Innstilling frå justiskomiteen om endringar på statsbudsjettet for 1996 under kap. 490 og kap. 400 administrert av Justis- og politidepartementet.

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 53 (1996-1997)
  • Kjeldedokument: St.prp. nr. 66 (1995-96)
  • Dato: 28.11.1996
  • Utgjevar: justiskomiteen
  • Sidetal: 217

1. Samandrag

       I Ot.prp. nr. 38 (1995-1996) er det gjort framlegg om å etablera ei utlendingsnemnd. Løyvingsframlegget i proposisjonen her er basert på at dette framlegget vert vedtatt. Nemnda skal vere operativ frå 1. januar 1997.

       Justisdepartementet gjer framlegg om å oppretta totalt 66 stillingar i Utlendingsnemnda. Lønsutgiftene er rekna til ca 200.000 kroner. Andre eingongsutgifter for 1996 er rekna til 4,2 mill. kroner. Dette er noko høgare enn det som er føresetnaden i Ot.prp. nr. 38 (1995-1996) , i hovudsak fordi det har vist seg naudsynt å kjøpa inn nytt edb-utstyr.

       Det vert føreslått oppretta eit nytt kap. 490, Utlendingsnemnd, på totalt 4,4 mill. kroner. Eventuell unytta del av løyvinga skal kunna overførast frå 1996 til 1997.

       Som delvis inndekning av utgiftene på 4,4 mill. kroner i 1996 vert kap. 400 post 11 føreslått redusert med 1,4 mill. kroner.


2. Komiteen sine merknader

       Komiteen viser til brev fra Justisdepartementet datert 15. november 1996 der det går fram at løyvingsframlegget i proposisjonen ikkje lenger er aktuelt. Bakgrunnen for dette er at det har tatt lenger tid å handsama framlegget til ny utlendingsnemnd enn det som var føresetnaden då løyvingsframlegget vart utarbeidd. Komiteen føreslår etter dette at proposisjonen vert lagt ved protokollen.

3. Komiteen si tilråding

       Komiteen viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere følgjande

vedtak:

       St.prp. nr. 66 (1995-1996) - om endringar på statsbudsjettet for 1996 under kap. 490 og kap. 400 administrert av Justis- og politidepartementet - vert lagt ved protokollen.

Oslo, i justiskomiteen, den 28. november 1996.

Lisbeth Holand, Olav Akselsen,
leiar. ordførar og sekretær.