10.1 Rett til å fremje fastsetjingssøksmål om menneskerettskrenkingar

I Høgsterett si avgjerd som er teken inn i Rt 1994 side 1244, var spørsmålet kva for grense tvistemålsloven § 54 set for retten til å gå til fastsetjingssøksmål med påstand om at ein menneskerettskonvensjon er krenka. Det er etter tvistemålsloven § 54 eit vilkår for fastsetjingsdom at det ligg føre rettsleg interesse. Den europeiske menneskerettskonvensjon artikkel 13 og konvensjonen om sivile og politiske rettar artikkel 2 gjev den som har fått krenka sin rett etter konvensjonane, krav på effektiv prøving av spørsmålet for ein nasjonal instans. Fleirtalet i Høgsterett fann at kravet i desse konvensjonsreglane ikkje skaper problem i samband med § 54 der det krevst erstatning på grunnlag av det påståtte konvensjonsbruddet. Hvis saka er reist utan at det vert kravd erstatning, må den derimot etter fleirtalet sitt syn i utgangspunktet avvisast pga. manglande rettsleg interesse dersom det tilhøvet som er grunnlaget for saka er avslutta. Mindretalet meinte at eit fastsetjingssøksmål med påstand om at den europeiske menneskerettskonvensjon er krenka måtte godtakast, også om tilhøvet var avslutta.

Departementet uttalar at skulle det etter inkorporasjonen oppstå ein situasjon der dei nemnde konvensjonsreglane krev rett til domstolprøving utan at tvistemålsloven § 54 gjev ein tilsvarande rett, må ein tillate domstolprøving. Departementet vil i nær framtid setje ned eit utval til å gjennomgå tvistemålsloven med sikte på revisjon, og finn det naturleg at dette utvalet vurderer spørsmålet om ein endring av tvistemålsloven på dette punkt.

10.2 Retten til å få gjenopptatt saker som har vore handsama av konvensjonsorgan

Det er eit spørsmål om norsk rett gjev god nok tilgjenge til å kreve gjenopptaking av ei sak som har vore handsama av eit konvensjonsorgan. Spørsmålet har vore på høyring, og Justisdepartementet er for tida i ferd med å utarbeide ein eigen proposisjon om dette.

10.3 Rettshjelp

Utvalet peiker på at det internasjonale regelverket til vern om den einskilde sine fundamentale rettar misser mykje av sin praktiske og tilsikta verdi dersom den som meiner at hans rettar er krenka, ikkje har reell tilgang til juridisk hjelp for å få vurdert dette. Utvalet meiner at slik tilgang vanskjeleg kan sikrast utan ei ordning med heilt eller delvis fri rettshjelp.

Departementet er einig i dette. Ved vurdering av rettshjelpsordninga vil departementet vere særleg merksam på menneskerettane.

Komiteen sine merknader

Komiteen er samd med Regjeringa i at dersom det skulle oppstå ein situasjon kor dei nemnde konvensjonsreglane krev rett til domstolsprøving utan at tvistemålslova § 54 gir ein tilsvarande rett, må domstolprøving tillatast. Komiteen er òg nøgd med at Regjeringa i nær framtid vil sette ned eit utval til å gå gjennom tvistemålslova med sikte på revisjon.

Komiteen er vidare nøgd med at Regjeringa no vil leggje fram ein proposisjon om retten til å få teke opp att saker som har vore til handsaming av konvensjonsorgan, og ser fram til denne.

Komiteen vil understreke at retten til rettshjelp er viktig for at einskildspersonar skal kunne forfølgje brot på menneskerettane. Komiteen er difor nøgd med at Regjeringa ved vurdering av rettshjelpsordningane vil vere særleg merksam på menneskerettane.