Innstilling frå næringskomiteen om lov om endring i lov 3. juni 1983 nr. 40 om saltvannsfiske mv. (avgiftsheimel)

Dette dokument

  • Innst. O. nr. 32 (2004-2005)
  • Kjeldedokument: Ot.prp. nr. 3 (2004-2005)
  • Dato: 02.12.2004
  • Utgjevar: Næringskomiteen
  • Sidetal: 3
Til Odelstinget

Samandrag

Regjeringa gjer i proposisjonen framlegg om at det vert gjeve heimel i lov 3. juni 1983 nr. 40 om saltvannsfiske mv. for innkrevjing av ei avgift som dekkjer utgifter styresmaktene får ved å utføre ulike forvaltingsoppgåver innanfor verkeområdet til saltvassfiskelova.

Slik kostnadsdekning er gjennomførd på ulike område. Regjeringa meiner at det innanfor ressursforvaltingsområdet er særleg godt grunnlag for å innføre slike avgifter, fordi fiskerinæringa har fått gratis tilgjenge til å drive næringsverksemd med utgangspunkt i ein fellesressurs.

Fiskeriforvaltinga gjennomfører eit omfattande og kostnadskrevjande arbeid for å sikre at fiskeressursane vert hausta på ein berekraftig måte. Budsjettproposisjonen til Fiskeri- og kystdepartementet for 2005 gjer greie for det samla ressursforvaltingsarbeidet og kostnadane ved dette. Målet med arbeidet er å sikre eit best mogleg langtidsutbytte frå fiskerinæringa, til beste for den einskilde næringsutøvar, den samla næringa og samfunnet som heilskap. Då er det ikkje urimeleg at næringa sjølv dekkjer ein del av utgiftene ved dette arbeidet.

Det er særleg nærliggande å peike på det omfattande arbeidet med bestandskartlegging og - overvaking, kvoteforhandlingar med andre land og arbeidet med fordeling av den nasjonale kvoten og fastsetjing av kvotar for dei einskilde fartøya. Dette arbeidet er heilt naudsynt for å kunne gjennomføre eit forsvarleg og berekraftig fiske, og det kjem heile næringa til gode. Arbeidet som ligg til grunn for den årlege tildelinga av kvotar, er direkte avgjerande for kvar einskild si næringsverksemd og økonomiske gevinst både på kort og lang sikt.

Det fell også naturleg å peike på at dei utgiftene samfunnet har til kontroll med fiskeriaktiviteten, i alle fall delvis bør dekkast av næringa. Det er handlingar frå næringsaktørane sjølve som har utløyst desse kontrollutgiftene og kontrollarbeidet er naudsynt for å sikre at haustinga skjer korrekt i høve til dei reglane som gjeld, særleg for uttaksavgrensingar.

Innkrevjing av gebyr og avgift for offentlege tenester og kontrollordningar er i dag gjennomført på ulike område. Slike ordningar byggjer normalt på det generelle prinsippet at brukarane av offentlege tenester/ytingar også skal betale for dei kostnadane dei påfører samfunnet. Som utgangspunkt skal dei ikkje samla overstige kostnadane ved det arbeidet forvaltinga gjer. Fiskeristyresmaktene krev i dag gebyr for å handsame ein del typar søknader som gjeld fiskefartøy og eit årleg gebyr for å ha eit fartøy registrert i registeret over fiskefartøy. Desse gebyra er knytte til konkrete arbeidsoppgåver som fiskeriforvaltinga utfører – handsaming av søknader og føring/vedlikehald av registeret – med heimel i deltakarlova.

Dei økonomiske og administrative kostnadane ved ei slik avgift vil vere avhengig av korleis avgifta skal bereknast og krevjast inn.

Ei avgift fastsett til ein viss prosent av førstehandsverdien av omsett fangst og kravd inn av salslaga ved avrekning av fangstoppgjer til fiskar, vil vere svært kostnadseffektiv fordi ein kan nytte allereie etablerte rutinar og system. Salslaga krev i dag inn andre avgifter, og vidaresender desse til ulike mottakarar. Dersom ein vel ein slik innkrevjingsmåte, trengst det ikkje nye administrative rutinar eller ressursar hos salslaga eller i fiskeriforvaltinga.

Salslaga vil i tilfelle få høve til å dekkje dei ekstra utgiftene som måtte kome, av avgiftsmidlane.

For næringa vil ei slik avgift bli ein ny kostnad.

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, leiaren Olav Akselsen, Bendiks H. Arnesen, Grethe Fossli og Aud Gaundal, frå Høgre, Silja Ekeland Bjørkly, Ivar Kristiansen og Michael Momyr, frå Framstegspartiet, Øystein Hedstrøm og Lodve Solholm, frå Sosialistisk Venstreparti, Åsa Elvik og Inge Ryan, frå Kristeleg Folkeparti, May-Helen Molvær Grimstad og Einar Steensnæs, og frå Senterpartiet, Odd Roger Enoksen, viser til at departementet i Ot.prp. nr. 3 (2004-2005) føreslår å innføre ein heimel i lov om saltvannsfiske av 3. juni 1983, nr. 40 for å kunne krevje inn ei avgift som dekker utgifter styresmaktene har ved forvaltningsoppgåver innanfor virkeområdet til saltvannsfiskelova.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet vil innledningsvis bemerke at departementets forslag ikke har vært på høring. Dette er etter flertallets oppfatning mindre heldig, når forslaget gir en så vid hjemmel til å pålegge økte avgifter til fiskerinæringen.

Omfanget av avgiften skal begrenses til å være utgifter som styresmaktene har innen virkeområdet av saltvannsfiskeloven. Dette er et meget vidt grunnlag, og den økonomiske belastningen på næringen kan dermed også bli svært stor. Det er derfor ikke ønskelig med en ny avgift pålagt fiskerinæringen.

Flertallet har også merket seg at departementet legger til grunn at næringen skal betale en avgift for å dekke statens utgifter til forhandlinger med andre stater. Dette er et mildt sagt oppsiktsvekkende prinsipp.

Flertallet går derfor mot departementets forslag.

Komiteens medlemmer fra Høyre, Fremskrittspartiet og Kristelig Folkeparti viser til at departementet i Ot.prp. nr. 3 (2004-2005) foreslår å innføre en hjemmel i lov om saltvannsfiske av 3. juni 1983 nr. 40 for å kunne kreve inn en avgift som dekker utgifter myndighetene har ved forvaltningsoppgaver innenfor virkeområdet til saltvannsfiskeloven.

Disse medlemmer viser til departementets pågående høring angående differensiering av den foreslåtte avgift. Disse medlemmer mener næringens råd bør vektlegges.

Disse medlemmer viser til departementets begrunnelse om at næringsaktørene som høster av en felles ressurs skal være med å betale en del av de utgiftene myndighetene har ved å kontrollere et bærekraftig uttak. Omfanget av avgiften skal begrenses til å være utgifter som myndighetene har til kontroll av ressursuttak.

Disse medlemmer mener at hjemmelen må begrenses til å omfatte den særskilt foreslåtte kontrollavgiften slik at det ikke legges grunnlag for ytterligere økonomiske belastninger for fiskerinæringen.

Komiteens medlemmer fra Høyre og Kristelig Folkeparti vil på denne bakgrunn støtte departementets forslag om å endre loven for å kunne åpne for å ta en avgift for å finansiere deler av ressurskontrollen.

Komiteens medlemmer fra Høyre, Fremskrittspartiet og Kristelig Folkeparti fremmer følgende forslag:

"Vedtak til lov

om endring i lov 3. juni 1983 nr. 40 om saltvannsfiske mv.

I

I lov 3. juni 1983 nr. 40 om saltvannsfiske mv. gjøres følgende endring:

Ny § 46 skal lyde:

§ 46 Kontrollavgift

Departementet kan gi forskrift om kontrollavgift, herunder nærmere bestemmelser om plikten til å svare avgift, innkreving av avgift og om opplysningsplikt for den som leverer og mottar fangst, når dette er bestemmende for avgiftspliktens omfang.

Skyldig avgift er tvangsgrunnlag for utlegg.

II

Lova trer i kraft 1. januar 2005."

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet er motstandere av å pålegge fiskerinæringen ytterligere belastninger gjennom flere avgifter, men vil som en følge av budsjettforliket mellom regjeringspartiene og Fremskrittspartiet støtte innføring av en kontrollavgift for fiskerinæringen.

Disse medlemmer er imidlertid av den oppfatning at omfanget av den avgiftshjemmelen som foreslås er for vid da den gjelder virkeområdet for saltvannsfiskeloven. Disse medlemmer mener at en avgiftshjemmel så generell som Regjeringen fremmer forslag om vil kunne medføre for store økonomiske belastninger for næringen. Disse medlemmer mener derfor at denne hjemmelen må begrenses.

Forslag frå mindretal

Forslag frå Høgre, Framstegspartiet og Kristeleg Folkeparti:

"Vedtak til lov

om endring i lov 3. juni 1983 nr. 40 om saltvannsfiske mv.

I

I lov 3. juni 1983 nr. 40 om saltvannsfiske mv. gjøres følgende endring:

Ny § 46 skal lyde:

§ 46 Kontrollavgift

Departementet kan gi forskrift om kontrollavgift, herunder nærmere bestemmelser om plikten til å svare avgift, innkreving av avgift og om opplysningsplikt for den som leverer og mottar fangst, når dette er bestemmende for avgiftspliktens omfang.

Skyldig avgift er tvangsgrunnlag for utlegg.

II

Lova trer i kraft 1. januar 2005.

Tilråding frå komiteen

Tilrådinga frå komiteen vert fremma av komiteens medlemmer frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet.

Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Odelstinget til å gjere følgjande

vedtak:

Ot.prp. nr. 3 (2004-2005) - om lov om endring i lov 3. juni 1983 nr. 40 om saltvannsfiske mv. (avgiftsheimel) - vert ikkje vedteke.

Oslo, i næringskomiteen, den 2. desember 2004

Olav Akselsen Odd Roger Enoksen
leiar ordførar