3. Oppretting av klagenemnd for inkassosaker

Samandrag

Departementet foreslår i høyringsbrevet å innføre reglar om klagenemnd for inkassosaker. Klagenemnda vert oppretta gjennom privat initiativ, men vil få offentleg godkjenning. Forslaget inneber at Kredittilsynet får høve til å stille nemndstilknyting som vilkår for inkassoløyve. Lovforslaget omfattar tvistar mellom alle skyldnarar og inkassoforetak, og er med andre ord ikkje avgrensa til tvistar i forbrukarforhold.

Alle høyringsinstansane med få unntak støttar framlegget om å opprette ei klagenemnd for inkassosaker langs dei hovudlinjene Justisdepartementet drog opp i høyringsbrevet.

Justisdepartementet meiner at det bør opprettast ei klagenemnd for inkassosaker. Hovudformålet med ei slik nemnd vil vere å skaffe skyldnarane og inkassoforetaka ein rimeleg og enkel måte å løyse inkassotvistar på. Ei inkassoklagenemnd kan dessutan medverke til ei klargjering og presisering av inkassorettslege reglar. Eit særskilt argument for å opprette ei inkassoklagenemnd er at det i liten mon er ført tilsyn med kravet til god inkassoskikk i inkassolova. Opprettinga av ei inkassoklagenemnd kan gjere at ein får ei meir effektiv handheving av dette kravet.

Departementet føreset at ei klagenemnd vert oppretta gjennom privat initiativ, men at ho kan få offentleg godkjenning som har visse rettsverknader.

For å gjere nemndsystemet effektivt, gjer Justisdepartementet framlegg om at Kredittilsynet kan krevje at inkassoforetaka sluttar seg til ei nemndsordning ved tildeling av inkassoløyve, og at foretak som allereie har løyve, gjer det same, jf. § 5 fjerde ledd i lovforslaget. Kredittilsynet kan såleis stille krav om at ordninga er open for tilslutning også for uorganiserte inkassoverksemder.

Justisdepartementet foreslår at reglane om inkassoklagenemnd skal omfatte tvistar mellom alle skyldnarar og foretak som driv inkassoverksemd. Etter Justisdepartementet sitt syn bør berre skyldnarane kunne bringe saker inn for nemnda. Justisdepartementet meiner dessutan at skyldnaren i forbrukarforhold ikkje bør ha høve til å fråskrive seg retten til nemndshandsaming på førehand, jf. utkast til ny § 22 tredje ledd.

Tvistar om hovudkravet fell utanfor nemnda sin kompetanse. Det kan likevel verte nødvendig at nemnda prejudisielt tek stilling til innvendingar mot hovudkravet.

Etter departementet sitt syn bør nemndsmedlemmer og andre som utfører arbeid for nemnda, ha teieplikt etter inkassolova, jf. utkast til ny § 28 første ledd.

Justisdepartementet har etter ei nærmare vurdering kome til at det bør gjelde ein meir avgrensa litispendensregel enn den som var foreslått i høyringsbrevet. At ein tvist om inndrivingskostnader er brakt inn for inkassoklagenemnda, bør ikkje vere til hinder for at han vert handsama ved dei allmenne domstolane i samband med ei sak om hovudkravet.

I høyringsbrevet er det reist spørsmål om avgjerdene til nemnda bør ha retts- og tvangskraft. Justisdepartementet har kome til at ein ikkje bør knyte slike verknader til avgjerdene. Spørsmålet om retts- og tvangskraft reiser ei rekke prinsipielle spørsmål som bør handsamast i ein større samanheng.

Etter Justisdepartementets syn bør ei sak som nemnda har realitetshandsama, kunne førast rett inn for tingretten utan handsaming i forliksrådet, jf. utkastet til ny § 23 andre ledd.

Departementet gjer framlegg om ei ny føresegn i inkassolova, som regulerer fristavbrot i samband med at ein tvist vert ført inn for inkassoklagenemnda, jf. § 26. Justisdepartementet meiner at den fristavbrytande verknaden berre bør knyte seg til krav som nemnda har kompetanse til å handsame.

For å gjere skyldnarane kjende med høvet til å bringe saker inn for nemnda, gjer Justisdepartementet framlegg om at ei betalingsoppfordring skal innehalde opplysningar om høvet til nemndshandsaming, jf. utkast til ny bokstav f i § 10 første ledd.

Komiteens merknader

Komiteen mener det er avgjørende at det opprettes en klagenemnd som foreslått. For debitor er domstolsprøving med risiko for store saksomkostninger eneste utvei i dag når krav og innkrevningsprosedyre bestrides. Ei klagenemnd vil kunne bøte på dette. Komiteen støtter derfor forslaget om å opprette ei klagenemnd for inkassosaker. Komiteen understreker at hovedformålet med denne nemnda er å skaffe skyldnere og inkassoforetak en rimelig og enkel måte å løse inkassotvister på. Videre merker komiteen seg at oppretting av nemnda også kan medvirke til en klargjøring og presisering av inkassorettslige regler, deriblant gi en mer effektiv håndheving av kravet til god inkassoskikk i inkassolova. Klagenemnda blir oppretta gjennom privat initiativ, men vil få offentlig godkjenning.

Komiteen støtter forslaget om at Kredittilsynet kan kreve at inkassoforetaket slutter seg til ei nemndsordning ved tildeling av inkassoløyve. Komiteen mener at det bare unntaksvis bør tildeles inkassoløyve uten at foretaket slutter seg til nemndsordninga.

Komiteen vil fremheve at det er viktig for å sikre skyldnerens rettigheter at skyldneren i forbrukerforhold ikke skal kunne fraskrive seg retten til nemndsbehandling på forhånd. Komiteen påpeker videre at nemnda opprettes for å styrke skyldnerens stilling i gjeldssaker, og at det derfor bare er skyldneren som kan bringe saker inn for nemnda.

For øvrig støtter komiteen Regjeringens andre forslag til saksbehandlingsregler for nemnda bl.a. om rettskraft og foreldelse.