Nærings- og handelsdepartementet kjem i proposisjonen
med forslag til endringar i lov 3. juni 1994 nr. 15 om
Enhetsregisteret, lov 21. juni 1985 nr. 78 om registrering
av foretak og i enkelte andre lover. Føremålet
med endringane er å leggje betre til rette for at Einingsregisteret
og Føretaksregisteret kan fylle oppgåvene som
samordnarar og tilretteleggjarar for brukarane, dvs. både
næringsliv og andre private og for det offentlege.
Hovuddelen av proposisjonen omhandlar Einingsregisteret. Erfaringane
viser behov for tiltak for å auke kvaliteten. Forslaga
i proposisjonen vil føre til høgare kvalitet i
både Einingsregisteret og Føretaksregisteret,
til betre samordning og gjenbruk av dei registrerte opplysningane
og til betre effektivitet i registra.
Det blir foreslått ei endring i formålsparagrafen
i einingsregisterlova, for å gjere det klart at offentlege etatar
har plikt til å nytte grunndata frå Einingsregisteret.
Departementet legg vidare fram forslag til betre samordning av forholdet
mellom Konkursregisteret og Einingsregisteret. Etter dette skal
Einingsregisteret få melding om konkursopningar frå Konkursregisteret.
Vidare blir det foreslått eit betre tilpassa regelverk
for sletting av konkursdebitor. Proposisjonen inneheld òg
forslag til både materielle og systematiske endringar i
regelverket om dokumentasjonskrav ved registrering i Einingsregisteret,
mellom anna lovfesting av reglar om minimumsinnhald i stiftingsdokument.
Departementet foreslår at retten til sjølv å fråtre ei
registrert rolle i Einingsregisteret blir utvida. Det same gjeld
rett til å melde endringar på grunnlag av dom,
registrering av opplysningar som følgje av rettstap, og
rett til å hente inn opplysningar frå andre register
enn dei tilknytte. I tillegg blir det foreslått endringar
i tilgangen på informasjon frå Einingsregisteret,
og ei presisering av reglane om korleis Einingsregisteret skal føre
kontroll. Einingsregisteret skal få høve til å gjere
såkalla påteikningar i registeret, og det skal
ikkje lenger vere nødvendig å registrere opplysningar
om sameigarar i eigarseksjonssameige.
I føretaksregisterlova blir det mellom anna foreslått
ei forenkling i kravet til underskrifter ved nymeldingar til Føretaksregisteret,
slik at den som har signaturrett, kan skrive under.
Ved kongeleg resolusjon av 29. august 2003 vart Einingsregisteret
overført frå Finans- og tolldepartementet til
Nærings- og handelsdepartementet. Denne odelstingsproposisjonen
blir dermed lagt fram frå Nærings- og handelsdepartementet.
Einingsregisteret vart etablert i 1995, og er regulert i lov
3. juni 1994 nr. 15 om Einingsregisteret. Einingsregisteret
fungerer i dag etter intensjonane og bruken av eit felles organisasjonsnummer/identifikasjonssystem
for alle juridiske personar må seiast å vere ein
suksess. I dag er Einingsregisteret i praksis langt på veg
eit fullstendig register over alle juridiske personar, sjølv
om det ikkje er generell registreringsplikt. I denne proposisjonen
blir det ikkje foreslått utvidingar i den generelle registreringsplikta.
Frå offentleg forvaltning blir det påpeika
at kvaliteten ved registeret er noko lågare enn det som
er ønskjeleg. Forslaga i proposisjonen tek sikte på å gjere
det lettare for registeret å halde ein nødvendig
høg kvalitet på den registrerte informasjonen,
utan å leggje unødig store innrapporteringsbyrder
på dei enkelte einingane. Forslaga i høyringsnotatet
får generelt stor støtte.
Nærings- og handelsdepartementet går inn for å utvide
formålsføresegna i einingsregisterlova slik at offentlege
organ og register som ikkje er tilknytte register, skal nytte opplysningar
frå Einingsregisteret så langt det er praktisk
mogleg. Ei lovfesting av plikta vil markere kor viktig dette kravet
er. Ei utviding av plikta til å nytte Einingsregisteret
som grunndatakjelde er ei naturleg vidareutvikling så vel
som ei styrking av registeret og av samordningsrolla innanfor offentleg
sektor. Prosessen er eit viktig steg for å unngå dobbeltrapportering
til offentlege etatar og register.
Det konkrete omfanget av plikta må først og fremst
vurderast ut frå føremålet om å redusere
oppgåvepliktene for næringslivet. For dei organa
som på grunn av omfanget eller den systematiske bruken
av grunndata kjem inn under plikt-regelen, er det foreslått
eit unntak frå plikta til å bruke grunndata frå Einingsregisteret
dersom det ikkje er "praktisk mulig". Unntaket skal berre brukast
i svært avgrensa omfang.
Det er nytt at formuleringa "offentlige organer og registre"
omfattar kommunesektoren. I høve til føremålet
med regelen; mindre oppgåveplikter for næringslivet,
er det viktig at også kommunal sektor er omfatta.
Utvidinga av formålsparagrafen som er foreslått i
proposisjonen, kan likevel saman med regjeringsvedtaket om det same,
føre til at nokre fleire offentlege register vil krevje
organisasjonsnummer av dei som blir registrerte. Men det vil dreie
seg om einingar som alt er registrerte i Einingsregisteret. Fordelen med
bruk av organisasjonsnummer er at det sikrar sikker identifikasjon
av den aktuelle eininga.
I dag er Konkursregisteret ikkje tilknytt register til Einingsregisteret.
I høyringsnotatet var det med forslag om å gjere Konkursregisteret
til eit tilknytt register til Einingsregisteret, og i samband med
det å gjere konkursbuet til registreringseining i Konkursregisteret.
Høyringsinstansane var positive til endringane. Desse forslaga høyrer
nøye saman med eit høyringsnotat frå Justisdepartementet
som inneheldt eit forslag frå Konkursrådet om
endringar i konkurslova og i konkursforskrifta. Formålet
med endringane er å ta i bruk meir elektronisk kommunikasjon
ved kunngjeringar og meldingar frå bustyret. Konkursregisteret
som tilknytt register til Einingsregisteret vil gje ein eintydig identifikasjon
av alle konkursbu. Justisdepartementet er i gang med arbeidet med å fremje
eit lovforslag på dette området. Arbeidet er omtala
i Ot.prp. nr. 23 (2003-2004) om endringar i gjeldsforhandlingslova, konkurslova
mv. som vart behandla i Stortinget i mars 2004. Til saman vil desse
forslaga gje ei meir effektiv konkursbehandling for både
konkursbustyret, kreditorar og alle involverte register. Departementet
tek sikte på å leggje fram dei nemnde forslaga frå høyringsnotatet
i samband med Justisdepartementet sin proposisjon.
Det er i dag ingen reglar om at Konkursregisteret skal gje melding
til Einingsregisteret.
Departementet går i proposisjonen inn for å leggje
Einingsregisteret til lista over dei registra som skal få melding
om opning av konkurs etter konkurslova. Dagens situasjon med at
Einingsregisteret har informasjon berre om konkurs i dei einingane som
er registrert i Føretaksregisteret, er uheldig. Endringa
vil gjere at Einingsregisteret vil få melding om alle konkursopningar
i registereiningane. Ingen av høyringsinstansane har hatt
merknader til dette forslaget.
I høyringsnotatet vart det foreslått at det
skal takast inn eit nytt ledd i einingsregisterlova § 26,
om sletting av samanslutningar med uavgrensa ansvar. Forslaget svarer
stort sett til ordninga etter føretaksregisterlova og gir
Einingsregisteret ein heimel til å følgje opp
slike samanslutningar for å få avklart om dei
framleis er i aktivitet. Eit forslag til endring i konkurslova § 138
om melding frå Konkursregisteret til Einingsregisteret
om avslutning av konkursbehandlinga i saker der konkursdebitor er
einingar med avgrensa ansvar, vil gje Einingsregisteret heimel direkte
i konkurslova til å slette desse einingane. Datatilsynet
peikar på at det frå ein personvernrettsleg ståstad
er positivt at rutinar for sletting frå dei ulike registra
etter avslutning av konkurs blir tydeleg regulerte gjennom endringsforslaget.
Ingen andre høyringsinstansar hadde merknader til forslaget.
Nærings- og handelsdepartementet foreslår at
einingsregisterlova § 26 får eit nytt ledd som
regulerer oppfølging av konkursar i einingar med uavgrensa ansvar.
Vidare går ein inn for eit tillegg til konkurslova § 138.
Denne endringa i konkurslova er avgjerande for at Einingsregisteret
skal få den informasjonen frå Konkursregisteret
som er nødvendig for å følgje opp desse
sakene, og for å gje Einingsregisteret heimel til å følgje
opp konkursar i einingar med avgrensa ansvar. Forslaget må sjåast
i samanheng med forslaget om å leggje Einingsregisteret
til lista over dei som skal ta imot melding om opning av konkurs.
Plikta til å registrere seg i Einingsregisteret er regulert
i einingsregisterlova § 4. For dei registreringseiningane
som er lista opp i første ledd bokstav a-d i føresegna,
blir plikta til å registrere seg utløyst i samband
med registrering i tilknytt register. Dei registreringseiningane
som ikkje har registreringsplikt i Einingsregisteret har ein registreringsrett.
Sidan Einingsregisteret vart oppretta i 1995, har bruken av organisasjonsnummer
som identifikator auka kraftig, slik at det i stadig fleire samanhenger blir
kravd at juridiske personar identifiserer seg ved bruk av organisasjonsnummer.
Dette er ei ønskt utvikling. I høyringsnotatet
om registrering i Einingsregisteret etter krav i andre regler vart
det understreka at det ikkje er teke stilling til om den generelle
registreringsplikta i Einingsregisteret bør utvidast. Men einingsregisterlovgivinga
bør innehalde føresegner som opplyser om at enkelte
lover og forskrifter har føresegner om plikt til å gje
opp organisasjonsnummer, slik at det for enkelte ikkje-registreringspliktige einingar
likevel finst eit faktisk krav om registrering. Nærings-
og handelsdepartementet går inn for å lovfeste
at krav om registrering i Einingsregisteret også kan følgje
av andre lover. Det er viktig for brukarane at informasjonen blir
plassert direkte i lova, slik at informasjonen til desse brukarane
blir best mogleg.
I høyringsnotatet om registrering av sameigarar i eigarsameie
vart det vist til at føresegna om registrering av sameigarar
i eigarseksjonar ikkje fungerer slik ho var meint. I store eigarseksjonssameige,
med mange sameigarar og hyppige utskiftingar av sameigarane er det
eit problem å halde registeret à jour. Dette forringar
kvaliteten på dei registrerte opplysningane i Einingsregisteret,
som igjen kan føre til redusert tillit og truverd til opplysningane
i Einingsregisteret. Nærings- og handelsdepartementet går
inn for at registreringsplikta for sameigarar skal falle bort. Opplysningane
finst offentleg tilgjengelege og oppdaterte i grunnboka, og det
er både unødvendig og uheldig å ha denne
informasjonen i to register. Departementet vil derfor foreslå ei
ordning der det ikkje lenger er rett til å registrere slike
opplysningar i Einingsregisteret.
I høyringsnotatet om dokumentasjonskrav ved førstegongsregistrering
vart det foreslått at kravet om stiftingsdokument som vedlegg
ved førstegongsregistrering skal gå fram av einingsregisterlova.
Dette gjer gjeldande krav meir føreseielege og tilgjengelege.
Av same grunn vart det foreslått at eit krav om å leggje
fram vedtekter, dersom slike finst, blir teke inn i lova. I høyringsnotatet
vart det foreslått at desse krava til vedlegg blir samla
i einingsregisterlova § 8. Finansnæringens
Hovudorganisasjon/Sparebankforeningen har ikkje innvendingar
mot forslaget, men meiner at ein bør finne betre formuleringar
slik at lovteksten blir tydeleg. Departementet er einig med innvendinga
frå Finansnæringens Hovedorganisasjon/Sparebankforeningen,
og foreslår ein noko endra ordlyd i forhold til forslaget
slik det låg i høyringsnotatet. Krava til dokumentasjon
i forslaget til § 8 fjerde ledd kan synest strenge
i ein del samanhengar, men reglane har vore forskriftsfesta
sidan 1995, utan særlege problem i praksis. Departementet legg
til grunn at praktiseringa av krava skal vere som før.
I høyringsnotatet vart det foreslått at einingsregisterlova
skal få ein ny regel om rett til sjølv å kunne melde
eigenfråtreden frå registrert rolle i Einingsregisteret.
Det må gjerast unntak for innehavarar av enkeltpersonføretak
og registrerte enkeltpersonar som ikkje er enkeltpersonføretak,
fordi det her er full identitet mellom personen og sjølve
eininga. Dersom desse personane ikkje lenger ønskjer å vere
registrerte i Einingsregisteret, vil rett framgangsmåte
vere å slette eininga frå registeret. Det vart
vidare presisert at Einingsregisteret berre kan behandle melding
om eigenavgang når Einingsregisteret har kontrollansvaret
for opplysninga. I høyringsnotatet vart det vidare foreslått
ei ny føresegn som skal gje tredjemann rett til å melde
frå om endringar i registeret som følgje av dom.
Kva for endringar som skal gjerast er avhengig av domsresultatet.
Det vart òg foreslått å gje domstolane
høve til å krevje at opplysningar blir tekne inn
i Einingsregisteret, på same måte som dette i
dag er mogleg i Føretaksregisteret.
Finansnæringens Hovedorganisasjon/Sparebankforeningen
støttar forslaget om å gi enkelte grupper utvida
høve til å melde frå om avgang til registeret.
Dei uttalar at dette ikkje minst er viktig for "ikkje-profesjonelle"
einingar som har avgrensa høve til å følgje
opp dei opphavlege registermeldingane sine, og dermed bidra til å oppnå betre
registerkvalitet. Næringslivets Hovedorganisasjon er positiv
til at det blir utvida høve til å melde frå om
eigenavgang, fordi det gjer registeret meir truverdig og tillitvekkjande. Ingen
andre høyringsinstansar hadde merknader til dette forslaget.
Departementet går inn for å endre einingsregisterlova
ved at det blir lagt til ei ny føresegn om utvida høve
til endringsmeldingar frå andre. Ei slik endring kan få positiv
innverknad på kvaliteten av registeret.
I høyringsnotatet vart det foreslått eit nytt
andre ledd i einingsregisterlova § 20, slik at
det uttrykkeleg blir opna for oppdatering frå andre register
enn dei tilknytte. Statistisk sentralbyrå støttar
forslaget, og peikar særleg på kor viktig det
er med gode adresseopplysningar. Næringslivets Hovedorganisasjon
går ut frå at personvernomsyn er vurdert, og at
ein meiner det ikkje er til hinder for forslaget om at opplysningar som
er registrerte i andre register enn tilknytte register, kan innhentast
og registrerast i Einingsregisteret.
Departementet går inn for at Einingsregisteret kan innhente
og registrere opplysningar frå andre register. Utan ein
tydeleg heimel for slik innhenting er det ikkje mogleg for Einingsregisteret å drive
kontroll og såkalla "vasking" av opplysningar opp mot andre
register. Det vil ikkje vere høve til å ta inn
informasjon som etter einingsregisterlova skal meldast inn av eininga
sjølv, og som skal dokumenterast. Dette set klare grenser
for kva informasjon som kan leggjast inn frå andre register.
Vidare skal innhenting av slik informasjon berre kunne gjerast der
det er tvillaust rett. Dersom Einingsregisteret gjer feil vil det kunne
føra til at det blir erstatningsansvarleg etter § 27.
Vidare kan slik innhenting berre skje i den grad det ikkje strir
mot personvernomsyn.
Departementet foreslår å endre reglane om overlevering
av opplysningar frå Einingsregisteret. Opplysningane etter § 6
første ledd kan i dei fleste tilfelle hentast frå andre
kanalar. Avgrensinga i andre punktum sørgjer samtidig for
at det blir teke personvernomsyn. Det er ein uheldig og unødvendig
konsekvens av regelverket at det blir meir tungvint for brukarane å hente
inn opplysningar, og endring her vil føre til enkelt tilgjengeleg
og samla informasjon.
Næringslivets Hovedorganisasjon støttar forslaget
til utvida innsyn i opplysningar i Einingsregisteret. Datatilsynet
peikar på at ein ikkje er prinsipielt imot å samordne
data som er registrerte i Einingsregisteret og i Konkursregisteret,
men understrekar at ein slik bruk av opplysningar frå Konkursregisteret ikkje
er i samsvar med det opphavlege formålet med Konkursregisteret.
Registrering av informasjon om kva status eininga har i forhold
til konkurs kan likevel ikkje seiast å vere i strid med
det opphavlege formålet, og såleis heller ikkje
i strid med personopplysningslova § 11. Rikstrygdeverket
er positiv til den foreslåtte endringa. Statistisk sentralbyrå støttar
forslaget om at all informasjon i Einingsregisteret blir gjort tilgjengeleg,
og legg til at SSB gjer denne typen informasjon tilgjengeleg overfor
statlege og private registerførarar i dag. Endringa vil
gjere at opplysningane som blir registrerte etter einingsregisterlova § 6 første
ledd, blir gjorde tilgjengelege for alle. I dag er berre opplysningar
etter § 5 og § 6 andre ledd
omfatta av den generelle innsynsretten.
Det er ikkje fullstendig overlapping mellom dei opplysningane
som kan hentast frå andre register og dei som etter forslaget
skal kunne hentast frå Einingsregisteret. Departementet
vil særleg vurdere to område der forslaget til
lovendring vil få verknad.
Det er for det første ein del einingar som er registrerte
berre i Einingsregisteret, og "§ 6 første
ledd"-opplysningar om desse er i dag ikkje offentleg tilgjengelege
nokon annan stad. For dei som samhandlar med eininga kan det vere
viktig å ha tilgang til denne informasjonen. Faren her
er at informasjon kan misbrukast ved samanstilling. Føresegna
i § 22 tredje ledd motverkar dette, ved at det
er sett forbod om samanstilling av andre opplysningar om personar enn
det som gjeld næringsverksemd.
Vidare er, som Rikstrygdeverket peikar på, talet på tilsette
i ei eining i dag ein "§ 6 første ledd"-opplysning
som ikkje er tilgjengeleg frå Einingsregisteret. Denne
opplysninga er heller ikkje tilgjengeleg frå trygdeetaten.
Men gjennomsnittleg tal tilsette er offentleg gjennom årsrekneskapane
til alle rekneskapspliktige. Departementet kan derfor ikkje sjå at
det er grunnlag for å kalle denne opplysninga ein forretningsløyndom.
Det er vidare viktig å vere klar over at Einingsregisteret
ikkje inneheld nokon form for sensitive personopplysningar. Forslaget
endrar ikkje på unntaksføresegna i § 22
om at fødselsnummer ikkje kan givast ut.
Datatilsynet sin merknad tek utgangspunkt i forslaget om å gjere
Konkursregisteret til tilknytt register til Einingsregisteret og
blir ikkje følgt opp i denne proposisjonen. Tilhøvet
til personvernet vil bli særskilt vektlagt når
departementet kjem tilbake til den saka.
I høyringsnotatet om Einingsregisteret vart det foreslått
at det blir teke inn eit nytt andre punktum i § 17
første ledd, som klart seier at Einingsregisteret skal
gjere ein utvida kontroll av opplysningar mot andre lover og forskrifter.
Det vart presisert at denne kontrollen, på same måte
som kontrollen i samsvar med einingsregisterlova og forskrift gitt
i medhald av einingsregisterlova, berre er aktuelt for dei einingar som
Einingsregisteret har kontrollansvaret for etter § 17
andre ledd, jf. § 13, altså einingar
som ikkje er kontrollerte av tilknytte register. Næringslivets
Hovedorganisasjon støttar forslaget om at registerføraren
skal prøve opplysningane som det blir søkt om å få registrert,
i forhold til generelle lover og forskrifter. Nærings-
og handelsdepartementet går inn for å gje Einingsregisteret
utvida høve til å kontrollere innsende opplysningar.
Lovteksten i forslaget er endra frå ein "skal"-regel til
ein "kan"-regel, då dette er best i samsvar med føremålet
med regelen.
I høyringsnotatet vart det foreslått at einingsregisterlova § 23,
som pålegg alle registreringseiningar å føre
organisasjonsnummeret på breva og forretningsdokumenta
sine, blir endra, slik at ikkje-næringsdrivande enkeltpersonar
blir unnatekne frå plikta.
Det vart vidare foreslått at det skal stillast krav om
at namnet/føretaksnamnet til registreringseininga blir
oppgitt i brev og forretningsdokument. Ei tilsvarande endring er
foreslått i føretaksregisterlova. Det er behov
for klarare regelverk på området.
Næringslivets Hovedorganisasjon støttar ei
klargjering av regelverket på området, men synes
omgrepet "forretningsdokument" er uklart og meiner forslaget går
for langt i høve til kva som er nødvendig. Finansnæringens
Hovedorganisasjon/Sparebankforeningen er positive til at
reglane om dokumentopplysningar i føretaksregisterlova
og i einingsregisterlova blir harmoniserte. Det bør stillast
krav til meir omfattande opplysningar i aksjeselskap sine brev o.a.
Dei peikar vidare på at omgrepet "brev og forretningsdokumenter"
er uklart. Departementet går inn for å endre einingsregisterlova § 23
slik at det blir gjort unntak frå kravet om å gje
opp organisasjonsnummer for enkeltpersonar som ikkje er innehavar
av enkeltpersonsføretak. Ein støttar òg
forslaget om å endre føresegna slik at det kjem
klart fram at brev og forretningsdokument skal innehalde føretaksnamn/namn på registreringseininga.
Til merknadene om at uttrykket "brev og forretningsdokumenter" er
uklart, vil departementet vise til drøftinga av dette i
kap. 4.4 i proposisjonen. Behovet for endring i einingsregisterlova på dette
området vil bli tatt i samband med gjennomføringa
av endringar i første selskapsdirektiv og endringar i føretaksregisterlova § 10-2.
Nærings- og handelsdepartementet foreslår å endre
omgrepet einingstype til omgrepet organisasjonsform i einingsregisterlova § 5
andre ledd bokstav c for å harmonisere omgrepsbruken. Tilsvarande
endring vil bli gjort i forskrifta til einingsregisterlova.
Nærings- og handelsdepartementet går inn for å endre
omgrepet aksjefond til omgrepet verdipapirfond i einingsregisterlova § 4
første ledd bokstav b. Innhaldsmessig fører ikkje
dette med seg nokon endring.
Departementet går inn for at opplysning om forretningskommune
blir eit lovbestemt minimumskrav for vedtekter for andre selskap
med avgrensa ansvar, på linje med aksjeselskap/allmennaksjeselskap.
Ingen av høyringsinstansane har kommentert dette forslaget.
I høyringsnotatet om underskrift ved førstegongsmelding
til Føretaksregisteret vart det framheva at dei forholda
som var grunngiving for å forenkle krav til underskrift
ved endringsmeldingar, også gjer seg gjeldande ved nyregistrering.
I høyringsnotatet vart det derfor foreslått at
føretaksregisterlova blir endra, slik at dei med signaturrett òg
kan skrive under ved melding om nyregistrering. Den praktiske verdien
av at dei med signaturrett får høve til å skrive
under på melding om nyregistrering, varierer noko frå organisasjonsform
til organisasjonsform. For enkeltpersonføretak inneber
endring av underskriftsregelen ikkje noka realitetsendring. For
føretak med styre ligg det meldeplikt på kvar
enkelt styremedlem. I høyringsnotatet vart det understreka
at det er ei vesentleg forenkling dersom det blir tilstrekkeleg å hente
inn særskild tiltredingserklæring frå dei
styremedlemmene som ikkje skriv under på meldinga som signaturrettshavar.
I ansvarlege selskap og kommandittselskap som ikkje er organiserte
med styre ligg meldeplikta på kvar enkelt ansvarleg deltakar.
I samsvar med dagens regelverk må derfor alle deltakarar
underteikne blanketten ved nyregistrering. I kommandittselskap er
det berre komplementaren som er ansvarleg deltakar. Her har ei endring
av underskriftskravet dermed noko å seie berre dersom selskapet
har to eller fleire komplementarar. For ansvarlege selskap følgjer
det av selskapslova at kvar enkelt deltakar representerer selskapet
utetter. Denne føresegna må etter analogi gjelde
tilsvarande for partsreiarlag. Endring av underskriftskravet har
dermed i forhold til ansvarlege selskap og partsreiarlag innverknad
i alle tilfelle, med unntak av dei tilfella der selskapet samtidig
melder at deltakarane har selskapssignatur i fellesskap.
Det vart derfor foreslått at føretaksregisterlova § 4-4
bokstav f blir endra i samsvar med dagens praksis "erklæring
fra ansvarlig deltaker som ikke selv har meldeplikt om at meldingen
skjer med deres samtykke".
Samtykke til registrering i Føretaksregisteret kan takast
inn i selskapsavtalen, eventuelt givast i form av underskrift på blanketten
eller som ei særskild erklæring. Den foreslåtte
endringa av underskriftskravet inneber at føretaksregisterlova § 4-4
bokstav f òg skal omfatte ansvarlege deltakarar i selskap
som ikkje er organiserte med styre. I praksis får det noko å seie
berre der det er/blir gitt signaturrett.
Næringslivets Hovedorganisasjon støttar forslaget
om at førstegongsmelding kan underskrivast berre av signaturrettshavar.
Departementet går inn for å forenkle kravet
til underskrift ved nyregistrering, slik at dette kan gjerast av
signaturrettshavar åleine. Tilsvarande sluttar departementet
seg til den foreslåtte endringa i føretaksregisterlova
slik at føresegna om vedlegg til førstegongsmelding
og endringsmelding òg kan omfatte ansvarlege deltakarar
i selskap som ikkje er organiserte med styre.
Det ble foreslått i høyringsnotatet at føresegnene i
einingsregisterlova og føretaksregisterlova skal harmoniserast,
ved at det blir presisert i føretaksregisterlova § 10-2
at andre føretak enn aksjeselskap, allmennaksjeselskap
og filial av utanlandsk føretak skal gje opp organisasjonsnummeret
sitt på brev og forretningsdokument. Det blir foreslått
at plikta til å bruke bokstavane "MVA" på salsdokument
blir teken inn også i føretaksregisterlova. Dei
to lovene har i dag ulike formuleringar av kva type dokument dokumentopplysningsplikta
omfattar. Det vart foreslått ei språkleg samordning
av einingsregisterlova § 23 og føretaksregisterlova § 10-2,
slik at formuleringa "brev og forretningsdokumenter" blir brukt
i begge dei to lovene.
Finansnæringens Hovedorganisasjon/Sparebankforeningen
er positive til at reglane i dei to lovene vert harmoniserte noko,
likevel slik at det vert stilt krav til meir omfattande opplysningar
i aksjeselskapa sine brev og forretningsdokument. Dei er imidlertid noko
usikre på kva for dokument som vert omfatta av "brev og
forretningsdokumenter", og om ulike slag reklamemateriell og kundepleieprodukt
er omfatta. Næringslivets Hovedorganisasjon gjev si støtte
til at regelverket vert klarare, men stiller spørsmålstegn ved
om kravet om at opplysningene skal framkomme på alle "forretningsdokumenter"
(i tillegg til brev), går for langt i forhold til dei formuleringane
som er å finne i dei direktiva dokumentopplysningskrava
byggjer på. Næringslivets Hovedorganisasjon foreslår uttrykket
"brev og ordredokumenter" i staden. Elles går organisasjonen
ut frå at det blir ein overgangsperiode for einingar som
har innretta seg annleis på grunn av dagens uklare krav.
Departementet vil, på grunnlag av merknadene frå høyringsinstansane,
ikkje gå inn for endringa i oppramsinga av kva type dokument
dokumentopplysningsplikta skal omfatte. Ein vil kome tilbake til dette
spørsmålet i samband med oppfølginga
av rådsdirektiv 2003/58/EF om endring
av rådsdirektiv 68/151/EF (første
selskapsrettsdirektiv). Direktivet vil gjere det nødvendig
med endringar i § 10-2. Dette gjeld krav til opplysningar
om føretak på heimesider.
Departementet går, i tråd med høyringsinstansane
sitt syn, inn for dei andre endringsforslaga som vart lagde fram
i høyringsnotatet. Det er rimeleg at næringsdrivande
finn regelverket som gjeld for dei, mest mogleg samla i føretaksregisterlova.
Ved ein inkurie vart to føresegner i føretaksregisterlova
og ei føresegn i dekningslova ikkje tekne med i samband
med ei rekkje endringar i rettsgebyrlova og selskapslovgivinga.
Det er nødvendig å få retta opp dette.
Ein viser til forslaget til endring i føretaksregisterlova § 6-2
andre ledd andre punktum og § 7-3 første
ledd andre punktum, og i dekningslova § 1-3.
Forslaga i proposisjonen vil totalt sett ikkje gje særleg
auke i arbeidsmengda ved registra, og heller ikkje føre
til auke i driftskostnadene.
Utvidinga av formålsparagrafen i einingsregisterlova
fører til at andre offentlege organ kan få noko auka
utgifter for tilpassingar i tekniske løysingar for å henta
opplysningar frå Einingsregisteret. Med den pågåande
utviklinga av web-tenester, vil kostnadene bli små. Større
bruk av grunndata vil føre til noko hyppigare ajourføringar,
men også til betre kvalitet på dei registrerte
opplysningane.
For kommunal sektor er plikta ny, og ein må pårekna
ei begrensa økonomisk belastning i ein overgangsperiode.
Den praktiske tilpassinga i kommunal sektor vil kunne ta noko lenger
tid.
Dei foreslåtte endringane i forholdet mellom Einingsregisteret
og Konkursregisteret vil leggje grunnlaget for ryddigare tilhøve
mellom registra og for arbeidet i dei enkelte register. Dei andre
endringane i einingsregisterlova vil gje eit ryddigare og meir tilpassa
regelverk for arbeidet i registeret, særleg når det
gjeld oppdatering og sletting.
Forslaget til endringar i føretaksregisterlova vil,
i tillegg til å gje Føretaksregisteret eit ryddigare
regelverk å handheve, føre til færre
registreringsnektingar som vil vere kostnadssparande.
Fleire av dei foreslåtte endringane medfører
enklare rutinar for dei næringsdrivande/brukarane
som skal samhandle med Einingsregisteret og Føretaksregisteret.
Mellom anna medfører ei endring i kravet til underskrift
ved førstegongsmelding til Føretaksregisteret
at meldinga ikkje må sendast til alle meldepliktige når
eit føretak skal nyregistrerast, noko som inneber eit langt
mindre ressurskrevjande forarbeid i samband med førstegongsregistrering.
Vidare vil endringa i formålsparagrafen til einingsregisterlova
vere med på å redusere innrapporteringane frå næringslivet
til det offentlege totalt sett. Auka bruk av grunndata frå Einingsregisteret
vil vere med og redusere dei administrative byrdene for dei næringsdrivande.
For bustyrarane og konkursdebitor vil lovendringane i einingsregisterlova
og endringane i konkurslova gjere at prosedyrane ved oppretting
og sletting av konkurs- og tvangsavviklingsbu blir noko forenkla.
Den foreslåtte reguleringa av krav til innhald i stiftingsdokument
og vedtekter inneber inga endring av dagens praksis. Lettare tilgang
til krava til dokumentasjon ved registrering/endring er
ein fordel for brukarane.
Ei utviding av retten til innsyn i Einingsregisteret vil gje
næringsdrivande og andre brukarar noko lettare tilgang
på grunndata.
Både auka bruk av Einingsregisteret, betre regulering
av arbeidet med oppdatering osv. av registra og betre kvalitet på registerinformasjonen
vil generelt sett vere til fordel for næringsliv og andre
brukarar.