I proposisjonen legg departementet fram forslag om endringar
i lotteriloven som vart fremma i Ot.prp. nr. 84 (1998-1999) og som
justiskomiteen slutta seg til i Innst. O. nr. 33 (1999-2000), men
som ikkje vart vedtekne fordi proposisjonen vart sendt attende til
Regjeringa. Det gjeld lovgrunnlaget for Lotteritilsynet og Lotterinemnda,
sanksjonsreglane, rekneskaps- og revisjonsplikt, krav om skilje
mellom organisasjonane sine føremål og anna verksemd,
18-årsgrense for spel på gevinstautomatar og heimel
for å fastsetje aldersgrense for deltaking i andre typar
lotteri, samt at det vert opna for alkoholhaldige drikkevarer som
gevinst i private smålotteri.
I proposisjonen vert det dessutan gjort greie for den vidare
oppfølginga av Innst. O. nr. 33 (1999-2000), for vedtaka
om å leggje Lotteritilsynet til Førde i Sogn og
Fjordane og om å overføre ansvaret for lotteriområdet
frå Justisdepartementet til Kulturdepartementet.
Under handsaminga av Ot.prp. nr. 84 (1998-1999) fann justiskomiteen
at ei rekkje tilhøve burde vurderast nærare før
det vart gitt ein ny lotterilov, jf. Innst. O. nr. 33 (1999-2000),
og 16. desember 1999 vedtok Odelstinget derfor å sende
proposisjonen attende til Regjeringa. Stortinget støtta
likevel forslaget om at det skulle opprettast eit lotteritilsyn
og ei lotterinemnd.
På bakgrunn av Stortinget sitt vedtak sende Justisdepartementet
på høyring eit forslag om lovreglar om finansieringa
av Lotteritilsynet og Lotterinemnda, og om kontrollen med aktørane
på lotterimarknaden. Det vart dessutan foreslått
nokre andre endringar i lotteriloven i tråd med justiskomiteen
si innstilling.
Føresegn om typegodkjenning av gevinstautomatar seier
at automatar typegodkjent før 1. april 1997 må tilpassast
føresegna innan 1. april 2001. Organisasjonar
og entreprenørar i lotterimarknaden har hevda at føresegna
medfører ein fare for vesentlege inntektsreduksjonar, og
i Innst. O. nr. 33 (1999-2000) ba justiskomiteen derfor departementet
om å gjennomgå føresenga.
I høyringsbrevet vart det føreslått å at
fristen som var sett til 1. april 2001 vart endra til 1. januar
2002. Høyringa viste at det er ein revisjon av føresegna
og ikkje ein lengre overgangsperiode som er vesentleg. Departementet
tok sikte på at forslag til ny typegodkjenningsføresegn
skulle sendast på høyring før sommaren,
og at ny føresegn deretter vert vedteke så raskt som
mogleg.
Regjeringa Bondevik vedtok at ansvaret for lotteriloven og administreringa
av dei private lotteria skal overførast til Kulturdepartementet
frå 1. januar 2001. Regjeringa har ikkje funne
grunn til å endre denne avgjerda. Ansvaret for Norsk Rikstoto
vert framleis liggjande i Landbruksdepartementet.
I høyringsbrevet vart det orientert om overføringa.
Ingen av høyringsinstansane sette fram vesentlege innvendingar.
I Innst. O. nr. 33 (1999-2000) ba justiskomiteen departementet
om å gjere ein samla gjennomgang av statlege og private
spel og lotteri.
Departementet opplyser at ein vil gå gjennom rammevilkåra
for dei statlege spela og private lotteria, og m.a. vurdere nærare
kva for føremål som skal sjåast som lotteriverdige,
om det er trong for ei deling av spele- og lotterimarknaden mellom
de ulike aktørane, og om det er trong for felles reglar
for marknadsføring og aldersgrense. TV-lotteri, spel på ferjer
og spørsmålet om å opne for kasino m.v.
vil bli utgreidd, saman med spørsmålet om nye
retningsliner for kontroll og godkjenning av skrapelodd.
I Ot.prp. nr. 84 (1998-1999) vart det føreslått å opprette
eit lotteritilsyn som sentral styresmakt overfor private lotteri
og tilsynsorgan overfor både private og statlege lotteri,
samt ei lotterinemnd som klageinstans for vedtak som vert trefte
av Lotteritilsynet. Justiskomiteen slutta seg i Innst. O. nr. 33
(1999-2000) i hovudsak til desse forslaga, og på bakgrunn
av Stortinget sitt vedtak, har departementet arbeidd med sikte på at
Lotteritilsynet og Lotterinemnda skal vere oppretta til 1. januar
2001. Tilsynet og nemnda skal leggjast til Førde i Sogn
og Fjordane.
Tilsynet vil saman med politiet m.a. ha ansvar for føring
av opplysningar i lotteriregisteret. Registeret skal innehalde oversikt
over alle godkjende organisasjonar og autoriserte entreprenørar
og lokalinnehavarar, samt oversikt over dei største lovlege
lotteria og alle oppstilte gevinst- og underhaldningsautomatar.
Lotteritilsynet skal leiast av ein direktør som vert oppnemnd
av Kongen.
Lotterinemnda skal ha 3 medlemer oppnemnde av Kongen for fire år.
Nemnda kan ikkje instruerast av departementet i einskildsaker.
Statskontrollen ved Norsk Tipping AS, Statens kontrollkomité ved
Norsk Rikstoto og statens inspektører ved baner som kjører
løp med totalisator skal integrerast som delar av Lotteritilsynet.
Statskontrollen held fram som ei eiga avdeling av Lotteritilsynet
på Hamar.
Nesten alle høyringsinstansar har uttalt seg positivt
til at det vert etablert eit eige statleg lotteritilsyn. Fleire
instansar uttalar at medlemene av Lotterinemnda må representere
miljø som er uavhengige av lotteristyresmaktene, og meiner
forslaget ikkje følgjer opp merknadene i Innst. O. nr.
33 (1999-2000) om den overordna styringa av lotteriverksemda. Samarbeidsutvalget
for Norsk Humanitær Automatvirksomhet (SUNHA) og Norsk
Lotteridrift ASA meiner det bør opprettast eit styre for
Lotteritilsynet.
På bakgrunn av at Lotteritilsynet i det vesentlege skal
fungere som eit forvaltnings- og kontrollorgan, vil det etter departementet
si meining vere best i samsvar med praksis elles at tilsynet vert
leia av ein direktør utan eit styre.
Politiet vil framleis ha kontrollansvar i samband med autorisering
av lokalinnehavarar og handsaming av løyve til lokale lotteri,
bingoarrangement og oppstilling av speleautomatar. Politiet vert
pålagt bistandsplikt overfor Lotteritilsynet. Overføringa
av oppgåver frå politiet til Lotteritilsynet vil
måtte skje noko gradvis. På sikt bør
ein vurdere om fleire oppgåver bør overførast
frå politiet til tilsynet.
Departementet meiner moglege ulemper for einskilde aktørar
ved at Lotteritilsynet vert plassert i Førde, vil verte
dempa av at Lotteritilsynet skal ha eit informasjons- og sakshandsamingssystem
basert på internett-teknologi, IT-basert kontroll av omsetnaden
i gevinstautomatar og høve for å halde fjernmøter.
Godkjenning av organisasjonar og lag som søkjer om lotteriløyve
kan berre gjevast til organisasjonar som ivaretek «humanitære
eller samfunnsnyttige føremål». Inntil
dette kriteriet blir nærare avklart i samband med gjennomgangen
av statlege og private spel og lotteri, eller det blir trekt opp
nye retningsliner, vil reglane i lotterilova om godkjenning av organisasjonar
og vilkår for lotteriløyve bli praktisert i samsvar med
justiskomiteen sine merknader i Innst. O. nr. 33 (1999-2000).
Unntaket frå kravet om lotteriløyve for smålotteri med
ein omsetnadsramme på 100 000 kroner tek departementet
sikte på å fastsetje i føresegner samstundes
som det vert fastsett meldeplikt for slike lotteri.
I utkastet til ny lotterilov i Ot.prp. nr. 84 (1998-1999) var
det teke inn ein regel som gav organisasjonar som i tillegg opptrer
som lokalinnehavar eller entreprenør, pålegg om å halde
verksemdene klårt skilde frå kvarandre, og som
gav aktørar på lotterimarknaden pålegg
om å melde krysseigarskap til Lotteritilsynet. Justiskomiteen
støtta forslaget i Innst. O. nr. 33 (1999-2000).
Fleire høyringsinstansar uttaler at entreprenørar ikkje
bør vere lokalinnehavar, og ønskjer å oppretthalde
ei tredeling mellom aktørane: lotteriverdig organisasjon,
entreprenør og lokalinnehavar.
Etter departementet si meining bør forslaget gjennomførast,
jf. lovutkastet § 4 e. Om det er behov for nærare
lovregulering av tilhøvet mellom organisasjon, entreprenør
og lokalinnehavar, bør ein vente med å vurdere
til Lotteritilsynet har vunne erfaring med regelen som vert føreslått.
I utkastet til ny lotterilov i Ot.prp. nr. 84 (1998-1999) var
det teke inn ein regel om utvida rekneskaps- og revisjonsplikt for
godkjende organisasjonar m.v. og for autoriserte entreprenørar
og lokalinnehavarar. Justiskomiteen støtta forslaget i
Innst. O. nr. 33 (1999-2000). Forslaget er teke inn i lovutkastet § 4
første leddet bokstav f .
Forslag til nærare føresegner om kven som skal
ha rekneskapsplikt, vil bli sendt på høyring.
I Ot.prp. nr. 84 (1998-1999) vart det føreslått å innføre
ei 18-års aldersgrense for spel på gevinstautomatar,
og rett til å fastsetje aldersgrenser for deltaking i andre
lotteri ved føresegn. Justiskomiteen sitt fleirtal støtta
forslaget og ba samstundes «Regjeringa i samband med seinare
sak til Stortinget vurdere trongen for aldersgrense i den totale
spelemarknaden både for statlege og private pengespel»,
jf. Innst. O. nr. 33 (1999-2000).
Fleire høyringsinstansar sluttar seg til forslaget om
at det vert fastsett ei aldersgrense for spel på gevinstautomatar,
men føresetnaden er m.a. at ein innfører eventuelle
aldersgrenser for statlege spel. Norsk Lokalradioforbund uttaler
at forbundet ikkje kan godta at det vert innført aldersgrense
for pengespel i radio.
Etter departementet si meining bør forslaget gjennomførast,
jf. lovutkastet § 17. Spørsmålet
om å innføre aldersgrense for deltaking i statlege
spel som ligg utanfor lotteriloven sitt verkeområde, vil
bli vurdert i samband med den samla gjennomgangen av statlege og
private spel og lotteri.
Handheving av aldersgrense vil i stor grad bli basert på oppfølging
av lokalinnehavar, med stikkprøvekontroll frå Lotteritilsynet
og politiet. Departementet vil elles leggje til grunn justiskomiteen
si uttale i Innst. O. nr. 33 (1999-2000) side 20 om oppstilling
av speleautomatar.
I Ot.prp. nr. 84 (1998-1999) vart det føreslått å opne
for alkoholhaldige drikkevarer som gevinst i smålotteri,
slik at det vert samsvar mellom lotteriloven og alkoholloven § 8-6.
Justiskomiteen støtta forslaget i Innst. O. nr. 33 (1999-2000),
og det vert følgt opp i proposisjonen jf. lovutkastet § 9.
I utkastet til ny lotterilov i Ot.prp. nr. 84 (1998-1999) var
det m.a. teke inn reglar om tilbakekall, administrative reaksjonar
og straff. Justiskomiteen slutta seg til dette forslaget i Innst.
O. nr. 33 (1999-2000).
I høyringsbrevet vart forslaga tekne opp igjen. Det vart
dessutan føreslått at gebyr og avgifter etter
lotteriloven skulle vere tvangsgrunnlag for utlegg, at Statens Innkrevjingssentral
skulle ha avgrensa særnamsmakt for gebyr og tvangsmulkt
etter loven, og at departementet får heimel til å gje
føresegner om framgangsmåten ved bruk av pålegg,
førelegg og tvangsmulkt.
Ingen av høyringsinstansane hadde innvendingar til dette,
og departementet følgjer opp forslaga, jf. nye §§ 14
til 14 d samt § 3 ny bokstav j i lovutkastet.
I Ot.prp. nr. 84 (1998-1999) var det lagt opp til at den nye
tilsynsordninga for lotteri skulle finansierast gjennom gebyr og
avgifter. Justiskomiteen slutta seg til dette, og ba om at storleiken
på gebyra vart lagt fram for Stortinget.
Oppretting av Lotteritilsynet og Lotterinemnda vil auke det offentlege
sine samla utgifter på dette feltet. Dei årlege
inntektene bør liggje på om lag 62 mill. kroner,
mot 17 mill. kroner i dag. I tillegg kjem dei første åra
dekning av etableringskostnader på ca. 15 mill. kroner.
Inntektene bør baserast på gebyr og avgifter
knytt til alle typar lotteri. Satsane for avgift og gebyr bør
så langt som mogleg spegle det offentlege sine reelle kostnader
ved lotteriet. Verksemda i dei ideelle organisasjonane bør
så langt som mogleg skjermast, slik at det er driftsleddet
i marknaden som i størst mogleg grad bidrar til kostnadsdekninga.
Forslaga til gebyr i høyringsbrevet var:
Gebyr for godkjenning av organisasjonar
blir 600 kroner, for autorisasjon av entreprenør 12 000 kroner,
og for lokalinnehavar 1 200 kroner. Det vil vere naudsynt
med ny godkjenning av alle organisasjonar, også dei som
i dag er godkjende. Samla vil desse gebyra gje eingongsinntekter
på ca. 12 mill. kroner.
Gebyr for registrering i lotteriregisteret av organisasjon,
entreprenør, lokalinnehavar eller automat blir 300 kroner.
For endringsmelding vert det betalt 150 kroner. Registrering av
dagens aktørar og automatar vil gje ca. 11,6–12,6
mill. kroner i inntekt. Til dette kjem inntekter frå registrering
av nye automatar pr. år på ca. 1,5 mill. kroner.
Gebyr for oppstilling av gevinstautomat (unnateke lotteriautomat,
dvs. gevinstautomat der gevinsten vert utbetalt ved verdikupongar)
eller underhaldningsautomat blir 1 500 kroner pr. år. Gebyr for
oppstilling av lotteriautomat vert 25 kroner pr. dag, som no. For
bingo vart det føreslått å auke gebyret
frå 25 kroner i dag til 50 kroner pr. arrangement. Gebyra
vil samla sett gje inntekter på 55-62 mill. kroner pr. år.
Departementet viser til at underhaldningsautomatar ikkje vert
rekna som lotteri, og kan drivast som privat næringsverksemd.
Same kontrollomsyn gjer seg likevel gjeldande for underhaldningsautomatar,
og det bør difor innførast avgifter i same storleik
som for gevinstautomatane.
For løyve til å halde lotteri vert gebyret
1 pst. av gevinstverdien, men maksimum 3 000 kroner. For trekning
av lotteri skal organisasjonen betale trekningsavgift tilsvarande
1 pst. av gevinstverdien, men minimum 300 kroner og maksimum 3 000 kroner.
Løyveavgiften er òg i dag ca. 1 pst. av gevinstverdi,
men minimumsavgifta er 10 kroner, medan høgaste avgift
er 1 000 kroner. Denne satsen vart fastsett i 1988. Minimumsavgifta
for trekning av lotteri er i dag 25 kroner, medan høgaste
avgift er 500 kroner. Inntektene frå dei nemnde gebyra
vil venteleg samla sett liggje rundt 5 mill. kroner.
For handsaming av søknader om typegodkjenning av
gevinstautomatar skal produsent eller importør betale 3 000
kroner. Utgiftene til førehandskontrollen vert i dag dekte
av produsenten.
Søkjaren dekkjer etter gjeldande reglar utgiftene med å få skrapelodd
eller gevinstautomatar godkjent. Lotteritilsynet skal føre
kontroll med at alle automatar som vert oppstilte i landet er i
samsvar med typegodkjenninga, og dette vert dekt over tilsynet sitt
budsjett. Dersom kontrollørar vert tilkalte for å godkjenne
endringar eller kontrollere utstyr, bør tilsynet kunne
krevje refusjon av utgiftene frå innehavaren av lokalet
eller utstyret.
Norsk Tipping AS og Norsk Rikstoto skal betale årsgebyr
for dei tenestene kontrollorgana gjer, tilsvarande dei utgiftene
ein får.
Somme høyringsinstansar meiner at dei budsjetterte kostnadene
for drifta av Lotteritilsynet er for høge. Det vert vist
til at den tilsvarande Lotteriinspektionen i Sverige har 19 tilsette,
80 kontrollørar og eit budsjett på 21 mill. kroner.
Samarbeidsutvalget for Norsk Humanitær Automatvirksomhet
(SUNHA) er òg av den oppfatning at eingongsgebyra for godkjenning
av føremål og entreprenør er for lave.
SUNHA meiner at departementet sine opplysningar om at speleautomatane
gjev ein bruttoomsetnad på nærare 10 mrd. kroner
i 1999 ikkje er rett, og viser til at desse inntektene var ca. 7
mrd. kroner. SUNHA meiner at nettoinntekten bør vere grunnlaget
når kostnadsdekninga for Lotteritilsynet skal fastsetjast.
Fråtrekt ein gevinstdel på ca. 80 pst. vil dei
reelle inntektstala utgjere ca. 1,4 mrd. kroner.
Oslo politidistrikt meiner det er grunn til å frykte at
gebyret for autorisasjon av lokalinnehavar i stor grad vil bli betalt
av entreprenøren eller det lotteriverdige laget, og føreslår
i staden høgare avgift på utplassering av speleautomatar.
Fleire instansar uttaler at gebyrstrukturen er unødvendig
komplisert, og føreslår at ein innfører
eitt einskilt gebyr basert på ein prosentvis del av overskotet frå den
einskilde automaten. Nokre meiner at gebyret for gevinstautomatar
er for høgt, og at det ikkje bør leggjast avgift
på underhaldningsautomatar. Det vert vidare peika på at
forslaget vil føre til at gebyret pr. bingo-arrangement
aukar med 100 pst.
Departementet meiner at dersom gebyra for gevinstautomatane vert
knytt opp til omsetaden i den einskilde automaten, vil det føre
til eit meir komplisert fakturerings- og innkrevingsarbeid.
Det verkar elles mest naturleg at gebyr på oppstilling
av gevinstautomatar vert lagt på entreprenøren som
har det praktiske ansvaret for driften. Prinsippet om at gebyra
bør knytast opp mot inntekta og mot trongen for kontroll,
gjer etter departementet si meining at gebyra bør knytast
til den einskilde automat, i staden for å auke gebyra for
godkjenning av organisasjonar m.v.
Departementet viser vidare til at ulik handsaming av lotteriautomatar
og andre gevinstautomatar har historiske årsaker, men reelle
omsyn talar for at alle gevinstautomatar vert gebyrpliktige.
Den harde konkurransen i bingomarknaden har medført
at ein stadig større del av omsetnaden går til gevinstar,
og departementet føreslår i proposisjonen at bingoavgifta
førebels vert halden på dagens nivå med 25
kroner pr. arrangement. Utover dette held ein fast ved forslaget
om gebyr og avgifter slik det er utforma i høyringsbrevet.
For å finansiere utgiftene i inneverande år
i samband med etableringa av Lotteritilsynet, tek departementet
sikte på å fastsetje at årsavgifta for
oppstilling av gevinstautomatar vert innført med verknad
frå 2000.
Departementet peikar på at så vel talet på automatar
som talet på oppstillingsstader er høgare i Noreg
enn i Danmark og Sverige. Noreg har i tillegg større geografiske
utfordringar i kontrollarbeidet. Det er på denne bakgrunn
trong for eit større inspektørkorps i Noreg enn
i Sverige.
Reglane om gebyr og avgifter til finansiering av Lotteritilsynet
og Lotterinemnda skal gjevast i føresegn med heimel i § 3.
Det er ein føresetnad at Lotteritilsynet ved full drift
vil ha 35 tilsette, samt 150 deltidstilsette inspektørar
og eit årsbudsjett på 45 mill. kroner. I tillegg kjem
utgifter ved Statskontrollen ved Norsk Tipping AS, Statens kontrollkomité ved
Norsk Rikstoto og statens inspektører ved baner som kjører
løp med totalisator.
På departementsnivå vil det framleis stå igjen
eit omfattande arbeid knytt til opprydding i føresegnene og
bemanninga vert difor ikkje vesentleg redusert i samband med at
ansvaret for lotteriloven vert overført frå Justisdepartementet
til Kulturdepartementet.