Regjeringa fremma 13. desember 2002 Ot.prp. nr. 28 (2002-2003)
Om lov om introduksjonsordning for nyankomne innvandrere (introduksjonsloven). Forslaget
inneheldt også utkast til endringar i mellom anna skattelova
og folketrygdlova. Når det gjeld skattemessige forhold,
blei det gjort framlegg om at stønaden som nye innvandrarar
kan få etter utkastet til introduksjonslova, skal vere
skattepliktig som alminneleg inntekt og personinntekt, og at det
skal svarast trygdeavgift med låg sats. For ei nærmare
utgreiing om forslaget på dette punkt, viser ein til den nemnde
proposisjonen.
I Ot.prp. nr. 28 (2002-2003) Om lov om introduksjonsordning for
nyankomne innvandrere blei det ikkje fremma forslag om korleis introduksjonsstønaden
skal handsamast i forhold til rapportering og skattetrekk. Heller
ikkje spørsmålet om arbeidsgjevaravgift blei uttrykkeleg
regulert, men det har blitt lagt til grunn at det ikkje er grunnlag
for å påleggje introduksjonsstønaden
arbeidsgjevaravgift. Det vil vere ei føremon for mottakaren
av stønaden å bli stilt ovafor dei same reglane
som dei mest truleg seinare vil måtte halde seg til i løna
arbeid.
Regjeringa meiner det er mest tenleg at den som utbetaler stønaden,
det vil seie kommunen, bør rapportere utbetalinga til skattestyresmaktene
på lik line med det som gjeld for løn. Truleg
er det allereie heimel for slik plikt til rapportering i likningslova § 6-2 nr.
1 bokstav b. Regjeringa meiner likevel at rapporteringsplikta bør
regulerast uttrykkeleg. Det visast til forslag til endring av likningslova § 6-2
nr. 1 bokstav b. Når det gjeld skattetrekk, bør
introduksjonsstønaden vere omfatta av reglane om forskottstrekk.
Forskottstrekk gjeld mellom anna for løn og pensjon, jf. skattebetalingslova § 5.
Konsekvensen av ikkje å innlemma introduksjonsstønaden
i reglane om forskottstrekk er at det er reglane om forskottsskatt
i skattebetalingslova § 13 føljande som
då vil gjelde.
Forskottstrekk vil vere mest tenleg med sikte på å sikre
at skatten faktisk blir betalt. Også i tilfeller kor skattytaren
har introduksjonsstønad kombinert med anna skattepliktig
inntekt, vil ei ordning med forskottstrekk vere best egna til å sikre
korrekt betaling av skatten. Det visast til forslag til endring
av skattebetalingslova § 5 første ledd
bokstav e.
Introduksjonsstønaden er ei yting frå det offentlege
for å sikre deltakarane i introduksjonsordninga ei inntekt.
Ytinga har ein viss likskap med arbeidsinntekt, då det
er ei føresetnad for å få ytinga at ein tek
del i eit introduksjonsprogram. Det er neppe heimel for å påleggje
arbeidsgjevaravgift på ytinga etter folketrygdlova § 23-2.
Regjeringa meiner likevel at det er mest tenleg at spørsmålet
om plikt til å svare arbeidsgjevaravgift blir regulert
uttrykkeleg. Det blir derfor gjort framlegg om at folketrygdlova
endrast slik at det heilt klart går fram at introduksjonsstønaden
ikkje er ei arbeidsgjevaravgiftspliktig yting. Det visast til forslag
til endring av folketrygdlova § 23-2 nytt femte
ledd.
I Ot.prp. nr. 28 (2002-2003) Om introduksjonsordning for nyankomne
innvandrere (introduksjonsloven) blei det gjort framlegg om at introduksjonslova,
og endringane i andre lovar, skulle setjast i kraft frå 1. september
2003. Kommunane pliktar likevel ikkje å nytte lova før
1. september 2004, jf. utkastet til ikraftsetjingsregel
i § 21. Regjeringa foreslår
derfor at endringane blir sett i kraft frå 1. september 2003.
Komiteen slutter seg til Regjeringens
forslag til endring av likningsloven § 6-2 nr.
1 bokstav b, skattebetalingsloven § 5 første
ledd bokstav e og folketrygdloven § 23-2 nytt
femte ledd samt at folketrygdlovens nåværende § 23-2
femte til tolvte ledd blir nye sjette til trettende ledd.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser
til sine merknader og forslag i Innst. O. nr. 103 (2002-2003) vedrørende
introduksjonsordning for nyankomne innvandrere. Disse medlemmer viser
til at Fremskrittspartiet her fremmet en rekke forslag som ble nedstemt. Disse medlemmer aksepterer
imidlertid resultatet og slutter seg på bakgrunn av dette
til Regjeringens forslag.
Medlemene i komiteen frå Sosialistisk
Venstreparti vil i tillegg vise til merknader og forslag
i Innst. O. nr. 103 (2002-2003).