2. Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, leiaren Olav Akselsen, Bendiks H. Arnesen, Grethe Fossli og Aud Gaundal, frå Høgre, Silja Ekeland Bjørkly, Ivar Kristiansen og Michael Momyr, frå Framstegspartiet, Øystein Hedstrøm og Lodve Solholm, frå Sosialistisk Venstreparti, Åsa Elvik og Inge Ryan, frå Kristeleg Folkeparti, May-Helen Molvær Grimstad og Einar Steensnæs, og frå Senterpartiet, Odd Roger Enoksen, viser til Ot.prp. nr. 80 (2003-2004) som gjer framlegg til endringar som har til formål å auke samordning, effektivisering og gjenbruk av grunndata og registra med resultat at Einingsregisteret og Føretaksregisteret betre kan fylle oppgåvene som samordnar og tilretteleggjar for brukarane.

Komiteen meiner den auka gevinsten ved desse forslaga er høveleg og støtter opp under målsetjinga som er lagt til grunn. Den teknologiske utviklinga gir mogelegheit for å påverke og utforme det offentlege tilbodet på måtar vi ikkje før har kunne tenkt oss. Dette er ikkje minst til fordel for brukarane som skal nytte desse tenestene.

Komiteen har merka seg at føremålsparagrafen i Einingsregisteret vert endra for å gjere det klårt at offentlege etatar har plikt til å bruke grunndata frå Einingsregisteret. Komiteen ser at dette vil gje større gjenbruk av informasjon som alt er lagra, noko som òg vil føre til mindre skjemabruk for brukarane.

Komiteen har merka seg forslaga til betre samordning mellom Konkursregisteret og Einingsregisteret. Einingsregisteret skal få melding om konkursopningar frå Konkursregisteret. Vidare skal det bli eit betre tilpassa regelverk for sletting av konkursdebitor. Dette vil betre kvaliteten på Einingsregisteret og lette arbeidet for registra og brukarane.

Komiteen har vidare merka seg at det er gjort framlegg om materielle og systematiske endringar i reglane om dokumentasjon ved registrering i Einingsregisteret ved at det blir gjort framlegg om å lovfeste reglar om minimumsinnhald i stiftingsdokument og vedtekter. Dette er viktig for å synleggjere og konkretisere noverande krav for å gjere dei lettare tilgjengelege for brukarane.

Komiteen ser også at tilgangen på informasjon frå Einingsregisteret vert auka. Dette vil føre til at kvar og ein har rett til å få alle grunndata frå Einingsregisteret, men slik at ein opprettheld noverande unntak for fødselsnummer. Komiteen ser at dette gir brukarane forenkla tilgang til opplysingane og forenklingar i Einingsregisteret sitt system for utlevering.

Komiteen har merka seg at det vert gjort framlegg om endringar i kravet til underskrift ved nymeldingar til Føretaksregisteret, slik at desse kan underskrivast av den som har signaturrett åleine, og vil gje forenklingar for mange føretak.

Komiteen vil legge vekt på verdien av auka bruk av, betre regulering av og betre kvalitet på registra slik at dette vil gje fordelar for næringslivet og andre brukarar. Det er viktig for brukarane at vi får til avgjerande bidrag til betra kvalitet i registra og betre samordning mellom registra. Komiteen tykkjer også det er bra at denne kvalitets- og effektivitetsforbetringa i liten grad vil føre til auking i driftskostnader for registra, då bruk av nye tekniske løysingar gjer dette svært lite krevjande. Komiteen ser framlegga i Ot.prp. nr. 80 (2003-2004) som viktige innlegg i høve til arbeidet med forenklingar overfor næringslivet.