8. Økonomiske og administrative konsekvensar

Dei endringane departementet gjer framlegg om, vil i første rekkje gje konsekvensar for domstolane, politiet og påtalemakta.

Framlegget om at foreldra til barn som er døde som følgje av ei straffbar handling skal få dekt reiseutlegg og eventuelt tapt arbeidsforteneste som vitne når dei følgjer hovudforhandlinga i straffesaka vil gje det offentlege auka kostnader. Departementet reknar med at framlegget vil kunne gje det offentlege årlege auka utlegg i storleiken kr 500 000-600 000. Men talet er uvisst sidan det ikkje finnast ei total oversikt over saker der barn og unge er døde som følgje av ei straffbar handling.

Når det gjeld framlegget om ei utviding av ordninga med bistandsadvokat reknar departementet berre med at det vil ha små økonomiske og administrative konsekvensar.

Forslaga elles vil kunne føre til noko meir arbeid for politiet og påtalemakta. Framlegga er eit stykke på veg ei synleggjering av gjeldande rettar, så meirarbeidet blir ikkje så stort.