Innstilling frå helse- og omsorgskomiteen om lov om endringar i lov 9. februar 1973 nr. 6 om transplantasjon, sykehusobduksjon og avgivelse av lik m.m.

Dette dokument

Til Odelstinget

Samandrag

Helse- og omsorgsdepartementet legg i proposisjonen fram forslag om endring i lov 9. februar 1973 nr. 6 om transplantasjon, sykehusobduksjon og avgivelse av lik m.m., slik at det mellombels forbodet mot xenotransplantasjon (overføring av levande biologisk materiale frå dyr til menneske) blir gjort tidsubestemt. Xenotransplantasjon er i dag mellombels forbode fram til 1. januar 2009.

Spørsmålet om xenotransplantasjon har tidlegare vore behandla i ei rekkje stortingsdokument, først og fremst i ulike odelstingsproposisjonar der det har vore innført mellombels forbod mot xenotransplantasjon til ei permanent regulering ligg føre. Xenotransplantasjon er sist behandla i Ot.prp. nr. 54 (2006–2007). Departementet vurderte det der det slik at fagutviklinga dei siste åra ikkje gav grunn til å forvente at xenotransplantasjon ville bli teken i bruk i stort omfang i nær framtid. Det blei ved handsaminga av proposisjonen vedteke å forlengje det mellombels forbodet mot xenotransplantasjon med eitt år til 1. januar 2009.

Slik departementet nå vurderer det, er det framleis ikkje grunn til å forvente at xenotransplantasjon vil bli teken i bruk i stort omfang i nær framtid. Departementet vil likevel peike på at det er vanskeleg å føresjå utviklinga, og at ein ikkje kan sjå bort frå at ein vil få gjennombrot som kan gjere dette meir aktuelt.

Departementet meiner at det gjeldande forbodet som går til 1. januar 2009, bør forlengjast, men at det er meir formålstenleg med ei reguleringsform som inneber at det blir fastsett eit tidsubestemt forbod, framfor dagens reguleringsform der departementet med jamne mellomrom må fremje forslag for Stortinget om tidsbestemte forlengingar av forbodet.

Departementet vil vurdere utviklinga på fagfeltet jamleg og utarbeide forslag til permanent regulering av xenotransplantasjon dersom fagutviklinga skulle tilseie det. Departementet ønskjer å vidareføre ei ordning med eit interimsorgan som skal fungere som eit rådgivande ekspertorgan for departementet i det vidare arbeidet med fagfeltet.

Forslaget om å innføre eit tidsubestemt mellombels forbod mot xenotransplantasjon kjem ikkje til å få økonomiske eller administrative konsekvensar. Utgiftene til å vidareføre Helse- og omsorgsdepartementet sitt interimsorgan for xenotransplantasjon blir dekte innanfor rammene departementet har.

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Jorodd Asphjell, Jan Bøhler, Sonja Mandt-Bartholsen, Gunn Olsen og Dag Ole Teigen, frå Framstegspartiet, Jan-Henrik Fredriksen, Vigdis Giltun og leiaren Harald T. Nesvik, frå Høgre, Inge Lønning og Sonja Irene Sjøli, frå Sosialistisk Venstreparti, Kirsti Saxi, frå Kristeleg Folkeparti, Laila Dåvøy, frå Senterpartiet, Trygve Slagsvold Vedum, og frå Venstre, Gunvald Ludvigsen slutter seg til Regjeringens forslag om at det midlertidige forbudet mot xenotransplantasjon (overføring av levende biologisk materiale fra dyr til mennesker) blir gjort tidsubestemt.

Tilråding frå komiteen

Tilrådinga frå komiteen blir fremja av ein samla komité.

Komiteen viser til proposisjonen og merknadene og rår Odelstinget til å gjere følgjande

vedtak til lov

om endringar i lov 9. februar 1973 nr. 6 om transplantasjon, sykehusobduksjon og avgivelse av lik m.m.

I

I lov 9. februar 1973 nr. 6 om transplantasjon, sykehusobduksjon og avgivelse av lik m.m. gjøres følgende endringar:

§ 6 a skal lyde:

Overføring av levende biologisk materiale fra dyr til mennesker er ikke tillatt.

§ 15 andre ledd oppheves.

II

Lova trer i kraft straks.

Oslo, i helse- og omsorgskomiteen, den 20. november 2008

Harald T. Nesvik Laila Dåvøy
leiar ordførar