1. Innleiing

1.1 Samandrag

Ot.prp. nr. 64 (2005-2006) inneheld forslag til endringar i pasientrettslova og biobanklova. Begge lovforslaga omhandlar personar utan samtykkekompetanse, som vil seie at personen openbert ikkje er i stand til å forstå kva samtykket inneber.

Helse- og omsorgsdepartementet sende høyringsnotat om endringar i pasientrettslova om helsehjelp til pasientar utan samtykkekompetanse på høyring i mars 2005 med høyringsfrist i juni 2005. Departementet fekk inn 115 høyringsfråsegner. Med unntak av tre høyringsinstansar støttar alle i grove trekk lovforslaget til departementet. Enkelte er likevel kritiske til delar av forslaga.

Etter biobanklova kan ein ikkje gi samtykke på vegner av myndige personar utan samtykkekompetanse ved uttak av humant biologisk materiale til fors­king. Departementet ser at det norske regelverket på dette området er svært strengt, og at det gjer fors­king på dette området vanskeleg. Departementet foreslår å opne for forsking på myndige personar utan samtykkekompetanse på visse vilkår.