1. Samandrag

      I proposisjonen blir det gjort framlegg om å omdisponere 433,87 mill. kroner på budsjettet for utviklingshjelp i 1995 for å få til mest mogeleg effektiv bruk av midlane i budsjettåret. Forslaga har i hovudsak samanheng med at framdrifta for enkelte prosjekt og program av ulike årsaker er blitt forseinka eller at planar og rammevilkår elles er endra, m.a. gjennom auka krav til statsforvaltninga i mottakarlanda, og kvalitet i bistanden. Av same grunn har ein for fleire av landa ikkje funne å kunne tilrå å bruke løyvinga til gjeldslette og betalingsbalansestøtte. Nødvendig omlegging vil finne stad over noko tid.

       Det vert opplyst at det er 8.469 mill. kroner til disposisjon til utviklingshjelp i 1995. Ordinær løyving for 1995 (S. III) utgjer 7.915 mill. kroner. I tillegg er det overført 480 mill. kroner i ubrukte løyvingar frå 1994, og det er løyvd 74 mill. kroner ekstra til flyktningeformål i utviklingsland, jf. St.prp. nr. 26, Innst.S.nr.102 (1994-1995).