4. Endringer i lov om enhetsregisteret

4.1 Sammendrag

       Etter gjeldande rett definerer einingsregisterlova fem tilknytte register. Dette er arbeidsgjevardelen i Arbeidsgjevar-/arbeidstakarregisteret, Føretaksregisteret, Meirverdiavgiftsmanntalet, Fylkesmennene sine register over stiftingar og Statistisk sentralbyrå sitt Bedrifts- og føretakregister.

       Etter departementet si meining vil det vere klare fordeler ved at skatteetaten sine register over etterskotspliktige skattytarar blir definert som eit tilknytt register. Det vil m.a. vere fordelar i samband med sikker identifikasjon av skattytar ved mottak av oppgåver, forenkling ved likningshandsaminga av skattytarar med verksemd i fleire kommunar og betra moglegheiter for kontroll av oppgåvene ved bruk av ein sentralisert, felles identifikasjonsnøkkel.

       Vidare vil bruk av organisasjonsnummer i skatteetaten sine register over etterskotspliktige skattytarar vere ei viktig brikke i samband med utvikling av løysing for elektronisk innrapportering av opplysningar frå dei næringsdrivande til skatteetaten.

       Dei fleste skattytarane som er registrerte i skatteetaten sine register over etterskotspliktige skattytarar er allereie registrerte og tildelte organisasjonsnummer i Einingsregisteret. Av totalt ca 120.000 registrerte etterskotspliktige skattytarar (ca 105.000 av disse er aksjeselskap) som er i skatteetaten sine register over etterskotspliktige, står det att ca 3.600 skattytarar som ikkje er registrert og tildelt organisasjonsnummer i Einingsregisteret. Desse 3.600 skattytarane er i all hovudsak næringsdrivande juridiske personar, samt einskilde skattytarar - både juridiske og fysiske personar - som er heimehøyrande i utlandet og som har skatteplikt til Noreg. Departementet foreslår at dette registeret blir definert som eit tilknytt register i høve til Einingsregisteret.

       Omsynet til personvernet for dei nye registreringspliktige einingane frå registeret over etterskotspliktige skattytarar vil bli ivareteken på lik linje med dei einingane som allereie er registrert i Einingsregisteret. Fordi dei etterskotspliktige i all hovudsak er næringsdrivande juridiske personar eller fysiske personar med tilknyting til utøving av næringsverksemd, vil framlegget etter departementet si meining ikkje medføre at det blir registrert sensitive personopplysningar.

       Framlegget vil innebere ei viss utviding av talet på registreringspliktige einingar heimehøyrande i utlandet. Dette vil vere einingar som er etterskotspliktige skattytarar til Noreg og som ikkje har registreringsplikt etter gjeldande rett. I høyringsuttalane til Næringslivets Hovedorganisasjon og Skattebetalerforeningen peikar dei m.a. på det forhold at det kan bli relativt kostnadskrevjande for selskap heimehøyrande i utlandet som skal registrerast i Einingsregisteret, dersom gjeldande rett vert oppretthalde med krav om framvising av stiftingdokument som registerfører kan krevje omsett til norsk av translatør godkjent av norske myndigheiter. Det er kostnadene til translatør som Næringslivets Hovedorganisasjon og Skattebetalerforeningen fokuserer på i høyringsuttalane. Departementet meiner at ein kan unngå slike eventuelle kostnadskrevjande omsettingar av stiftingdokument, samtidig som ein opprettheld Einingsregisteret sin kontroll med at selskapet er stifta eller oppretta i fylgje heimlandet sine lover, ved å etablere ei meir fleksibel løysing på dette punktet enn den som føreligg etter gjeldande rett. Departementet foreslår at det vert opna for at registerfører kan bestemme at desse selskapa i staden for å legge fram stiftingdokument kan legge fram stadfesta utskrift frå offentleg registreringsmynde i heimlandet som viser at selskapet er lovleg stifta eller oppretta. Regelen om at registerfører kan krevje framlagt dokumenter omsett til norsk av translatør godkjent av norske myndigheiter foreslår ein å gi tilsvarande bruksmåte på ei slik utskrift. Etter departementet si meining bør det ikkje stillast krav til den offentlege registreringsmynde i utlandet som kan gi slik stadfesta utskrift ut over det at respektive myndigheit må ha vurdert stiftinga eller opprettinga av eininga og konkludert med at den er gyldig (dette kan t.d. vere eit offentleg bransje- eller bedriftsregister, skattemyndigheitene sitt register over skattepliktige). Departementet viser til framlegget i Ot.prp.nr.35 (1997-1998) til endring i einingsregisterlova § 8 (departementet har gjort ein regelteknisk gjennomgang av einingsregisterlova § 8. Materielt nytt i regelen er det som går fram av framlegget til annet ledd). Departementet gjer framlegg om at lovendringane trer i kraft 1. januar 1998.

       For å forenkle gjennomføringa av lovendringa for dei skattytarane i skatteetaten sine register over etterskotspliktige skattytarar som når endringsloven trer i kraft ikkje er registrert og tildelt organisasjonsnummer i Einingsregisteret, vert det føreslege ein overgangsregel som gir heimel for maskinell overføring av opplysningar frå skatteetaten sitt etterskotsregister til Einingsregisteret. Dei skattytarane som blir registrert i Einingsregisteret på grunnlag av slik maskinell overføring av opplysningar, skal etter framlegget motta varsling frå anten skatteetaten eller Einingsregisteret om overføringa.

4.2 Komiteens merknader

       Komiteen slutter seg til forslaget til endringer i lov om Enhetsregisteret.