4.1 Skjerping av strafferamma i § 155 om påføring av smitte

Samandrag

Straffelova § 155 rettar seg mot den som "med skjellig grunn til å tro at han er smitteførende med en allmennfarlig smittsom sykdom, forsettlig eller uaktsomt overfører smitte eller utsetter en annen for fare for å bli smittet". Strafferamma er fengsel inntil 3 år.

Departementet foreslo i høyringsnotatet å skjerpe strafferamma i § 155 til 6 eller 8 års fengsel.

Fleirtalet av høyringsinstansane er samd i at strafferamma i straffelova § 155 bør hevast, men har noko ulikt syn på kor høg lengstestraffa bør vere. Nokre av dei høyringsinstansane som går inn for å skjerpe strafferamma, reiser spørsmål om dette berre bør gjelde ved forsettlege handlingar.

På bakgrunn av høyringa meiner departementet at strafferamma i § 155 bør hevast. Departementet har kome til at det i denne omgangen må vere tilstrekkeleg at strafferamma hevast til fengsel inntil 6 år, som trass alt er ei dobling, samanlikna med den noverande strafferamma. Ein tilsikta konsekvens med å heve strafferamma er at foreldingsfristen i slike saker blir lengre. Dette er viktig, fordi det kan ta tid før den fornærma oppdagar at han eller ho har blitt smitta. Departementet går inn for at fengsel inntil 6 år berre skal kunne nyttast ved forsettlege handlingar, likevel slik at det framleis skal vere tilstrekkeleg med skjellig grunn til å tru at ein sjølv er smitteberande.

Merknader frå komiteen

Komiteen støtter den foreslåtte økning i strafferammen ved overføring av allmennfarlig smittsom sykdom.

4.2 Skjerping av strafferamma i § 390 a om omsynslaus framferd

Samandrag

Straffeloven § 390 a rettar seg mot den som "ved skremmende eller plagsom opptreden eller annen hensynsløs atferd krenker en annens fred eller som medvirker hertil". Strafferamma i § 390 a er bøter eller fengsel inntil 6 månader. Rettspraksis har vist at dette er noko lågt.

Departementet foreslo i høyringsnotatet å skjerpe strafferamma i § 390 a, til dømes til fengsel inntil 2 år.

Forslaget om å heve strafferamma i straffelova § 390 a til 2 års fengsel får støtte av ei rekkje høyringsinstanser. Ingen av dei høyringsinstansane som har uttalt seg om spørsmålet, går mot forslaget om å heve strafferamma.

Høyringa har vist at det er behov for å heve strafferamma i straffelova § 390 a. Departementet meiner at bøter eller fengsel inntil 2 år vil vere ei passe strafferamme. Departementet held difor fast ved forslaget i høyringsnotatet.

Merknader frå komiteen

Komiteen mener psykisk vold og trakassering er alvorlig og inngripende for dem det rammer. Komiteen støtter derfor forslaget om å øke strafferammen til 2 år. En økning av strafferammen vil ikke alene hjelpe dem som lever under frykt og trusler fra andre. Komiteen vil derfor understreke viktigheten av at samfunnet stiller opp for dem som rammes av hensynsløs adferd.