4. Risiko ved promille på sjøen

       Straffelovrådet gjer m.a. greie for ein oversikt over ulykker innanfor fritidsbåtflåten for tida 1975 til 1982. Den viser at talet på ulykker auka jamt gjennom heile perioden, og at alkohol var oppført som årsak til gjennomsnittleg ca 30 % av det totale talet på ulykker kvart år. Straffelovrådet oppsummerer sin analyse slik:

       « Alkoholpåvirkning er en av de dominerende årsaker til drukninger. Undersøkelsen gir imidlertid få holdepunkter for å trekke slutninger om hvor mange ulykker som skyldes føring av båt i beruset tilstand. En fast promillegrense overfor båtførere vil derfor ikke nødvendigvis medføre noen vesentlig reduksjon i antall omkomne. Man må imidlertid legge til grunn at dersom føreren er edru, vil antall ulykker iallfall reduseres noe, og muligheten for å redde seg selv og eventuelle berusede passasjerer som faller overbord, vil øke. »

       Frå politikamra har Justisdepartementet henta inn opplysningar om dødsulykker i samband med bruk av fritids- og småbåtar på 1990-talet. Det går m.a. fram at mellom ein tredel og halvparten av dei omkomne var påverka av alkohol, og at dei fleste dødsulykkene skjer i samband med bruk av motorbåt. Av ei anna undersøking, basert på tal frå 1973, 1983 og 1993, går det fram at talet på drukna frå liten båt har gått ned gjennom heile perioden. Prosentdelen av dei drukna som var særs rusa eller moderat påverka, har likevel gått opp.

       Det er ikkje grunnlag for å fastslå sikkert at ei fast promillegrense for båtførarar vil føre til vesentlege reduksjonar i talet på omkomne, men også Justisdepartementet legg til grunn at dersom føraren er edru, vil talet på ulykker iallfall reduserast noko, og sjansen for å redde seg sjølv og eventuelle rusa passasjerar som fell over bord, vil auke.