1. Samandrag

Innleiing

       Spørsmåla kring organiseringa av det offentlege verkemiddelapparatet retta mot fiskeflåten har vore til vurdering sidan det offentlege utvalet som utgreidde staten si rolle i finansieringa av fiskefartøy la fram si tilråding i januar 1992. I 1995 la også Statsbankutvalet fram si utgreiing om rolla til statlege bankar i tida framover. Begge desse utvala konkluderte med at Statens Fiskarbank burde integrerast med Statens nærings- og distriktsutviklingsfond for å sikra eit heilskapleg verkemiddelapparat med ansvar for alle ledd også innan fiskerinæringa.

Statens Fiskarbank

       Statens Fiskarbank vart skipa i 1921, og er i dag regulert ved lov av 28. april 1972 nr. 22 om Statens Fiskarbank. Føremålet for banken skal vere å hjelpe fram norsk fiskerinæring, og banken er ansvarleg for forvaltninga av alle offentlege verkemiddel retta mot fiskeflåten. I tillegg har banken også ansvaret for ein del lån til fordelings- og oppdrettsanlegg som var innvilga før Industribanken overtok dette forvaltningsområdet i 1988.

       Lån til fiskefartøy utgjer den klart største delen av banken sine lån. Fartøya famnar alle kategoriar og storleikar i den norske flåten. Engasjement i kvart einskild fartøy varierer frå eit avgrensa lån til fullfinansiering. Det siste har blitt tilfelle for stadig fleire fartøy i dei nordlegaste fylka dei seinare åra.

Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (SND)

       SND vart etablert ved årsskiftet 1992-93, gjennom ei samanslåing av Distriktenes Utbyggingsfond, Industribanken, Industrifondet og Småbedriftsfondet. Distriktenes Utbyggingsfond, Industrifondet og Småbedriftsfonda avslutta si verksemd 31. desember 1992, medan Industribanken kom med i SND frå og med 1. mars 1993.

       Stortinget har gjennom lov om SND av 3. juli 1992 nr. 97 m.a. lagt fast føremål, verkemiddel og dei organisatoriske rammene for SND si verksemd. Foretaksmøte har sidan vedteke vedtekter med heimel i SND-lova sin § 4. SND ligg administrativt under Nærings- og energidepartementet.

Integrering av Statens Fiskarbank i SND

       Regjeringa går inn for at Statens Fiskarbank blir integrert i SND frå og med 1. januar 1997. Gjennom integrasjon tek ein sikte på å skapa eit formålstenleg og effektivt verkemiddelapparat retta mot fiskeflåten, slik at offentlege ressursar kan nyttast meir rasjonelt. Integrasjonen skal også bidra til å sikra ei betre samordning av verkemiddelbruken i dei ulike ledd i fiskeri- og oppdrettsnæringa. For å oppnå denne samordninga går Regjeringa inn for at det i samband med integrasjonen blir oppretta ei eiga fiskerieining i SND sin sentrale organisasjon.

       Denne eininga skal ha det praktiske ansvaret for samordning av verkemidla retta mot fiskerinæringa, inklusive dei som gjeld industri og oppdrett, som allereie ligg under SND. Regjeringa meiner at dette vil sikra betre koordinering av verkemiddelbruken i dei ulike ledd i fiskerinæringa, og at det såleis er eit viktig steg på vegen i arbeidet med å realisere det store uutnytta potensialet for verdiskaping innanfor fiskeri- og oppdrettsnæringa.

Økonomiske og administrative konsekvensar

       Statens Fiskarbank vil etter forslaget til Regjeringa slutta å eksistere som statleg forvaltningsbedrift frå 1. januar 1997. Arbeidsoppgåver og ansvar blir overført til SND frå same dato.

       Ved opprettinga av SND vart det sett opp ei rekkje vilkår som skulle gjelda tilhøve til dei tilsette i dei fire institusjonane som då vart slått saman. Ein går inn for at intensjonane i desse vilkåra skal leggjast til grunn for dei tilsette i Fiskarbanken ved ein integrasjon i SND.

       Normalt vil det ved fusjonar av det slaget ein legg opp til mellom Statens Fiskarbank og SND vere mogleg over tid å realisere ein del økonomiske vinstar av fusjonen, m.a. som følgje av stordriftsfordelar, overgang til felles administrative system m.m. Ein må likevel ta høgde for at slike vinstar ikkje lar seg realisere fullt ut frå integrasjonstidspunktet, men må realiserast over tid.

       Det vil også oppstå ein del direkte fusjonsrelaterte kostnader, som det må takast omsyn til. Det reknast m.a. som naturleg at ein vurderer den samla kapasitet og kompetansen i Fiskarbanken og SND, med sikte på å avdekkje eventuelle overtalsproblem. Harmonisering av løns- og arbeidsvilkåra vil også gje auka kostnader, og det vil i tillegg oppstå ein del eingongskostnader som direkte følgje av den praktiske gjennomføringa av integrasjon.

Lovendringar

       Lov av 28. april 1972 nr. 22 om Statens Fiskarbank, forskrift av 30. mars 1973 om Statens Fiskarbank, forskrift av 6. mai 1983 om andreprioritetslån i Fiskarbanken og Stortingsvedtak utgjer heimelsgrunnlaget for dei låne- og støtteordningane Statens Fiskarbank forvaltar. Regjeringa går inn for at lov av 28. april 1972 nr. 22 om Statens Fiskarbank kan opphevast frå den tid Kongen fastset. Frå same tid skal forskrifter gitt med heimel i lova opphøyre å gjelde.

       Etter oppheving av fiskarbanklova og forskrifter gitt med heimel i lova blir lov av 3. juli 1992 nr. 97 om Statens nærings- og distriktsutviklingsfond og forskrifter gitt med heimel i lova nytt heimelsgrunnlag for økonomiske verkemiddel retta mot fiskeflåten.