Arbeids- og inkluderingsdepartementet legg med dette fram forslag
til endringar i:
lov 28. februar 1997 nr.
19 om folketrygd (folketrygdlova)
lov 17. juni 2005 nr. 62 om arbeidsmiljø,
arbeidstid og stillingsvern mv. (arbeidsmiljølova)
lov 8. november 1991 nr. 76 om kommunale og fylkeskommunale
eldreråd
lov 17. juni 2005 nr. 58 om råd eller
anna representasjonsordning i kommunar og fylkeskommunar for menneske
med nedsett funksjonsevne m.m.
lov 29. april 2005 nr. 20 om innkrevjing av underhaldsbidrag
mv. (bidragsinnkrevjingslova)
lov 23. desember 1988 nr. 110 om statstilskott
til ordningar for avtalefestet pensjon.
I proposisjonen foreslår ein i hovudsak lovtekniske
justeringar og opprettingar, men også nokre materielle
endringar og presiseringar.
Endringane, som ein foreslår skal tre i kraft straks,
har ingen administrative eller økonomiske konsekvensar.
Endringane i folketrygdlova gjeld:
Rett til pleiepengar
ikkje berre ved innlegging i helseinstitusjon, men også i
samband med poliklinisk behandling i sjukehus.
Utviklinga går i retning av at stadig fleire sjukdomstilfelle
som tidlegare blei behandla ved innlegging no berre blir behandla
poliklinisk. Lovendringa inneber at også tilfelle som berre behandlast
poliklinisk ved sjukehus vil kunne gi grunnlag for rett til pleiepengar.
Utviding av rett til attføringspengar
under sjukdom i attføringsperioden.
Retten til attføringsytingar i fire veker under sjukdom
når ein er under yrkesretta attføring blir foreslått
utvida med ein skjønnsmessig heimel til å gi attføringsytingar
i ytterlegare fire veker når det er klart at den planlagde
attføringa vil kunne gjennomførast etter sjukdomsavbrotet.
Lovteknisk justering i § 2-9 fjerde ledd
andre punktum.
Talet 14 blir bytta med talet 16 slik at den perioden det ikkje
ytast sjukepengar blir i samsvar med arbeidsgivarperioden.
Oppheving av folketrygdlova § 3-15
fjerde ledd om at ein person som får rekna personinntekt
frå føretak, kan krevje at den pensjonsgivande
inntekta blir sett ned til normallønn for arbeidsinnsatsen.
Det er på grunn av endringar i skattelova ikkje lenger
behov for leddet. Tilsvarande foreslår ein ei endring i
folketrygdlova § 19-6 andre ledd.
Presisering av § 4-20
femte ledd.
Presiseringa gjer det klart at femte ledd også er meint å gjelde
tredje ledd i same paragrafen.
Lovteknisk justering i § 8-24
tredje ledd bokstav b.
Tilvisinga til arbeidsmiljølova §§ 12-1
til 12-6 blir erstatta med tilvising til arbeidsmiljølova §§ 12-2
til 12-5, 12-9 og 12-10.
Lovteknisk justering i § 8-36.
I overskrifta blir ordet "fødselspenger" erstatta med
ordet "foreldrepenger".
Lovteknisk justering i § 8-48
tredje ledd.
Tilvisinga til § 10-14 første ledd
blir erstatta med tilvising til § 10-16 første
ledd.
Lovteknisk justering i § 8-49
tredje ledd.
Tilvisinga til sysselsettingslova kapittel III blir erstatta
med tilvising til lov om arbeidsmarkedstjenester §§ 12
og 13.
Femte strekpunktet i innleiinga til
kapittel 9 skal ta til å gjelde.
Presisering i § 15-6
fjerde ledd.
Forlenging av stønadsperioden i påvente av arbeid,
utdanning o.a. skal også gjelde når einslege forsørgjarar
har fått forlenga overgangsstønad ut skuleåret.
Presisering av reglane i folketrygdlova § 22-3 første
ledd om refusjon til arbeidsgivarar som har utbetalt lønn
under sjukdom mv.
Det blir gjort klart at retten for arbeidsgivaren til å få arbeidstakaren
sine sjukepengar o.a. utbetalt til seg, er avgrensa til det arbeidstakaren
sjølv ville ha fått utbetalt.
Oppretting i folketrygdlova kapittel
25.
Endringane i arbeidsmiljølova gjeld:
Lovteknisk justering
i § 7-1 første ledd.
Formuleringa "verne- og helsepersonalet" blir bytt med "bedriftshelsetjenesten".
Oppretting av lovtekst.
Endringane medfører retting av skrivefeil i §§ 7-2,
10-4, 15-3, 15-14 og 15-17.
Endringane i lov om kommunale og fylkeskommunale eldreråd
gjeld:
Lovtekniske justeringar
i §§ 1, 3, 4 og 8.
Omgrepa i lova blir endra slik at dei kjem i samsvar med anna
lovgiving.
Endringane i lov om råd for menneske med nedsett funksjonsevne
gjeld:
Endringane i bidragsinnkrevjingslova gjeld:
Oppheving av § 37
tredje ledd om vidareføring av ei forskrift om myndigheit
for Statens innkrevjingssentral ved innkrevjing av bidragsgjeld.
Føresegna er overflødig ettersom saksmassen er
overført til Arbeids- og velferdsetatens innkrevjingssentral.
Endringane i lov om statstilskott til ordningar for avtalefestet
pensjon gjeld: