3. Forslag fra mindretall

Forslag frå Senterpartiet og Høgre:

Forslag 1

IV.
a) Prosjektet rv 7 Hardangerbrua vert teke opp som riksveganlegg.
b) Bompengeselskapet får løyve til å krevje opp bompengar av trafikk på Hardangerbrua til delvis finansiering av anlegget.
c) Samferdselsdepartementet får fullmakt til å inngå avtale med bompengeselskapet og å fastsetje nærare reglar for finansieringsordninga.
d) Prosjektet vert finansiert i samsvar med St.prp. nr. 36 (1995-1996).
e) Stortinget ber Regjeringa leggje til rette for oppstart av prosjektet Hardangerbrua i 1998.
f) Prosjektet Hardangerbrua vert utforma slik at det ikkje har behov for statlege vegmidlar før i år 2000.

Forslag frå Sosialistisk Venstreparti:

Forslag 2

Ad. Trekantsambandet:

a) Hengebru over Digernessundet vert erstatta med flytebru.
b) Mellom Djupadalen og Hillersvika vert vegen lagd i miljøtunnel.

Forslag frå Kristeleg Folkeparti:

Forslag 3

       Stortinget ber Regjeringa syte for ei samla utgreiing av dei miljømessige konsekvensane for Hardangervidda ved evt. bygging av Hardangerbrua, inkludert heilårsveg over vidda.