Innstilling frå kommmunalkomiteen om lov om endring i lov om interkommunale selskaper og lov om kommuner og fylkeskommuner

Dette dokument

Til Odelstinget

Samandrag

Om endring i lov om interkommunale selskap

Departementet fremjer i denne proposisjonen framlegg om at tilvisinga i lov av 29. januar 1999 nr. 6 om interkommunale selskap § 41 fyrste ledd til aksjelova § 18-2 fyrste ledd nr. 2 og 3 vert endra, slik at tilsvisinga gjeld dei tilsvarande føresegnene i aksjelova frå 1997. Dette framlegget inneber inga realitetsendring, då innhaldet i dei aktuelle føresegnene i aksjelova frå 1997 er haldne parallelt med dei tilsvarande føresegnene i aksjelova frå 1976. Det er såleis tale om ei rein teknisk endring.

Dei aktuelle føresegnene i aksjelova vil etter ikraftsetjinga av lov av 29. januar 1999 nr. 5 om endringar i lov av 25. september 1992 nr. 107 om kommunar og fylkeskommunar (kommunelova) m.m. (kommunalt og fylkeskommunalt føretak), vere § 1-1 tredje ledd nr. 2 og 3. Lova av 29. januar 1999 nr. 5 tek til å gjelde 1. januar 2000, jf. kgl. res. 20. oktober 1999.

Om endring i lov om kommunar og fylkeskommunar

Ved handsaminga av Ot.prp. nr. 53 (1997-1998) om lov om interkommunale selskap og lov om endringar i kommunelova m.m. (kommunalt og fylkeskommunalt føretak), vart det ved ein inkurie ikkje teke inn framlegg om korleis overskrifta til kommunelova kap. 11 skulle lyde. Kap. 11 i kommunelova gjer greie for kommunale og fylkeskommunale føretak. Det vert i proposisjonen fremja framlegg til overskrift til kap. 11 i kommunelova.

Tilråding frå komiteen

Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Odelstinget til å gjere slikt

vedtak til lov

om endring i lov om interkommunale selskaper og lov om kommuner og fylkeskommuner

I

I lov av 29. januar 1999 nr. 6 om interkommunale selskaper gjøres følgende endring:

§ 41 første ledd skal lyde:

Interkommunalt selskap med begrenset ansvar som ikke er organisert som aksjeselskap eller unntatt fra aksjeloven i medhold av § 1-1 tredje ledd nr. 2 og 3, må innen fire år etter lovens ikrafttreden være organisert som aksjeselskap eller som selskap etter loven her.

II

I lov av 25. september 1992 nr. 107 om kommuner og fylkeskommuner gjøres følgende endring:

Overskriften til kapittel 11 skal lyde:

Kapittel 11. Kommunalt og fylkeskommunalt foretak.

III

Loven trer i kraft straks.

Oslo, i kommunalkomiteen, den 9. desember 1999

Sylvia Brustad Lodve Solholm Erna Solberg
leiar ordførar sekretær