Samandrag

Justisdepartementet legg fram forslag om å oppjustere den øvre grensa for utbetaling i valdsoffererstatningslova frå 20 gonger grunnbeløpet i folketrygda til 40 gonger grunnbeløpet i folketrygda. Forslaget vil betre situasjonen både for dei valdsutsette som er fornærma i strafferettsleg forstand og for dei etterlatne der erstatningsutbetalinga blir delt mellom fleire.

Til grunn for denne proposisjonen ligg høyringsnotat frå Justisdepartementet 8. april 2005. Høyringsnotatet vart for ein stor del følgt opp i Ot.prp. nr. 10 (2007–2008) og Innst. O. nr. 25 (2007–2008) der det vart foreslått fleire endringar som betra stillinga til dei valdsutsette. Men den øvre beløpsgrensa for valdsoffererstatning vart ikkje oppjustert, då dette ville krevje grundigare undersøkingar av blant anna behov og konsekvensar, noko som ikkje var mogleg ut frå dåverande erfaringsgrunnlag. Dei nødvendige undersøkingane er no gjort, og det er etter departementet si oppfatning grunnlag for å foreslå ei endring i føresegna.

Den øvre grensa for valdsoffererstatninga inneber at det for kvart skadetilfelle ikkje skal ytast høgare valdsoffererstatning enn 20 gonger grunnbeløpet i folketrygda. Ved at beløpsgrensa er sett til gjeldande grunnbeløp, vil ein få ei gradvis heving av øvre grense for beløpet i takt med at grunnbeløpet aukar. Omgrepet "kvart skadetilfelle" er tolka slik at dersom offeret dør, er dette å sjå på som eitt skadetilfelle. Dei etterlatne si erstatning må då samla sett liggje innanfor beløpsgrensa.

Grensa på 20 gonger grunnbeløpet i folketrygda er så høg at det store fleirtalet av dei valdsutsette har fått dekt heile erstatningskravet sitt. I dei nesten 7 åra som har gått sidan grensa vart utvida frå 200 000 til 20 G, er det berre 30 av totalt fleire tusen saker som har nådd maksimalbeløpet i lova. I 9 av desse sakene var det fleire etterlatne etter eit valdsoffer som vart drepe. Dei fleste av dei andre sakene var unge menn på rundt 20 år som vart arbeidsuføre. Det var òg eit par meir vaksne valdsutsette med relativt høg inntekt (over 800 000 kroner per år), og i ei sak var vedkommande tilkjent blant anna ca. 3,5 mill. kroner for pleie og tilsyn utover kva det offentlege helsevesenet tilbyr.

Departementet meiner at det bør vere ei øvre grense for utbetaling av valdsoffererstatning i kvart enkelt skadetilfelle.

Enkelte av høyringsinstansane har foreslått at grensa skal gjelde for kvar enkelt etterlaten, og ikkje slik som i dag, då dødsfallet er sett på som eitt skadetilfelle i forhold til maksimumsgrensa. Etter departementet sitt syn vil ei slik løysing for eksempel kunne oppfattast lite rettferdig i forhold til barn av sterkt skadde valdsutsette. Også i desse tilfella vil det vere behov for at det inntektstapet mor eller far har hatt no og i framtida blir kompensert slik at barna kan forsytast på anstendig vis.

Departementet har òg vurdert om det bør fastsetjast differensierte beløpsgrenser, slik som ein har i blant anna Danmark, Sverige og Finland. Dette ville kunne avskjere erstatning for svært høge inntekter, samtidig som ein ville ha fått dekt andre typar tap/utgifter. Men etter departementet si vurdering vil ei slik ordning medverke til å komplisere erstatningsutmålinga unødig, samtidig som ein heller ikkje med ei meir nyansert utmåling vil kunne unngå vanskelege grensetilfelle i dei mest omfattande og kompliserte sakene.

Departementet har komme til at dei beste grunnane talar for å ha ei fast øvre grense, men at denne bør aukast kraftig i forhold til gjeldande grense. Departementet foreslår at øvre grense for valdsoffererstatninga blir dobla til 40 gonger grunnbeløpet i folketrygda. Dermed blir det gjort eit kraftig løft for dei valdsutsette.

Departementet viser til at utgangspunktet i norsk rett er at skjeringstidspunktet blir sett til når lova trer i kraft. Departementet kan ikkje sjå at det er komme fram moment som tilseier ei anna løysing i dette tilfellet.

Lovforslaget er venta å medføre auka erstatningsutbetalingar. Basert på ein grundig gjennomgang av dei sakene som hittil har nådd øvre beløpsgrense i lova, kan det ventast ein årleg auka i erstatningsutbetalingane på ca. 8 mill. kroner dersom den øvre beløpsgrensa blir sett til 40 gonger grunnbeløpet. Men det er noko uvisse knytt til overslaga, og utgiftene vil kunne variere mykje frå år til år.

Heving av beløpsgrensa vil medføre at styresmaktene for valdsoffererstatninga må gjennomføre nøyaktige utrekningar i nokre fleire saker, dvs. i dei sakene som utvilsamt når grensa på 20 gonger grunnbeløpet, men der det er usikkert om dei når grensa på 40 gonger grunnbeløpet. Dei administrative konsekvensane vil likevel vere så små at det ikkje vil vere nødvendig å tilføre styresmaktene for valdsoffererstatninga ekstra administrative ressursar.