Til Odelstinget
Helse- og omsorgsdepartementet legg i proposisjonen fram forslag
om endring i lov 9. februar 1973 nr. 6 om transplantasjon, sykehusobduksjon
og avgivelse av lik m.m., slik at det mellombels forbodet mot xenotransplantasjon
(overføring av levande biologisk materiale frå dyr til menneske)
blir gjort tidsubestemt. Xenotransplantasjon er i dag mellombels forbode
fram til 1. januar 2009.
Spørsmålet om xenotransplantasjon har tidlegare vore behandla
i ei rekkje stortingsdokument, først og fremst i ulike odelstingsproposisjonar
der det har vore innført mellombels forbod mot xenotransplantasjon
til ei permanent regulering ligg føre. Xenotransplantasjon er sist
behandla i Ot.prp. nr. 54 (2006–2007). Departementet vurderte det
der det slik at fagutviklinga dei siste åra ikkje gav grunn til
å forvente at xenotransplantasjon ville bli teken i bruk i stort omfang
i nær framtid. Det blei ved handsaminga av proposisjonen vedteke
å forlengje det mellombels forbodet mot xenotransplantasjon med
eitt år til 1. januar 2009.
Slik departementet nå vurderer det, er det framleis ikkje grunn
til å forvente at xenotransplantasjon vil bli teken i bruk i stort
omfang i nær framtid. Departementet vil likevel peike på at det
er vanskeleg å føresjå utviklinga, og at ein ikkje kan sjå bort
frå at ein vil få gjennombrot som kan gjere dette meir aktuelt.
Departementet meiner at det gjeldande forbodet som går til 1. januar
2009, bør forlengjast, men at det er meir formålstenleg med ei reguleringsform
som inneber at det blir fastsett eit tidsubestemt forbod, framfor
dagens reguleringsform der departementet med jamne mellomrom må
fremje forslag for Stortinget om tidsbestemte forlengingar av forbodet.
Departementet vil vurdere utviklinga på fagfeltet jamleg og utarbeide
forslag til permanent regulering av xenotransplantasjon dersom fagutviklinga
skulle tilseie det. Departementet ønskjer å vidareføre ei ordning
med eit interimsorgan som skal fungere som eit rådgivande ekspertorgan
for departementet i det vidare arbeidet med fagfeltet.
Forslaget om å innføre eit tidsubestemt mellombels forbod mot
xenotransplantasjon kjem ikkje til å få økonomiske eller administrative
konsekvensar. Utgiftene til å vidareføre Helse- og omsorgsdepartementet
sitt interimsorgan for xenotransplantasjon blir dekte innanfor rammene
departementet har.
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Jorodd
Asphjell, Jan Bøhler, Sonja Mandt-Bartholsen, Gunn Olsen og Dag
Ole Teigen, frå Framstegspartiet, Jan-Henrik Fredriksen, Vigdis Giltun
og leiaren Harald T. Nesvik, frå Høgre, Inge Lønning og Sonja Irene Sjøli,
frå Sosialistisk Venstreparti, Kirsti Saxi, frå Kristeleg Folkeparti, Laila
Dåvøy, frå Senterpartiet, Trygve Slagsvold Vedum, og frå Venstre,
Gunvald Ludvigsen slutter seg til Regjeringens forslag om
at det midlertidige forbudet mot xenotransplantasjon (overføring
av levende biologisk materiale fra dyr til mennesker) blir gjort
tidsubestemt.
Tilrådinga frå komiteen blir fremja av ein samla komité.
Komiteen viser til proposisjonen
og merknadene og rår Odelstinget til å gjere følgjande
vedtak til lov
om endringar i lov 9. februar 1973 nr. 6 om
transplantasjon, sykehusobduksjon og
avgivelse av lik m.m.
I
I lov 9. februar 1973 nr. 6 om transplantasjon, sykehusobduksjon
og avgivelse av lik m.m. gjøres følgende endringar:
§ 6 a skal lyde:
Overføring av levende biologisk materiale fra dyr til mennesker
er ikke tillatt.
§ 15 andre ledd oppheves.
II
Lova trer i kraft straks.
Oslo, i helse- og omsorgskomiteen, den 20. november 2008
Harald T. Nesvik |
Laila Dåvøy |
leiar |
ordførar |