3. Skattefritak for sjøtrygdelag

3.1 Sammendrag

       Etter skattelova § 26 første ledd bokstav f nr. 6 kan formues- og inntektsskatt ikkje påleggjast Sjøtrygdgruppen Gjensidig Skadeforsikringsselskap samt Assuranseforeningen Havfiske - Gjensidig i den grad verksemda gjeld sjøforsikring i samband med fiske. Andre gjensidige sjøtrygdelag er fritekne for formues- og inntektsskatt så langt dei ikkje teiknar høgare forsikring enn kr 1.000.000 for kvar risikoeining, jf. skattelova § 26 første ledd bokstav f nr. 5.

       Reglane om skattefritak for gjensidige sjøtrygdelag er mellom anna grunna i at desse selskapa driv på eit relativt snevert og einsarta felt med stor risiko, og at dei ikkje har høve til å spreie vågnaden slik som vanlege forsikringsselskap har. Vidare er det lagt vekt på at skattlegging etter dei vanlege føresegnene vil gjere det vanskeleg å leggje opp reservar som dekker alle krava i år med mange forlis.

       Sjøtrygdelaga Bud og Hustad Forsikring Gjensidig, Tromstrygd Gjensidig Sjøforsikringsselskap, Havtrygd Gjensidig Forsikring, Sunnmøre Båttrygdelag Gjensidig og Sjøtrygdelaget Nordlys Forsikring Gjensidig har bede om å få komme inn under skattefritaket i skattelova § 26 første ledd bokstav f nr. 6.

       Finansdepartementet meiner at dei fem sjøtrygdelaga ikkje bør stå i noko annan stilling enn dei to selskapa som i dag er omfatta av fritaket i denne føresegna. Dei omsyn som talar for fullt skattefritak er dei same for alle sjøtrygdelag og -foreiningar, og arten av risiko er hovudsakleg den same. Dei fem sjøtrygdelaga forsikrar òg mannskap i form av ansvarsforsikring, yrkesskadeforsikring og andre mannskapsforsikringar. Ein viser til at Fiskernes Gjensidige Ulykkestrygdelag er fritekne for formues- og inntektsskatt i medhald av skattelova § 26 første ledd bokstav f nr. 4 utan nokon grensesum. Det synes derfor å vere best i samsvar med prinsippet om lik handsaming at dei fem sjøtrygdelaga vert likestilte med dei foreiningar og lag som i dag nyt godt av fullt skattefritak.

       Departementet gjer derfor framlegg om at skattelova § 26 første ledd bokstav f nr. 5 og 6 blir erstatta av eit nytt nummer 5 som skal gjelde alle sjøtrygdelag og -foreiningar. I tillegg til dei fem sjøtrygdelaga som har bede departementet om å foreslå ei lovendring, har Kredittilsynet gjort merksam på at Espeværs Gjensidige Assuranceforening i det vesentlege står i same stilling som dei andre sjøtrygdelaga. Selskapet forsikrar i tillegg til fiske- og fraktfartøy også lystbåtar. Etter departementet sitt syn bør dette selskapet også kome inn under føresegna om fullt skattefritak så langt verksemda gjeld sjøforsikring i samband med fiske.

       Som følgje av grensesummen i skattelova § 26 første ledd bokstav f nr. 5 gir sjøtrygdelaga koassuranse til Sjøtrygdgruppen Gjensidig Skadeforsikringsselskap. Dette medfører at den forsikringsverksemd som sjøtrygdelaga driv i realiteten ikkje vert skattlagt. Eit generelt skattefritak for sjøforsikringsselskapa vil derfor ikkje føre med seg provenyverknader for det offentlege.

       Forslaget til endring vil ikkje gi særlege administrative følgjer.

       Departementet gjer framlegg om at endringa skal gjelde med verknad frå og med inntektsåret 1998.

3.2 Komiteens merknader

       Komiteen slutter seg til forslaget til endring i skatteloven § 26 første ledd bokstav f.