I proposisjonen viser Kommunal- og regionaldepartementet til
at gjeldande inndelingslov (lov 21. desember 1956 nr. 3)
på fleire punkt er forelda og generelt lite tidsmessig.
Lova er også mangelfull og etterlet ofte tvil ved praktiseringa
i konkrete saker. Til dømes omfattar ho etter ordlyden
berre endring av kommunale grenser. Endring av fylkesgrenser har dermed
blitt gjennomført ved ein analog bruk av lova, noko som
ikkje er ein formålstenleg modell. Lova inneheld heller
ikkje reglar om fastsetjing av uklare eller tidlegare ikkje fastsette
grenser, og heimelen til å gjere vedtak om dette kviler
nå på sedvanerettsleg grunnlag.
Lova er vidare svært kortfatta når det gjeld
reglar om saksførebuinga, og regulerer ikkje kven som har høvet
til å reise forslag om endring av kommunegrenser. Ho har
dessutan eit sterkt fullmaktspreg, noko som gjer at departementet/regjeringa
må gi reglar i den enkelte saka for å sikre gjennomføringa
av vedtak om inndelingsendring. Dette gjer det vanskeleg for dei
aktuelle kommunane/fylkeskommunane og andre partar å føreseie
verknadene, og fører dessutan til unødig mykje
administrativt arbeid i samband med den enkelte saka om grenseendring
eller grensefastsetjing.
Departementet har ut i frå dette funne behov for å revidere
lovgivinga om kommunal inndeling, med tanke på fornying
og klargjering av prosessar og verknader av fastsetjingar og endringar
av kommune- og fylkesgrensene. Siktemålet bør
mellom anna vere å gjere prosessen meir pårekneleg
for kommunane/fylkeskommunane og å gi kommunane/fylkeskommunane
og innbyggjarane større moglegheiter for påverknad.
Høyringsnotat om ny lov om fastsetjing og endring i
kommune- og fylkesinndeling blei sendt på høyring
4. februar 2000 med høyringsfrist 8. mai
2000.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, lederen
Berit Brørby, Aud Gaundal, Einar Johansen, Leif Lund og Bjørnar
Olsen, fra Kristelig Folkeparti, Anita Apelthun Sæle og
Ivar Østberg, fra Høyre, Sverre J. Hoddevik og
Erna Solberg, fra Fremskrittspartiet, Torbjørn Andersen
og Lodve Solholm, fra Senterpartiet, Magnhild Meltveit Kleppa, og
fra Sosialistisk Venstreparti, Karin Andersen, vil vise
til at nåværende inndelingslov for kommunene er
foreldet og mangelfull, blant annet er den svært kortfattet
når det gjelder regler om saksforberedelser om endringer
i kommunegrensene. Loven sier ingenting om hvem som kan reise forslag
om å regulere kommunegrensene. Den sier heller ingenting
om fylkesgrenser. Komiteen er derfor positiv til
at Regjeringen har fremmet forslag til en ny lov som vektlegger
prosessen som skal følges ved endringer av kommune- og
fylkesgrense.