2. Merknader frå komiteen

2.1 Generelle merknader

       Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sigrun Eng, William Engseth, Ulf Guttormsen, Gunnar Halvorsen, Inger Lise Husøy, Astrid Marie Nistad og Einar Olav Skogholt, frå Senterpartiet, Peter Angelsen, Syver Berge og Unn Aarrestad, frå Høgre, leiaren, Kristin Krohn Devold og Dag C Weberg, frå Sosialistisk Venstreparti, Reidar Johansen, frå Kristeleg Folkeparti, Lars Gunnar Lie, og frå Framstegspartiet, Øystein Hedstrøm, viser til at framlegget til endringar i reindriftslova er ei oppfølging av St.meld. nr. 28 (1991-1992) En bærekraftig reindrift. Stortinget slutta seg i hovudsak til konklusjonane i meldinga og at det var naudsynt med lovendringar. Komiteen viser vidare til at sjølv om det ikkje var fleirtal for Regjeringa sitt framlegg til avklaring og sikring av reindrifta sine faktiske bruksområde, var det fleirtal for at avklaring må skje gjennom lovendring. Komiteen har merka seg at proposisjonen følgjer Stortinget sitt ønskje om at det ikkje skulle gjerast endringer i reglane om tilhøvet mellom tamrein og villrein i Sør-Noreg, og proposisjonen inneheld derfor ikkje framlegg som gjeld å endra vilkåra for konsesjon for tamreindrift utanfor dei samiske reinbeiteområda.

       Komiteen viser til at den seinare i innstillinga brukar omgrepa « dei samiske reinbeiteområda » synonymt med « forvaltingsområdet for samisk reindrift ».

       Komitéfleirtalet, alle med unntak av medlemen frå Framstegspartiet, viser til at føremålet med reindriftslova er å utvikle reindrifta til ei økologisk berekraftig næring og samstundes sikre utøvarane trygge økonomiske og sosiale kår. Gjennom rettspraksis er det i stor utstrekning slått fast at reindrifta har sitt eige rettsgrunnlag uavhengig av lova. Fleirtalet ser det derfor ikkje naudsynt å presisere dette i sjølve lovteksten.

       Fleirtalet vil peike på dei forpliktingar norske styresmakter har andsynes samane som folkegruppe gjennom § 110a i Grunnlova og ratifisering av ILO-konvensjon nr. 169 om urbefolkningar og stammefolk i sjølvstendige statar og FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar. Reindrift er ein viktig del av samisk kultur og livsform. Sjølv om proposisjonen berre gjeld reindrift, vil fleirtalet vise til at også sjøsamisk fiske og landbruk er ein viktig del av den samiske kulturen. Det er etter fleirtalet sitt syn viktig å sjå på reindrifta som ein av føresetnadene for den samiske kulturen, men at også andre næringar er med på å vidareføre samisk kultur og tradisjon. Fleirtalet viser til at folkerettssakkunnige i NOU 1984:18 trakk konklusjon om at også dei materielle sidene, dvs. næringsmessige og økonomiske forhold ved kulturen til ein etnisk minoritet, må reknast som ein del av kulturen.

       Eit anna fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti, ser at det er ein samanheng mellom ny distriktsinndeling og endringar i reindriftslova. Arbeidet med ny distriktsinndeling er enno ikkje avslutta, og fleirtalet meiner det er viktig at lovendringane vert avgjort, slik at ny distriktsinndeling vert tilpassa lova.

       Komiteen sine medlemer frå Senterpartiet meiner at ein må få ei distriktsinndeling og eit driftsopplegg i fellesområda der reindriftseigarene sjølve har ansvaret for å ha eit reintal som høver til beitetilgangen og som sikrar ei berekraftig utvikling. Derfor har det vore ynskjeleg at den nye distriktsinndelinga har vore på plass før ein gjer lovendringane.

       Desse medlemene meiner at det må koma som tillegg i lova at reindriftsstyret kan gjera vedtak om å opprette fleire områdestyrer i fellesbeiteområda.

       Komitéfleirtalet, alle med unntak av medlemen frå Framstegspartiet, vil elles vise til at ei rekke prinsipielle og praktiske rettsspørsmål ikkje er teke opp i proposisjonen, men det vert vist til Samerettsutvalet sitt arbeid. Ei rettsgruppe oppnemnd av Samerettsutvalet har gått gjennom og utgreidd den rettslege stillinga for det samiske folket når det gjeld retten til og bruken av land og vann i Finnmark ( NOU 1993:34 ). Her er òg rettsspørsmål som gjeld reindrifta tatt opp. Fleirtalet er samd i at ein må avvente Samerettsutvalet sitt arbeid når det gjeld mange av dei rettsspørsmåla som der er tekne opp.Fleirtalet er samd med Regjeringa i at styresmaktene har ansvar for å avklare og sikre retten til beiteressursane i dei tradisjonelle reindriftsområda, og at næringa sin eigen bruk av ressursane i første rekke er eit internt samisk ansvar. Fleirtalet viser til erfaringane frå Finnmark, der overbeiting har vist at det er naudsynt at styresmaktene har god styring med ressursane, reintal og etablering av utøvarar. Erfaringane frå Finnmark viser etter fleirtalet sitt syn at styringspolitikken ikkje alltid har verka slik ein har meint. Det offentlege har måtta ta sin del av ansvaret for å få reindrifta i økologisk balanse. Målet må vere å få lagt opp til driftsopplegg som premierer reineigaren gjennom betre forvalting av beita, ved at dei gjev optimal avkasting.

       Eit anna fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti, ser det naudsynt å ha heimel for at områdestyret framleis kan fastsetje eit øvre reintal for den einskilde driftseininga. Men fleirtalet vil samstundes understreke at reintalstilpassing kan gjerast ved å føre inn heimel for fastsetting av alders- og kjønnsbestemte vektgrenser for den reinen som skal førast på beite. Fleirtalet viser til den prøveordninga som er sett i verk i samband med reindriftsavtalen for 1995/96, og vonar at dette kan gje resultat som kan leggjast til grunn for framtidig forvalting.

       Fleirtalet gjer derfor framlegg om endringar i § 2, § 8a, § 8b og § 20 i samsvar med det som er sagt ovanfor om reintalstilpassing.

       Komitémedlemen frå Sosialistisk Venstreparti viser til at det er heilt på det reine at med færre rein i kvar beiteeining, er det mogleg både å forbetre produktiviteten og inntektene mykje, samstundes som ein tar omsyn til sjølve hovudspørsmålet, nemlig miljøet. Når ein i tillegg har det som mål å betre flokkstrukturen etter alder, kjønn og vekt, er det heilt på det reine at ein kombinasjon av øvre reintal pr. eining og flokkstrukturering er det som gir resultater både på kort og lang sikt.

       I samband med forhandlingane om reindriftsavtalen for 1993/94 uttalte Sametingsrådet i sak 6/93 at reindriftsnæringa sin ressurssituasjon « gjør det nødvendig å vurdere sterkere virkemidler for å begrense reintallet pr. driftsenhet - i alle fall over en viss tid ». I Innst.S.nr.193 (1992-1993) om forhandlingsresultatet uttalte fleirtalet i landbrukskomiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet, idet dei viste til fråsegna frå Sametingsrådet, at dei var « samd i desse synspunkta ».

       Fleirtalet uttalte også:

       « Derfor må det setjast eit øvre reintal for den einskilde driftseininga. Reduksjonen i reinflokken bør skje ut frå ein modell der det vert sett ei grense for kor mange rein ei driftseining normalt kan ha uten at det vert kravd reduksjon. Dei som har fleire rein enn denne grensa, vert pålagt å redusere, t.d. ein prosentvis reduksjon. På denne måten vil dei største flokkane bli sterkast redusert. »

       Denne medlemen viser til dette og meiner at det må setjast eit øvre reintal for den einskilde driftseininga. Denne medlemen gjer slikt framlegg:

       « Det vert fastsett eit øvre reintal for den einskilde driftseininga. »

       Denne medlemen viser elles til at det i reindriftsavtalen i år blei semje om å gjennomføre eit forsøk med å slakte ut dyr under bestemte vektgrenser for å redusere reintalet. Denne medlemen var samd i dette forsøket. Denne medlemen vil imidlertid åtvare mot at ein før forsøket er gjennomført og evaluert, endrar Regjeringa sitt forslag til aktuelle lovparagrafar. Denne medlemen vil gjere framlegg om å oppretthalde Regjeringa sitt opprinnelege forslag.

       Komiteen er samd i at det vert gjort ei endring når det gjeld løysing av konfliktar mellom reindrifta og andre arealinteresser og -brukarar. Komiteen sluttar seg til framlegget om at jordskifteretten får heimel for å regulere bruken i eit område ved å gjennomføre bruksordning for samisk reindrift, og at jordskifteretten kan fastslå rettstilhøva i eiga sak ved rettsutgreiing og grensedraging for desse rettane. Komiteen er òg samd i at rettsleg skjønn etter reindriftslova vert overført til skjønnsavgjerd ved jordskifteretten. Komiteen ser det som naturleg at interne konfliktar i næringa ikkje vert lagt til jordskifteretten. Komiteen meiner likevel at jordskifteretten skal kunne ta opp spørsmål som knyter seg til beitekonfliktar mellom ulike næringar.

       Komiteen viser til at overføring av skjønn etter reindriftslova til jordskifteretten, vil føra til meir arbeid for jordskifteretten, som får oppgåver frå lensmannsetaten og dei ordinære domstolane. Komiteen har merka seg at departementet i proposisjonen føreset at jordskifteverket får styrka sin faglege kompetanse når det gjeld reindriftsspørsmål. Dette vil gje meirkostnader for jordskifteverket. Komiteen viser til at spørsmålet om rammeoverføringar må avklarast mellom Justisdepartementet og Landbruksdepartementet.

       Komiteens medlemmer fra Senterpartiet og Høyre viser til at endringer i lovens §§ 2 og 31 innebærer en ny rettspraksis. Disse medlemmene vil derfor tilrå at staten påtar seg ansvaret for de økonomiske utgifter som påføres partene for å få klarlagt beitegrensene ved domstolsbehandling.

       Komiteens medlem fra Fremskrittspartiet mener reindriftsnæringen er en av flere næringsveier som har interessante muligheter i de samiske områder. Dersom reindriften skal lykkes må subsidie- og reguleringslinjen erstattes av markedsøkonomiske virkemidler. En bevisst nedbygging av subsidier og særtiltak og overgang til markedsstyring vil sikre et realistisk nivå på reinflokkene, uten at anklager om utidig innblanding fra storsamfunnet vil reises.

       Dette medlem vil hevde at reindrift må behandles mest mulig likt med annen næringsvirksomhet samtidig som det offentliges ansvar begrenses til en fornuftig miljø- og ressursforvaltning av beitemarkene.

       Dette medlem mener det er riktig å sette inn virkemidler for å sikre utmarksmiljøene mot for store belastninger. Virkemidlene må rette seg mot det totale antallet rein og ikke ta form av et øvre tak pr. driftsenhet, noe som på lengre sikt vil fremelske mindre enheter med sårbar økonomi.

       Fremskrittspartiet har lenge vært uenig i systemet med støtte til distrikter og kulturelle formål via næringsavtaler. I virkeligheten utgjør reindriftsutøverne en minoritet blant samer og samisk-ættede. En ivaretagelse av kultur og identitet for samene må være bredere og mer generelt anlagt enn de ordninger som eksisterer overfor en enkeltnæring. Gjennom lovgivning og rammebetingelser som gir lik behandling av alle samer i de aktuelle områder, kan det utvikles et troverdig grunnlag for næringsutvikling og bosetting. Dersom samisk kultur og spesielt samisk språk skal leve videre og utvikle seg som en fullt likestilt, berikende faktor i nordeuropeisk kultur, må det legges vekt på generelle stimulanser.

       Dette medlem mener reindriftslovgivningen har medført unødige reguleringer og byråkratisk styringsglede. Videre kan det registreres irritasjon hos lokale myndigheter som ikke gis medinnflytelse samt økende motstand fra skattebetalere som reagerer på ressurssløsingen.

       Dette medlem vil hevde at de fremlagte forslag til endringer i reindriftsloven ikke retter opp de misforhold som eksisterer fordi reindriftssamene gis særrettigheter på bekostning av den fastboende samiske befolkning. Lovendringene tar sikte på å gi denne næringen et sterkere vern rettslig.

       Dette medlem er enig i at det på spesielle områder er mulig å ha opparbeidet rettigheter i egenskap av å ha vært bosatt gjennom mange tiår eller hundreår. Dette medlem mener likevel det er grunn til å anta at reindriftsnæringens historiske røtter ikke er vesentlig dypere enn andre driftsformer i primærnæringene langs kysten og i dalene nordover.

       Dette medlem viser til at Fremskrittspartiet er motstander av lovgivning som gir næringsutøvere særrettigheter basert på etnisk opprinnelse. Det er også betenkelig at lovgivningen gir reindriftssamer særbehandling fremfor den fastboende samiske befolkningen.

       Dette medlem er derfor uenig i den eksisterende reindriftsloven og vil stemme imot forslagene til endringer.

       Dette medlem kan likevel gi uttrykk for subsidiære standpunkt og eventuelt stå sammen med andre partier i merknader for å ha mulighet til å påvirke den eksisterende reindriftspolitikken.

       Dette medlem vil peke på at den samiske minoritetskultur omfatter mennesker over hele landet, spredt på flere yrker og næringer. Dersom samisk kultur og næringsutvikling skal styrkes i de tradisjonelle samiske områder, må innsatsen være av generell karakter i form av gode rammebetingelser for næringsutvikling.

       Dette medlem er uenig i henvisningen til Grunnloven og folkeretten for å sikre reindriftssamer særrettigheter på bekostning av den fastboende samiske befolkning. Dette kan bidra til å skjerpe konfliktene mellom samene.

2.2 Dei einskilde lovene

2.2.1 Reindriftslova

§ 2

       Komitéfleirtalet, alle med unntak av medlemen frå Framstegspartiet, viser til at det er skilnad på reindrifta i Sør-Noreg og Nord-Noreg, da reindrifta i Nord-Norge vesentleg går føre seg på statsgrunn, medan reindrifta i Sør-Noreg for ein stor del også går føre seg på privat grunn. At reindrifta i Sør-Noreg for ein stor del går føre seg på privat grunn, er etter fleirtalet sitt syn ei medverkande årsak til mange av dei konfliktane som er knytt til den. Desse konfliktane har bakgrunn i usemje om retten til å drive reindrift og avgrensing av den. Fleirtalet finn det rett at lova skal gjelde heile reindrifta innafor dei samiske reinbeiteområda.

       Eit anna fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti, viser til at den rettslege og politiske utviklinga ikkje har gitt ei eintydig konkret, geografisk avklaring av kor yttergrensene for dei samiske reinbeiteområda går. Uvisse verkar i seg sjølv konfliktskapande. Fleirtalet vil peike på at dette er uheldig i høve til dei folkerettslege forpliktingane Noreg har overfor samane. Stortinget har gjennom handsaminga av St.meld. nr. 28 (1991-1992) gitt sin tilslutnad til at avklaring bør skje gjennom lovendring. Lovendringane er naudsynte for å skaffe heimel for styringstiltak for ei berekraftig reindrift.

       Fleirtalet meiner det er viktig å slå fast at det er ein generell reindriftsrett i fjell og utmark innanfor gjeldande forvaltingsgrenser, om det ikkje ligg føre særleg rettsgrunnlag for det motsette.

       Fleirtalet vil peike på at målsettinga med lovendringane ikkje er å etablere reindriftsrett der det i dag ikkje er slike rettar. Målsettinga er derimot å gje klårt uttrykk for kva som er den allmenne føresetnaden som ein byggjer på om tilhøvet mellom dei gjeldande forvaltingsgrensene og rettsgrensene. Verknaden av ei slik lovendring vil ikkje vere at det vert etablert rett der den ikke var før, men derimot at det vert innført ein regel for tvilsrisiko for avgjerd i spørsmålet der det oppstår tvist.

       For å sikre reindrifta tilstrekkeleg beitegrunnlag, må styresmaktene når særlege omsyn tilseier det, etter fleirtalet sitt syn kunne ekspropriere areal der dom har slått fast at beiterett ikkje gjeld. Som ein konsekvens av at denne lova skal gjelde innanfor dei samiske reinbeiteområda, jf. § 11 i reindriftslova, meiner fleirtalet at også heimelen for ekspropriasjon til reinbeite er avgrensa på same måte.

       Fleirtalet er samd med departementet i at § 105 i Grunnlova ikkje er til hinder for avklaring når det gjeld reindrifta sine rettar. Men fleirtalet vil peike på at den som vert påført påviselege tap i sin grunneigarrett eller bruksrett vil ha krav på full erstatning.

       Fleirtalet viser til at Landbruksdepartementet i brev av 19. juli 1995 handsamar rettsspørsmålet slik det er nedfelt i § 2, og m.a. seier:

       « Dette forslag innebærer ingen endring i etablerte privatrettslige forhold, men er uttrykk for hva som skal være lovens alminnelige presumsjon når det gjelder forholdet mellom reindriftsretten og grunneierretten innenfor reinbeiteområdene. Vi vil presisere at forslaget bare berører fjell og utmark innenfor nåværende forvaltningsområder for den samiske reindriften. »

       Brevet frå Landbruksdepartementet ligg ved innstillinga. Det gjer òg brev av 8. juni 1995 frå komiteen til departementet.

       Nok eit anna fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti, viser til merknad om reintalstilpassing under dei generelle merknadene, og gjer framlegg om endring i andre, tredje og fjerde ledd i høve til framlegget frå Regjeringa:

« § 2 andre, tredje og fjerde ledd skal lyde:

       Reindriftsstyret skal dele inn reinbeiteområdene i reinbeitedistrikter og fastsette alders- og kjønnsbestemte vektgrenser for rein og/eller høyeste antall rein som til enhver tid får beite i det enkelte reinbeitedistrikt. Reindriftsstyret kan også fastsette beitetid for reinbeitedistrikt eller pålegge områdestyret å gjøre dette. Videre kan reindriftsstyret foreta inndeling av et reinbeitedistrikt i beitesoner for bestemte siidaer eller driftsenheter, eller pålegge områdestyret å gjøre dette. Det skal legges vekt på at reinbeiteområder, reinbeitedistrikter og beitesoner får grenser som driftsmessig er naturlige og hensiktsmessige. Det skal også tas hensyn til sedvanemessig beitebruk så langt dette lar seg forene med en forsvarlig og hensiktsmessig samlet løsning.

       Videre kan reindriftsstyret foreta inndeling i distrikter av de tradisjonelle felles vår-, høst- og vinterbeiter i Finnmark, hvor utnyttelsen har foregått etter sedvanemessig mønster. Det kan også fastsettes beitetider, vektgrenser for rein og/eller høyeste reintall for de nye distrikter.

       Med reindriftsstyrets godkjenning kan områdestyret regulere tallet på driftsenheter i det enkelte reinbeitedistrikt og også fastsette det høyeste antall rein pr. driftsenhet i distriktet i forhold til de vektgrenser og/ eller det dyretall og den beitetid som er fastsatt for distriktet i henhold til annet og tredje ledd. § 8 b tredje og fjerde ledd gjelder tilsvarende. »

       Komitémedlemene frå Senterpartiet og Høgre viser til at fleire av høyringsinstansane under departementet sitt arbeid med lova har uttalt seg kritisk til forslaget til endring i § 2 første ledd, det såkalla speilvendingsprinsippet, der grunneigaren vert pålagt å føre bevis for at det ikkje kviler reinbeiterett på eigedomen. Av proposisjonen s. 13 første spalte går det m.a. fram at Finansdepartementet uttaler at endring av § 2 første ledd og § 31 inneber råderettsinnskrenkingar i privat eigedomsrett. Justisdepartementet uttaler at:

       « En lovfesting av sammenfall mellom grensene for beiterett og administrativt fastsatt reinbeiteområde vil for enkelte arealer i realiteten innebære at loven pålegger private grunneiere å avstå beiterett. Det vil gjelde der beiteretten ikke har grunnlag i annet enn lovendringen, og derfor oppstår som følge av lovvedtaket (og eventuelt et administrativt vedtak). I forhold til disse grunneierne vil dette framstå som et ekspropriasjonsrettslig inngrep. »

       Desse medlemene går imot speilvendingsprinsippet (omvendt bevisbyrderegel) som lovforslaget legg opp til. Dette bryt med rettspraksis i dag. Lovforslaget er i røynda ein ekspropriasjon av rettar frå grunneigar til reindriftsutøvar utan at den vanlege prosessen for ekspropriasjon vert gjennomført overfor dei grunneigarane det vedkjem.

       Desse medlemene viser til at skjønnslova av 1. juni 1917 nr. 1 skal leggjast til grunn for fastlegging av erstatning for dei råderettsinnskrenkningane ein ekspropriasjon av beiterett vil påføre ein grunneigar.

       Komitémedlemene frå Senterpartiet meiner at den lovendringa ein no legg opp til vil skape stor uro i dei sørlege reinbeitedistrikta, ei uro som vil gå ut over reindrifta som næring. Desse medlemene meiner at beitespørsmåla på privat grunn kan løysast med avtaler mellom reineigar og dei som eig grunnen. Det må vera ein føresetnad at reineigarane får dekt utgiftene som vert påført reineigarane i form av beiteleige på areala som ligg mellom den geografiske utbredelsen av eventuell beiterett og distriktsgrensa.

       Desse medlemene går mot endringane det er framlegg om i § 2 første ledd og gjer framlegg om at siste punktum går ut. Desse medlemene viser vidare til sine merknader under § 8 seinare og gjer framlegg om eit nytt tredje punktum i tredje ledd. Desse medlemene gjer etter dette slikt framlegg:

« I § 2 skal:

Første ledd lyde:

       Kongen foretar inndeling i reinbeiteområder av de deler av Finnmark, Troms, Nordland, Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag og Hedmark fylker som skal være åpne for reindrift med slike særlige rettigheter og plikter som fastsatt i denne lovs §§ 3 og 4 og kapittel III. Ved fastlegging av reinbeiteområdene skal det legges vekt på om flyttsamene fra gammel tid har utøvet reindrift der.

Tredje ledd nytt tredje punktum lyde:

       Reindriftsstyret kan gjøre vedtak om å opprette flere områdestyrer i fellesbeiteområdene. »

       Komiteens medlemmer fra Høyre vil peke på at tvister om rettigheter og rettslige forhold løses av domstolene. Tvister mellom grunneiere og reindriftsnæringen bør på tilsvarende måte finne sin løsning ved frivillige avtaler eller rettslige avgjørelser. Dersom det i et konkret tilfelle er slått fast at beiterett ikke foreligger, og myndighetene kommer til at denne rettstilstand ikke kan fortsette, vil disse medlemmene gå inn for at det innenfor de opptrukne forvaltningsgrenser kan eksproprieres rett til reinbeite. Disse medlemmene viser til at dette standpunkt ikke påvirker vurderingen av eksisterende rettstilstand innenfor de gjeldende forvaltningsområder, men at det gir myndighetene adgang til å ekspropriere til fordel for en part mot at denne yter motparten full erstatning etter gjeldende regler.

       Ut fra det som er sagt ovenfor går disse medlemmene mot forslaget til endring i § 2 første ledd og fremmer følgende forslag:

« § 2 første ledd skal lyde:

       Kongen foretar inndeling i reinbeiteområder av de deler av Finnmark, Troms, Nordland, Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag og Hedmark fylker som skal være åpne for reindrift med slike særlige rettigheter og plikter som fastsatt i denne lovs §§ 3 og 4 og kapittel III. Ved fastlegging av reinbeiteområdene skal det legges vekt på om flyttsamene fra gammel tid har utøvet reindrift der. »

       Komitémedlemen frå Sosialistisk Venstreparti viser til sin merknad om reintalstilpassing og vektgrenser under dei generelle merknadene. Denne medlemen gjer framlegg om å oppretthalde Regjeringa sitt opprinnelege forslag. Denne medlemen gjer slikt framlegg:

« § 2 andre, tredje og fjerde ledd skal lyde:

       Reindriftsstyret skal dele inn reinbeiteområdene i reinbeitedistrikter og fastsette høyeste antall rein som til enhver tid får beite i det enkelte reinbeitedistrikt. Reindriftsstyret kan også fastsette beitetid for reinbeitedistrikt eller pålegge områdestyret å gjøre dette. Videre kan reindriftsstyret foreta inndeling av et reinbeitedistrikt i beitesoner for bestemte siidaer eller driftsenheter, eller pålegge områdestyret å gjøre dette. Det skal legges vekt på at reinbeiteområder, reinbeitedistrikter og beitesoner får grenser som driftsmessig er naturlige og hensiktsmessige. Det skal også tas hensyn til sedvanemessig beitebruk så langt dette lar seg forene med en forsvarlig og hensiktsmessig samlet løsning.

       Videre kan reindriftsstyret foreta inndeling i distrikter av de tradisjonelle felles vår-, høst- og vinterbeiter i Finnmark, hvor utnyttelsen har foregått etter sedvanemessig mønster. Det kan også fastsettes beitetider og høyeste reintall for de nye distrikter.

       Med reindriftsstyrets godkjenning kan områdestyret regulere tallet på driftsenheter i det enkelte reinbeitedistrikt og også fastsette det høyeste antall rein pr. driftsenhet i distriktet i forhold til det dyretall og den beitetid som er fastsatt for distriktet i henhold til annet og tredje ledd. § 8 b tredje og fjerde ledd gjelder tilsvarende. »

       Komiteens medlem fra Fremskrittspartiet viser til at reindriftens ekspansjon til nye områder har medført tilfeller av sterke konflikter mellom reindrift og jordbruk.

       Dette medlem mener de foreslåtte endringer og innføring av « speilvendingsprinsippet » vil skape nye kilder til konflikt. Dersom forslagene realiseres kan jordbrukets og de fastboende samers mulighet til å tilpasse seg en ny virksomhet med behov for et mer allsidig næringsgrunnlag bli sterkt redusert.

       Dette medlem vil hevde at markedsøkonomiske disposisjoner i tillegg til begrensninger innført på grunnlag av miljøbaserte vurderinger vil bidra til å utvikle en flokkstruktur og et slakteuttak som er optimalt i forhold til beitegrunnlaget.

       Dette medlem mener derfor det er lite hensiktsmessig å sette et tak for antall dyr som får beite i det enkelte reinbeitedistrikt og et øvre reintall pr. driftsenhet.

§ 3

       Komitéfleirtalet, alle med unntak av medlemen frå Framstegspartiet, er samd i at det vert gjort endring slik at det ikkje lenger vert krav om norsk statsborgarskap for å drive reindrift i Noreg. Reindriftsretten må vere knytt til at personen er av samisk avstamming og er busett i Noreg. Fleirtalet vil peike på at dette ikkje er til hinder for at ein som driv lovleg reindrift i eit anna land, kan beite med sine dyr i Noreg i samsvar med avtale mellom styresmaktene i dei to landa.

       Komiteen sine medlemer frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti er nøgd med at kvinnene si rettslege stilling i reindrifta vert styrkt, men vil understreke at det ikke er teke nok omsyn til den særlege arveretten barna har i det samiske reindriftssamfunnet. Etter samisk rettsoppfatning er retten til reinmerke og framtidig plass i næringa ei form for arverett, og det er derfor naudsynt at også barn av fråskilte og sambuarar vert sikra eit betre rettsvern i reindriftslova. Desse medlemene finn det ikkje rett at det vert skilt mellom barn som har foreldre som er gift med kvarandre eller den eine av foreldrene er død, og barn som har foreldre som er skilt eller har vore sambuarar, men sambuarskapet er opphørt.

       Desse medlemene finn det derimot ikkje rett at kor lenge ekteskapet har vart skal verte tillagt stor vekt ved eventuell rett til fortsatt reindrift ved skilsmisse. Desse medlemene vil understreke at det i tilfelle der ekteskap eller registrert sambuarskap vert oppløst, skal leggjast vekt på barna sin arverett til samisk næring, kultur og tradisjonar.

       Desse medlemene gjer slikt framlegg:

« § 3 andre ledd skal lyde:

       Den som er gift eller har registrert samboerskap med noen som utøver reindrift i samsvar med første ledd, men ikke selv fyller vilkårene der, har rett til å utøve reindrift i fellesskap med ektefellen/samboeren. I tilfelle den berettigede ektefelle/samboer dør, har gjenlevende ektefelle/samboer adgang til å føre reindriften videre. I tilfelle ekteskapet opphører av annen årsak, kan områdestyret etter søknad gi tillatelse til at vedkommende viderefører sin reindrift. Ved opphør av registrert samboerskap med felles barn, hvor begge partene er registrert på felles driftsenhet, kan områdestyret etter søknad gi tillatelse til at vedkommende viderefører sin reindrift. »

       Komiteens medlem fra Fremskrittspartiet viser til at reindriftssamer gis eksklusive rettigheter. Det gis et inntrykk av at det samiske folk og den samiske kultur er identisk med reindriftsutøvere selv om disse er i mindretall blant samer og samiskættede.

       Dette medlem mener en ivaretakelse av samisk kultur og identitet bedre kan oppnås ved å nytte helt andre virkemidler enn støtte- og reguleringsordninger som settes inn overfor en enkeltnæring.

§ 4

       Komitéfleirtalet, alle med unntak av medlemen frå Framstegspartiet, vil peike på områdestyret sin rett til å fastsetje høgste reintal pr. driftseining i reinbeitedistrikt. I slike tilfelle kan eit krav om at minst 75 % av flokken skal høyre til den ansvarlege leiaren av driftseininga, eventuelt ektefellene saman, føre til at det vert vanskeleg for borna å byggje opp sin flokk innan driftseininga. Dette kan etter fleirtalet sitt syn skade rekrutteringa til reindrifta. Det kan òg gjere det vanskeleg å slå sammen fleire små driftseiningar innan ein familie. Fleirtalet finn at eit krav om at minst 51 % av flokken tilhøyrer leiaren når det er éin leiar, er meir riktig, medan kravet om minst 75 % vert oppretthalde når ektefellene driv i fellesskap. Dette kravet føreset at ein nyttar retten til å fastsetje øvre reintal for driftseininga. Fleirtalet gjer framlegg om slik endring:

« § 4 tredje ledd skal lyde:

       I tilfelle områdestyret gjør bruk av sin adgang i § 2 fjerde ledd til å fastsette høyeste reintall pr. driftsenhet i reinbeitedistrikt, kan det samtidig stilles krav om at minst 51 % av flokken skal tilhøre enhetens ansvarlige leder, 75 % når ektefellene driver i fellesskap, jf. annet ledd ovenfor. Slikt vedtak må ha reindriftsstyrets godkjenning for å få bindende virkning. »

       Komiteen er merksam på at i omgrepet « driftseining » ligg det meir enn berre arbeidet med reinen, og at ei for sterk fokuksering på denne delen av driftseininga kan svekke kvinnene si stilling. Dette er ikkje intensjonen med dei endringane det er gjort framlegg om. Komiteen ber departementet vere særleg merksam på dette ved utarbeiding av regelverket etter lova.

       Komiteen sine medlemer frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti er svært positive til at begge ektefellene får lik rett og likt ansvar ved at dei vert jamstilte eigarar av driftseininga, men strekar under at dette også må føre til at det vert mogleg for begge ektefellene å ha inntekt i næringa. Kvinnene sitt arbeid må reknast inn i tilskottsgrunnlaget. Det vil seie at det samla arbeidet i reindrifta som doudji, rekneskap osb. vert inkludert, og at det ikkje berre vert rekna etter arbeidet med reinflokken og kjøtproduksjon.

       Desse medlemene ber om at det vert utgreidd ei form for odelsrett til driftseiningar og rein innanfor driftseiningane.

       Komiteen sine medlemer frå Senterpartiet grunngjev ønsket om å få utgreidd odelsrett i reindrifta med at det i dag ikkje er plass i reindrifta til alle barn av reindriftsutøvarar eller dei som har driftseining. Odelsrett i reindrifta vil føre til at familiar i reindriftsnæringa vil få større tryggleik med omsyn til vidareføring av næringa innanfor familien, samt sikre at dei som ikkje har framtid i næringa tar utdanning og går over i andre yrke eller anna verksemd i tilknyting til næringa.

       Komiteens medlem fra Fremskrittspartiet er enig i forslaget om at begge ektefeller kan stå som likestilte ledere av driftsenhet. Dette medlem mener eierforholdene til driftsenheten må være et internt anliggende og vil derfor motsette seg kravet om at en viss prosentandel skal tilhøre enhetens ansvarlige leder.

§ 6

       Det er etter komitéfleirtalet, alle med unntak av medlemen frå Framstegspartiet, sitt syn viktig å gi Sametinget innverknad i reindriftspolitikken, slik at det kan verte skapt god samanheng mellom reindriftsforvalting og -politikk og samepolitikken elles. Fleirtalet er såleis samd i at Sametinget må få innverknad på samansetjinga av styringsorgana i reindrifta. Fleirtalet ser det som ønskjeleg at aktive reindriftsutøvarar vert utpeika til styringsorgana.

       Eit anna fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti, viser til at det i samband med handsaminga av St.meld. nr. 52 (1992-1993) Om norsk samepolitikk vart vedteke av Stortinget å la Sametinget få innverknad på samansetjinga av styringsorgana i reindrifta. Stortinget vedtok da framlegget frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti om at Sametinget bør oppnemne tre av medlemene i reindriftsstyret og to, eventuelt tre, av dei fem eller sju medlemene i områdestyra.

       Komiteen har merka seg at områdestyret og distriktsstyret sine offentlegrettslege vedtak i hovudsak ikkje gjeld for andre enn dei som utøver reindrift i reinbeiteområda. Det er derfor naturleg at ankeinstansen er leddet over, dvs. at områdestyret er ankeinstans for distriktsstyret sine vedtak og reindriftsstyret for områdestyret sine vedtak.

       Komiteens medlemmer fra Høyre viser til Stortingets tidligere behandling av Sametingets oppnevningsrett og støtter at Sametinget oppnevner ett av medlemmene til reindriftsstyret med varamann. Disse medlemmene fremmer følgende forslag:

« § 6 første ledd skal lyde:

       Det opprettes et reindriftsstyre på 7 medlemmer med personlige varamedlemmer der 1 av medlemmene (med varamedlem) oppnevnes av Sametinget og 6 av medlemmene (med varamedlemmer) oppnevnes av Kongen. »

       Komitémedlemen frå Sosialistisk Venstreparti meiner at Sametinget må oppnemne fleirtalet i reindriftsstyret. Denne medlemen gjer slikt framlegg:

« § 6 første ledd skal lyde:

       Det opprettes et reindriftsstyre på 7 medlemmer med personlige varamedlemmer der 4 av medlemmene (med varamedlemmer) oppnevnes av Sametinget og 3 av medlemmene (med varamedlemmer) oppnevnes av Kongen. »

       Komiteens medlem fra Fremskrittspartiet mener regulering av næringer skal skje uten innflytelse fra Sametinget og vil derfor gå imot at tinget skal oppnevne tre medlemmer (med varamedlemmer) til reindriftsstyret.

       Dette medlem vil hevde at faglige forutsetninger og samfunnserfaring må være utslagsgivende ved oppnevning av medlemmer til reindriftsstyret uten vektlegging av kjønnssammensetning.

       Dette medlem vil likevel understreke betydningen av at begge kjønn er likestilt i alle spørsmål om rettigheter.

§ 7

       Når det gjeld oppnemning av områdestyra, viser komitéfleirtalet, alle med unntak av medlemen frå Framstegspartiet, til sine respektive merknader under § 6. Fleirtalet meiner det er viktig å ha mest mogleg lik representasjon av begge kjønn i områdestyra, og at reindriftsutøvarar frå området er representert.

       Komiteen sine medlemer frå Senterpartiet meiner det er viktig at reindrifta vert sikra fleirtal i styringsorgana i reindrifta, og gjer slikt framlegg:

« § 7 første, annet og tredje ledd skal lyde:

       I hvert reinbeiteområde som opprettes i henhold til § 2, skal det være et områdestyre på 5 eller 7 medlemmer med personlige varamedlemmer. Fylkestinget oppnevner 3, eventuelt 4 av medlemmene (med varamedlemmer) og Sametinget oppnevner 2, eventuelt 3 av medlemmene (med varamedlemmer). Områdestyret oppnevnes for 4 år av gangen under iakttakelse av samme hensyn som nevnt i § 6 annet ledd.

       Blant medlemmene skal det være aktive reindriftsutøvere fra området og mest mulig lik representasjon fra begge kjønn. Leder i områdestyret skal være aktiv reindriftsutøver.

       Områdestyret skal påse at reindriften i distriktene innenfor området foregår i samsvar med gjeldende lover og forskrifter og kan påby og iverksette samling, merking og telling av rein dersom reineierne ikke blir enige og selv gjennomfører slike tiltak.

Nåværende annet, tredje og fjerde ledd blir fjerde, femte og sjette ledd. »

       Komiteens medlemmer fra Høyre viser til Stortingets tidligere behandling av Sametingets oppnevningsrett og støtter at Sametinget oppnevner ett av medlemmene i områdestyret med varamann. Disse medlemmene fremmer følgende forslag:

« § 7 første og annet ledd skal lyde:

       I hvert reinbeiteområde som opprettes i henhold til § 2, skal det være et områdestyre på 5 eller 7 medlemmer med personlige varamedlemmer. Fylkestinget oppnevner 4, eventuelt 6 av medlemmene (med varamedlemmer) og Sametinget oppnevner 1 av medlemmene (med varamedlem). Områdestyret oppnevnes for 4 år av gangen under iakttakelse av samme hensyn som nevnt i § 6 annet ledd.

       Blant medlemmene skal det være aktive reindriftsutøvere fra området og mest mulig lik representasjon fra begge kjønn. Leder i områdestyret skal være aktiv reindriftsutøver. »

       Komitémedlemen frå Sosialistisk Venstreparti viser til sine merknader under § 6 og meiner at også når det gjeld områdestyret, må Sametinget oppnemne fleirtalet. Denne medlemen gjer slikt framlegg:

« § 7 første ledd skal lyde:

       I hvert reinbeiteområde som opprettes i henhold til § 2 skal det være et områdestyre på 5 eller 7 medlemmer med personlige varamedlemmer. Sametinget oppnevner 3, eventuelt 4 av medlemmene (med varamedlemmer) og Fylkestinget oppnevner 2, eventuelt 3 av medlemmene (med varamedlemmer). Områdestyret oppnevnes for 4 år av gangen under iakttakelse av samme hensyn som nevnt i § 6 annet ledd. »

       Komiteens medlem fra Fremskrittspartiet mener områdestyret skal avvikles og oppgavene fordeles mellom reindriftsstyret og distriktsstyret.

§ 8

       Komiteen viser til at gjennom dei oppgåvene distriktsstyret har, får næringa stort indre sjølvstyre. For at medlemene av distriktsstyret ikkje skal verte ugilde, er det viktig at arbeidet med ny distriktsinndeling med større distrikt raskt vert avslutta.

       Komiteen viser òg til at ei rekke av dei som komiteen har hatt møte med i sitt arbeid med innstillinga, har peika på at distriktsstyret vil få både offentlege og private oppgåver, og at det i små reindriftsmiljø kan vere fare for at einskilde personar vil kunne få for stor makt.

       Komitéfleirtalet, alle med unntak av medlemene frå Senterpartiet, vil peike på at større forvaltingseiningar kan vere ein måte å redusere dei problema ein ser i dag med at nokre personar kan vere ugilde.

       Eit anna fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti, vil peike på at det kan verke konfliktdempande om ein del avgjerder som skulle vore teke i distriktsstyret, vert flytta til områdestyret. Fleirtalet ber om at departementet følgjer utviklinga nøye, og at Regjeringa kjem attende til Stortinget med orientering når den nye distriktsinndelinga er på plass.

       Komiteen sine medlemer frå Senterpartiet vil vise til at den forvaltingsmodellen som er foreslått for reindrifta er uvanleg i forhold til andre primærnæringar. Den vil skape uklåre habilitetsforhold, som ikkje vert løyst ved endring av distriktsgrenser. Det samiske folket er nært knytta til kvarandre gjennom slektsband, og habilitetsproblem kan også oppstå ved oppretting av større distrikt. Desse medlemene vil streke under at ingen andre næringar har sjølvstyre på ein slik måte at dei sjølv forvaltar både private næringsinteresser og staten sine interesser i næringa, og kontrollerer nære familiemedlemmer i samme næringsverksemd, på vegner av staten. Det er derfor, etter desse medlemene si meining, nyttig med skilje mellom private næringsinteresser og staten sine interesser i næringa. Desse medlemene vil foreslå at den offentlege forvaltinga som er tiltenkt distriktsstyra, vert flytta til områdestyra. Dette vil skape betre arbeidsmoglegheiter for reindriftsnæringa, og faren for interne konfliktar vil verte redusert.

       Desse medlemene gjer slikt framlegg:

« § 8 tredje ledd skal lyde:

       Det påligger distriktsstyret å føre fortegnelse over distriktets reineiere og tallet på rein. »

       Komitéfleirtalet, alle med unntak av medlemen frå Framstegspartiet, vil òg vise til at det er reindriftsutøvarane sjølve som har dei beste føresetnadene for å ta hand om utviklinga av kulturen og naturen. Dersom reindrifta skal utvikle seg og gi grunnlag for kulturell berekraft, må dei i større grad få ansvar for utviklinga. Utan at reindrifta vert dreve i eit økologisk system i balanse, vil reindrifta kunne mista si rolle som ein viktig berar av samisk kultur.

§ 8a

       Komiteen peikar på at det er framlegg om å innføre ein obligatorisk distriktsplan for utnytting av beiteressursane og arealdisponering. Planen skal vere eit offentleg dokument som skisserer utnytting av beiteressursane og bruken av distriktet. Komiteen er samd i at planen vil gi viktig informasjon til andre styresmakter i deira forvaltingsverksemd. Komiteen meiner distriktsplanen vil kunne vere eit godt instrument når det gjeld betre styring av ressursutnyttinga. Komiteen viser til at det er aukande konkurranse om utmarksareala til ymse føremål. Ein god distriktsplan kan etter komiteen sitt syn gi reindrifta ein klårare posisjon. Komiteen viser til at det frå reindrifta si side er hevda at utarbeiding av distriktsplan vil ta mykje tid, og dei som skal utarbeide den har ikkje alltid kompetanse til slikt arbeid. Etter komiteen sitt syn må forvaltinga, t.d. i kommunane og Reindriftsadministrasjonen, kunne hjelpe distriktsstyret med å utarbeide planen. Det må ikkje setjast for store krav til detaljnivå i planen. Utforminga av planen må ta omsyn til at det skal vere praktisk mogleg å gjennomføre den.

       Komiteen er elles samd med departementet i at det ikkje er rimeleg å unnta ei einskild næring frå å planleggje og samordne arealbruken sin med andre arealinteresser.

       Komitéfleirtalet, alle med unntak av medlemen frå Sosialistisk Venstreparti, har merka seg argumenta frå næringa om at opplysing om talet på rein i den einskilde driftseininga vert oppfatta problematisk ut frå samisk sedvane. Fleirtalet meiner at departementet ved utarbeiding av forskrifter til denne paragrafen bør vurdere dette.

       Eit anna fleirtal, alle med unntak av medlemene frå Senterpartiet, meiner at distriktsplanen òg må sjåast i samanheng med krav i plan- og bygningslova, og viser til dei høyringsrutinene som er omtala i proposisjonen.

       Komiteen sine medlemer frå Senterpartiet meiner at dersom distriktsplanen skal tilpassast plan- og bygningslova, vil det skape stor uvisse for reindriftsutøvarane. Retten til å drive reindrift og rett til beite ligg i § 2 i reindriftslova, og kan ikkje underleggjast plan- og bygningslova. Distriktsplanen vert eit plandokument der kommunale organ i diskusjon med reindrifta kan samordne felles interesser.

       Komitéfleirtalet, medlemene frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti, viser til merknad om reintalstilpassing under dei generelle merknadene, og gjer framlegg om endring i første ledd i høve til framlegget frå Regjeringa:

« § 8a første ledd skal lyde:

       Som ledd i kontrollen med etablering, drift og reintall skal distriktsstyret utarbeide en distriktsplan. Planen skal inneholde:

1. opplysning om vektstruktur for kjønns- og aldersgrupper av rein og/eller fordeling av distriktets samlede reintall på de godkjente driftsenheter. I samsvar med dette skal planen omfatte en samlet strategi for utnytting av distriktets tilgjengelige beiteressurser.
2. angivelse av flyttemønsteret i distriktet.
3. oversikt over nødvendige fremkomst- og transportmidler, herunder også antall terrenggående kjøretøyer samt eventuell tidsbegrenset bruk av helikopter eller annet luftfartøy. Løyper for terrenggående barmarkskjøretøy skal også gå fram av planen.
4. oversikt over alle gjerder og anlegg av permanent art, og så vidt mulig også gjerder og anlegg av midlertidig art.
5. eventuell inndeling i beitesoner, jf. § 2 annet ledd.

Arealdisponeringene skal kartfestes.»

       Komiteen sine medlemer frå Senterpartiet er ikkje samd i at distriktsplanen skal vere så detaljert at løyper for terrenggåande barmarkskjøretøy skal gå fram. Desse medlemene gjer derfor slikt framlegg:

« § 8a første ledd nr. 3 skal lyde:

       oversikt over nødvendige fremkomst- og transportmidler, herunder også antall terrenggående kjøretøyer samt eventuell tidsbegrenset bruk av helikopter eller annet luftfartøy. »

       Komitémedlemen frå Sosialistisk Venstreparti viser til sin merknad om reintalstilpassing og vektgrenser under dei generelle merknadene. Denne medlemen gjer framlegg om å oppretthalde Regjeringa sitt opprinnelege forslag. Denne medlemen gjer slikt framlegg:

« § 8a første ledd skal lyde:

       Som ledd i kontrollen med etablering, drift og reintall skal distriktsstyret utarbeide en distriktsplan. Planen skal inneholde:

1. fordeling av distriktets samlede reintall på de godkjente driftsenheter. I samsvar med dette skal planen omfatte en samlet strategi for utnytting av distriktets tilgjengelige beiteressurser.
2. angivelse av flyttemønsteret i distriktet.
3. oversikt over nødvendige fremkomst- og transportmidler, herunder også antall terrenggående kjøretøyer samt eventuell tidsbegrenset bruk av helikopter eller annet luftfartøy. Løyper for terrenggående barmarkskjøretøy skal også gå fram av planen.
4. oversikt over alle gjerder og anlegg av permanent art, og så vidt mulig også gjerder og anlegg av midlertidig art.
5. eventuell inndeling i beitesoner, jf. § 2 annet ledd.

Arealdisponeringene skal kartfestes.»

       Komiteens medlem fra Fremskrittspartiet er enig i plankravet for reindriften, men savner en samkjøring med plan- og bygningsloven. Dette medlem peker på at reindriftens særstilling gjennom reindriftsloven har resultert i sterke konflikter mellom ulike samiske grupper, de fastboende og reindriftsutøverne. Dette medlem mener kommunene må gis den samme styring over reindrift som øvrig virksomhet for å kunne løse lokale interessekonflikter på et bredere grunnlag.

§ 8b

       Komitéfleirtalet, alle med unntak av medlemen frå Framstegspartiet, viser til at det er framlegg om innføring av ei ressursavgift ved brot på distriktsplanen. Fleirtalet er samd i innføring av ei slik avgift, som ikkje er meint som kompensasjon til dei som er skadelidne i eller utanfor reindrifta, men skal gå inn i reindriftsfondet. Fleirtalet viser til at retten til beite for reinen er felles, medan eigedomsretten til reinen er individuell. Det må derfor etter fleirtalet sitt syn vere rett å ha effektive verkemiddel i høve til reineigarar som tek meir enn sin del av fellesskapet sine goder. Ressursavgift vil kunne vere eit av verkemidla for å sikre ei forsvarleg utvikling og forvalting av beiteressursane.

       Komitéfleirtalet, medlemene frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti, viser til merknad om reintalstilpassing under dei generelle merknadene, og gjer framlegg om endring i tredje og fjerde ledd i høve til framlegget frå Regjeringa:

« § 8b tredje og fjerde ledd skal lyde:

       Har enheten ført på beite rein med vekt som avviker fra de fastsatte vektgrenser og/eller flere rein enn det reintall enheten er tildelt etter stadfestet distriktsplan, jf. § 2 annet og tredje ledd, kan distriktsstyret også pålegge driftsenheten ressursavgift. Avgiftsnivået fastlegges av reindriftsstyret ved forskrift. Vedtak om å pålegge avgift må stadfestes av områdestyret for å kunne iverksettes.

       Etter krav fra distriktsstyret kan også områdestyret i første instans gjøre vedtak om å pålegge ressursavgift, om det finnes godtgjort at driftsenhet i annet distrikt har ført på beite rein med vekter som avviker fra de fastsatte vektgrenser og/eller flere rein enn tillatt, til skade for det distrikt som fremmer kravet, uten at styret i enhetens hjemdistrikt har foretatt seg noe for å rette opp forholdet. »

       Komiteen sine medlemer frå Senterpartiet viser til merknadene under § 8 om å leggje oppgåver til områdestyret i staden for distriktsstyret, og gjer slikt framlegg:

« § 8b tredje ledd skal lyde:

       Er det ført flere rein på beite enn det reintall enheten er tildelt etter stadfestet distriktsplan, kan områdestyret også pålegge driftsenheten ressursavgift. Avgiftsnivået fastlegges av reindriftsstyret ved forskrift. »

       Komitémedlemen frå Sosialistisk Venstreparti viser til sin merknad om reintalstilpassing og vektgrenser under dei generelle merknadene. Denne medlemen gjer framlegg om å oppretthalde Regjeringa sitt opprinnelege forslag. Denne medlemen gjer slikt framlegg:

« § 8b tredje og fjerde ledd skal lyde:

       Er det ført flere rein på beite enn det reintall enheten er tildelt etter stadfestet distriktsplan, kan distriktsstyret også pålegge driftsenheten ressursavgift. Avgiftsnivået fastlegges av reindriftsstyret ved forskrift. Vedtak om å pålegge avgift må stadfestes av områdestyret for å kunne iverksettes.

       Etter krav fra distriktsstyret kan også områdestyret i første instans gjøre vedtak om å pålegge ressursavgift, om det finnes godtgjort at driftsenhet i annet distrikt har ført flere rein på beite enn tillatt, til skade for det distrikt som fremmer kravet, uten at styret i enhetens hjemdistrikt har foretatt seg noe for å rette opp forholdet. »

       Komiteens medlem fra Fremskrittspartiet er enig i forslaget om å innføre en ressursavgift.

       Dette medlem mener den eller de som er ansvarlige for overbeiting må betale for skadene enten gjennom tiltak som kan løse miljøproblemene eller som erstatning til skadelidte innenfor eller utenfor reindriften.

       Dette medlem vil hevde at det er uheldig at distriktsstyret skal ta avgjørelser om sanksjoner fordi næringsrepresentantene er i flertall.

§ 10

       Komiteen sine medlemer frå Senterpartiet viser til sine merknader til § 8a. Av den endringa det er gjort framlegg om der, følgjer at det også må gjerast endring i § 10. Desse medlemene gjer slikt framlegg:

« § 10 første ledd nr. 3 skal lyde:

       adgang til bruk av nødvendige fremkomst- og transportmidler i samsvar med stadfestet distriktsplan, jf. § 8 a første ledd. Bruk av terrenggående kjøretøy på bar mark skal begrenses mest mulig, og skal så langt mulig foregå i faste løyper. Motorisert ferdsel eller flyging inn i område fredet i medhold av lov 19. juni 1970 nr. 63 om naturvern (naturvernloven) skal foregå i samsvar med fastsatte forskrifter om vern. Nærmere regler om slik ferdsel i fredet område kan fastsettes ved forskrift av vedkommende forvaltningsmyndighet i samråd med distriktsstyret og områdestyret, »

       Komiteens medlem fra Fremskrittspartiet mener reindriftsloven og lov om motorferdsel i utmark skal praktiseres liberalt ved bruk av motorisert fremkomstmiddel i reindriftsnæringen. Beslutningsretten om å gi tillatelse bør desentraliseres til lokale myndigheter. Av hensyn til den praktiske reindriftsutøvelsen må det gis anledning til bruk av fremkomstmidler nødvendige for en forsvarlig drift.

§ 15

       Komitéfleirtalet, alle med unntak av medlemen frå Framstegspartiet, har merka seg at det har vore uttrykt ulike syn på forståinga av § 15 første ledd andre punktum både frå reindriftsnæringa og grunneigarane si side. Fleirtalet viser til at departementet i proposisjonen har understreka at forslaget til endra paragraf ikkje skal endra rettstilhøva mellom grunneigarretten og reindriftsretten. Føremålet er i første rekke å gjere det klarare kva slags bruk grunneigar og andre med bruksrett kan gjere av eigedomen utan å kome i konflikt med reindriftsretten. Fleirtalet vil understreka det.

       Fleirtalet ser § 15 i tråd med servituttloven av 29. november 1968 § 2 som pålegg både eigar og rettshavar ikkje å bruke eigedomen på slik måte at det er til urimeleg hinder for den andre parten.

       Fleirtalet sluttar seg til framlegget til ny § 15.

       Komiteens medlem fra Fremskrittspartiet mener det er nødvendig å legge til rette for alternativ næringsvirksomhet i reinbeiteområdene for å unngå negativ innvirkning på arbeidsplasser og bosetting.

       Dette medlem vil hevde at ny § 15, slik lovforslaget lyder, vil virke i feil retning fordi det i sterkere grad enn gjeldende lov kan bety en begrensning av grunneieres/rettighetshavers disposisjonsrett over områdene. Dette medlem vil gå imot en innskrenkning i grunneierretten.

§ 16 fjerde ledd

       Komitéfleirtalet, alle med unntak av medlemene frå Senterpartiet, viser til at framlegget om at departementet i særlege tilfelle kan frita reineiger frå plikta til å merke reinen, skal gjelde berre for reinen til Rendal Renselskap. Dette er fleirtalet samd i. Fleirtalet set som vilkår at forvaltingsmodellen med innfanging, veging og merking med ulike merke etter vekt, skal vere tidsavgrensa til høgst 5 år. Etter den tid skal ein gå tilbake til normalordning med vanleg avskyting.

       Fleirtalet gjer merksam på at spesialordninga for Rendal Renselskap og avtale med reinbeitedistrikta ikkje fører til ei utviding av samisk reinbeiteområde.

       Komitémedlemene frå Senterpartiet og medlemen Skogholt frå Arbeidarpartiet meiner at Rendal Renselskap ikkje bør ha nokon særordning for drift av sin rein. Selskapet må tilpasse drifta si etter det lovverket som er.

       Desse medlemene føreset at Rendal Renselskap sjølve kan få velje om dei vil drive tamreindrift, og i tilfelle drive det som ordinær tamreindrift, eller om dei vil ha villrein underlagt viltlova.

       Desse medlemene gjer framlegg om at fjerde ledd i § 16 går ut og vil stemme mot dette leddet.

§ 20

       Komitéfleirtalet, medlemene frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti, viser til merknad om reintalstilpassing under dei generelle merknadene, og gjer framlegg om endring i fjerde ledd i høve til framlegget frå Regjeringa:

« § 20 fjerde ledd skal lyde:

       Finner områdestyret at innehaver av driftsenhet eller andre reineiere i driftsenhet forsømmer sin driveplikt, ikke overholder fastsatt vektgrense for kjønns- og aldersgrupper av rein i distriktet og/eller vedtak om maksimalt reintall for driftsenhet, eller på annen måte innretter seg eller opptrer slik at det er til vesentlig skade for næringen eller andre rettighetshavere, kan det etter å ha hørt distriktsstyret gjøre vedtak om å redusere, avvikle eller overføre driftsenheten, jf. § 34. »

       Komitémedlemen frå Sosialistisk Venstreparti viser til sin merknad om reintalstilpassing og vektgrenser under dei generelle merknadene. Denne medlemen gjer framlegg om å oppretthalde Regjeringa sitt opprinnelege forslag. Denne medlemen gjer slikt framlegg:

« § 20 fjerde ledd skal lyde:

       Finner områdestyret at innehaver av driftsenhet eller andre reineiere i driftsenhet forsømmer sin driveplikt, ikke overholder vedtak om maksimalt reintall for driftsenhet, eller på annen måte innretter seg eller opptrer slik at det er til vesentlig skade for næringen eller andre rettighetshavere, kan det etter å ha hørt distriktsstyret gjøre vedtak om å redusere, avvikle eller overføre driftsenheten, jf. § 34. »

       Komiteens medlem fra Fremskrittspartiet mener rammebetingelsene og vilkårene for reindrift ikke skal skille seg vesentlig ut fra andre næringer. Derfor må det være opp til den enkelte reineier hvordan inntektene sikres og da må det være rom for inntekter fra andre næringer.

       Dette medlem vil på denne bakgrunn motsette seg kravet om reindrift som eneyrke.

§ 31

       Komitéfleirtalet, alle med unntak av medlemen frå Framstegspartiet, viser til at heimelen for ekspropriasjon berre gjeld i samiske reinbeiteområde, og at det i slike høve skal gjevast erstatning i samsvar med skjønn.

       Komitémedlemene frå Senterpartiet og Høgre går imot forslaget om nytt andre ledd til § 31, som inneber at grunneigar må dekkje sine eigne sakskostnader dersom han/ho ikkje aksepterer eit tilbod frå saksøkjar om erstatning.

       Desse medlemene viser til at eit slik forslag er basert på forslag i NOU 1993:35 « Lov om skjønnsprosess », som enno ikkje er handsama av Regjeringa eller Stortinget. Det blir her gjort framlegg om at saksøkte kan bli pålagt å betale eigne sakskostnader ved å avslå eit forlikstilbod frå saksøkar ved mindre og ukompliserte inngrep, forutsett at saksøkte ikkje oppnår meir enn tilbodet under skjønnsbehandlinga.

       Desse medlemene går imot at ein forskutterer ein slik omkostningsregel før prinsippa i forslaget frå skjønnslovsutvalet er vurdert, da dette kan innebere ei endring med store vidtrekkjande verknader. I tillegg er det grunn til å peike på at forslaget om nytt andre ledd til § 31 går langt ut over det som er foreslått av skjønnslovsutvalet, i og med at deira forslag er avgrensa til « mindre og ukompliserte inngrep ».

       Fylgjene av forslaget vil bli at risikoen for sakskostnader blir overført frå han/dei som har interesse av at inngrepet blir gjennomført til den enkelte grunneigar. Realiteten vil bli at den einskilde grunneigar blir tvinga til å måtte akseptere eksproprianten sitt tilbod på grunn av omkostningsrisikoen ved å nekte aksept av tilbodet.

       Desse medlemene viser til sine merknader til § 2 og peikar på at skjønnslova av 1. juni 1917 nr. 1 skal leggjast til grunn for fastlegging av erstatning ved ekspropriasjon av rettar til føremon for reindriftsnæringa.

       Desse medlemene vil også gå imot forslaget til nytt andre ledd i § 31 og vil stemme mot det.

       Komiteens medlem fra Fremskrittspartiet mener eiendomsretten bør gjelde som et overordnet prinsipp. Ekspropriasjon kan kun godtas når dette er absolutt nødvendig.

       Dette medlem vil peke på at en utvidet ekspropriasjonshjemmel innebærer råderettsinnskrenkninger i privat eiendomsrett og vil derfor gå imot denne.

§ 34

       Komitéfleirtalet, alle med unntak av medlemen frå Framstegspartiet, vil peike på at reindriftsretten er ein kollektiv rett. Ein reineigar som t.d. fører dyr på beite han/ho ikkje har rett til å nytte, har fleire dyr enn tillete og/eller dyr som avvik frå fastsett vektgrense, tar frå fellesskapen. Styringsorgana i reindrifta må i slike tilfelle kunne gripe inn. Fleirtalet sluttar seg til framlegget om tvangstiltak, som er naudsynt for at styringsorgana i reindrifta skal kunne gjennomføre vedtak.

       Komiteens medlem fra Fremskrittspartiet viser til sine merknader til § 8b.