Innstilling frå justiskomiteen om Ombodsmannsnemnda for sivile tenestepliktige si melding om verksemda i tida 1. januar 1992-31. desember 1993.

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 132 (1993-1994)
  • Kjeldedokument: Dok.nr.6 (1993-1994)
  • Utgjevar: justiskomiteen
  • Sidetal: 3

1. Innledning

Til Stortinget.

       Den framlagte meldinga gjeld 1992 og 1993, som er dei siste to åra av perioden til den noverande nemnda. Neste melding vil bli fremja ved avslutninga av neste nemndperiode om fire år i tråd med Stortinget sitt vedtak.

       Nemnda går ut frå at dei framtidige meldingane, som vil gjelda for 4-års periodar, i motsetnad til dei tidlegare årlege meldingane, i større grad bør gi eit oversyn over hovudtrekka i utviklinga innanfor sivilarbeidarsektoren.

       Sivilarbeidarane blir no kalla sivile tenestepliktige, og nemnda meiner det kan vere grunn til å endra overskrifta i nemnda sin instruks i samsvar med dette.

       Stortinget har vedteke til dels omfattande endringar i tenestetida og tenestemønsteret for dei militære mannskapa. Ordinær tenestetid skal vera 12 månader, medan nokre grupper vil få ei redusert førstegongsteneste til 9 eller 6 månader. Fleirtalet i nemnda meiner at endringar i tenestetida i Forsvaret reiser eit rimeleg krav om endringar i tenestetida også for sivilarbeidarane. Førstegongstenesta for sivile tenestepliktige er i dag 16 månader, og fleirtalet går inn for ein reduksjon til 15 månader. Ein medlem av nemnda går inn for ikkje å endra tenestetida.

       I dokumentet er det teke inn ein statistikk over talet på søknader om sivilteneste dei siste 20 åra. Det går fram av statistikken at talet på søkjarar varierer mellom 2.000 og 3 000.

       Ventetida for å utføra sivilteneste er no redusert til eit minimum. Dette har ført til at gjennomsnittsalderen til mannskapa har vorte redusert, og dermed også reduserte kostnader. Dei gjennomsnittlege mannskapskostnadene var i 1993 om lag 85.000 kroner pr. mann. Ein reduksjon av tenestetida, slik fleirtalet i nemnda går inn for, vil gi ei innsparing på om lag 15 mill. kroner i året.

       Mellom dei klagesakene som Ombodsmannen mottok i perioden vert m.a. ein klage som galdt avslag på dimisjonsgodtgjersle til ein sivilarbeidar som hadde hatt løn frå sin sivile arbeidsgjevar under tenesta, omtalt. Ombodsmannen fann det uheldig at reglane om dimisjonsgodtgjersle ikkje var einstydande, og at dei lett kunne bli misforståtte. Etter førespurnad frå Ombodsmannen har Forsvarsdepartementet endra reglane om dimisjonsgodtgjersle, slik at samtlege mannskap no får utbetalt slik godtgjersle, ubunden av sivil inntekt. Den same ordninga er gjort gjeldande også for dei sivile tenestepliktige. Ombodsmannen fann likevel ikkje grunnlag for kritikk i høve til den konkrete saka, og viste m.a. til at klagaren ikkje hadde kome dårlegare ut enn andre sivilarbeidarar i same situasjon.

       Nemnda har drøfta Justisdepartementet sin praksis når det gjeld utplassering av mannskap i forskingsverksemd. Departementet har uttalt at bruk av sivile tenestepliktige i forskingssektoren skal avgrensast ut frå omsynet til likskap mellom sivile og militære tenestepliktige. Overføring av sivile tenestepliktige til forskingsverksemd vil halda fram, men i avgrensa omfang. Departementet set som vilkår at den tenestepliktige ikkje skal ha universitets- eller høgskulegrad innan det aktuelle fagområdet. Nemnda fann ikkje grunnlag for merknader til dette vilkåret. Ein av medlemene i nemnda seier likevel at det må vere ei målsetjing å utnytta ressursane i samfunnet og kvalifikasjonane til den einskilde på den best moglege måten. Han syner til at somme militære soldatar med særskilde kvalifikasjonar får høve til å utføra forskingsarbeid, og meiner det er uheldig at sivile tenestepliktige med særskilde kvalifikasjonar ikkje får høve til det.

       Talet på mannskap i 1993 var 2.120. Eit fleirtal av mannskapa var i tenesteoppdrag innan helse- og sosialsektoren. Situasjonen på arbeidsmarknaden har gjort det turvande å gjeva nokre av oppdragsgjevarane reduserte satsar pr. døger, og tenesteplassering utanfor heimstaden er vorte meir vanleg.

       Nemnda peikar på den høge arbeidsløysa mellom sivilarbeidarane som nyss er vortne dimitterte. Spreiinga av sivilarbeidarar gjer organiseringa av vaksenopplæring vanskeleg. Nemnda går likevel ut frå at innsatsen, med sikte på å hindra arbeidsløyse mellom sivilarbeidarar som nyss er vortne dimitterte, bør styrkast.

       Den framtidige verksemda til velferdstenesta i Forsvaret er under nærare vurdering. Nemnda reknar med at moglege nye velferdstiltak for soldatane også vil påverka utviklinga av velferdstilboda for sivilarbeidarane.

       Etter at Førskulen for sivile tenestepliktige har vore i drift i 10 år, meiner nemnda det kan vere aktuelt å gjennomføra ei evaluering av røynslene med opplæringsverksemda.

       Dei fleste av klagesakene Ombodsmannen mottok i 1992 og 1993 galdt økonomiske tilhøve. Det er også kome inn klager på sein sakshandsaming i Justisdepartementet. Ombodsmannen peikar på at det er ynskjeleg med ei noko raskare handsaming i Justisdepartementet av dei sakene som gjeld sivilarbeidarane.

       I dokumentet vert attgjeve nokre klagesaker som ein går ut frå har generell interesse.

       Blant desse er det referert ei sak som galdt søknad frå ein tenestepliktig om dekning av ymse utgifter til mellomfagstudiet. Søknaden vart ikkje teken til fylgje, m.a. med den grunngjevinga at ordinær universitetsutdanning ikkje var omfatta av stønadsordninga. Føresegnene var meint som ein tryggleiksventil i dei tilfella der det ville vere urimeleg ikkje å gå inn for dekning utover maksimal sats. Ombodsmannen fann på denne bakgrunnen ikkje grunnlag for å kritisera avgjerda.

       Ei anna sak galdt ein tenestepliktig som meinte at han hadde rett til ekstra omsorgspermisjon i to dagar for å passa på si fire år gamle stedotter då mora var på fødselsklinikken. Søknaden vart ikkje teken til fylgje ut frå føresegnene i permisjonsdirektivet. Ombodsmannen fann ikkje grunnlag for å kritisera avgjerda.

       Ein tenestepliktig søkte om å bli utplassert i teneste ved eit forskingsinstitutt i samsvar med si utdanning. Søknaden vart ikkje teken til fylgje, og det vart synt til gjeldande retningsliner, jf. dei innleiande merknadene til nemnda. Klagaren synte til at arbeidsstaden for kort tid sidan hadde hatt ein annan sivilarbeidar med same utdanningsbakgrunn som han sjølv. Siviltenesteadministrasjonen meinte at den første utplasseringa ikkje hadde vore rett, og helt fast ved avslaget. Ombodsmannen uttalte at ut frå den praksisen Justisdepartementet hadde hatt i dei seinare åra, var det ikkje grunnlag for å kritisera avgjerda.

       Ei klage galdt ein søknad om permisjon der den tenestepliktige hadde fått samtykke pr. telefon. Då han kom attende frå permisjon fekk han likevel eit skriftleg avslag, og fråveret vart sett på som ulovleg. Det vart synt til at permisjonar ikkje vart gjevne over telefon. Etter nærare vurdering endra administrasjonen sitt vedtak og klagaren fekk medhald.

       Ombodsmannsnemnda var på synfaring ved Hustad leir i 1993. Talet på mannskap var aukande i høve til 1992, og samtlege tenestepliktige med minimum 12 månader teneste gjennomgjekk Førskulen. Ventetida for siviltenesta er redusert dei seinaste åra, men det rådde ein viss otte for at det kunne bli nye køar. Det tek ulik tid å handsama søknadene, noko som m.a. har samanheng med handsamingstida ved dei ulike politikamra. Det hadde vore ei viss auke i talet på refsingar som særleg gjeld fråvær. Innkvarteringsstandarden i leiren er tilfredsstillande. Tillitsmannen i leiren etterlyste ei meir vernerelatert teneste, og meinte at Førskulen ikkje var godt nok tenesterelatert. Noverande ordning, med måling av alvoret i overtydinga ved søknad om fritak frå militærteneste, vart kritisert. Det vart reist krav om at sivilarbeidarane må sikrast dei same tiltaka mot arbeidsløyse etter dimisjon som soldatane. Det vart m.a. også reist krav om at lengda på tenestetida måtte bli redusert i samsvar med praksisen i Forsvaret. Tillitsmannen etterlyste også ei meir interessevekkjande leirteneste.

       Det er framleis ikkje noko klårgjering når det gjeld spørsmålet om førskuletilbod for resten av landet. Det vart sett fram ynskje om å klårgjera innhaldet i siviltenesta, slik at Førskulen betre kan finna si form.

       Nemnda peikar på at ei rekkje spørsmål i tilknyting til siviltenesta kan vera aktuelle for nærare vurdering i lys av dei endringane av tenestemønsteret som finn stad i Forsvaret.

2. Merknader frå komiteen

Komiteen er einig med nemnda når dei legg opp til ei melding som gjer greie for hovudtrekka i utviklinga for dei sivile tenestepliktige. Komiteen finn det rett at meldinga gjev ein oversikt over dei årlege registreringar av antal militærnektarar i Noreg, hovudtrekka for tenestebruken av mannskapet, utviklinga for dei økonomiske og sosiale rettar for mannskapet, tilbodet om undervisning og velferd, displinærtilhøve o.l. Komiteen meiner dette gjev Stortinget høve til å drøfta dei generelle trekka ved siviltenesta med jamne mellomrom.

       Komiteen legg merke til at meldinga frå Ombudsmannsnemnda gjev ein oversikt over dei viktigaste klagene i perioden. Komiteen finn det naturleg om nemnda oftare enn tidlegare nyttar sin rett til å sende meldingar til Stortinget om enkeltsaker i perioden, jamfør § 7 siste punktum i instruksen til nemnda.

       Komiteen har merka seg at fleirtalet i nemnda tek til orde for å redusera tenestetida for dei sivile tenestepliktige og viser til at dette no skjer i Forsvaret. Komiteen reknar med at Regjeringa tek dette opp i den stortingsmeldinga som Regjeringa har varsla i budsjettproposisjonen for 1991-92.

       Komiteen har og merka seg at nemnda har drøfta bruk av sivile tenestepliktige i forskningsprega arbeid. Komiteen ser at det her finst vanskelege grensetilfelle, sjølv om det er ynskjeleg å nytta ressursane til mannskapa på ein måte som kan koma samfunnet til gode. Komiteen meiner det kan vera grunn til å vurdera dette nærare, og at ei slik vurdering naturleg høyrer heime i ei stortingsmelding om innhaldet i siviltenesta.

       Komiteen legg òg merke til dei problema dei sivile tenestepliktige har for å få arbeid etter endt teneste. Tilbod om vaksenopplæring er vanskeleg å organisere avdi mannskapet er plassert så spreidd. Komiteen meiner dette problemet må vurderast nærare for å gi tilbod om aktivitetar og hjelp som kan vera med å lette inngangen på arbeidsmarknaden etter endt sivilteneste, på same vis som for militærteneste.

       I stortingsmeldinga som Regjeringa har varsla, vil m.a. arbeidsoppgåvene til dei sivile tenestepliktige verta drøfta. Komiteen har peika på område som ei slik melding må drøfta, og komiteen ber departementet no leggja fram denne meldinga. Komiteen syner her til sine merknader i B.innst.S.nr.4 (1993-1994).

       Komiteen har merka seg at Ombudsmannsnemnda meiner sakshandsaminga i departementet tek lang tid. Dei gjev døme på at ei klagesak har teke 7-8 månader. Komiteen er samd i at dette er for lang tid, og reknar med at departementet arbeider med å gjera sakshandsaminga meir effektiv.

       Komiteen gjer i samråd med nemnda framlegg om å endra uttrykket « vernepliktig sivilarbeider » i instruksen til nemnda, til uttrykket « sivil tjenestepliktig ».

3. Komiteen si tilråding

Komiteen syner til dokumentet og rår Stortinget til å gjera fylgjande

vedtak:

I.

       I « Instruks for Ombudsmannsnemnda for vernepliktige sivilarbeidere » fastsett av Stortinget 20. februar 1957 skal uttrykket « vernepliktig sivilarbeider » i overskrifta og i §§ 1, 2 og 5 erstattast med uttrykket « sivil tjenestepliktig », og uttrykket « sivilarbeider » i § 4 og § 6 erstattast med uttrykket « tjenestepliktig ».

II.

       Dok.nr.6 (1993-1994) - Ombodsmannsnemnda for sivile tenestepliktige si melding om verksemda i tida 1. januar 1992-31. desember 1993 - vert å leggja ved møteboka.

Oslo, i justiskomiteen, den 9. mai 1994.

Anders C Sjaastad, Anita Apelthun Sæle, Olav Akselsen,
fung. leiar. ordførar. sekretær.