5. Innføring av et særskilt inntektsfradrag for skifer­driverne i Finnmark og Nord-Troms

5.1 Sammendrag

Slik det òg er foreslått for reindriftsnæringa, legg Regjeringa fram forslag om eit inntektsfrådrag for skiferdrivarane i Finnmark og Nord-Troms etter dei same prinsippa som gjeld frådraget for jordbruket. Det vil seie at det i positiv næringsinntekt blir gitt eit botnfrådrag på 36 000 kroner. Av overskytande inntekt blir det gitt eit frådrag på 19 pst. opp til eit samla frådrag på 61 500 kroner.

Føresegna bør takast inn i skattelova § 8-1, som frå før også har føresegner om mellom anna jordbruksfrådraget. Departementet bør ha høve til å gi forskrift til utfylling og gjennomføring av paragrafen.

I tilfelle der skattytaren driv både reindrift og jordbruk eller skiferdrift, skal det ikkje kunne krevjast meir enn eitt heilt frådrag til saman, sjå forslag til nytt niande ledd.

På same måte som for jordbruksfrådraget må eit særskilt frådrag for skiferdrivarane i Finnmark og Nord-Troms innarbeidast i skattelova § 12-12 andre ledd bokstav f.

Regjeringa foreslår at endringane blir sett i kraft straks med verknad frå og med inntektsåret 2003.

Forslaget vil truleg ikkje medføre monalege administrative konsekvensar. Provenytapet er rekna til om lag 3 mill. kroner påløpt og bokført i 2003.

5.2 Komiteens merknader

Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag til endringer i skatteloven § 8-1 nytt åttende ledd og § 12-12 andre ledd bokstav f nytt femte alternativ, og har sluttet seg til § 8-1 nytt niende ledd ovenfor under punkt 4.2.