1.1 Arbeidet med lovforslaget

Landbruks- og matdepartementet sendte 29. juni 2005 ut eit høyringsnotat med forslag om å oppheve delingsforbodet i jordlova, avvikle ordninga med friviljug statleg kjøp for å sikre tilleggsjord og oppheve heimlane til å oreigne i jordlova (tilleggsjord, vanhevda jord og husmannsplassar). Departementet foreslo også å oppheve heimelen til å avløyse bruksrettar. Departementet foreslo samtidig at dei reaksjonane forvaltinga kan ta i bruk overfor tilskotsmottakar burde gå fram av jordlova § 18, og at seks uaktuelle lover skulle opphevast.

Høyringsfristen for forslaga gjekk ut 1. november 2005. Det kom inn 204 uttaler på høyringsrunden. Hovudtyngda av innspel kom frå kommunane.

Dei aller fleste innspela gjaldt forslaget om å oppheve det generelle forbodet mot deling. Hovud­inntrykket er at få støttar forslaget. 143 kommunar har uttala seg, og av dei rår 126 frå oppheving av det generelle forbodet mot deling. 17 fylkeslandbruksstyre og 8 fylkesmenn går imot forslaget. Dei 16 organisasjonane som har kome med innspel er delt i synet på spørsmålet. Dei som tilrår, legg mellom anna vekt på behovet for auka fleksibilitet og ønsket om å sikre større utbod av tomter i distrikta. Dei som rår frå meiner mellom anna at forslaget vil få uheldige konsekvensar for jordvernet, og at det vil vere uheldig å leggje til rette for at utmarksressursane kan bli frådelt og ikkje utgjere ein del av driftsgrunnlaget på eigedomen. Departementet meiner at forslaget om å fjerne delingsforbodet kan føre til at viktige ressursar blir frådelte, og at moglegheita for ny næringsutvikling på garden blir redusert. Departementet meiner vidare, som mange av høyringsinstansane, at forslaget kan få uheldige følgjer for jordvernet. Dagens praksis sikrar dei samfunnsinteresser som bør ivaretakast. Departementet vil derfor ikkje fremje forslaget om å oppheve delingsforbodet. Departementet vil heller ikkje foreslå andre endringar i delingsføresegna.

Dei andre forslaga gjer ein framlegg om å følgje opp.

I høyringsnotatet blei det ikkje fremja forslag om endring av odelslova §§ 16 og 31. Som ei følgje av forslaget om å oppheve nokre av verkemidla i jordlova, foreslår departementet likevel endringar i desse føresegnene. Endring er nødvendig fordi det i føresegnene i odelslova er synt til føresegner i jordlova som departementet foreslår oppheva. Det gjeld odelslova §§ 16 fjerde ledd og 31.

1.2 Hovedpunkt i lovforslaget

1.2.1 Friviljuge statlege kjøp - jordlova § 6

Friviljuge statlege kjøp tar sikte på bruksrasjonalisering. Myndigheitene har til dømes tatt initiativ ovafor ein eigar med sikte på å få han til å selje tilleggsareal friviljug anten med staten som mellommann, eller direkte til den som skal overta jorda. Eigedom staten har tatt over, skal fordelast og nyttast slik at formålet med konsesjonslova blir tilgodesett best mogleg. Vidare må formålet med jordlova trekkast inn i vurderinga. Formålet må vere å bruke arealet som tilleggsjord.

Departementet sendte på høyring forslag om å endre jordlova § 6 slik at ordninga med friviljuge statlege kjøp fell bort. Føresegna skulle elles gjelde som før. 69 høyringsinstansar har uttalt seg til forslaget.

Departementet meiner som dei fleste høyringsinstansane at det ikkje lenger er ein nødvendig eller naturleg oppgåve for staten å drive strukturrasjonalisering gjennom kjøp og formidling av eigedomar, og at slike transaksjonar i alle høve vil ha marginal tyding. Bruksrasjonalisering bør etter departementet si meining skje gjennom forhandlingar mellom eigar og interessent utan staten sin direkte medverknad. Departementet foreslår derfor at ordninga med statlege kjøp til rasjonaliseringsformål blir oppheva.

Departementet ser heller ikkje gode nok grunnar til å føre vidare ordninga kor staten ved fylkeslandbruksstyret kjøper areal for å bruke det i samferdselsjordskifte. Det er meir naturleg at den som står for samferdselstiltaket sjølv kjøper arealet, som til dømes Statens vegvesen. Forslaget har også samanheng med at Jordfondet, som tidlegare har finansiert slike kjøp, er vedtatt avvikla - jf. Innst. S. nr. 240 (2004-2005).

Dei jordfondseigedomane staten eig i dag bør seljast etter gjeldande ordning. Det inneber at Fylkesmannen må leggje tilhøva til rette for vidaresal, og at kommunen bestemmer kven som skal få kjøpe og prisen på eigedomen.

1.2.2 Oreigning av tilleggsjord - jordlova § 13

Dersom ein ikkje kan nå formålet med jordlova ved friviljug kjøp, kan departementet etter jordlova § 13 oreigne areal og rettar som tillegg til eksisterande jord- og skogbrukseigedom. I gjennomsnitt trefte fylkeslandbruksstyra årleg i perioden 1995-2004 om lag 2-3 vedtak i saker om oreigning i medhald av § 13.

Departementet sendte på høyring forslag om å oppheve heimelen til å oreigne tilleggsjord i jordlova § 13. Departementet har motteke 67 uttaler. 5 kommunar går imot forslaget. Fylkeslandbruksstyra som avgjer søknadene om oreigning er alle einige i forslaget.

Det som er oppnådd i form av endra bruksstruktur ved bruk av oreigningsretten er svært lite, samtidig som oreigning av mange blir sett på som eit unødig inngripande og til dels eit urimeleg verkemiddel. Tal departementet har innhenta syner vidare at heimelen sidan 1995 berre har blitt brukt i 3 høve for å skaffe tilleggsjord. Departementet meiner det er grunn til å tru at heimelen vil bli lite brukt også framover, og at synet på oreigningsordninga heller ikkje vil endre seg. Sakene krev mykje arbeid og tilleggsjorda blir relativt kostbar. Departementet meiner difor at oreigningsheimelen i § 13 bør opphevast.

1.2.3 Oreigning av vanhevda jord - jordlova § 8

All dyrka jord som kan gi grunnlag for lønsam drift skal etter jordlova § 8 haldast i hevd. Finn departementet at dyrka jord er vanhevda eller ligg unytta, kan eigaren eller leigaren givast pålegg om kva tiltak han skal setje i verk for at jorda etter tilhøva kan gi lønsam drift, jf. § 8 tredje ledd. Eigaren kan påleggjast å leige bort jorda for ei tid på inntil 10 år. For dyrka jord som ikkje kan gi grunnlag for lønsam drift, kan departementet gi pålegg om at jorda skal tilplantast med skog, eller tiltak av omsyn til kulturlandskapet. Om pålegg ikkje er følgt opp når fristen er ute, kan departementet etter jordlova § 8 femte ledd gjere avtale om bortleige av jorda for ei tid på inntil 10 år, eller treffe vedtak om oreigning av delar eller heile eigedomen for å overdra den til andre. Departementet si myndigheit er overført til kommunen. Tal departementet har henta inn viser at heimelen i perioden 1993-2004 blei brukt i to saker.

Departementet sendte på høyring eit forslag om å oppheve heimelen til å oreigne vanhevda jord etter jordlova § 8 femte ledd. Det blei ikkje gjort framlegg om andre endringar i paragrafen. Departementet har motteke 67 uttaler til forslaget. 8 høyringsinstansar rår frå oppheving av heimelen, mellom anna Norges Bondelag.

Departementet meiner det er eit unødvendig og uforholdsmessig inngrep å oreigne vanhevda jord og foreslår å oppheve føresegna i jordlova § 8 femte ledd. Departementet er einig i at paragrafen truleg har ein viss normativ verknad. Ein understrekar likevel at det ikkje blir lagt fram forslag om å oppheve påbodet om å halde arealet i hevd. Det ein foreslår å oppheve er heimelen i § 8 femte ledd til å oreigne vanhevda jord. Andre pålegg knytt til vanhevd er det framleis heimel til. Departementet er såleis ikkje einig med Norges Bondelag i at vanhevdsparagrafen i jordlova må behaldast slik han er i dag. Ein vurderer pålegg om bortleige som tilfredsstillande for å ivareta omsynet til jordvern og kulturlandskap.

1.2.4 Oreigning av husmanns-, bygsel- eller leilendingsbruk - jordlova § 14

Utan omsyn til formålet i jordlova § 1 kan husmanns-, bygsel- eller leilendingsbruk etter jordlova § 14 oreignast til fordel for leigaren, barna eller barnebarna hans. Det same gjeld bruk som er leigd på andre vilkår, men som før har vore leigd til leigaren, foreldra eller besteforeldra hans på husmanns-, bygsel- eller leilendingsvilkår. Tal henta frå Statens landbruksforvaltning viser at det i 2004 blei avgjort 1 sak i fylkeslandbruksstyra, og 4 saker i perioden 1995-2004. 2 søknader blei tekne til fylgje.

Departementet sendte på høyring forslag om å oppheve heimelen til å oreigne husmanns-, bygsel- og leilendingsbruk i jordlova § 14. Forslaget innebar at det skulle vere mogleg å søke om oreigning i inntil eit år etter at endringa tok til å gjelde. 50 høyringsinstansar har uttala seg om forslaget. 41 instansar støttar forslaget om oppheve § 14. 9 høyringsinstansar, mellom anna Justisdepartementet og Norsk Bonde- og Småbrukarlag går imot forslaget om å oppheve heimelen til å oreigne husmanns-, bygsel- og leilendingsbruk.

Departementet er einig med Justisdepartementet i at heimelen til å oreigne husmannsbruk mv. bygger på nokre av dei omsyna som innløysingsretten knytt til bustad- og hyttetomter etter tomtefestelova er tufta på, og at sosiale omsyn som liknar på kvarandre og omsynet til konsekvens i lovgivingspolitiske spørsmål som liknar på kvarandre i nokon mon kan tale for å behalde den etablerte oreigningsheimelen i jordlova. Etter departementet si vurdering er likevel ikkje dei sosiale omsyna som ligg til grunn for ordninga så sterke i dag at det er grunnlag for å oppretthalde oreigningsheimelen. Det er derfor ikkje lenger eit samfunnsproblem som bør løysast gjennom lovreglar. Justisdepartementet sine innvendingar kan etter departementet si meining langt på veg avbøtast ved at det blir fastsett ein relativt lang overgangsperiode. På den måten blir det sikra at det ikkje blir gjort urett mot nokon med rett til oreigning etter gjeldande reg­lar. Departementet foreslår derfor å fjerne heimelen, men med ein overgangsperiode på fem år.

1.2.5 Avløysing av bruksrettar - jordlova § 16

Departementet sendte på høyring forslag om å oppheve heimelen i § 16 til mellom anna å avløyse bruksrettar, servituttar og andre rettar til, i eller over fast eigedom. Ein foreslo også å oppheve heimelen til å krevje regulering av grenser mellom bruk, og under dette heimelen til å oreigne jord. 57 instansar tilrår oppheving av regelen om avløysing av bruksrettar mv., 6 høyringsinstansar skriv at dei går imot forslaget.

Departementet meiner det ikkje er nokon naturleg oppgåve for staten å sørgje for avløysing, etablering eller endring av bruksrettar, servituttar og andre rettar til, i eller over fast eigedom. Føresegna har ikkje vore nytta dei siste 10 åra, og det synast derfor ikkje behov for ytterlegare ordningar enn dei som følgjer av lov 29. november 1968 um særlege råderettar over framand eigedom. Departementet foreslår etter dette å oppheve jordlova § 16.

1.2.6 Vilkår i oreigningssaker - jordlova § 15. Skjønn og takstar - jordlova § 17

I lovforslaget blir alle oreigningsheimlane i jordlova foreslått oppheva. Det inneber at det ikkje lenger trengst ein heimel til å setje vilkår i oreigningssaker. Lovforslaga knytt til §§ 8, 13, 14 og 16 inneber vidare at det ikkje lenger er behov for reglar om skjønn og takstar i jordlova. Departementet foreslår derfor å oppheve jordlova §§ 15 og 17.

1.2.7 Tilleggsjord sin odelsrettslege status - odelslova § 16

Jord som blir lagt til eigedom som tilleggsjord etter reglane i jordlova går etter odelslova § 16 fjerde ledd første punktum inn under odel eller odling på den eigedomen den blir lagt til. Forslaget om endringa inneber at ein tar bort visinga til omgrepet "etter reglane i jordlova" for å tilpasse § 16 fjerde ledd til situasjonen etter opphevinga av ordninga med friviljuge statlege kjøp. Etter endringa i jordlova vil det ikkje lenger vere reglar i jordlova å vise til. I staden foreslår ein at departementet må godkjenne kjøpet av tilleggsjord. Forslaget inneber såleis ikkje nokon realitetsendring.

Spørsmålet om å tilpasse § 16 fjerde ledd første punktum til situasjonen ein får etter ei oppheving av reglane i jordlova § 6 har ikkje vore på høyring.

1.2.8 Odelsfrigjering - odelslova § 31

Tilvisinga i odelslova § 31 til jordlova § 13 blir utan meining dersom § 13 i jordlova blir oppheva. For å sikre eit fortsatt særskilt vern mot odelsfrigjering for dei næraste odelsrettshavarane, må derfor odelslova § 31 endrast. Departementet meiner ikkje å endre på krava som må vere oppfylt for at ein skal kunne odelsfrigjere. Spørsmålet om å endre odelslova § 31 har ikkje vore på høyring.

1.2.9 Tilskot mv. - jordlova § 18

Jordlova § 18 gir departementet heimel til å fastsetje reglar om tilskot i samsvar med jordbruksavtala og liknande tilskot. Storleiken på tilskota blir fastsett i jordbruksavtala, medan departementet vedtar forskrifter med nærare reglar for dei einskilde tilskotsordningane.

Departementet sendte på høyring forslag om å endre jordlova § 18 slik at dei reaksjonane forvaltinga kan ta i bruk overfor tilskotsmottakar går fram av paragrafen. 38 høyringsinstansar har uttala seg. Alle desse sluttar seg til forslaget.

Sjølv om lovheimel ikkje er nødvendig for å fastsetje slike reglar i forskrift, er det naturleg at slike sentrale reaksjonar blir formalisert og gjort synleg i lovføresegna som heimlar tilskotsforskriftene. Dette vil kunne lette tilkomsten til regelverket til beste for alle partar. Vidare er omsetningsledda si rolle i tilskotsformidlinga viktig. Ei lovendring bør kunne medverke til ei formalisering og synleggjering av oppgåvene til omsetningsledda.

Forslaget til endringar i jordlova § 18 er ikkje meint å innebere noka realitetsendring i høve til gjeldande praksis. Det er heller ikkje meininga at departementet får utvida myndigheit til å fastsetje reglar om tilskotsforvaltninga.

1.2.10 Andre lover

Alle høyringsinstansane som har uttala seg om forslaget om å oppheve dei seks uaktuelle lovene, støttar forslaget.

Lov 22. juni 1934 nr. 5 om midlertidige innførselforbud mv.

Lova gir Kongen myndigheit til mellombels å forby innførsel frå utlandet av gjenstandar og varer, mellom anna levande dyr og planter, med mindre det blir lagt fram ei skriftleg erklæring frå myndigheitene om samtykke til innførsla.

Dei generelle importforboda som lova opnar for er i liten grad i samsvar med føresetnadene i WTO-avtala. Departementet legg vidare til grunn at lov 6. juni 1997 nr. 32 om innførsle- og utførsleregulering gir myndigheitene nødvendige fullmakter til å forby innførsel av varer, mellom anna levande dyr og planter, slik at heimelen i lov 22. juni 1934 nr. 5 § 1 første ledd ikkje lenger er nødvendig. Dessutan heimlar lov 19. desember 2003 om matproduksjon og mattrygghet (matlova) vilkår for eller forbod mot import og eksport innafor sitt virkeområde. Departementet meiner på denne bakgrunn at lova bør opphevast.

Lov 31. mai 1935 nr. 5 om adgang til å utferdige forbud mot omsetning av ustemplet kjøtt og skinn av tamrein

Formålet med lova er å motverke reintjuveri ved å forby omsetning av ustempla reinkjøtt og reinskinn. Forvaltinga nytter ikkje lenger verkemidla som lova gir. Partane i reindriftsavtala har sett ned ei arbeidsgruppe som skal vurdere problematikken rundt reintjuveri, men departementet legg til grunn at det i alle tilfelle er uaktuelt å føre inn att forbodet mot omsetjing av ustempla reinkjøtt og reinskinn. Departementet meiner på denne bakgrunn at lova bør opphevast.

Lov 16. juni 1939 nr. 10 om regulering av tilvirkning og omsetning av potetmjøl m.m.

Lova forbyr tilverking av potetmjøl, glykosesirup, sago og dekstrin utan løyve av Kongen eller den han gir fullmakt. Kongen er i lova også gitt fullmakt til å gi forskrifter som regulerer tilverkarane sine innkjøp av poteter og om produksjon av dei aktuelle produkta.

Forbodet mot produksjon utan løyve synest ikkje lenger å ha noka god samfunnsmessig grunngiving fordi dei spesielle høva som gav grunn til lova ikkje lenger er til stades. Heller ikkje produksjonskvotene eller dei nærare reglane i forskriftene om produksjon og omsetjing synest lenger å ha noka god samfunnsmessig grunngiving.

Trass dette, ønskjer departementet å vidareføre eksisterande avrensordning for poteter som eit verkemiddel i landbrukspolitikken. Avrensordninga er primært forankra i avrensavtala og nær knytt til tilskot over jordbruksavtala. Avrensavtala treng verken heimel i lov eller forskrift. Vidareføringa av avrensordninga er derfor i utgangspunktet ikkje noko argument for å vidareføre ei elles uaktuell lov.

Departementet kan heller ikkje sjå at ei oppheving av lova vil føre til ei svekking av avrensordninga sitt vern etter landbruksunntaket i konkurranselova § 3.

Etter dette synest det ikkje lenger å vere noko behov for lova, og departementet meiner på denne bakgrunn at ho bør opphevast. Forslaget inneber òg at forskriftene i medhald av lova vert oppheva.

Lov 13. desember 1946 nr. 23 om omsetning av pelsdyrskinn

Lova har sin bakgrunn i ei tid kor manglande kvalifikasjonar hos einskilde pelsdyrseljarar medførte behov for særsregulering av omsetjinga i eiga lov. Meir alminnelege reguleringar dekker dette behovet i dag. Departementet meiner derfor at det ikkje lenger finst grunnlag for å nekte løyve til å omsette pelsdyrskinn, og at lova med tilhøyrande forskrifter bør opphevast.

Lov 31. mai 1974 nr. 20 om importavgift og råvareprisutjevning ved eksport (eksport­restitusjon) for produkter framstilt ved bearbeidelse av jordbruksråvarer

Lova opnar for etablering av ei ordning med importavgift og eksportrestitusjon for å jamne ut ulikskap i produksjonskostnadene for vidareforedla jordbruksprodukt av norsk og utanlandsk opphav i den grad denne ulikskapen er ei følgje av forskjell i råvareprisen.

I samband med at WTO-avtala var sett i kraft 1. januar 1995 og overgangen til det tollbaserte grensevernet, avvikla Landbruksdepartementet ordninga og fondet. Lova har tidlegare også heimla einskilde reine tilskotsforskrifter. Desse tilskotsforskriftene er i dag heimla i jordlova § 18.

Gitt eksisterande internasjonale rammevilkår, meiner departementet at det ikkje er sannsynleg at ei slik ordning og eit slikt fond som lova heimlar, blir gjenoppretta. Lova har heller ikkje lenger nokon funksjon som heimel for tilskotsforskrifter. Departementet meiner på denne bakgrunn at lova bør opphevast.

Lov 22. desember 1999 nr. 103 om opphevelse av lov 5. februar 1965 nr. 2 om Statens Landbruksbank m.m. (Overføring av Landbruksbankens oppgaver til Statens nærings- og distriktsutviklingsfond)

Lova har føresegner om førerett til anna statsstilling og rett til ventelønn for arbeidstakarar som var tilsett i Statens Landbruksbank og hos Fylkesmennene før integrasjon i SND. Etter lova gjaldt føreretten til anna statsstilling og retten til ventelønn i berre tre år etter integrasjonen i SND. Det er nå gått meir enn tre år sidan integrasjonen av Landbruksbanken i SND. Lova har derfor ikkje lenger nokon verknad. Departementet meiner på denne bakgrunn at lova bør opphevast.

1.3 Overgangsspørsmål

Departementet foreslår at lovendringane trer i kraft frå den tid Kongen bestemmer.

Lovendringane får verknad for søknader som ikkje er avgjort før endringa tar til å gjelde. Dersom heimelen til å oreigne vanhevda jord blir oppheva, meiner departementet at endringane også må få verknad for jord som er vanhevda før lova blir endra.

Departementet foreslår vidare overgangsreglar som tar sikte på å løyse spørsmål knytt til korleis ein skal handtere vidaresal av dei såkalla jordfondseigedomane staten fortsatt eig når endringane trer i kraft. Departementet foreslår at sal av jordfondseigedomar skal skje etter dei reglane som gjeld fram til lovendringa.

Departementet foreslår ei særskilt ordning for søknader om oreigning av husmanns-, bygsel- eller leilendingsbruk. Slike søknader skal takast til behandling dersom dei er innkomne til kommunen innan fem år etter at endringane tar til å gjelde.

1.4 Administrative og økonomiske konsekvenser

Forslaget om å oppheve reglane om friviljuge statlege kjøp, oreigning og avløysing av bruksrettar inneber ingen nye utgifter for staten. Når eigedomane staten eig i dag er selt, vil desse sakstypane falle bort. Det inneber mindre å gjere for kommunen, Fylkesmannen og fylkeslandbruksstyret. Saksomfanget er likevel ikkje serleg stort. Reduksjonen i arbeid er derfor ikkje av stort omfang.