1. Samandrag

      Departementet gjev i meldinga ei orientering om korleis Stortinget sitt vedtak om å etablere Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) vert fylgt opp, jf. Innst.O.nr.40 (1994-1995) og B.innst.S.nr.12 (1995-1996). Meldinga byggjer på Underdal-utvalet si innstilling frå 18. oktober 1995 ( NOU 1995:28 ), som tek utgangspunkt i Stortinget si handsaming av saka. Departementet peikar på at arbeidsformen til Underdal-utvalet førte med seg brei medverknad frå ei rekkje miljø ved Universitetet i Trondheim, og frå representantar for næringsliv og organisasjonar. Departementet meiner at den nye organisasjonen difor bør ha gode føresetnader for å lukkast.

       Departementet gjer i meldinga greie for hovudpunkta i Underdal-utvalet si innstilling og høyringsfråsegnene. Departementet konstaterer brei oppslutnad om NTNU sine oppgåver og om universitetet sin fagprofil.

       Når det gjeld leiing, må NTNU utvikla ein strategisk leiingsfunksjon og oppretta få faste utval. Kollegierådet har i samsvar med lov om universitet og høgskular vedteke at NTNU sitt styre skal ha 13 medlemer, og at 2 av desse skal vere eksterne. Vedtaket er i samsvar med normalordninga for styresamansetjing og kan etter departementet si vurdering ikkje overprøvast. Dei to eksterne representantane vert oppnemnde på grunnlag av framlegg frå NTNU sjølv og frå fylkeskommunen. Departementet vil be om at desse m.a. gjer framlegg om personar med næringslivsbakgrunn til styret.

       Når det gjeld studieorganisering, har Underdal-utvalet lagt opp til deltaking frå ulike faglege einingar, slik at ein får fleksibilitet og ikkje byggjer opp parallell kompetanse. Departementet meiner at framlegget om ei matriseorganisering for multifakultære studieprogram opnar for nye faglege krysskoplingar, men at dette òg stiller store krav. Opplegget for denne organisasjonsformen er førebels mest ei skisse og må videreutviklast av NTNU sjølv. Vekttallsordning og karaktersystem er elles spørsmål NTNU sjølv kan avgjera.

       Departementet drøftar i meldinga moglege fakultetsstrukturar og kjem til at ein bør fylgja Underdal-utvalet og Kollegiet si tilråding om å organisera NTNU i 11 fakultet. Og på andre punkt er departementet innstilt på fylgja tilrådinga frå Kollegiet. Departementet legg vekt på at handsaminga til no har gjeve stor grad av semje, og at dette er det beste grunnlaget å byggje det nye universitetet på. Det skal då sterke grunnar til for å avvika frå fleirtalet sitt framlegg, og departementet kan ikkje sjå at slike grunnar ligg føre.

       Både utvalet og Kollegiet er delte i synet på korleis realfaga skal organiserast. Departementet støttar her fleirtalet i Kollegiet sitt syn om at det bør opprettast to og ikkje eitt stort fakultet for realfaga. Departementet er elles samd med utvalet og Kollegiet i at det ikkje er ynskjeleg med eit eige fakultet for kunstfag eller ei løysing med grunneiningar direkte under styret. Kunstakademiet i Trondheim går inn i Fakultet for arkitektur- og biletkunst, medan det tidlegare musikkonservatoriet blir eit eige institutt i Fakultet for historisk-filosofiske fag. Vitskapsmuseet vert ført vidare som eining etter lova § 12 nr. 6. Heile Fakultet for økonomi og arbeidslivsvitskap går saman med Fakultet for samfunnsvitskaplege fag.

       Dersom Norsk voksenpedagogisk forskingsinstitutt (NVI) skal få endra tilknyting, må det fremjast ein eigen proposisjon, ettersom NVI no er eit statleg forvaltingsorgan. Dette vil departementet kome tilbake til om kort tid.

       Departementet har forlenga funksjonstida for det noverande styret til 1. mai 1996 og føreset at nye styringsorgan skal vere på plass frå dette tidspunktet.