1. Samandrag

       Regjeringa gjer i proposisjonen framlegg om endringar i lov av 9. juni 1978 nr. 49 om reindrift og lov av 21. desember 1979 nr. 77 om jordskifte o.a. Det er òg framlegg om ei mindre endring i lov av 29. mai 1981 nr. 38 om viltet.

1.1 Bakgrunn for framlegget

       Framlegget har bakgrunn i St.meld. nr. 28 (1991-1992) En bærekraftig reindrift og Stortinget si handsaming av den, jf. Innst.S.nr.167 (1991-1992).

       I meldinga la Regjeringa for første gong fram for Stortinget ein omfattande gjennomgang av utviklinga i reindriftssamfunnet og samla framlegg om mål og verkemiddel for den framtidige reindriftspolitikken. Alle relevante tema, som næringspolitikk, økologi, samepolitiske tilhøve, den økonomiske og sosiale situasjonen i Indre Finnmark, likestillingsutviklinga og dyrevern vart drøfta. For å få gjennomført dei tiltaka som meldinga munnar ut i, fann Regjeringa det heilt naudsynt å få drøfta og løyst einskilde rettslege tilhøve.

       Stortinget slutta seg i hovudsak til konklusjonane i meldinga og til at det var naudsynt med lovendringar. Det var likevel ikkje fleirtal for Regjeringa sitt framlegg til korleis avklaring og sikring av reindrifta sine faktiske bruksområde best kan skje. Det var heller ikkje fleirtal for nokon av dei alternativa som det vart gjort framlegg om i landbrukskomiteen. Men det var fleirtal for at avklaring må skje gjennom lovendring.

       Stortinget sa også klart frå om at det ikkje ønskte noka endring i reglane om tilhøvet mellom tamrein og villrein i Sør-Noreg. Proposisjonen inneheld derfor ikkje framlegg som gjeld vilkåra for konsesjon for tamreindrift utanfor dei samiske reinbeiteområda.

       Landbruksdepartementet har med bakgrunn i Stortinget si handsaming av meldinga sett i gang eit grundig arbeid med oppfølging på dei einskilde områda. M.a. er det sett i gang eit omfattande arbeid med fullstendig revisjon av inndelinga av reinbeitedistrikta i Finnmark. Det er òg sett i gang eit større omstillingsprogram for Indre Finnmark.

       Føremålet med endringsframlegget har ikkje vore å setje i verk ein fullstendig revisjon av reindriftslovgivinga eller ein samla gjennomgang og drøfting av reindriftsretten i full breidd. Det dreiar seg om lovendringar som er naudsynte for å skaffe heimel for styringstiltak for ei berekraftig reindrift, for å gi Sametinget rimeleg innverknad og skape god samanheng mellom reindriftsforvalting og -politikk og samepolitikken elles. Det er òg naudsynt å sikre reindriftssamane sin rett til dei faktiske bruksområda og slik klart samsvar mellom dei folkerettslege forpliktingane Noreg har i høve til urbefolkning/minoritet og norsk lovgiving.

       Ei rekke prinsipielle og praktiske rettsspørsmål er ikkje tatt opp i proposisjonen, men det er vist til Samerettsutvalet sitt arbeid. Samerettsutvalet si rettsgruppe har lagt fram ei drøfting av rettstilhøva i Finnmark ( NOU 1993:34 Rett til og forvaltning av land og vann i Finnmark). Denne går òg inn på reindriftsspørsmål.

1.2 Generelle merknader

       Under arbeidet med lovendringane har Landbruksdepartementet samarbeidd med Sametinget på slik måte at Sametinget fekk fråsegnene frå høyringsinstansane etter kvart som departementet fekk dei inn.

       I St.meld. nr. 28 (1991-1992) konkluderte Regjeringa med at Sametinget bør få ein aktiv funksjon når det gjeld sambandet mellom reindriftspolitikken og samepolitiske tilhøve elles, og dessutan bør vere representert i styringsorgana i næringa. Under handsaming av meldinga i Stortinget var det ulike vurderingar av Sametinget si rolle i høve til reindriftspolitikk og -forvalting. Det var likevel klart fleirtal for framlegget om at Sametinget skal ha reindriftsavtalen til politisk handsaming og ha innverknad på samansettinga av reindriftsstyret og områdestyra.

       Regjeringa meiner det er ønskjeleg at Sametinget får stor innverknad på samansetjinga av styringsorgana i reindrifta.

       Ved handsaming av St.meld. nr. 52 (1992-1993) Om norsk samepolitikk gjorde Stortinget vedtak om at Sametinget bør oppnemne tre av medlemene i reindriftsstyret, medan dei andre vert oppnemnd av Landbruksdepartementet. Det tilsvarande bør gjelde for områdestyra. Det einskilde fylkesting kan utvide områdestyra til sju medlemer, og Sametinget bør oppnemne to, eventuelt tre, av dei fem eller sju medlemene i styret.

       Stortingsvedtaket er innarbeidd i framlegget til endringar i reindriftslova. Regjeringa meiner at dette saman med dei tiltaka som er sette i verk i høve til reindriftsavtalen, vil gjere det mogleg for Sametinget å ha stor innverknad på den reindriftspolitiske utviklinga og dei store linene i forvaltinga. Ingen andre organ vil kunne gjere gjeldande ein tilsvarande samla samepolitisk argumentasjon og vurdering av denne overfor Regjering og Storting. Den vidare utviklinga vil vise om Sametinget si rolle er plassert på rett nivå og rett plass.

       Det er nær samanheng mellom ressursstyring og reindrifta sin samepolitiske forankring. Reindriftsnæringa er ein særs viktig del av det materielle grunnlaget for samisk kultur. Kjernen i den samiske særretten til reindrift er sjølve retten til å nytte naturressursane på grunnlag av « alders tids bruk », i første rekke sjølve beitet. Sikring av beiteressursane er derfor ein viktig føresetnad for at reindrifta skal fortsette å vere eit vesentleg kulturgrunnlag.

       Styresmaktene har ansvar for å avklare og sikre retten til beiteressursane i dei tradisjonelle reindriftsområda, og arbeide for vern av naturmiljøet. Men næringa sin eigen bruk av ressursane må i første rekke vere eit internt samisk ansvar. Styresmaktene vil ikkje detaljregulere den interne ressursbruken så lenge den er forsvarleg. Den interne reguleringa må ha brei samepolitisk legitimitet for at styresmaktene skal følgje opp. Erfaringa med overbeitinga i Finnmark har vist at det er naudsynt med streng styring av bruk av ressursane, med reintal og etablering av utøvarar, og at denne styringa må ha tilslutnad i næringa og frå Sametinget.

       Føremålet med reindriftslova er å utvikle ei reindriftsnæring som er økologisk berekraftig, samstundes som den skal sikre økonomien i næringa. I føremålsparagrafen er det tatt med ei tilvising til dei folkerettslege reglane for å presisere at staten har plikter overfor reindrifta. Derimot finn departementet det ikkje naudsynt å presisere at reindrifta har sitt eige rettsgrunnlag uavhengig av lova. Dette er eit tilhøve som i stor utstrekning er slått fast i rettspraksis.

       For å styrkje ressursstyringa i reindriftsnæringa er det framlegg om å innføre obligatorisk plan for utnytting av beiteressursane og arealdisponering i det einskilde reinbeitedistriktet. Distriktsplanen vil vere eit offentleg dokument, og skal skissere utnytting av beiteressursane i distriktet og bruken av distriktet elles med tanke på flyttemønster, eksisterande og planlagte anlegg og motorferdsel.

       På reindriftshald meiner ein at innføring av ein obligatorisk distriktsplan representerer ei gjennomgripande endring i høve til situasjonen i dag. Departementet presiserer at all arealdisponering i prinsippet krev styring og samordning, og finn ikkje å kunne unnta ei einskild næring frå å planleggje og samordne sin arealbruk med andre arealinteresser.

       Landbruksdepartementet gjer i samråd med Miljøverndepartementet framlegg om at planen ikkje skal inngå i planleggingsprosessen etter plan- og bygningslova. Men distriktsplanen inneber ei tilpassing til plan- og bygningslova ved at reindrifta sin arealbruk kan verte sett i samanheng med annan arealbruk.

       For å få eit verkemiddel for å unngå problema med overbeiting, gjer departementet framlegg om ei ressursavgift ved brot på distriktsplanen. Ressursavgifta er ikkje meint som kompensasjon for eventuelle skadelidne i eller utanfor reindrifta, men skal gå inn i reindriftsfondet.

       Den rettslege og politiske utviklinga har ikkje gitt ei eintydig konkret, geografisk avklaring av kor yttergrensene for det samiske reindriftsområdet går. Domstolane har gradvis klarlagt at den samiske reindriftsretten er ein sjølvstendig tingleg rett, uavhengig av eigedomsretten. Forvaltinga har skjedd med bakgrunn i den oppfatninga at gjeldande rett inneber ein generell reindriftsrett i fjell og utmark innanfor gjeldande forvaltingsgrenser, der det ikkje ligg føre særleg rettsgrunnlag for det motsette. Høgsterett si avgjerd i Korssjøfjellsaka inneber ikkje tilslutning til denne oppfatninga, og det er fortsatt grunnleggjande uvisse om kor reindriftsretten gjeld.

       Uvissa verkar i seg sjølv konfliktskapande. Den er uheldig for dei berørte partane både på reindrifts- og grunneigarsida, for næringsutvikling og forvalting, og den er uheldig i høve til Noreg sine folkerettslege forpliktingar overfor samane. Stortinget har gjennom si handsaming av reindriftsmeldinga gitt tilslutnad til Regjeringa sin konklusjon om at situasjonen er uhaldbar, og bør endrast gjennom lovendring.

       Både høyringsrunden og det vidare arbeidet med proposisjonen har stadfest at det er naudsynt med avklaring og at problemet rettsleg sett har mange sider.

       I høyringsnotatet skisserte departementet tre alternative løysingar. Etter høyringsrunden er det klart at det eine alternativet, reine avtaleløysingar, ikkje lar seg gjennomføre. Grunneigar er oftast ikkje viljug til å leige ut areal, i alle fall ikkje til ein pris som er økonomisk forsvarleg i høve til verdien av reinbeite. Det er derfor ikkje realistisk å gå ut frå at konfliktane om beiterett lar seg løyse gjennom avtale.

       Eit anna alternativ var utviding av ekspropriasjonsheimelen i reindriftslova. Departementet ser på det som rettsleg sett ukontroversielt, men ei slik løysing åleine vil ikkje gi noko reell avklaring av spørsmålet. Løysinga kan gje auka konfliktar og rettssaker.

       Departementet meiner at dei samiske reindriftsrettane i utgangspunktet gjeld i all utmark innan forvaltingsgrensene for reinbeiteområda, dersom ikkje anna følgjer av særlege rettstilhøve, som t.d. dom. Der det ikkje er slike særlege rettstilhøve, finn departementet det uaktuelt å vurdere å gå til ekspropriasjon. Der reindriftsnæringa er frådømt retten til reinbeite, vil staten kunne gå inn. Om det ikkje er mogleg å få avtale om leige av beiterett, kan staten etter vurdering kunne gå til ekspropriasjon til føremon for samisk reindrift.

       Etter samla vurdering har departementet kome til at alternativet med endring av § 2 i reindriftslova er det beste. Lovgjevaren vil ta klart standpunkt i eit spørsmål som styresmaktene ikkje kjem utanom. Det vert skapt ein ryddig forvaltingsmessig situasjon, og det vert klar oppfølging av ILO-konvensjon 169 om urbefolkningar og stammefolk i sjølvstendige statar. Departementet er klar over at berørte grunneigarar kan sjå på dette som ei urimeleg løysing. Men departementet presiserer at føremålet med lovendringa ikkje er å etablere reindriftsrett der det ikkje allereie er nokon slik rett. Føremålet er derimot at lovgjevar klårt skal gi uttrykk for kva som er lova sin alminnelege presumpsjon om tilhøvet mellom dei gjeldande forvaltingsgrensene og rettsgrensene. Målet er ei ryddig avklaring av reindriftssamane sin rett til område som faktisk vert nytta i dag.

       Den samiske tamreindrifta har på ei rekke område vore involvert i ymse konfliktar med andre arealinteresser og brukarar. Ei rekke av dei konfliktane som oppstår, vert i dag handsama av ymse forvaltingsorgan som er oppretta spesielt med tanke på samisk reindrift. Departementet gjer framlegg om endringar i jordskiftelova, slik at jordskifteretten får heimel til å regulere bruken i eit område ved å gjennomføre bruksordning for samisk reindrift. Vidare er det framlegg om å gi jordskifteretten heimel til å fastslå rettstilhøva i eiga sak, ved rettsutgreiing og grensedraging for desse rettane. Lensmannsskjønnet og rettsleg skjønn etter reindriftslova er foreslått overført til skjønnsavgjerd ved jordskifteretten. Handtering av konfliktar internt i reindriftsnæringa vert ikkje lagt til jordskifteretten.

1.3 Økonomiske, administrative og miljømessige konsekvensar

       Departementet reknar med at dei lovendringsforslaga som vil føre med seg økonomiske og administrative konsekvensar for staten, i det vesentlege vil vere utviding av ekspropriasjonsheimelen og innføring av nye saker for jordskifteretten. Dei andre endringane i reindriftslova reknar ein ikkje vil føre til ekstra kostnader for staten. Departementet reknar heller ikkje med at endringa i reindriftslova sin § 2 for å løyse spørsmålet om dei samiske reindriftsrettane si geografiske utstrekning vil føre med seg administrative konsekvensar.

       Lovendringane skal sikre ei økologisk berekraftig reindrift. Det er naudsynt med verkemiddel som kan sikre ei forsvarleg utvikling og forvalting av beiteressursane.

1.4 Dei einskilde lovene

1.4.1 Reindriftslova

§ 1.

       Det er framlegg om å endre føremålsparagrafen slik at det grunnleggjande målet for næringa er ei økologisk berekraftig utnytting av reinbeiteressursane som kan gi grunnlag for trygg økonomi i reindrifta. Det er nær samanheng mellom det overordna målet i føremålsparagrafen og dei endringane det er framlegg om i dei andre paragrafane. Alle reglane skal saman tene til å oppfylle målet om balansert ressursbruk og berekraftig utnytting.

       Så langt det kan sameinast med samfunnsinteressene, er det ønskjeleg at reindriftsnæringa skal ha eit indre sjølvstyre, slik at dei indre tilhøva vert regulert berre om det er naudsynt av omsyn til samfunnsinteressene.

§ 2

       Med framlegget til endringar i første leden vert det slått fast at reindriftssamane har ein klart definert rett til å utøve næringa si i dei områda dei nyttar i dag. Ved ein eventuell rettssak må grunneigar eller annan med bruksrett påvise at det ligg føre særleg rettsgrunnlag som viser at reindriftsretten har falle bort eller ikkje har eksistert.

       Departementet peiker på at § 105 i Grunnlova ikkje er til hinder for slik avklaring som det er framlegg om. Men § 105 sikrar ein eventuell skadeliden grunneigar eller rettshavar økonomisk kompensasjon. Den som vert påført påviseleg tap i sin grunneigarrett eller bruksrett vil derfor ha krav på full erstatning.

       Departementet strekar under at lovendringa vil vere i samsvar med staten sine folkerettslege forpliktingar. ILO-konvensjonen 169, har i art. 14 pkt. 2 krav om at « myndighetene skal ta nødvendige skritt for å identifisere de landområder der vedkommende folk tradisjonelt lever, og sikre effektivt vern av deres eiendomsrett og rett til besittelse ».

       I andre leden er det heimel for å dele reinbeiteområda inn i distrikt og fastsetje høgste talet på rein i det einskilde distriktet. Likeins er det framlegg om at reindriftsstyret kan fastsetje beitetid for reinbeitedistrikt og dele reinbeitedistrikt inn i beitesoner for særskilde siidaer eller driftseiningar. Det vert likevel lagt vekt på at målet er ei hensiktsmessig fordeling av beiteressursane, der sedvanemessig bruk vert lagt til grunn. Innarbeidd beitebruk skal ikkje endrast meir enn det som må til for å skape forsvarlege tilhøve.

       Med bakgrunn i overbeitinga i Finnmark, er det i tredje leden framlegg om heimel for detaljinndeling med tvangsverknad.

§ 3

       Bare personar av samisk avstamming har rett til å utøve reindrift i samisk reinbeiteområde. Person av samisk avstamming er ein som kan krevje seg innført i samemanntalet, jf. samelova ( lov av 12. juni 1987 nr. 56 ). For å ha reindriftsrett må ein ha tilknyting til reindriftsfamilie, dvs. det er krav om at minst ein av besteforeldra må ha dreve reindrift. Personar med fjernare tilknyting til reindrift har tapt retten. Det er framlegg om endring slik at det ikkje lenger skal vere nødvendig med norsk statsborgarskap, men bopel i Noreg. Adoptivbarn får same rett til reindrift som eigenfødde barn.

       Det er framlegg om å endre reglane om følgjene av ekteskap. Inngift ektefelle vil få rett til å halde fram reindrifta om ektefelle med rett dør. I tilfelle skilsmisse kan saka vurderast.

§ 4

       Denne paragrafen inneheld reglar om kva som krevst for å starte med tamreindrift i samisk reinbeiteområde. Paragrafen set vilkår for sjølve adgangen til å etablere reindrift, ein etableringskontroll av omsyn til beitegrunnlaget. For å starte reindrift må ein ha samtykke frå områdestyret gjennom registrering av driftseining.

       Det er framlegg om endring slik at det vert mogleg for foreldre og besteforeldre å ta over driftseining udelt på same måte som ektefelle og slektningar i nedstigande line. Det er òg framlegg om endring slik at begge ektefellar får lik rett og ansvar for driftseining som dei begge eig rein i. Dette inneber at ektefellane automatisk vert likestilte som leiarar av driftseininga, uavhengig av kor stor del av flokken kvar av dei eig. Ektefelle som ikkje sjølv eig rein, kan ikkje stå som leiar av driftseininga. Ektefellar har krav på å få halde oppe eiga eksisterande driftseining om dei ønskjer det. Ingen skal kunne eige rein i meir enn ei driftseining.

§ 6

       Framlegget til endring gjeld oppnemning av reindriftsstyre og korleis det skal vere samansett. Reindriftsstyret har vist seg å vere eit nyttig og sentralt ledd i forvaltinga. Sametinget får heimel for å oppnemne tre av dei sju medlemene i reindriftsstyret. Dei øvrige fire skal oppnemnast av Kongen.

       I andre leden er det framlegg om ein regel om mest mogleg lik kjønnssamansetting for å markere at dette er eit sjølvstendig kriterium ved oppnemning av reindriftsstyret.

§ 7

       Det er framlegg om at Sametinget skal oppnemne to, eventuelt tre, av dei fem eller sju medlemene i områdestyret. Dei andre medlemene blir oppnemnde av fylkestinget.

§ 8

       « Tillitsmannsutvalget » i gjeldande lov blir bytt ut med « distriktsstyret » og « distriktsformannen » vert bytt med « lederen ». Endringa er såleis ikkje noka realitetsendring. Endringa vert gjennomført konsekvent gjennom heile lova.

§ 8a

       I ein ny § 8a vert distriktsplan ført inn som eit nytt verkemiddel for ressursstyringa i reinbeitedistrikta. Distriktsplanen vert gjort obligatorisk for kvart einskild reinbeitedistrikt. For at planen skal verke effektivt, må det gjerast bindande for kvar driftseining. Sanksjonar må vere mogelege ved vesentlege brot på planen.

       Distriktsplanen er meint å vere ein styringsreiskap i forvaltinga, ikkje ei offentleggjering av interne tilhøve i reindrifta.

       Distriktsplanen skal innehalde ei oversikt over det samla reintalet i distriktet og korleis reinen er fordelt på dei einskilde driftseiningane. Flyttemønstret i distriktet skal kartfestast. Trekkvegar og viktige område for reinen slik som kalvingsområde, slakteplassar, område for samling og skilling m.v. skal gå fram av planen. Det skal også løyper for terrenggåande barmarkskjøretøy.

       Distriktsstyret skal sende utkast til distriktsplan til dei aktuelle kommunane, fylkeskommune og fylkesmannen til uttale. Distriktsplanen vil ikkje ha rettsverknad i høve til kommunale planstyresmakter, men vil kunne vere eit viktig element i kommunen si planlegging og ei vesentleg forbetring når det gjeld å gi styresmaktene ein oversikt over næringsverksemda i kommunen. Departementet meiner at reindriftsnæringa sjølv er tent med dette, da det i neste omgang kan gi grunnlag og premissar for kommunen si planlegging. Ved ei totalvurdering av arealdisponeringane i kommunen kan eventuelle arealkonflikter takast i forkant, framfor ei rekke einskildvurderingar etter kvart som konfliktar dukkar opp.

       Områdestyret skal stadfeste distriktsplanen.

§ 8b

       I framlegg til ein ny § 8b vert det slått fast at distriktsplanen er bindande for kvar driftseining. Vesentlege brot på planen kan medføre pålegg om tvangstiltak.

       I tredje leden vert det innført eit prinsipielt nytt verkemiddel for styring av reintalet i det einskilde reinbeitedistriktet. Her får distriktsstyret heimel for å pålegge betaling av ressursavgift. Ressursavgifta vil vere eit verkemiddel i den interne ressursstyringa, og ei intern sanksjonering overfor den som har brukt meir enn sin tildelte del av dei felles beiteressursane.

       Ressursavgifta skal ikkje berre vere eit vederlag for det som ulovleg er teke ut av beiteressursane, men eit reaksjonsmiddel som skal føre til at overbeiting ikkje lenger vil gå føre seg.

       Det er framlegg om at områdestyret kan pålegge ressursavgift dersom uforsvarleg ressursbruk er til skade for anna distrikt enn det driftseininga høyrer heime i, om overbeiting har ramma fleire distrikt eller om t.d. felles flyttlei har vorte for hardt belasta på grunn av for mange rein.

       For å sikre at ressursavgifta vert eit effektivt verkemiddel i forvaltinga av beiteressursane, vert det fastsett at stadfest vedtak om slik avgift er tvangsgrunnlag for utlegg.

       Innbetalt avgift tilfell distriktsfondet, eventuelt områdefondet. Avgifta vil såleis stå til disposisjon for fellesskapet. Det er likevel ein føresetnad at avgifta ikkje blir brukt, direkte eller indirekte, til å auke reintalet utover det fastsette.

§ 10

       I første leden vert retten til bruk av motorisert framkomstmiddel i reindriftsnæringa presisert og delvis stramma inn. Samstundes er det ei avklaring av kva ferdselsretten omfattar. Dette er i næringa si interesse, da ein lettare kan sleppe unna konfliktar. Ei avklaring vil også gi eit sikrare og klarare grunnlag for å planleggje samla transport og ferdsel for distriktet på ein rasjonell og økonomisk måte. Berrmarkskøyring skal avgrensast mest mogleg. Slik ferdsel skal så langt mogleg gå føre seg i faste løyper som går fram av distriktsplanen.

§ 12

       Kongen skal etter § 12 godkjenne oppføring av permanent anlegg. Departementet finn det ikkje føremålstenleg å definere « større anlegg » i lova, men føreset at dette om naudsynt vert gjort i forskrift.

       Det er framlegg om ein ny led om riving av ulovleg anlegg. Reglane i gjeldande lov om fjerning av ulovleg reindriftsanlegg har vist seg å vere utilstrekkelege. Departementet gjer framlegg om at ei klage over pålegg om riving av ulovleg anlegg ikkje får utsetjande verknad. Fjerning av anlegget kan setjast i verk utan å vente til klagen er handsama.

§ 15

       Føremålet med dei endringane det er gjort framlegg om i § 15, er å gi alle partar mest mogleg klar melding om kva for disposisjonar som ein fritt kan gjere, og kva som krev nærare avklaring eller eventuelt ikkje kan verte gjort utan ved ekspropriasjon. Etter framlegget vil paragrafen ikkje berre seie kva som er forbode ut frå at det er utilbørleg utnytting, men også seie kva som kan verte gjort. Det vert presisert at rett til reinbeite berre gjeld i utmark.

       Departementet finn det ikkje mogleg å trekke ei fast grense for kva slags disposisjonar grunneigar og reindriftsutøvar kan gjere i utmarka. Det må vere rom for fleksibilitet for endra utnytting.

§ 16

       Reineigar har plikt til å merke reinen sin. Det er framlegg om endring slik at umerka eller feilmerka rein går over til fellesskapet, dvs. reinbeitedistriktet.

       Det er framlegg om at departementet i særlege tilfelle kan frita reineigar for merkeplikta. Bakgrunnen for framlegget er Rendalen Renselskap som er organisert i ei særeigen driftsform med skyting av privateigd rein på privat eigedom. Etter ikrafttreden av reindriftslova av 1978 vart forvaltingsansvaret overført til Miljøverndepartementet. Dette har ført med seg at spørsmålet om eigedomsretten til reinen har vorte omstridt. Det er lite føremålstenleg at den privateigde reinstammen vert forvalta etter viltlova.

       Departementet meiner det er ønskjeleg å ta vare på drifta i Renselskapet, da det utnyttar stammen på ein tilfredsstillande måte. Skal forvaltinga førast tilbake til reindriftslovgivinga, må det vere mogleg å frita for merkeplikta i eit så spesielt tilfelle som dette. Departementet understrekar at heimelen for fritak frå merking berre vil gjelde Rendalen Renselskap.

§ 20

       Det er ei ulempe ved nogjeldande lovtekst at dei faglege krava som vert stilte til utøving av reindrift ikkje er tilstrekkeleg klare. Departementet har samla dei faglege krava til reindrift i § 20 og innfører eit nytt omgrep, « driveplikt », til å avløyse dei nåverande omgrepa « tamhetsgrad » og « vokteplikt ». Føremålet med endringa er ikkje å skjerpe eller senke dei faglege krava til forsvarleg reindrift, men innføre ein meir tenleg fagleg standard i lova. Driveplikta vert retta direkte mot driftseininga og kopla til dei nye krava til distriktsplan i § 8 a.

§ 27

       Det er framlegg om at lensmannsskjønnet vert erstatta med skjønn ved jordskifteretten eller herads- eller byretten. Spørsmålet som skal handsamast ved skjønn etter denne paragrafen, er i første rekke det økonomiske tapet som reinskade har ført med seg, og ei verdsetjing av denne. Det er framlegg om å innføra obligatorisk synfaring ved reinskade.

§ 28

       Det er framlegg om at områdestyret kan setje vilkår for eller forby større arrangement i særleg sårbart område. Det kan til dømes vere kalvingsområde eller område for samling og skiljing av rein.

§ 30

       Det grunnleggjande prinsippet i lova er den samiske særretten til å utøve reindrift i dei tradisjonelle samiske bruksområdene. Dette har til følgje at det er forbode for andre enn reindriftssamar å utnytte beiteressursane knytt til rein. Det kan ikkje reknast med løyve til t.d. å gjerde inn ein stor fjelleigedom i reinbeitedistrikt for å drive reinfarming.

§ 31

       Det er framlegg om å utvide ekspropriasjonsregelen i § 31, slik at den også omfattar samiske rettar til tamreindrift. Ved ei slik endring vil staten kunne ekspropriere rett til reindrift for eventuelt areal innanfor samisk reinbeiteområde, der domstolane har kome til at reindriftsretten ikkje gjeld.

§ 35

       Departementet har funne det naudsynt å klargjere tilhøvet til forvaltingslova. Departementet er klar over at særleg når det gjeld dei vedtak distriktsstyret skal fatte, kan det oppstå habilitetsproblem. Departementet finn at med dei særlege tilhøva i reindriftsnæringa, med få personar og nære slektskaps- og kontakttilhøve, må habilitetsreglane i forvaltingslova praktiserast med lempe.

1.4.2 Jordskiftelova

§ 2.

       Det er framlegg om at det vert heimel for jordskifteretten til å gjennomføre bruksordning i område med reindrift. Departementet finn det naudsynt å understreke at det gjeld den samiske tamreindrifta som vert drive innan samisk reinbeiteområde. Det vert understreka at interne konfliktar mellom reindriftsutøvarar, reindriftseiningar eller distrikt i reindriftsnæringa ikkje er ei sak for jordskifteretten. Slike saker skal handsamast av dei forvaltingsorgana som er oppretta for dette føremålet, eventuelt av dei ordinære domstolane.

       Departementet understrekar at reineigarar ikkje har ein individuell rett til reinbeite. Den samiske reindriftsretten er av kollektiv karakter. Jordskifteretten kan derfor ikkje handsama dei som individuelle rettshavarar med mindre det dreiar seg om skjønn etter reindriftslova. Det er ikkje den einskilde reineigaren eller driftseininga som vert part i ein jordskiftesak, men i prinsippet reindriftsnæringa. For kvart reinbeitedistrikt vert reineigarane representert ved leiaren for distriktsstyret. Det er derfor leiaren for distriktsstyret som har partsevne ved jordskifte.

       Bruksordning kan gå ut på å fastleggje øvre grense for kor mange beitedyr det kan vere i eit område. Jordskifteretten kan også avgrense beitesesongen, setje forbod mot bruk av visse område, og fastsetje særskilde beiteområde for t.d. sau og rein. Det er i § 36 presisert at samisk reindrift ikkje kan avløysast ved jordskifte. Reinbeiteretten vil fortsatt hefte ved heile det opprinnelege området. Jordskifteretten kan ved sine vedtak berre organisere beiteaktiviteten.

       Eit område som har vore under jordskifte, kan ikkje leggjast under skifte igjen før det har gått ti år. Departementet har vurdert tiårsfristen i jordskiftelova og funne at den eignar seg godt også for reindriftssakene. Vedtaka i jordskifteretten vil vere bindande til det vert kravd nytt jordskifte.

§ 5

       Her vert det presisert at det er leiaren av reinbeitedistrikt som kan krevje jordskifte. I særlege tilfelle der eit distrikt med få driftseiningar har fått unntak frå plikta til å opprette distriktsstyre, kan utøvar av reindrift krevje jordskifte.

§ 6a.

       I ein ny paragraf er det framlegg om at jordskifteretten i særskild sak eller i samband med jordskifte kan halde skjønn etter reindriftslova. Reglane for jordskifte gjeld så langt dei høver.

§ 9

       Det er framlegg om endring for å sikre at jordskifteretten alltid kan verte sett med habile reindriftssakkunnige meddommarar.

§ 36

       Denne paragrafen reknar opp einskilde alltidvarande bruksrettar som kan avløysast, herunder alltidvarande beiterett. I framlegg til ein ny andre led vert det fastslått at samiske rettar til tamreindrift ikkje kan avløysast ved jordskifte.

1.4.3 Viltlova

§ 46.

       Det er framlegg om å oppheve § 46 andre leden i viltlova. Det er ei følgje av endringane i reindriftslova § 16, som gir departementet heimel for i særlege tilfelle å frita for merkeplikta av tamrein. Dette tek sikte på tilhøvet med Rendalen Renselskap. Forvaltingsansvaret vert ført tilbake til Landbruksdepartementet, og andre leden i § 46 i viltlova kan opphevast.