Til Odelstinget
Departementet fremjer i denne proposisjonen framlegg om at tilvisinga
i lov av 29. januar 1999 nr. 6 om interkommunale selskap § 41
fyrste ledd til aksjelova § 18-2 fyrste ledd nr.
2 og 3 vert endra, slik at tilsvisinga gjeld dei tilsvarande føresegnene
i aksjelova frå 1997. Dette framlegget inneber inga realitetsendring,
då innhaldet i dei aktuelle føresegnene i aksjelova
frå 1997 er haldne parallelt med dei tilsvarande føresegnene
i aksjelova frå 1976. Det er såleis tale om ei
rein teknisk endring.
Dei aktuelle føresegnene i aksjelova vil etter ikraftsetjinga
av lov av 29. januar 1999 nr. 5 om endringar i lov av 25. september
1992 nr. 107 om kommunar og fylkeskommunar (kommunelova) m.m. (kommunalt
og fylkeskommunalt føretak), vere § 1-1 tredje
ledd nr. 2 og 3. Lova av 29. januar 1999 nr. 5 tek til å gjelde
1. januar 2000, jf. kgl. res. 20. oktober 1999.
Ved handsaminga av Ot.prp. nr. 53 (1997-1998) om lov om interkommunale
selskap og lov om endringar i kommunelova m.m. (kommunalt og fylkeskommunalt
føretak), vart det ved ein inkurie ikkje teke inn framlegg
om korleis overskrifta til kommunelova kap. 11 skulle lyde. Kap.
11 i kommunelova gjer greie for kommunale og fylkeskommunale føretak.
Det vert i proposisjonen fremja framlegg til overskrift til kap. 11
i kommunelova.
Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Odelstinget til å gjere slikt
vedtak til lov
om endring i lov om interkommunale selskaper og lov om kommuner og fylkeskommuner
I
I lov av 29. januar 1999 nr. 6 om interkommunale selskaper gjøres følgende endring:
§ 41 første ledd skal lyde:
Interkommunalt selskap med begrenset ansvar som ikke er organisert som aksjeselskap eller unntatt fra aksjeloven i medhold av § 1-1 tredje ledd nr. 2 og 3, må innen fire år etter lovens ikrafttreden være organisert som aksjeselskap eller som selskap etter loven her.
II
I lov av 25. september 1992 nr. 107 om kommuner og fylkeskommuner gjøres følgende endring:
Overskriften til kapittel 11 skal lyde:
Kapittel 11. Kommunalt og fylkeskommunalt foretak.
III
Loven trer i kraft straks.
Oslo, i kommunalkomiteen, den 9. desember 1999
Sylvia Brustad |
Lodve Solholm |
Erna Solberg |
leiar |
ordførar |
sekretær |