1. Samandrag

       I Ot.prp. nr. 38 (1995-1996) er det gjort framlegg om å etablera ei utlendingsnemnd. Løyvingsframlegget i proposisjonen her er basert på at dette framlegget vert vedtatt. Nemnda skal vere operativ frå 1. januar 1997.

       Justisdepartementet gjer framlegg om å oppretta totalt 66 stillingar i Utlendingsnemnda. Lønsutgiftene er rekna til ca 200.000 kroner. Andre eingongsutgifter for 1996 er rekna til 4,2 mill. kroner. Dette er noko høgare enn det som er føresetnaden i Ot.prp. nr. 38 (1995-1996) , i hovudsak fordi det har vist seg naudsynt å kjøpa inn nytt edb-utstyr.

       Det vert føreslått oppretta eit nytt kap. 490, Utlendingsnemnd, på totalt 4,4 mill. kroner. Eventuell unytta del av løyvinga skal kunna overførast frå 1996 til 1997.

       Som delvis inndekning av utgiftene på 4,4 mill. kroner i 1996 vert kap. 400 post 11 føreslått redusert med 1,4 mill. kroner.