Innstilling fra justiskomiteen om lov om endringar i straffeprosessloven (avgrensa dokumentinnsyn og provføring)

Dette dokument

Til Odelstinget

1. Sammendrag

1.1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Justisdepartementet legg i proposisjonen fram forslag om einskilde endringar i reglane om dokumentinnsyn og provføring (straffeprosessloven). Føremålet med forslaget er å gi påtalemakta betre høve til å verne sensitiv informasjon.

Forslaget i proposisjonen går for det første ut på å endre straffeprosessloven § 242 a om høvet til å nekte innsyn i opplysningar (av omsyn til livet og helsa til informantar o.a.), slik at det går klart fram at føresegna også kan verte brukt for å halde unna frå innsyn opplysningar som har danna grunnlaget for bruken av ekstraordinære tvangsmiddel (såkalla "inngangsopplysningar"). Same endringa vert foreslått i § 292 a, slik at retten har høve til å avskjere prov om slike omstende.

Vidare foreslår departementet at dokumenta i ei innsynssak etter § 242 a og ei provavskjeringssak etter § 292 a ikkje skal inngå i dokumenta i straffesaka og at dimed den mistenkte/sikta ikkje skal kunne få innsyn. Innsynssaka og provavskjeringssaka skal verte å rekne som eigne saker, uavhengige av den opphavlege straffesaka. Etter forslaget skal dei involverte ha teieplikt om det omstendet at det er kravd nekting av innsyn eller provføring og om dei opplysningane som kjem fram under handsaminga av kravet. Den mistenkte/sikta skal ikkje ha prosessuelle rettar i innsynssaka eller provavskjeringssaka, utanom retten til advokat nemnt opp etter straffeprosessloven § 100 a. I forlenginga av dette går departementet inn for at den mistenkte ved skjult etterforsking ikkje skal få status som sikta ved at påtalemakta set fram krav om nekting av innsyn etter § 242 a.

Endeleg foreslår departementet at den mistenkte/sikta ikkje skal få varsel om ein orskurd der retten avslår eit krav om innsynsnekt eller provavskjering. Når retten gir påtalemakta medhald i eit slikt krav, skal den mistenkte/sikta få varsel om konklusjonen i orskurden, men ikkje premissane. Departementet går inn for ein regel om utsett varsling ved skjult etterforsking. Varsling skal her skje seinast samstundes med at den mistenkte får varsel om etterforskinga.

Forslaga er etter departementet sitt syn i samsvar med krava i Den europeiske menneskerettskonvensjon (EMK) og andre folkerettslege pliktar som Noreg har. Tilhøvet til menneskerettane er nærare beskreve i kapittel 5 i proposisjonen.

Under høyringa av lovforslaget har det vore reist vanskelege og prinsipielle spørsmål, som bør greiast ut nærare. Justisdepartementet vil om kort tid setje ned eit utval som mellom anna skal gå gjennom reglane om dokumentinnsyn i straffeprosessloven. Dette utvalet vil vurdere om det er trong til ytterlegare lovendringar.

Forslaget har vorte til etter eit opptak frå riksadvokaten. Ved brev 7. juli 2006 til Justisdepartementet la han fram forslag om einskilde endringar i regelverket om trygging av informasjon og dokumentinnsyn i straffeprosessen. Det vises til kapittel 2 i proposisjonen for nærare omtale av Riksadvokatens forslag. Høyringa av forslaga behandlast nærare i kapittel 3 i proposisjonen.

1.2 Kort om gjeldande rett

Retten til dokumentinnsyn er ulik på dei ulike trinna i straffesaka. Det kan krevjast innsyn i "sakens dokumenter". Avgrensinga er den same før og etter tiltale. Når eit dokument er å rekne som eit av "sakens dokumenter", vil mistenkte og forsvararen ha rett til innsyn, om ikkje opplysningane kan haldast unna innsyn etter særlege føresegner. Sjølv om innsynet gjeld dei same dokumenta på alle trinn i saka, varierer unntaka frå innsynsretten på dei ulike trinna.

Når ein skal vurdere kva som er dokument som høyrer til saka ("sakens dokumenter"), må ein sjå kva for dokument som er oppførde på dokumentlista som vert ført i straffesaker. Dette er likevel berre eit utgangspunkt: Ein kan ikkje halde eit dokument utanom innsynsretten ved at ein ikkje fører det i dokumentlista. Tradisjonelt har innsyn i saksdokumenta vore knytt til opplysningar og prov om sjølve det forholdet saka gjeld i vid tyding. Det er likevel ikkje slik at alle dokument som er knytt til eit forhold, vert å rekne som saksdokument. Høgsterett har lagt til grunn at politiet og påtalemakta har eit visst høve til å vurdere om arbeidsnotat om tips, tystaropplysningar o.a. skal vere saksdokument, og difor falle inn under innsynsretten. Grensa for høvet til å ta unna opplysningar frå innsyn, er ikkje heilt klar.

Straffeprosessloven § 242 a kom inn ved endringslov i 2003. Føremålet med føresegna er å verne politiet sine kjelder og informantar, politiet sin metodebruk og samarbeidet med utanlandske styresmakter. Føresegna opnar for at tingretten kan nekte innsyn når nærare fastsette vilkår er oppfylte. Sjølv om vilkåra er oppfylte, har retten inga plikt til å seie orskurd om nekting av innsyn. Retten må gjere ei skjønsmessig vurdering av om den bør nekte innsyn. Jamvel om retten gir orskurd om innsynsnekt, kan påtalemakta velje å gi innsyn. Dersom påtalemakta ikkje får medhald i eit kravsmål om å halde unna sensitivt materiale frå innsyn, kan ho berre verne materialet ved å innstille strafforfølginga.

Den sikta skal få varsel om at retten har nekta dokumentinnsyn. Elles skal den sikta ikkje verte gjort kjent med innhaldet i avgjerda. Dersom kravet om å nekte innsyn ikkje vert teke til følgje, gjeld hovudregelen om at den sikta eller andre avgjerda kjem ved, skal få varsel om orskurden snarast råd. Unntak gjeld berre dersom påtalemakta innstiller forfølginga.

1.3 Bør retten til innsyn i og provføring om inngangsinformasjon avgrensast?

Riksadvokaten går inn for å avgrense retten til innsyn i dokument utarbeidd i samband med eit krav om ekstraordinære tvangsmiddel. Dei fleste høyringsinstansane som har uttala seg om spørsmålet, er samde i at det trengst lovendringar.

Departementet meiner som riksadvokaten at det er naudsynt å avgrense retten til innsyn i opplysningane som dannar grunnlag for å ta i bruk ekstraordinære tvangsmiddel (inngangsinformasjonen).

I tillegg til å verne informantar er det naudsynt å skjerme andre sider ved etterforskinga som ikkje vert brukte som prov for skuld- og straffespørsmålet i retten, som metodebruken til politiet og samarbeid med framande styresmakter. Det er etter gjeldande rett uklart om ein kan nytte føresegna i § 242 a til å ta unna frå innsyn opplysningar som er gjorte gjeldande for retten som grunnlag for bruk av ekstraordinære tvangsmiddel.

Dei omsyna som låg til grunn for innføringa av straffeprosessloven § 242 a, gjer seg etter departementet si meining gjeldande jamvel for opplysningar som dannar grunnlag for bruk av ekstraordinære tvangsmiddel (inngangsinformasjonen). Sensitive opplysningar frå informantar og annan etterretningsinformasjon som syner politiet sin kjennskap til kriminelle nettverk, strategiar og metodar o.a., vil ofte inngå som grunnlag for eit kravsmål om kommunikasjonskontroll og andre skjulte etterforskingsmetodar.

I mange saker vil kjeldeopplysningar vere dei einaste, eller dei mest sentrale, opplysningane for å kunne gjere sannsynleg overfor tingretten at kravet til skilleg grunn til mistanke ligg føre, til dømes i sak om kommunikasjonskontroll. Når det etter gjeldande regelverk ikkje let seg gjere å sikre kjeldene det naudsynte vernet, avstår påtalemakta ofte frå å setje fram kravsmål om bruk av ekstraordinære tvangsmiddel, i frykt for at kjelda seinare vil kunne verte avslørt gjennom dokumentinnsyn. Dette fører til at slike tvangsmiddel ikkje er tilstrekkeleg effektive verkemiddel i nedkjempinga av alvorleg kriminalitet, noko departementet finn uheldig.

Inngangsopplysningar kan, forutan informantopplysningar, bestå av informasjon politiet har skaffa seg ved bruk av politimetodar. Dersom politiet sin metodebruk vert kjent gjennom dokumentinnsyn, vil kriminelle kunne tilpasse verksemda si og ta forholdsreglar som vil gjere det vanskelegare for politiet å klare opp straffbare forhold.

Politiet og påtalemakta er i saker med internasjonale aspekt ofte avhengige av å kunne samarbeide med kolleger i andre land. Departementet legg til grunn at internasjonalt politisamarbeid er ein grunnleggjande føresetnad for å nedkjempe alvorleg grensekryssande kriminalitet. Om ikkje opplysningar som vert overførte frå andre land kan få vern mot innsyn, vil styresmaktene i andre land vegre seg mot å stille med slik informasjon. Det talar for at også slike opplysningar bør kunne haldast attende.

Etter FN-konvensjonen 15. november 2000 om grensekryssande organisert kriminalitet (Palermokonvensjonen) er konvensjonspartane forplikta til å treffe tiltak for å oppmode personar som er knytte til grensekryssande organisert kriminalitet, til å hjelpe politiet og påtalemakta. Konvensjonen pålegg konvensjonspartane å leggje til rette for at politiet og påtalemakta skal kunne nytte informantar i saker om grensekryssande organisert kriminalitet. Etter føresegnene skal slike informantar, slektningane deira og andre nærståande verte sikra naudsynt vern mot moglege represaliar og trugslar. Palermokonvensjonen gir òg reglar om politisamarbeid over landegrensene. Mellom anna er det føresegner om utveksling av informasjon. Føresegnene byggjer på at mottakaren må respektere avgjevaren sitt ynskje om at det ikkje må verte gitt innsyn, eller berre avgrensa innsyn, i opplysningane. Samstundes er det teke atterhald for opplysningar som er naudsynte for å gi den sikta høve til å føre eit effektivt forsvar.

Dei nemnde pliktene etter Palermokonvensjonen vart gjennomførde i straffeprosessloven § 242 a. I lys av avgjerdene frå Høgsterett den seinare tida, kan ein likevel spørje om det bør vere større høve til å verne sensitiv informasjon i startfasen for betre å støtte krava etter konvensjonen. Departementet finn såleis at det er best i samsvar med dei pliktene Noreg har etter Palermokonvensjonen å sikre betre vern av slik informasjon enn etter gjeldande rett og går inn for å endre § 242 a, slik at det går klart fram at føresegna kan verte nytta jamvel for å halde attende opplysningar som dannar grunnlag for ekstraordinære metodar.

Departementet har funne grunn til å gjere framlegg om endring i straffeprosessloven § 292 a, om provavskjering av omsyn til samanhengen i regelsettet. Den mistenkte/sikta og forsvararen har to måtar å gjere seg kjende med materialet som har danna grunnlaget for etterforskinga: Forutan å krevje innsyn i dokumenta som inneheld slike opplysningar, kan dei føre politiet og påtalemakta som vitne og stille dei spørsmål om slike forhold. Departementet peiker på at det er heilt naudsynt å syte for at opplysningar som den mistenkte/sikta og forsvararen ikkje har høve til å gjere seg kjende med etter reglane om dokumentinnsyn, heller ikkje seinare vert gjort kjende gjennom vitneavhøyr.

1.4 Bør retten til innsyn i dokument oppretta i samband med kravsmål etter straffeprosessloven § 242 a eller § 292 a avgrensast?

Forutan inngangsmateriale, kan påtalemakta òg ha trong til å ta unna frå innsyn andre sensitive opplysningar som kjem til under etterforskinga. Når påtalemakta set fram eit krav om innsynsnekt etter § 242 a, må ho grunngjeve kvifor ho meiner dei aktuelle opplysningane bør verte heldne attende. Riksadvokaten foreslår at innsynsretten ikkje burde gjelde dokument oppretta i tilknytning til eit kravsmål etter § 242 a.

Departementet vidarefører framlegget frå høyringsbrevet om å utelukke innsyn i dokument i ei § 242 a-sak, og viser til at eit stort fleirtal av høyringsinstansane stør framlegget.

Departementet meiner at den mistenkte/sikta og forsvararen ikkje har ein særleg trong til å få innsyn i dokumenta i innsynssaka. Dokumenta i ei § 242 a-sak inneheld opplysningar for å underbyggje at vilkåra i loven for å nekte innsyn er til stades, ikkje informasjon som er med på å opplyse straffesaka.

Når det gjeld den nærare utforminga av lovendringa, går departementet inn for å la det gå fram av § 242 a at dokumenta i innsynssaka ikkje vert å rekne som saksdokument i hovudsaka. Det vil vere den mest oversynlege løysinga, og slike dokument vil då heller ikkje vere ein del av saksdokumenta etter at saka er avslutta.

Departementet meiner det er naudsynt å sjå på kva for reglar som skal gjelde for innsyn og teieplikt i innsynssaka. Departementet foreslår at det vert sagt uttrykkeleg i § 242 a at den mistenkte og forsvararen ikkje har rett til innsyn i dokumenta i innsynssaka. Av omsyn til føremålet med framlegget om å utelukke innsyn i dokumenta i ei § 242 a-sak, er det dessutan naudsynt at dei involverte får teieplikt. Departementet føreslår naudsynte lovendringar for å sikre dette, ved ei tilvising til § 216 i første ledd første punktum. Teieplikta skal både gjelde den omstende at det er sett fram eit krav om å nekte innsyn og dei opplysningane som kjem fram under handsaminga av kravet.

Departementet meiner videre at det er naudsynt å vurdere kva for status personar som det vert gjennomført såkalla skjult etterforsking mot, bør ha.

Ved skjult etterforsking skal mistenkte ikkje vite at det vert gjennomført etterforsking mot han, og det er årsaka til at politiet har heimel til å nytte særlege tvangsmiddel overfor ein mistenkt utan at han får status som sikta, og dermed utan dei rettar ein slik status førar med seg. Får den mistenkte kjennskap til at påtalemakta har sett fram eit § 242 a-kravsmål, forstår han at politiet har sett i verk etterforsking mot han. Departementet foreslår difor at den mistenkte ved skjult etterforsking ikkje får siktastatus ved kravsmål om nekting av innsyn. Etter gjeldande rett er det ikkje klart om dokumenta i ei sak om provavskjering etter § 292 a går inn i straffesaksdokumenta, og såleis vert regulerte av dei generelle innsynsreglane.

Dei opplysningane som retten kan bestemme at forsvararen ikkje kan stille spørsmål om etter § 292 a, svarar til opplysningane som kan verte haldne utanfor innsyn etter § 242 a. Dei omsyna som taler mot innsyn i dokumenta i ei § 242 a-sak gjeld med same styrke når det gjeld dokumenta i ei § 292 a-sak. Departementet foreslår difor å la det gå klart fram av føresegna at dokumenta i ei § 292 a-sak ikkje er straffesaksdokument i den saka kravsmålet gjeld. Vidare foreslår departementet at reglane om teieplikt skal gjelde på same måte som i § 242 a.

1.5 Bør retten til å verte varsla om domstolsavgjerder etter krav om innsynsnekt (§ 242 a) eller provavskjering (§ 292 a), jf. § 52, avgrensast?

Riksadvokaten foreslår å gjere to endringar i straffeprosessloven § 52. For det første foreslår han å lovfeste at den sikta ikkje skal verte gjort kjent med innhaldet i ein orskurd der påtalemakta får avslag på eit krav etter straffeprosessloven § 242 a eller § 292 a, sjølv om strafforfølginga ikkje vert innstilt. Vidare foreslår riksadvokaten at den sikta ikkje skal få varsel om at retten har bestemt at påtalemakta kan nekte dokumentinnsyn eller provføring.

Departementet sluttar seg - som eit stort fleirtal av høyringsinstansane - til forslaget frå riksadvokaten om at den sikta ikkje skal verte gjort kjent med innhaldet i ein orskurd der påtalemakta får avslag på eit krav etter straffeprosessloven § 242 a eller § 292 a.

Spørsmålet om i kva mon den sikta skal verte gjort kjent med innhaldet i slike orskurdar, heng nært saman med spørsmålet om å avgrense retten til innsyn i dokumenta i desse sakene. Departementet meiner at det vil vere lite tenleg om den sikta og forsvararen vert nekta innsyn i opplysningane påtalemakta legg fram, men kan få kjennskap til dei same opplysningane ved å lese premissane i orskurden. Ein naturleg konsekvens av at dokumenta som dannar grunnlag for eit § 242 a/§ 292 a-kravsmål og dei andre dokumenta i saka vert tekne unna innsyn, er difor at den mistenkte/sikta og forsvararen heller ikkje bør få kunnskap om grunngjevinga i orskurden for å avslå kravsmålet.

På eit punkt har departementet funne grunn til å gå eit skritt lenger enn det forslaget som har vore på høyring. Av omsyn til effektiviteten av forslaget om å unnta frå innsyn premissane i orskurden, meiner departementet at den mistenkte/sikta heller ikkje bør få varsel om konklusjonen i orskurden. Departementet kan ikkje sjå at den mistenkte/sikta treng varsel om at påtalemakta har fått avslag på eit kravsmål om innsynsnekt eller provavskjering. Når påtalemakta ikkje har fått medhald i kravsmålet, er den mistenkte/sikta i same stilling som om kravsmålet aldri hadde vore sett fram. Departementet går difor inn for at den mistenkte/sikta ikkje skal verte gjort kjent med ein orskurd som avslår eit kravsmål om innsynsnekt etter § 242 a eller provavskjering etter § 292 a.

Departementet har kome til at forslaget frå riksadvokaten om ikkje å varsle den sikta om at retten har fastsett at dokumentinnsyn eller provføring kan nektast, ikkje bør følgjast opp i denne omgang. Påtalemakta må svare på ein førespurnad om dokumentinnsyn frå forsvararen. Dersom påtalemakta nektar innsyn fordi ho vil krevje, har kravd eller har fått orskurd for bruk av straffeprosessloven § 242 a, er det vanskeleg å unngå at den mistenkte/sikta og forsvararen vert gjort kjent med det. På same vis vil ikkje retten kunne nekte forsvararen å krevje at eit vitne forklarar seg rundt konkrete omstende utan å grunngje det med at det er gitt orskurd om provavskjering etter § 292 a. Departementet opprettheld difor gjeldande rett slik at den mistenkte/sikta framleis skal få varsel om at retten har gitt orskurd om å nekte innsyn etter § 242 a eller å avskjere prov etter § 292 a.

Som Kripos peiker på, vil det vere problematisk å gi den mistenkte rett til varsel om ein orskurd om å nekte innsyn mens det går føre seg skjult etterforsking. Får den mistenkte kjennskap til at det ligg føre ein orskurd etter § 242 a, forstår han samstundes at politiet har sett i verk etterforsking. Departementet går difor inn for at varsling om ein orskurd om innsynsnekt skal verte gitt seinast samstundes med at den mistenkte får varsel om etterforskinga. Eit unntak gjeld der etterforskinga går over i ein open fase. Her skal den mistenkte verte varsla når etterforskinga vert open.

Spørsmålet om kven som skal ha prosessuelle rettar ved handsaminga av eit kravsmål om å nekte innsyn eller å avskjere prov, var ikkje særskild nemnt i riksadvokaten sitt brev. Slik departementet ser det, heng spørsmålet nært saman med spørsmåla som er drøfta ovanfor, og det er tenleg og naudsynt å sjå nærare på problemstillinga. Rettstilstanden i dag kan vere uklar.

Forslaga i proposisjonen inneber at den mistenkte/sikta og forsvararen ikkje skal gjerast kjende med at det er sett fram eit krav etter § 242 a eller § 292 a før kravet eventuelt vert godteke. Departementet meiner at konsekvensomsyn talar for at den mistenkte/sikta og forsvararen heller ikkje skal ha prosessuelle rettar i innsyns- og provavskjeringssakene, med unntak av rett til advokat nemnt opp etter straffeprosessloven § 100 a. Departementet foreslår på denne bakgrunn ei slik klargjering. Den mistenkte/sikta sine rettar vert tekne hand om av advokaten oppnemnd i medhald av § 100 a.

1.6 Økonomiske og administrative konsekvensar

Forslaget gjeld endringar i reglar om avgrensa dokumentinnsyn og provføring som vart innførte i 2003. Det er ikkje grunn til å tru at endringane vil føre til meir arbeid for verken politiet, påtalemakta eller domstolane. Endringane tek sikte på å avklare nokre vanskar knytta til reglane. Forslaget kan difor føre til at det vert færre tvistar om korleis reglane om avgrensa dokumentinnsyn og provføring er å forstå. Forslaget vil òg betre grunnlaget for effektiv etterforsking i visse saker, særleg om alvorleg organisert kriminalitet. Ut over dette legg departementet til grunn at forslaget ikkje har økonomiske eller administrative konsekvensar i særleg mon.

2. Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, lederen Anne Marit Bjørnflaten, Thomas Breen, Ingrid Heggø og Hilde Magnusson Lydvo, fra Fremskrittspartiet, Jan Arild Ellingsen, Solveig Horne og Morten Ørsal Johansen, fra Høyre, Elisabeth Aspaker og André Oktay Dahl, og fra Sosialistisk Venstreparti, Akhtar Chaudhry, viser til det fremlagte forslaget fra Regjeringen om forslag til endringer i straffeprosessloven.

Komiteen vil påpeke at et av de viktigste grunnkravene til en god prosessordning er å sikre rettssikkerheten. Retten til dokumentinnsyn bør derfor være så vid som mulig, samtidig som man må ivareta sikkerheten til politiets kilder og informanter. Den evnen strafferettsapparatet har til å bekjempe alvorlig kriminalitet, er avhengig av at informanter og kilder kan føle seg sikre på at de kan gi informasjon til politiet uten at de setter seg selv eller sine nærmeste i fare.

Komiteen er også enig i at man - i tillegg til vern av kilder og informanter - har behov for å skjerme andre sider ved etterforskningen. Dette kan være metodebruken til politiet eller samarbeid med andre lands myndigheter. Komiteen vil påpeke at det vil være uheldig om andre lands myndigheter vegrer seg for å utlevere informasjon til Norge i frykt for at norsk lovgivning ikke gir godt nok vern mot innsyn. Muligheten til å skjerme vitner og informanter er nødvendig for å oppfylle våre plikter etter Palermokonvensjonen. Konvensjonen bidrar til et effektivt internasjonalt politisamarbeid, og er et viktig redskap i kampen mot den grenseoverskridende organiserte kriminaliteten.

På bakgrunn av dette støtter komiteen det framlagte forslaget om å begrense retten til innsyn i inngangsinformasjon (opplysninger som har dannet grunnlag for bruk av ekstraordinære tvangsmidler) og dokumentene i en innsynssak, jf. forslaget til endring av straffelovens § 242 a. Komiteen er også enig i at man på bakgrunn av dette bør endre enkelte andre bestemmelser, herunder § 292 a om bevisavskjæring, for å sikre sammenhengen i regelverket.

Komiteen vil likevel påpeke at dokumentinnsyn bare kan nektes dersom det er strengt nødvendig og det ikke medfører vesentlige betenkeligheter av hensyn til den mistenktes forsvar. Videre kan innsyn ikke nektes i opplysninger som skal påberopes som bevis i straffesaken.

Komiteen er også fornøyd med at man har klart å balansere det framlagte forslaget opp mot våre folkerettslige forpliktelser. Komiteen vil likevel påpeke behovet som denne høringsrunden har vist for å sette ned et utvalg som skal gjennomgå reglene for dokumentinnsyn og andre spørsmål vedrørende de nye metodene som politiet har fått mulighet til å bruke. Det er for komiteen av stor betydning at lovverk og metoder i det sivile maktapparatet har tillit både i befolkningen generelt og hos aktørene i rettsapparatet spesielt. Komiteen er derfor positiv til de signaler som gis i proposisjonen om at det nå snarlig blir nedsatt et slikt utvalg.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet mener de fremlagte lovforslag er viktige i forhold til bekjempelse av alvorlig og organisert kriminalitet.

Disse medlemmer er enig i at man bør kreve en viss alvorlighetsgrad for å bruke unntakene i straffeprosesslovens § 242 a. Disse medlemmer støtter derfor kravet om at unntakene etter første ledd, kun kan brukes i saker hvor man risikerer fengselsstraff på 5 år eller mer.

Disse medlemmer mener imidlertid det bør kunne tas hensyn til om maksimumsstraffen kan forhøyes. Bakgrunnen for dette er at disse medlemmer mener alvorlighetsgraden i seg selv er høyere når man gjentar en forbrytelse. Viktigere er det imidlertid at flere mindre forhold kan være et ledd i alvorlig og omfattende organisert kriminalitet. Bestemmelsen om at "forhøyelse av maksimumsstraffen ved gjentakelse av forbrytelser kommer ikke i betraktning" foreslås derfor tatt ut av § 242 a.

På den bakgrunn fremmes følgende forslag:

"I straffeprosessloven (avgrensa dokumentinnsyn og provføring) gjøres følgende endring:

§ 242 a andre ledd siste punktum strykes."

Disse medlemmer er opptatt av å ivareta grunnleggende rettsikkerhetsprinsipper. Et viktig prinsipp er at man skal kunne imøtegå de bevis som føres mot en i en rettssak. Dette har sin bakgrunn i at retten skal dømme på bakgrunn av det som fremkommer i retten og ikke andre utenforliggende forhold. At påtalemyndigheten får mulighet til å unnta dokumenter som ikke føres i rettssaken, er dermed ikke i strid med disse grunnleggende rettsprinsipper.

3. Forslag fra mindretall

Forslag fra Fremskrittspartiet:

I straffeprosessloven (avgrensa dokumentinnsyn og provføring) gjøres følgende endring:

§ 242 a andre ledd siste punktum strykes.

4. Komiteens tilråding

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Odelstinget til å gjøre slikt

vedtak til lov

om endringar i straffeprosessloven (avgrensa dokumentinnsyn og provføring)

I

I straffeprosessloven 22. mai 1981 nr. 25 vert følgjande endringar gjorte:

§ 28 tredje ledd fjerde punktum skal lyde:

Reglene i § 242 a tredje til syvende ledd gjelder tilsvarende så langt de passer.

§ 52 tredje ledd sjette og sjuande punktum vert oppheva.

§ 82 tredje ledd nytt tredje punktum skal lyde:

Ved skjult etterforskning får mistenkte heller ikke stilling som siktet ved at påtalemyndigheten begjærer nekting av innsyn etter § 242 a.

Noverande tredje punktum vert nytt fjerde punktum.§ 242 a skal lyde:

Etter begjæring fra statsadvokaten kan tingretten som en enkeltstående rettshandling, jf. § 272 a, ved kjennelse beslutte at påtalemyndigheten kan nekte den mistenkte og forsvareren innsyn i opplysninger som påtalemyndigheten ikke vil påberope som bevis i saken, når det om innsyn gis, kan være fare for

a) en alvorlig forbrytelse mot noens liv, helse eller frihet,

b) at muligheten for en person til å delta skjult i etterforskningen av andre saker som nevnt i andre ledd, blir vesentlig vanskeliggjort,

c) at muligheten for politiet til å forebygge eller etterforske forbrytelser som nevnt i annet ledd, blir vesentlig vanskeliggjort fordi informasjon om andre saker eller om politiets metodebruk blir kjent, eller

d) at politiets samarbeid med et annet lands myndigheter blir vesentlig vanskeliggjort.

Unntak fra dokumentinnsyn kan bare besluttes dersom det er strengt nødvendig og det ikke medfører vesentlige betenkeligheter av hensyn til den mistenktes forsvar.

Reglene i første ledd første punktum bokstav b til d gjelder bare i saker om en handling eller forsøk på en handling

a) som etter loven kan medføre straff av fengsel i 5 år eller mer, eller

b) som rammes av straffeloven kapittel 8 eller 9 eller § 162 eller av lov om kontroll med eksport av strategiske varer, tjenester og teknologi m.v. § 5.

Forhøyelse av maksimumsstraffen ved gjentakelse av forbrytelser kommer ikke i betraktning.

Retten kan på vilkår som nevnt i første og annet ledd også nekte innsyn i opplysninger som er fremlagt for retten som grunnlag for avgjørelse om bruk av tvangsmidler som nevnt i §§ 200 a, 202 c, 202 e, 208 a, 210 a, 210 c, 216 a, 216 b, 216 m og 222 d.

Bestemmelsen i § 130 a sjette ledd gjelder tilsvarende så langt denpasser. Foreligger det rettskraftig kjennelse om at det skal gis innsyn i opplysninger som er begjært unntatt etter bestemmelsen her, kan påtalemyndigheten likevel nekte innsyn dersom den innstiller strafforfølgningen.

Den mistenktes forsvarer plikter å bevare taushet om opplysninger han får innsyn i, men som den mistenkte nektes innsyn i etter bestemmelsen her.

Retten kan bare omgjøre en kjennelse om å nekte innsyn etter paragrafen her, dersom det har kommet til nye opplysninger. Fjerde ledd annet punktum gjelder tilsvarende. Rettens avgjørelse etter paragrafen her kan ikke brukes som ankegrunn.

Statsadvokatens begjæring etter første ledd og andre dokumenter knyttet til behandlingen av begjæringen inngår ikke i straffesaksdokumentene i den sak begjæringen knytter seg til, og skal ikke gjøres kjent for mistenkte og forsvareren. §§ 216 e annet ledd og 216 i første ledd første punktum gjelder tilsvarende. Kjennelsen skal meddeles den advokat som er særskilt oppnevnt etter § 100 a. Mistenkte og forsvareren skal likevel meddeles avgjørelse om å nekte innsyn i opplysninger etter paragrafen her, men skal ikke gjøres kjent med innholdet i kjennelsen. Ved skjult etterforskning kan meddelelse utsettes til den mistenkte får underretning om etterforskningen.

§ 264 sjette ledd andre punktum skal lyde:

Reglene i § 242 a tredje til syvende ledd gjelder tilsvarende.

§ 292 a første ledd første punktum skal lyde:

Etter begjæring fra aktor kan tingretten som en enkeltstående rettshandling, jf. § 272 a ved kjennelse beslutte at et vitne ikke skal forklare seg om forhold som påtalemyndigheten ikke vil påberope som bevis i saken, når det om forklaring gis, kan være fare for

a) en alvorlig forbrytelse mot noens liv, helse eller frihet,

b) at muligheten for en person til å delta skjult i etterforskningen av andre saker som nevnt i annet ledd, blir vesentlig vanskeliggjort,

c) at muligheten for politiet til å forebygge eller etterforske forbrytelser som nevnt i annet ledd, blir vesentlig vanskeliggjort fordi informasjon om andre saker eller om politiets metodebruk blir kjent, eller

d) at politiets samarbeid med et annet lands myndigheter blir vesentlig vanskeliggjort.

§ 292 a tredje og fjerde ledd skal lyde:

Retten kan på vilkår som nevnt i første og annet ledd også beslutte at et vitne ikke skal forklare seg om forhold som kan røpe opplysninger som er fremlagt for retten som grunnlag for avgjørelse om bruk av tvangsmidler som nevnt i §§ 200 a, 202 c, 202 e, 208 a, 210 a, 210 c, 216 a, 216 b, 216 m og 222 d.

Reglene i § 242 a fjerde til syvende ledd gjelder tilsvarende så langt de passer.

II

Loven trer i kraft straks.

Oslo, i justiskomiteen, den 22. november 2007

Anne Marit Bjørnflaten Thomas Breen
leder ordfører