3. Gjeldande rett om bruk av rusmiddel til sjøs

       Den sentrale regelen om bruk av rusmiddel ved ferdsel til sjøs er i dag straffeloven § 422 andre ledd, som lyder slik:

       « Fører av skip, maskinist, styrmann, stuert, telegrafist, skipselektriker eller los som forsettlig eller uaktsomt beruser seg under tjenesten eller når denne forestår, straffes med bøter eller med fengsel inntil 1 år. »

       Det finnest ein rik domstolspraksis om tolkinga av skipsomgrepet i straffeloven § 422 andre ledd. I løpet av dei siste 40 åra har ein sett ein tendens i retning av å rekne stadig mindre fartøy som « skip ». Det avgjerande er om fartøyet medfører ein slik risiko at det er naturleg å nytte straffeloven § 422 andre ledd. Føring av heilt små båtar vert likevel ikkje ramma av regelen. Domstolane har i praksis etablert ei « vegleiande promillegrense » på sjøen på 1,5.