolkast slik at kommunar er forhindra frå å oppfylle sine plikter etter lova om sosialteneste.

       Fleirtalet legg og vekt på at lovendringa ikkje er meint å gripe inn i oppseiingsvernet for leigetakarar, slik husleigelova lovfester dette.

       Fleirtalet vil peike på at lovendringa berre rammer grov aktløyse.

       Fleirtalet er samd i at bøter kan vera eit aktuelt straffealternativ ved brot på den nye lovregelen.

       Fleirtalet har og merka seg forslaget frå Riksadvokaten om at skuldkravet bør vera grov aktløyse uansett på kva måte gjerningsmannen har fremma eller utnytta ervervsmessig utukt frå andre. Fleirtalet meiner dette forslaget må vurderast nærare og ventar at Straffelovkommisjonen ser nærare på det.

       Komiteens medlem fra Fremskrittspartiet konstaterer at utleie av husrom til bordellvirksomhet rammes av reglene i straffeloven, men at det stilles krav om at utleier visste at leiligheten ble benyttet til slik virksomhet. Departementet vil nå utvide lovparagrafen slik at også grov uaktsomhet rammes av regelen. Dette medlem er imot denne lovendringen, og viser til brev til komiteen fra « Kvinnegruppa Ottar » i Oslo, som frykter at lovforslaget vil kunne føre til at utleiere kan drive overvåking/dyneløfting hos leietakerne sine. Dette medlem deler denne frykten. Det er vanskelig å tenke seg at en utleier skal kunne føle seg sikker på at leiligheten ikke blir misbrukt uten at det fører til en urimelig kontroll med leietakere, som dessuten lett kan resultere i mistenkeliggjøring og ryktespredning. Dette medlem ønsker å forskåne leietakerne fra en slik utvikling, og finner det dessuten fullstendig urimelig å forvente at en utleier skal drive kontroll med leietakerne for å påse at det ikke foregår samleier mot betaling i leilighetene.

       Dette medlem vil etter dette stemme imot forslaget til endring av straffeloven § 206.