Innstilling frå familie-, kultur- og administrasjonskomiteen om endringar på statsbudsjettet for 1996.

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 52 (1996-1997)
  • Kjeldedokument: St.prp. nr. 10 (1996-97)
  • Dato: 28.11.1996
  • Utgjevar: familie-, kultur- og administrasjonskomiteen

1. Sammandrag

       Administrasjonsdepartementet legg i proposisjonen fram forslag til endringar på budsjettet for 1996 vedkomande kap. 1522 Statens forvaltningsteneste, kap. 1544 Bustadlån til statstilsette, kap. 1545 og 4545 Ventelønn m.v. og kap. 2445 og 5445 Statsbygg.


2. Nærare om endringsforslaga

Kap. 1522 Statens forvaltningsteneste

       Departementet legg fram forslag til ein samla auke på dette kapitlet på kr 14.146.000 fordelt på post 11 Varer og tenester med 11,464 mill. kroner og post 45 Store nyinnkjøp med 2,7 mill. kroner.

       Utgiftsauken skuldast auka husleige i det nye regjeringsbygget (R5), auka teleutgifter, auka trykningsutgifter, flyttingar i samband med R5 og innreiingsutgifter.

       Det er gjort nærare greie for aukingane i proposisjonen.

Kap. 1544 Bustadlån til statstilsette

       Statens Pensjonskasse (SPK) har opplyst at det truleg ikkje vil bli bruk for noko av løyvinga i 1996 sidan etterspurnaden etter lån vil bli dekt av innbetaling av dei låna som alt er gjevne. Det vert difor gjort framlegg om å redusere løyvinga på kap. 1544 post 90 med 80 mill. kroner.

Kap. 1545/ 4545 Venteløn m.v.

       I andre halvdelen av 1996 har talet på personar med venteløn stige mykje. Denne auken skriv seg ifylgje Statens Pensjonskasse frå søknader om ventelønn i samband med omstillingsprosessen i Telenor AS. Det samla talet på personar med venteløn vil venteleg auke til om lag 900 innan utgangen av 1996, og då i hovudsak etter søknader frå Telenor.

       Utbetaling av venteløn vert løyvd over kap. 1545 Venteløn. Statlege verksemder refunderer desse utgiftene over kap. 4545 Venteløn. Dei fristilte verksemdene refunderer derimot ikkje ventelønsutgiftene.

       For 1996 fører denne volumauken til ei ekstraløyving på kap. 1545 Venteløn med 14 mill. kroner.

       Då hovuddelen av ventelønsmottakarane kjem frå fristilte verksemder som ikkje refunderer ventelønsutgiftene, fører det til ein reduksjon på kap. 4545 Venteløn på 12 mill. kroner.

Kap. 2445/5445 Statsbygg

       Auken i husleigene i R5 og R4 i samband med flyttingsprosjektet fører til endringar på Statsbygg sitt driftsbudsjett med til saman 7,632 mill. kroner. Etter dette vil post 24 Driftsresultat underpost 1-6 bli endra slik som det går fram på s. 3 i proposisjonen. Det vert difor gjort framlegg om å auke kap. 5445 post 39 Avsetnad til investeringsføremål med 7,663 mill. kroner.

       Av dette beløpet vil 0,964 mill. kroner gå til Statens forvaltningsteneste, 0,214 mill. kroner til Barne- og familiedepartementet, 4,185 mill. kroner til Nærings- og energidepartementet og 0,855 mill. kroner til Fiskeridepartementet.


3. Merknader frå komiteen

       Komiteen sitt fleirtal, alle unntatt representanten Roy N Wetterstad, stør endringsframlegga.

       Komiteens medlem Roy N Wetterstad mener Statens forvaltningstjeneste må tilpasse driften til sine økonomiske rammer, og vil gå imot forslaget til økninger på kap. 1522 post 11 og 45.

       Dette medlem viser til at han er motstander av ventelønnsordningen, og vil gå imot økningen på kap. 1545.

4. Komiteen si tilråding

       Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

       På statsbudsjettet for 1996 vert gjort fylgjande endringar:

Kap. 1522 Statens forvaltningstjeneste         
  11  Varer og tjenester, økes med     kr 11.464.000
  45 Store nyanskaffelser, kan
        overføres, økes med     kr 2.700.000
Kap. 1544 Boliglån til statsansatte         
  90  Lån mv. reduseres med     kr 80.000.000
  01  Lønn og godtgjørelser,
        overslagsbevilgning,
        økes med     kr 14.000.000
Kap. 2445 Statsbygg         
  24  Driftsresultat:         
  1 Driftsinntekter kr -1.722.812.000
  2 Driftsutgifter,
      overslags-
      bevilgning kr 589.662.000
  3 Avskrivninger kr 57.000.000
  4 Renter av statens
      kapital kr 120.027.000
  5 Til
      investeringsformål kr 915.255.000
  6 Til reguleringsfondet kr 30.868.000 kr -10.000.000

Inntekter:

Kap. 4545 Ventelønn m.v.     
  01  Refusjon statlig virksomhet m.v.
        reduseres med kr 12.000.000
Kap. 5445 Statsbygg     
  39  Avsetning til investeringsformål
        økes med kr 7.663.000


Oslo, i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen, den 28. november 1996.

Grethe G Fossum, Arne Haukvik, Eli Sollied Øveraas,
leiar. ordførar. sekretær.