Innstilling frå finanskomiteen om Noregs Bank, Kredittilsynet, Statens Banksikringsfond, Statens Bankinvesteringsfond, Oslo Børs og Verdpapirsentralen si verksemd i 1995.

1. Innleiing

1.1 Utviklinga på finansmarknaden

1.1.1 Samandrag

       Dei kortsiktige rentene var stabile i 1995. Dei langsiktige rentene, målte ved renta på norske statsobligasjonar med fem års attståande løpetid, fall med 2 prosentpoeng. Også renta i bankane gjekk ned. Gjennomsnittleg utlånsrente fall med 0,8 prosentpoeng og gjenomsnittleg innlånsrente med 0,3 prosentpoeng, slik at den gjennomsnittlege rentemarginen vart redusert med 0,5 prosentpoeng.

       Det er i meldinga gjort nærare greie for utviklinga på finansmarknaden.

       Utbyttet til bankaksjeeigarane blir fastsett av bankorgan i samsvar med reglane om dette i forretningsbanklova og aksjelova. Statens Bankinvesteringsfond representerer staten på generalforsamlingane i bankane, som mellom anna vel elleve femtendelar av representantskapet. Utbyttet blir fastsett av representantskapet og styret i fellesmøte innanfor det høgste beløp som styret fastsett. Statens Bankinvesteringsfond er frå 1995 representert med medlemmer i representantskapa til dei to største forretningsbankane. Gjennom sitt arbeid i disse organa prøver Statens Bankinvesteringsfond å oppfylle dei krav til avkastning på statens kapital som kom til uttrykk i Salderinsproposisjonen i 1995.

       Departementet fekk i 1995 fleire større konsesjonssaker. Før søknadene om konsesjon vart ferdigbehandla, la departementet i Nasjonalbudsjettet 1995 fram ei vurdering av konkurransetilhøva og strukturpolitikken på finansmarknaden. Her drøfta ein forhold som har vekt for statens rolle som konsesjonsgivar på finansmarknaden. Departementet la opp til at ein framleis må gjere ei særleg grundig og kritisk vurdering av verknadene av samanslåing av « store » institusjonar. Departementet meiner at det bør vere den samla konkurransesituasjonen som skal vere avgjerande for om det skal givast konsesjon til slik samanslåing. Konsesjonspraksis må innrettast slik at han ikkje hindrar omstillingar som set fianansnæringa i stand til å møte utfordringar i framtida, som auka internasjonal konkurranse. Dei ulike konsesjonssøknadene vart handsama ut frå retningslinene om tilstrekkeleg konkurranse og naudsynt soliditet. 12. januar 1996 fekk Kreditkassen konsesjon til å eige 100 % av aksjane i Norgeskreditt Holding AS. Både DnB og det nederlandske forsikringsselskapet Aegon fekk 23. januar 1996 samtykke til å eige aksjane i Vital Forsikring AS. 4. juni 1996 fekk Sparebanken Midt-Norge, Sparebanken Nord-Norge, Sparebanken Rogaland og Sparebanken Vest samtykke til å etablere samarbeidsavtale om finanstenester og konsesjon til å etablere morselskap i finanskonsern.

       Etter finansieringsverksemdslova § 2-7 skal avtaler som er inngått mellom finansinstitusjonar ha godkjenning av Finansdepartementet om dei kan ha innverknad på konkurransen. I 1995 og i fyrste halvår av 1996 mottok departementet fire slike søknader om godkjenning etter finansieringsverksemdslova § 2-7 i saker knytte til betalingsformidling.

       Sparebankenes servicekontor, Forretningsbankenes servicekontor og Postbanken søkte 24. november 1995 Finansdepartementet om godkjenning etter finansieringsverksemdslova §2-7 for rammeavtale om integrering av Postbanken i den felles infrastrukturen for betalingsformidling som dei andre bankane har. Avtala inneber at Postbanken sluttar seg til dei felles reglane som gjeld for betalingssystema til dei andre forretning- og sparebankane. Samordninga skjer i hovudsak ved at Postbanken sluttar seg til eksisterande avtaler mellom dei andre bankane om gjensidig honorering av betalingsinstrument og -oppdrag. Minibanknettet vil etter avtala framstå som eit nett for brukarane. Når det gjeld prisfastsetjing, er det slått fast i avtala at kvar einskild bank ikkje kan gjere prisane avhengige av kva for andre bankar som tek del i transaksjonen. Postbanken sluttar seg og til avtala som regulerer korleis bankar som deltek i ein transaksjon, skal dele betalinga seg imellom, såkalla interbankgebyr. Føremålet med avtala er å få til effektive betalingstransaksjonar. Postbanken har betalt eit eingongsbeløp på om lag 75 mill. kronar for samordninga.

       Departementet bad Noregs Bank, Kredittilsynet og Konkurransetilsynet om ei vurdering av rammeavtala. Noregs Bank og Kredittilsynet tilrådde at avtala vart godkjend. Noregs Bank grunngav sitt syn med at samordninga er ein fordel for kundane, gjev betre utnytjing av distribusjonssystema og fremmjar eit effektivt betalingssystem. Kredittilsynet gav uttrykk for at avtala under visse omstende kan verke konkurranseregulerande, og tilrådde at ein sette som vilkår at godkjenninga kan takast attende dersom avtala får ein uheldig konkurranseregulerande effekt. Konkurransetilsynet gav uttrykk for at samordninga er ein viktig føresetnad for effektiv betalingsformidling der kvar bank set eigne prisar til kundane. Finansdepartementet godkjende avtala 9. mai 1996. Godkjenninga kan trekkjast attende dersom avtala viser seg å få ein uheldig konkurranseregulerande verknad.

       I 1991 søkte bankforeiningane om godkjenning av avtale om etablering av felles operasjonelt EFTPOS-selskap, kalla Bank-Axept AS. Selskapet er sentral for innsamling av data frå betalingsterminalar i detaljhandelen. Departementet melde frå til søkjarane i 1991 at ein ikkje ville ta stilling til søknaden før samordninga med Postbanken var avklara. På bakgrunn av avtala om samordning med Postbanken søkte bankforeiningane 24. oktober 1995 på nytt om at avtala om opprettinga av Bank-Axept vart godkjend. Etter avtala skal Bank-Axept samle inn data fra EFTPOS-transaksjonar. Brukarstadene skal for det meste eige terminalane. Bankenes Standardiseringskontor skal fastsetje standardene for EFTPOS-systemet. Kostnader som vedkjem terminal og brukarstad, skal belastast banken på brukarstad. Departementet bad Noregs Bank, Kredittilsynet og Konkurransetilsynet om ei vurdering av avtala. Konkurransetilsynet uttalar i brev av 26. februar 1996 til departementet at det reknar med at avtala ikkje inneheld føresegner som blir ramma av forbodsføresegnene i konkurranselova. Noregs Bank og Kredittilsynet tilrådde at avtala skulle bli godkjend. Kredittilsynet uttalte i brev av 1. mars 1996 til departementet at « Bank-Axept og Postbankens innsamlingssentral ster for innsamling av se godt som alle EFTPOS-transaksjonene i Norge i dag, og befinner seg derfor i en oligopolsituasjon som under gitte omstendigheter kan vfre konkurranseregulerende ». Kredittilsynet tilrådde difor at det vart stilt vilkår til godkjenninga slik at styresmaktene kan gripe inn om det er naudsynt. Avtala vart godkjend av Finansdepartementet 9. mai 1996. Godkjenninga kan trekkjast tilbake om avtala seinare viser seg å få uheldig konkurranseregulerande verknad.

       Sparebankforeiningens servicekontor og Bankforeiningens servicekontor søkte 8. februar 1995 om godkjenning av « regler om beregning av pris for tilgang til bankenes fellessystemer innen betalingsformidlingen ». Reglane gjeld bankar som etter 1. januar 1994 knyter seg til fellessystema. Avtala gjeld likevel ikkje Postbanken, jf. omtala ovanfor om samordninga. Fellessystema blir i avtala delte inn i fire ulike bolkar med eigne prisar for tilgang. Den fyrste bolken omhandlar betalingstenester og sjekktenesta, og regulerer mellom anna interbanksystemet og avrekning i Bankenes betalingsentral (BBS). Dei andre bolkane regulerer minibanktenesta, EFTPOS og bankgirotenesta. Etter avtala aukar tilgangsprisane med storleiken på den ansvarlege kapitalen til banken som knyter seg til. Tilgangsprisen for alle tenestebolkar har ein maksimal storleik på 15,5 mill. kroner for bankar med over 50 mill. ECU i ansvarleg kapital. Ein bank med ein ansvarleg kapital på 5 mill. ECU, om lag 41 mill. kroner, betaler etter avtala ein tilgangspris for alle tenestebolkar på noko mindre enn 6 mill. kroner. Dette svarar til om lag 14 % av den ansvarlege kapitalen i banken. Utanlandske bankar med filial i Noreg må uavhengig av bankens ansvarlege kapital betale 11,5 mill. kroner om banken skal ha tilgang til alle tenestebolkar. Ein bank kan også knyte seg til fellessystemet bilateralt gjennom ein bank som allerede er tilknytt. I slike tilhøve blir tilgangsprisen avtala mellom dei to bankane.

       Departementet bad Noregs Bank, Kredittilsynet og Konkurransetilsynet vurdere reglane for utrekning av tilgangspris. Konkurransetilsynet bad Finansdepartementet vurdere om det bør setjast ein maksimal tilgangspris som svarar til om lag 5 % av den ansvarlege kapitalen til banken som sluttar seg til, og ein maksimal tilgangspris på noko over 8 mill. kroner. Etter Noregs Bank si vurdering er ein tilgangspris på mellom 5 og 10 % av den ansvarlege kapitalen stor nok til at ein kan ta nødvendige omsyn, mellom anna omsyn til konkurranse. I den vidare handsaminga av søknaden hadde departementet nærare kontakt med søkjarane, Noregs Bank og Konkurransetilsynet. Departementet har lagt vekt på behovet for reglar som er ope kjende for aktørane. Departementet vil videre peike på at i klagesaker vil Konkurransetilsynet vurdere tilgangsprisen i kvart einskilt tilfelle. På denne bakgrunnen godkjende Finansdepartementet 11. juli 1996 med heimel i finansieringsverksemdsloven § 2-7 avtala om « regler om beregning av pris for tilgang til bankenes fellessystemer innen betalingsformidlingen ». Departementet tok atterhald om at Konkurransetilsynet må vurdere kva tilgangsprisen maksimalt kan vere i kvart einskilt tilfelle. Konkurransetilsynet gav 13. august 1996 dispensasjon fra konkurranselova for avtala. Konkurransetilsynet kan etter klage, eller på eige tiltak, trekkje dispensasjonen attende eller stille vilkår for han dersom avtala får uønskte verknader med omsyn til konkurranse. Dispensasjonen frå konkurranselova gjeld fram til 1. august 2001.

       Servicekontora for dei to bankforeiningane søkte 23. februar 1996 om løyve etter finansieringsverksemdslova § 2-7 for avtale om interbankgebyr. Avtala regulerer prisar for betalingstenester og kontantuttak (minibank, autogiro, sjekk o.a.) som blir utførte av ein kunde i ein annan bank. For uttak i minibank, bruk av autogiro og ved innløysing av utbetalingstilvising eller -kort skal banken som tek imot interbankgebyret ikkje krevje ekstra gebyr av kunden. Mesteparten av gebyra blir gjorde opp bankane imellom ein gong i månaden. Bankar som ikkje er medlemmer av ei av bankforeiningane kan tre inn i avtala etter vilkår fastsette av servicekontora for bankforeiningane. Avtala erstattar tidlegare godkjend avtale om interbankgebyr. Departementet bad Noregs Bank og Kredittilsynet om ei vurdering av avtala. Konkurransetilsynet har gitt dispensasjon frå konkurranselova for avtala om interbankgebyr. Noregs Bank gav uttrykk for at felles satsar for interbankgebyr kan vere naudsynt for å halde ved like og vidareutvikle eit effektivt betalingssystem, og at det er reelle grunngjevingar for dei endringane som vart gjorde i forhold til avtala frå 1993. Både Noregs Bank og Kredittilsynet tilrådde godkjenning av avtala. Finansdepartementet godkjende 9. juli 1996 avtala om interbankgebyr. Godkjenninga kan trekkjast attende om avtala seinare viser seg å få ein uheldig konkurranseregulerande verknad.

1.1.2 Merknader frå komiteen

       Komiteen tar redegjørelsen i meldingen vedrørende utviklingen i finansmarkedet til orientering.

       Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Sosialistisk Venstreparti, Rød Valgallianse og representanten Stephen Bråthen, vil bemerke at konkurransedyktige norske finansnæringer er viktig for å ivareta hensynet til forbrukerne, og det gjelder både bedriftene og husholdningene. Flertallet vil understreke betydningen av en konsesjons- og strukturpolitikk som sikrer en effektiv konkurranse, forhindrer uheldig sentralisering og konsentrasjon av eiermakt. Flertallet vil i denne forbindelse vise til de respektive fraksjoners merknader i B.innst.S.nr.1 (1995-1996)

       Komiteens medlemmer fra Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Rxd Valgallianse viser til at disse partier har vært skeptisk til for sterk konsentrasjonen i finansmarkedet. Sosialistisk Venstreparti gikk blant annet imot Regjeringens innvilgning av konsesjon til både DnB og Aegon om overtakelse av aksjene i Vital Forsikring AS. Disse medlemmer mener at en utvikling i retning av en ny fusjonsbølge i det norske finansmarkedet vil virke uheldig. Konsentrasjonen i det norske finans- og forsikringsmarkedet er allerede større enn i de fleste europeiske land. Disse medlemmer vil peke på at en utvikling i retning av få, store enheter innenfor dette markedet kan føre til redusert konkurranse. Disse medlemmer viser til at dette synet har vært i tråd med stortingsflertallets holdning. Dette flertallet har blant annet pekt på behovet for at de norske finansinstitusjonene skal ha spredt eierskap.

       Disse medlemmer vil peke på pengepolitikken i dagens situasjon er relativt ekspansiv sett på bakgrunn av den realøkonomiske situasjonen. Dette medfører i neste omgang lavere utlånsrenter til publikum, og dermed økt utlånsvolum. Disse medlemmer mener for stor vekst i kredittvolumet kan virke uheldig på samfunnsøkonomien. Disse medlemmer mener det ikke er i tråd med de viktigste samfunnsøkonomiske behovene når Regjeringen i dag fører en ekspansiv pengepolitikk, mens finanspolitikken må sies å være relativt restriktiv.

       Komiteens medlem fra Rxd Valgallianse vil påpeke at denne meldinga som omhandler virksomheten i 1995, foreligger altfor seint til at det har særlig verdi å behandle den nøye. Slike årsmeldinger bør behandles kalenderåret etter, ikke to år etter. Rød Valgallianse har ikke apparat til å grave seg ned i historia og alle ulike dokumenter som ligger til grunn for denne meldinga. Dette medlem nøyer seg derfor med å si at meldinga synliggjør to store omlegginger, EU-tilpasninga gjennom EØS-avtalen og konsentrasjonen av finansinstitusjoner i Norge. Begge omleggingene er Rød Valgallianse sterkt imot.

       Komiteens medlem representanten Stephen Brethen vil bemerke at myndighetenes viktigste oppgave i forhold til næringslivet, herunder finansnæringen, er å sikre grunnlaget for effektiv konkurranse. Utover dette skal man påse at krav til soliditet m.v. overholdes. Øvrige hensyn, slik som frykt for sentralisering og tap av tyngre regionale forankrede finanstyngdepunkter, ligger etter dette medlems oppfatning utenfor hva myndighetene bør legges seg opp i.

1.2 Regelverksutvikling på finansmarknadsområdet

1.2.1 Samandrag

       Lov 14. juni 1985 nr. 61 om verdipapirhandel vart endra ved lov 7. juni 1996 nr. 25 (Ot.prp. nr. 15 og Innst.O.nr.48 (1995-1996)). Lovendringane gjennomførte m.a. Noreg sine plikter etter EØS-avtala vedlegg IX nr. 30 a og b - kapitaldekningsdirektivet (Rdir. 93/6/EØF ) og investeringstjenestedirektivet (Rdir. 93/22/EØF ).

       Verdipapirhandellovutvalet vart ved Kgl.res. 31. januar 1994 oppnemnt for å gå gjennom regelverket for verdipapirmarknaden og foreslå naudsynte endringar, m.a. som følgje av EØS-avtala. Utvalet la fram si første delutgreiing 16. desember 1994. Siste delutgreiing frå dette utvalet vart avgitt 19. desember 1995 og vart send på høyring 21. februar 1996.

       Kompetansen til å setje lova i kraft og til å gi overgangsreglar vart delegert til Finansdepartementet ved Kgl.res. 7. juni 1996 nr. 571. Finansdepartementet vedtok 26. juni 1996 forskrift om iverksetjing og overgangsreglar til endringslova. Reglane om at EØS-føretaks høve til å drive verksemd i Noreg, og forskriftsheimlane i endringslova vart sette i kraft frå 1. juli 1996. Dei generelle reglane om verksemda til verdipapirføretak blir sette i kraft 31. desember 1996. Det er fastsett overgangsreglar i samband med at alle eksisterande investeringsføretak må få løyve etter dei nye reglane.

       Forskrift 7. juli 1995 nr. 682 om filialetablering for investeringsføretak frå andre EØS-land som driv fondsmekling vart oppheva ved forskrifta 26. juni 1996 i samband med at det er fastsett nye reglar om filialetablering i verdipapirhandellova.

       Finansdepartementet fastsette 17. juli 1996 forskrift om minstekrav til kapitaldekning for marknadsrisiko o.a. for kredittinstitusjonar og verdipapirføretak.

       Finansdepartementet fastsette 14. mai 1996 endringar i einskilde forskrifter gitt med heimel i verdipapirsentrallova. Endringane er av teknisk karakter.

       I Kredittmeldingane for 1993 (St.meld. nr. 13 (1994-1995)) og 1994 (St.meld. nr. 36 (1995-1996)) vart viktige endringar i regelverket som følgje av EØS-avtala og tilleggsavtala til EØS-avtala omtala. Her følgjer supplerande gjennomgåing.

       Følgjande forskrifter vart fastsette i 1995, og er omtala i Kredittmeldinga 1994:

- Forskrift 7. juli 1995 nr. 682 om filialetablering for investeringsføretak frå andre EØS-land som driv fondsmekling. Oppheva ved forskrift 26. juni 1996.
- Forskrift 18. september 1995 nr. 797 om inndeling i forsikringsklassar som grunnlag for tildeling av konsesjon.
- Forskrift 22. september 1995 nr. 827 om forsikringstenesteytingar og etablering av filial i Noreg av forsikringsselskap med hovudsete i annan EØS-stat.
- Forskrift 11. oktober 1995 nr. 854 om norske forsikringsselskap sine forsikringstenesteytingar og etablering av filial i annan EØS-stat.

       Finansdepartementet fastsette 19. mai 1995 to forskrifter om berekning av solvensmarginkrav og solvensmarginkapital for norske skadeforsikringsselskap og for norske livsforsikringsselskap med heimel i forsikringsverksemdlova § 7-3 femte ledd. Forskriftene er ei implementering av Rdir. 79/267/EØF , 92/96/EØF , 73/239/EØF og 92/49/EØF (første og tredje livsforsikringsdirektiv og første og tredje skadeforsikringsdirektiv), som er ein del av EØS-avtala.

       Finansdepartementet fastsette 24. november 1995 forskrift om forsikringsmekling.

       Finansdepartementet fastsette 22. mai 1996 forskrift om overdraging av forsikringsportefølje teikna etter reglane om etableringsrett eller utveksling av tenesteytingar.

       Finansdepartementet fastsette 28. juni 1996 forskrift om verksemda til norske kredittinstitusjonar i annan stat i Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet. Forskrifta gjeld den retten norske bankar og finansieringsføretak har til å etablere filial og yte tenester i annan EØS-stat.

       EØS-reglane som svarar til Rdir. 87/102/EØF gjer det naudsynt med endringar i dei norske reglane om forbrukarkreditt, m.a. om opplysning om effektiv rente. Det er behov for å samordne reglar i medhald av kredittkjøpslova og finansinstitusjonslova, jf. omtale i Revidert nasjonalbudsjett 1996 s. 96. Finansdepartementet har på denne bakgrunnen bede Kredittilsynet gjere framlegg om ei ny forskrift om opplysningsplikt overfor låntakarar, jf. gjeldande forskrift 1. juni 1990 nr. 437 gitt i medhald av finansinstitusjonslova. Opplysningsplikta etter denne forskrifta skal ikkje omfatte lån som fell inn under kredittkjøpslova. Det blir vist til at Konkurransetilsynet 22. desember 1995 sende på høyring eit framlegg om endringar m.a. i reglar om berekning av effektiv rente, jf. forskrift 15. juli 1986 nr. 1616 gitt i medhald av kredittkjøpslova.

       EFTA sitt overvakingsorgan (ESA) har i løpet av 1995 sendt to såkalla opningsskriv eller « letters of formal notice » til Finansdepartementet om manglande gjennomføring av direktiv etter EØS-avtala. I brev 17. mai 1995 tok ESA opp gjennomføringa av reglar i direktivet om forbrukarkreditt (Rdir. 87/102/EØF ). Finansdepartementet gjorde i brev 21. juni 1995 greie for det gjeldande regelverket på departementet sitt område som tek vare på forbrukarinteresser, under dette forskrift 1. juni 1990 nr. 437 om opplysningsplikt overfor låntakarar. Ein viste til at ei forskrift om forbrukarkreditt er under handsaming i departementet.

       I brev 13. juli 1995 tok ESA opp gjennomføringa av i alt 13 føresegner i første og andre bankdirektiv og UCITS-direktivet. Finansdepartementet varsla i brev 19. oktober 1995 at ein ville gjennomføre forskriftsendringar og gjere framlegg om lovendringar i tråd med ESA sitt syn på alle punkt bortsett frå eitt, som gjeld dei reglane i EØS-avtala som svarar til kravet i andre bankdirektiv til nasjonale reglar for kredittinstitusjonar som ønskjer å etablere filial i annan EØS-stat.

       Finansdepartementet har utforma føresegner om at etablering av filial i annan EØS-stat krev løyve frå Kredittilsynet, jf. omtale over av forskrift 28. juni 1996 om verksemda til norske kredittinstitusjonar i annan stat i EØS. ESA meiner at ein regel om at norske kredittinstitusjonar som ønskjer å etablere filial i annan EØS-stat må søkje om løyve, ikkje vil vere i samsvar med art. 19(1) i anna bankdirektiv. ESA syner til at « single licence »-prinsippet i direktivet inneber at ein kredittinstitusjon som har løyve til å drive verksemd i heimstaten, ikkje skal trenge eit løyve til for å kunne etablere filial i ein annan EØS-stat. Departementet deler ikkje ESAs syn, og har overfor ESA m.a. synt til at styremaktene ikkje vil kunne trekkje inn andre moment i skjønnsutøvinga enn dei som går fram av art. 19(3) i direktivet. Etter departementet si vurdering er reglane i forskrifta 28. juni 1996 om verksemda til norske kredittinstitusjonar i anna stat i EØS ikkje i strid med art. 19(1) i anna bankdirektiv.

       ESA har m.a. i opningsskrivet frå 13. juli 1995 gitt uttrykk for at den norske gjennomføringa av EØS-avtala sitt vedlegg IX (finansielle tenester) ikkje var fullt ut tilfredsstillande. For å bøte på ein del av innvendingane til ESA vart det fastsett visse endringar i finanslovgivinga ved lov 28. juni 1996 nr. 46 (Ot.prp. nr. 45 og Innst.O.nr.72 (1995-1996)). Det vart m.a. lovfesta krav til vandel og røynsle for leiarar av kredittinstitusjonar og at avgjerd av søknad om å drive verksemd som kredittinstitusjon skal treffast innan seks månader. Lova tok til å gjelde 1. juli 1996, jf. Kgl.res. 28. juni 1996. Departementet arbeider med forskrifter i samband med lovendringa.

       Som ledd i tilpassinga til GATS- og OECD-plikter er det vedteke lovreglar om at bankar, andre kreditt- og finansinstitusjonar og forvaltningsselskap for verdipapirfond med hovudsete utanfor EØS kan etablere filial her i riket, jf. lov 28. juni 1996 nr. 46 (Ot.prp. nr. 45 og Innst.O.nr.72 (1995-1996)). Lova tok til å gjelde 1. juli 1996, jf. Kgl.res. 28. juni 1996. Filialetablering krev løyve frå norske styremakter.

       Våren 1996 vart det vedteke lovendringar med sikte på å styrkje regelverket til førebygging og nedkjemping av kvitvasking av utbytte frå kriminell aktivitet, jf. lov 7. juni 1996 nr. 30 ( Ot.prp. nr. 22 (1995-1996) og Innst.O.nr.50 (1995-1996)). Lovendringane har m.a. samband med den norske deltakinga i FATF (Financial Action Task Force on Money Laundering).

       Finansdepartementet oppnemnde 14. juni 1995 Kontrollutvalet for tiltak mot kvitvasking av pengar og fastsette same dag nærare reglar for kontrollutvalet si verksemd og sakshandsaming. Reglane er tekne inn i forskrift 14. juni 1995 nr. 557 om Kontrollutvalget for tiltak mot hvitvasking av penger. Utvalet fører kontroll med ØKOKRIMs handsaming av opplysningar som er mottekne frå mellom andre finansinstitusjonar etter finansinstitusjonslova §2-17.

       Ved forskrift 2. august 1995 endra Finansdepartementet forskrift 7. februar 1994 nr. 118 om legitimasjonskontroll og tiltak mot kvitvasking av pengar. Endringa innebar at skadeforsikringsselskapa, ved teikning av skadeforsikringspolisar, vart unnatekne frå den særskilde legitimasjonsplikta som går fram av finansinstitusjonslova § 2-17 og forskrifta om legitimasjonskontroll.

       Rekneskapslovutvalet vart oppnemnt ved Kgl.res. 16. mars 1990 for å vurdere rekneskapslovgivinga. Utvalet la fram ein delutgreiing i NOU 1992:13 om rekneskapsmessig handsaming av skatt, og ei anna delutgreiing i NOU 1993:2 om differensierte krav til årsoppgjer, konsernoppgjer og revisjonsplikt. Utvalet la fram si avsluttande utgreiing 27. oktober 1995. Utgreiinga vart send på høyring 27. desember 1995 med høyringsfrist innan utgangen av mars 1996.

       Banklovkommisjonen, som vart nedsett ved Kgl.res. 6. april 1990, går no gjennom finansinstitusjons- og kredittlovgivinga med sikte på modernisering, samordning og revisjon. Kommisjonen si oppgåve er å foreslå klare, lovregulerte rammevilkår for finansinstitusjonane. Eit siktemål er at lovreguleringa skal ta høgd for utviklinga på finansmarknadene. Lovgivinga bør utformast slik at ho får ein langsiktig og generell karakter, og at ho gir rom for nødvendige tilpassingar til endra forhold. Kommisjonen sitt arbeid skal avpassast i forhold til reglar som nyleg har vore reviderte.

       Banklovkommisjonen gav 15. desember 1994 si første utgreiing med forslag til ny lov om finansavtalar og finansoppdrag til Justisdepartementet ( NOU 1994:19 ). Forslaget inneber ei regulering av tilhøvet mellom finansinstitusjonar og kunden, dvs. ei kontraktrettsleg regulering av banktenester og bankavtalar, m.a. avtalar om innskottskonto, betalingsoppdrag, utlån og kausjon. Justisdepartementet sende utgreiinga ut til høyring våren 1995. Justisdepartementet legg opp til at det blir fremja odelstingsproposisjon om finansavtalar og finansoppdrag i løpet av 1997.

       Banklovkommisjonen gav 28. november 1995 si utgreiing nr. 2 med forslag til reglar om sikringsfondsordningar og offentleg administrasjon. Denne utgreiinga vart send ut til høyring av Finansdepartementet 30. november 1995, med høyringsfrist 29. februar 1996. Finansdepartementet fremja 10. mai 1996 Ot.prp. nr. 63 (1995-1996) om lov om sikringsordningar for bankar og offentleg administrasjon m.v. av finansinstitusjonar. Arbeidet med utgreiing nr. 3 om offentlegrettslege regler om betalingssystem og kontokortsystem er i gang. Kommisjonen har også i oppgåve å foreslå ei samordna lovgiving for finansinstitusjonar for å gjere regelverket meir oversiktleg og tilgjengeleg. Arbeidet med ein meir generell revisjon av finansinstitusjonlovgivinga skal munne ut i utgreiing nr. 4.

       Revisorlovutvalet vart oppnemnt ved Kgl.res. 28. januar 1994. Det vart nedsett for å gå gjennom sider ved revisorlovgivinga. Mandatet til utvalet går mellom anna ut på å

- vurdere revisors ansvar, plikter og oppgåver, og foreslå korleis regelverket skal vere,
- vurdere behovet for endringar i reglane om revisjonsplikt i revisorlova og anna lovgiving med unntak av lovgiving som berre gjeld stat og kommune,
- vurdere krava til utdanning og kompetanse for revisorar,
- ta stilling til om det er teneleg å halde fast ved at bestemte revisjonspliktige må bruke særskild kategori revisor, og retningslinjene for dette systemet,
- vurdere korleis myndigheitene kan organisere forvaltninga av revisor- og revisjonsspørsmål, og Kredittilsynet og Revisorrådet si rolle.

       Arbeidet i utvalet har teke lengre tid enn først tenkt. Ein ventar likevel at utgreiinga blir lagd fram i år.

1.2.2 Merknader frå komiteen

       Komiteen tar redegjørelsen i meldingen vedrørende finansmarkedets regelverksutvikling til orientering.

       Komiteens medlemmer fra Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Rxd Valgallianse viser til sine merknader og forslag i de ovenfor nevnte innstillinger, der disse medlemmer gikk inn for innstramming i regelverket for verdipapirhandel.

1.3 Omlegging av framtidige kredittmeldingar

1.3.1 Samandrag

       Store delar av Kredittmeldinga overlappar omtale i andre meldingar og proposisjonar. Departementet meiner difor at meldinga bør leggjast om for betre å reflektere dei reelle informasjonsbehov.

       Kredittmeldinga omtalar administrative forhold og verksemd etter institusjon. Meldinga har også ei generell omtale av forholda på finansmarknaden. Finansdepartementet sitt eige forvaltningsarbeid får berre kort omtale. Dei seinare år er det i vedlegg til meldinga gjeve ei summarisk oversikt over konsesjonar som er gjevne av departementet. I meldinga for 1994 vart det i innleiingskapittelet teke med eit nytt underavsnitt om utvikling i regelverket.

       Administrative forhold og arbeidet i Kredittilsynet og statsbankane året før blir omtala i St.prp. nr. 1. Ei generell omtale av penge- og valutapolitikken, statsbankane, og utviklinga på finansmarknaden blir gjeven i Nasjonalbudsjettet og i Revidert nasjonalbudsjett. For fleire av statsbankane blir det òg fremma eiga melding om verksemda frå vedkommande fagdepartement. I tillegg har alle institusjonane sine eigne offentlege årsmeldingar med opplysningar om administrative forhold, styresamansetjing, verksemd osv. I Nasjonalbudsjettet og i Revidert nasjonalbudsjett har det og blitt orientert om Finansdepartementet sitt forvaltningsarbeid på finansmarknadsområdet. Kapittelet i kredittmeldinga om finansiering av staten (inkl. omtale av intervensjonssamarbeid mellom Noregs Bank og sentralbankane i andre land), er nærast identisk med omtalen i lånefullmaktsproposisjonen. Kredittmeldinga har difor ein avgrensa funksjon som ei sjølvstendig orientering, og departementet vil på denne bakgrunn foreta visse endringer.

       Departementet vil foreslå følgjande opplegg for framtidige kredittmeldingar:

       Kredittmeldinga held fram som årleg melding. Innhaldet blir bygd opp om to element: - generell marknadsinformasjon om finansinstitusjonane og verdipapirhandelen for året før, og - orientering om forvaltningsarbeidet departementet har utført på finansmarknadsområdet. Omtalen av pågåande arbeid på finansmarknadsområdet som no er i Nasjonalbudsjettet og Revidert nasjonalbudsjett, anna enn forhold som har noko å seie for budsjettopplegget, flyttast for det meste til kredittmeldinga. Kredittmeldinga får dermed i noko større grad preg av å vere eit dokument som omhandlar aktuelle politiske saker. Framstillinga av forvaltningsarbeidet skal òg innehalde omtale av forvaltningsarbeid i underliggjande etatar som er av ein slik karakter at Stortinget bør bli informert. Det blir lagt fram ei brei orientering om dei underliggjande etatane berre ein gong i kvar stortingsperiode, dersom det ikkje har vore særskilde forhold, t.d. organisasjonsendringar, som tilseier at Stortinget får informasjonen tidlegare. Det kan også bli tale om ei kort utgreiing i dei årlege meldingane, dersom det er naudsynt. Omtala av Noregs Bank, Statens Banksikringsfond og Statens Bankinvesteringsfond er pålagd ved lov, jf. sentralbanklova § 28, banksikringsfondlova § 8 og bankinvesteringsfondlova § 6. Omlegginga som er foreslått her, vil difor krevje lovendring. Departementet legg vidare opp til å sløyfe omtalen av statsbankane og gjeldsforvaltninga i kredittmeldinga. Departementet vil og vurdere om meldinga om IMFs verksemd, som no kjem annakvart år, kan leggjast inn i kredittmeldinga.

1.3.2 Merknader frå komiteen

       Komiteen tar redegjørelsen i meldingen vedrørende omlegging av framtidige kredittmeldinger til orientering.


2. Noregs Bank si verksemd i 1995

2.1 Årsmeldinga for 1995

2.1.1 Samandrag

2.1.1.1 Noreg Bank si leiing og administrasjon

       Det er i meldinga gjort greie for Noregs Bank si leiing og administrasjon i 1995.

2.1.1.2 Bruken av ressursar i Noregs Bank

       I Kredittmeldingane for 1993 og 1994 var det ein omtale av ressursbruken i Noregs Bank. Departementet understreka at det òg for institusjonar og etatar som ikkje er utsette for konkurranse i marknaden, er eit krav om effektiv drift av verksemda. Som ledd i arbeidet med Kredittmeldinga 1995, har departementet bede Noregs Bank om ein rapport om utviklinga i Noregs Banks gjennomgang av oppgåver og ressursbruk. Noregs Bank har gjeve ein slik rapport i brev 20. august 1996 som er teke inn i meldinga.

       Departementet har merka seg det arbeidet Noregs Bank har sett i gang for å vurdere ressursbruken. Etter departementet sitt syn er det viktig at Noregs Banks verksemd er så effektiv som mogeleg. Departementet vil be om ein årleg rapport om utviklinga og eventuelle avvik i det planlagte arbeidet.

2.1.1.3 Verksemda til Noregs Bank i 1995

       Det er i meldinga gjort greie for verksemda til Noregs Bank i 1995 når det gjeld betalingsmiddel og betalingsformidling, oppgåver og rådgiving i samband med penge-, kreditt- og valutapolitikken, valutaregulering/valutastatistikk og anna verksemd.

2.1.2 Merknader frå komiteen

       Komiteen tar redegjørelsen i meldingen vedrørende Norges Banks virksomhet i 1995 til orientering.

2.2 Regneskap og budsjett for 1995

2.2.1 Samandrag

2.2.1.1 Balansen 31. desember 1995

       Tabell 2.2 og 2.3 i meldinga viser Noregs Banks balanserekneskap ved utgangen av 1995, samanlikna med tilsvarande tal for 1992, 1993 og 1994.

2.2.1.2 Noregs Banks aktiva

       Avkastninga på valutareservane utgjer 8 638 mill. kroner i 1995 mot 361 mill. kroner i 1994. Av avkastninga i 1995 utgjer valutakurstap 3 464 mill. kroner. Valutakurstapa kjem av samansetjinga av reservane, der valutaene i reservane i 1995 er svekte mot norske kroner.

       US dollar utgjorde 16,2 % av valutareservane ved utgangen av 1995, mot 19,2 % året før. Tilsvarande utgjorde tyske mark 35,8 % i 1995 og 37,5 % året før.

       Noregs Banks gullreservar er førte opp under internasjonale reservar med 284,9 mill. kroner. Den bokførte verdien ha vore uendra i fleire år og er utrekna på grunnlag a den offisielle gullprisen som er fastsett av Det internasjonale valutafondet (IMF), som tilsvarar ein kilopris på 7.732,27 kroner. Marknadsverdien på gull er vesentleg høgare enn dette.

       Noregs Bank eigedomsmasse, maskinar og inventar utgjer store verdiar. Eigedelane til banken utgjer 2.281 mill. kroner pr. 31. desember 1995.

2.2.1.3 Noregs Banks passiva

       Setlar og mynt i omløp auka i 1995 med 1,6 mrd. kroner til 42,1 mrd. kroner, mot 40,5 mrd. kroner året før. Innskott frå statskassa auka i 1995 med 11,8 mrd. kroner til 102,7 mrd. kroner, mot 90,9 mrd. kroner året før. Eigenkapitalen vart redusert med 1,6 mrd. kroner til 28,8 mrd. kroner, mot 30,4 mrd. kroner året før.

2.2.1.4 Resultatrekneskapen for 1995

       Tabell 2.4 i meldinga viser Noregs Banks resultatrekneskap for 1995.

       Årsresultatet til Noregs Bank etter kursreguleringar og ekstraordinære inntekter/kostnader var for 1995 ein gevinst på 5,6 mrd. kroner, mot eit tap på 1,9 mrd. kroner året før.

       Samla renteinntekter for Noregs Bank var for 1995 11,0 mrd. kroner, mot 10,8 mrd. kroner i 1994.

       Netto driftskostnader og investeringskostnader for Noregs Bank var i 1995 på 653,9 mill. kroner, mot 692,4 mill. kroner i 1994. Personalkostnadene i 1995 utgjorde 416,6 mill. kroner, mot 426,6 mill. kroner året før.

       Retningslinjene for avsetjing og disponering av Noregs Banks overskott vart vedtekne i Kgl.res. 7. februar 1986. Etter endring i statsråd 28. januar 1994 og 17. februar 1995 har retningslinjene denne ordlyden:

       « 1. Av Norges Banks overskudd avsettes til kursreguleringsfondet inntil dette har nådd 10 % av bankens fordringer i norske verdipapirer og 20 % av bankens netto valutareserver unntatt immuniseringsporteføljen, andre fordringer/forpliktelser på/overfor utlandet og eventuelt andre engasjementer som av Hovedstyret vurderes å ha ikke ubetydelig kursrisiko.
       Immuniseringsporteføljen svarer til den del av Norges Banks valutareserver som er skilt ut som egen portefølje før avkastning godskrives/belastes staten i samme års regnskap.
       2. Eventuelt overskudd etter avsetning til kursreguleringsfondet avsettes til overføringsfondet.
       3. Fra overføringsfondet overføres ved hvert årsoppgjør til statskassen et beløp som svarer til gjennomsnittet av brutto avsetninger til overføringsfondet ved de tre foregående årsoppgjør. »

2.2.2 Merknader frå komiteen

       Komiteen tar redegjørelsen i meldingen vedrørende Norges Banks regnskap og budsjett for 1995 til orientering.

3. Kredittilsynet si verksemd i 1995

3.1 Styre og administrasjon i Kredittilsynet i 1995

3.1.1 Samandrag

       Det er i meldinga gjort greie for styre, organisasjon og personell i Kredittilsynet i 1995.

       EØS-avtalen førte til ein sterk auke i den internasjonale aktiviteten i 1993 og 1994. Aktivitetsnivået er vidareført i 1995.

       Når det gjeld samarbeid mellom tilsynsmyndigheitene på forsikringsområdet, har Noreg, Island og Liechtenstein no slutta seg til den såkalla « samarbeidsprotokollen » til EU-landa. På bankområdet er samarbeidet mellom tilsynsmyndigheitene organisert gjennom bilaterale avtalar, såkalla « Memoranda of Understanding » (MoU). I 1994 vart slike avtalar inngått med tilsynsmyndigheitene i alle dei nordiske landa og med England, Frankrike og Luxembourg. I 1995 er avtalar inngått med Tyskland og Nederland. Med desse avtalane er det inntil vidare ikkje naudsynt med MoU med fleire EØS-land. På verdipapirsida vart det i 1995 inngått ein fornya MoU-avtale med England. Det blir òg arbeidd med å lage ein sams nordisk MoU som vil gi grunnlag for bilaterale avtalar mellom dei nordiske landa.

       Kredittilsynet har eit nært samarbeid med dei andre nordiske tilsynsmyndigheitene.

       Dei samla utgiftene til Kredittilsynet for 1995 var 69,6 mill. kroner, ein auke på 2,8 % frå 1994. Lønn, trygd og pensjon utgjorde 44,5 mill. kroner.

       Utgiftene til Kredittilsynet blir etter kredittilsynslova § 9 dekte av dei institusjonar som er under tilsyn i byrjinga av budsjettåret og blir delt på dei ulike grupper av institusjonar etter omfanget av tilsynsarbeidet. Det samla ordinære utlikningsbeløpet for 1995 var på 67,8 mill. kroner.

       Finansdepartementet vedtok 30. juni 1994 at utgiftene i samband med Granskingsutvalet (Wiker-utvalet) sitt arbeid fullt ut skal bli refundert av dei institusjonane der oppdraga har vore utførte. Eit krav retta til Sparebanken Rana på 424.155 kroner i samband med granskinga av tilhøve i Hemnes Sparebank, som vart innfusjonert i Sparebanken Rana 1. mai 1991, vart påklaga. Departementet endra 22. mai 1996 utlikningsvedtaket slik at refusjonskravet til Sparebanken Rana vart redusert til 200.000 kroner. Skilnaden mellom det opphavlege kravet og det reduserte kravet vart utlikna på alle sparebankar.

3.1.2 Merknader frå komiteen

       Komiteen tar redegjørelsen i meldingen vedrørende styre og administrasjon i Kredittilsynet i 1995 til orientering.

3.2 Kredittilsynet sitt granskingsutval (Wiker-utvalet)

3.2.1 Samandrag

       I 1990 oppretta Kredittilsynet, i samråd med departementet, eit utval (Granskingsutvalet) som skulle granske finansinstitusjonar som har hatt store soliditetsvanskar, jf. tidlegare utgreiingar som er gjeve til Stortinget seinast i Kredittmeldinga 1994. Granskingsutvalet avslutta sitt arbeid i 1995.

       I tillegg til innstillinga om Kreditkassen som er omtala i Kredittmeldinga 1994, la utvalet i 1995 fram ei avsluttande innstilling om Fokus Bank/Rogalandsbanken og ei innstilling om Den Norske Hypotekforening. Den førebels rapporten om Rogalandsbanken var tidlegare oversend til ØKOKRIM, men inga av dei andre rapportane vart sende til ØKOKRIM. ØKOKRIM arbeider enno med sakene om Kreditkassen. Dei andre er lagde bort « etter bevisstillinga ». Det er lagt fram oversyn over alle sakene i meldinga.

       Etter oppmoding frå Kredittilsynet utarbeide formannen i utvalet Håkon Wiker ein sluttrapport. Den vart framlagd i september 1995 og inneheld formannens evaluering av arbeidet i utvalet. Sidan denne rapporten går gjennom mange av dei sakene som er oversende til ØKOKRIM, er rapporten unnateken frå offentleg innsyn.

       I tildelingsbrevet for 1995-budsjettet bad Finansdepartementet Kredittilsynet om å utarbeide ein rapport om arbeidet til utvalet, resultata av arbeidet og Kredittilsynet sine erfaringar med utvalet. Rapporten vart oversend til Finansdepartementet i februar 1996.

       Det er i meldinga gjort nærare greie for denne rapporten.

       I rapporten konkluderer Kredittilsynet med at det bør vurderast enkelte endringar i gjeldande regelverk. Etter Kredittilsynet si meining bør det mellom anna vurderast å fastsetje lengre foreldingsfristar for brot i høve til spesiallovgjevinga, og klarare reglar om rekneskapsføring. Kredittilsynet meiner det er grunnlag for å vurdere ein regel om straffesanksjonering av skøytelaus kredittvurdering nærare. Etter dei erfaringane ein har gjort hittil, meiner Kredittilsynet at straffelovgjevinga aleine ikkje er tilstrekkeleg til å hindre kritikkverdige forhold eller ulovlege handlingar i finansinstitusjonane. For å kunne utføre eit effektivt tilsyn som kan hindre kriser i finansinstitusjonar og redusere omfang og skade av ei eventuell krise, må ein etter Kredittilsynet si oppfatning ha eit regelverk som gjer det lettare for Kredittilsynet å gripe inn i eventuelle mislege forhold på eit tidlegare tidspunkt. Kredittilsynet har såleis gjort framlegg om at det blir vurdert å styrke administrative sanksjonsmidlar.

       Arbeidet med ein generell revisjon av finansinstitusjonslovgjevinga skal munne ut i ei utgreiing nr. 4 frå Banklovkommisjonen, eit arbeid som Kommisjonen no skal gå i gang med. Etter departementet sitt syn høyrer forslaga frå Kredittilsynet med unntak av det som gjeld rekneskapsreglane, naturleg under Banklovkommisjonen sitt arbeid. Departementet vil difor be kommisjonen om å vurdere forslaga frå Kredittilsynet. Behovet for klarare og meir eintydige rekneskapsreglar blir vurdert av departementet i samband med arbeidet med ny rekneskapslov. Det kan òg vere aktuelt å sjå nærare på behovet for endringar i forskriftene om årsrekneskap i finansinstitusjonar når den generelle rekneskapslovgjevinga er fastlagd.

3.2.2 Merknader frå komiteen

       Komiteen tar redegjørelsen i meldingen vedrørende Kredittilsynets granskingsutvalg (Wiker-utvalget) til orientering.

3.3 Forretnings- og sparebankar i 1995

3.3.1 Samandrag

       Ved utgangen av 1995 var det 150 bankar i Noreg. Det var 133 sparebankar, 14 norske forretningsbankar, 2 utanlandske forretningsbankar og Noregs Postbank. I tillegg var tre utanlandske bankar representerte med filialar i Noreg, medan norske bankar hadde 11 filialar i utlandet. I 1995 har 5 utanlandske bankar meldt om filialetablering i Noreg.

       Det vart i 1995 utført 29 inspeksjonar i sparebankar, 19 inspeksjonar i forretningsbankar og ein inspeksjon i Postbanken.

       Tabell 3.1 og 3.2 i meldinga gir eit oversyn over resultat og balanseutvikling i bankane dei siste åra.

       Resultata for 1995 var gode for både forretnings- og sparebankane. I forretningsbankane auka driftsresultatet etter tap målt i % av gjennomsnittleg forvaltningskapital med 0,14 prosentpoeng i 1995. Driftsresultatet før tap viste ein nedgang på 0,18 prosentpoeng frå 1994.

       Sparebankane hadde ei betring i resultata både før og etter tap. Nettorenta i sparebankane syner same fallande tendens som i forretningsbankane, med ein nedgang på 0,33 prosentpoeng frå året før.

       Forretningsbankane auka utlåna til kundar med 7,5 % frå 1994 til 1995, medan sparebankane hadde ein auke på 8,4 % same året. Innskott frå kundar viste ein auke frå 1994 på 5,0 % i sparebankane og 4,1 % i forretningsbankane.

       Alle spare- og forretningsbankane oppfylte ved utgangen av 1995 det lovbestemte kravet til kapitaldekning på 8 % og kravet om 6 % kjernekapital.

       Norion Bank vart sett under offentleg administrasjon 30. november 1989. Administrasjonsordninga har frå årsskiftet 1989-90 vore basert på eit avviklingsalternativ, og har hatt karakter av handsaming av eit konkursbu. Banken har anka dommen i Oslo byrett 16. februar 1995 som gjeld banken sitt krav på å få betalt tilbake ei nedsetjing av aksjekapitalen på 30 mill. kroner. Så lenge dei pågåande rettssakene ikkje er avgjorde kan ikkje buet sluttast.

       I 1995 har oppfølginga av dei største finansinstitusjonane vore prioritert i inspeksjonsverksemda. Samtidig har mindre skadeforsikringsselskap og pensjonskasser vore ei særskilt målgruppe.

       Medan kredittrisiko tradisjonelt har spela ei hovudrolle i tilsynsarbeidet, har det både internasjonalt og i Kredittilsynet vore ei aukande fokusering på marknadsrisiko. Marknadsrisiko er risiko for tap på posisjonar som følgje av endringar i marknadsprisar. Dei vanlegaste formene for marknadsrisiko er aksjekursrisiko, renterisiko og valutarisiko. I Noreg hadde ein tilfellet med Bærum kommunale pensjonskasse, og internasjonalt har Barings Bank og problema i det japanske finanskonsernet Daiwa stått i fokus.

       Kredittilsynet si forskrift om internkontroll er ein viktig reiskap for å hindre at bankane skal pådra seg uidentifisert risiko.

       Gjennom inspeksjonsverksemda følgjer ein opp reglane om kvitvasking av pengar og bankane sine etiske retningsliner. Det er vidare utarbeidd eit tilsynsprogram for å følgje opp IT-forskrifta.

3.3.2 Merknader frå komiteen

       Komiteen tar redegjørelsen i meldingen vedrørende forretnings- og sparebanker i 1995 til orientering.

3.4 Forsikringsselskap i 1995

3.4.1 Samandrag

       Ved utgangen av 1995 var det 47 ordinære norske skadeforsikringsselskap og sju norske kredittforsikringsselskap.

       Mot slutten av 1995 hadde Kredittilsynet godkjent melding om grenseoverskridande verksemd inn til Noreg frå til saman 71 utanlandske forsikringsselskap etter andre og tredje generasjonsdirektiv.

       Det finansielle tilsynet med 22 filialar av utanlandske skadeforsikringsselskap og ein filial av eit livsforsikringsselskap er i 1995 overført til tilsynsorgana i heimlandet til selskapa.

       Norske forsikringsselskap har til no i liten grad nytta seg av sjansen til å etablere filial i eller drive grenseoverskridande verksemd retta mot andre EØS-statar.

       I 1995 gjennomførte Kredittilsynet 15 inspeksjonar i forsikringsselskap.

       I 1995 hadde dei tre største skadeforsikringsselskapa 72 % av marknaden for skadeforsikring, målt etter premieinntekter. Tabell 3.4 i meldinga gir eit oversyn over resultatutviklinga i dei fire største skadeforsikringskonserna (samla sett).

       Skadeforsikringsselskapa hadde samla sett eit betre driftsresultat i 1995 enn i 1994. Betringa har si årsak i auka finansinntekter. Det forsikringstekniske resultatet syner ein svak tilbakegang. Alle skadeselskapa oppfylte ved årsskiftet 1995-96 kravet til kapitaldekning på 6,75 % og solvensmarginkravet. Nokre mindre selskap har halde fram med svake resultat og svak soliditet.

       Tre av skadeforsikringsselskapa tilfredsstilte ikkje minstekravet til forsikringstekniske avsetningar ved utgangen av 1995. Av desse er det to selskap som har mellombels dispensasjon frå minstekravet til tryggingsavsetning under handsaming i Kredittilsynet og departementet.

       Våren 1995 vart den internasjonale reassuranseverksemda i UNI Storebrand-konsernet skild ut gjennom eit offentleg spreiingssal med etterfølgjande børsintroduksjon av selskapet under namnet Oslo Reinsurance Company AS. Det er i meldinga gjort nærare greie for dette. Kjøpar er det amerikanske selskapet FolksAmerica

       Skadeforsikringsselskapenes Garantiordning har betalt ut i alt 42 mill. kroner for å dekkje dei direkte sikra i Star Forsikring AS u.o.a.

       Det var fem kredittforsikringsselskap i Noreg ved utgangen av 1995. to av selskapa er under avvikling. Kredittforsikringsmarknaden har i ei tid vore prega av tilbakegang og stagnasjon.

       Alle kredittforsikringsselskapa møtte ved utgangen av 1995 kravet til ansvarleg kapital og minstekravet til forsikringstekniske avsetningar.

       Ved inngangen til 1996 var det gjort avtale om å selje det største norske kredittforsikringsselskapet på den norske marknaden, UNI Storebrand Kredittforsikring, til tyske Gerling Konzern. Det er i meldinga gjort nærare greie for dette.

       I 1995 har alle direkte forsikringstakarar i Strand Kredittforsikring u.o.a. motteke dekning for sine krav frå Kredittforsikringsselskapenes Garantiordning.

       Den offentlege administrasjonen av Star Forsikring AS og Strand Kredittforsikring AS har avdekt kritikkverdige tilhøve i selskapa. Dette har ført til fleire rettssaker. Det er i meldinga gjort nærare greie for dette.

       Ved utgangen av 1995 var det ni norske livselskap: David, Gjensidige, Kommunal Landspensjonskasse, NOR Forsikring (tidlegare Alfa Livsforsikring), Norske Liv, Samvirke, UNI Storebrand, Vesta Liv og Vital. Dei fire største selskapa (UNI Storebrand, Kommunal Pensjonskasse, Vital og Gjensidige) hadde 91 % av samla forvaltningskapital ved utgangen av 1995. Tabell 3.5 i meldinga syner resultatutviklinga i livselskapa.

       Driftsresultatet for livselskapa før tilleggsavsetningar auka frå 1,4 % av gjennomsnittleg forvaltningskapital i 1994 til 3,4 % av gjennomsnittleg forvaltningskapital i 1995. Verdijustert resultat før tilleggsavsetningar auka frå -1,5 % i 194 til 5,0 % i 1995. Livselskapa sette av nye tilleggsavsetningar på til saman 2,5 mrd. kroner i 1995, mot 0,5 mrd. kroner i 1994. Driftsresultatet etter tilleggsavsetningar utgjorde dermed 1,2 % i 1994 og 2,3 % i 1995.

       Forvaltningskapitalen i livselskapa auka med 8 % frå 219 mrd. kroner ved utgangen av 1994 til 237 mrd. kroner ved utgangen av 1995.

       Alle livselskapa hadde ei kapitaldekning høgare enn minstekravet på 6,75 % ved utgangen av 1995. Berre eitt selskap hadde ei kapitaldekning som var lågare enn kravet på 8 % som vil gjelde ved utgangen av 1997. Etter forskrifta om solvensmargin skal sovensmarginalkapitalen utgjere minst 100 % av eit nærare definert solvensmarginkrav. Alle livselskap hadde høgre solvensmargin enn minstekravet.

       Ut frå ei vurdering av at livsforsikringsselskapa innanfor bransjen kollektiv pensjonsforsikring har avsett for lite administrasjonsreservar til å dekkje framtidige kostnader ved fullt betalte forsikringar, har Kredittilsynet utarbeidd ein opptrappingsplan som tek sikte på å byggje opp tilstrekkeleg administrasjonsreserve innan utgangen av 1998. Det er ein føresetnad at selskapa set i verk dei tariffendringane som er naudsynte.

       Som eit tiltak for å styrkje soliditeten i livsforsikringsselskapa vart det i 1993 innført ei ordning med tilleggsavsetningar i forsikringsfondet. Det er i 1995 sett i verk to prinsipielle endringar i regelverket for tilleggsavsetningar. Den eine endringa inneber at underskott utover det som blir dekt av den delen kvar einskild kontrakt har av tilleggsavsetningane frå tidlegare år, også kan dekkjast av midlar frå årsresultatet eller ved ei overføring frå eigenkapitalen. Den andre endringa går ut på at tilleggsavsetningar for dei kontraktane som har ein lågare rentegaranti enn den faktiske årsavkastninga, ikkje kan bli redusert.

       Ny forskrift for kontoføring og kontoutskrift i livs- og pensjonsforsikring tok til å gjelde i mai 1995. Forskrifta er ei vidareutvikling av den gamle forskrifta. Forskrifta er gitt verknad for alle EØS-selskap som driv verksemd i Noreg.

       Kapitalkrava for private og kommunale pensjonskasser gjeld frå 31. desember 1994. Mange pensjonskasser har i 1995 fått tilført kapital for å oppfylle minstekravet. Tre pensjonskasser vart avvikla i 1995. Det vart også avvikla tolv pensjonsfond, og fleire er under avvikling. Slik reglane for pensjonsfond er utforma, vil alle pensjonsfond etter kvart bli avvikla.

       Gjennom ei forskriftsendring (23. april 1996) var det innført unntak frå reglane om utrekning av ansvarleg kapital for pensjonskasser.

       Sidan 1993 har det vore inspeksjonar i pensjonskasser som representerer om lag 3/4 av forvaltningskapitalen i bransjen.

       Standardvedtekter for private pensjonskasser vart fastsette i 1995.

3.4.2 Merknader frå komiteen

       Komiteen tar redegjørelsen i meldingen vedrørende forsikringsselskapene i 1995 til orientering.

3.5 Finansieringsføretak

3.5.1 Samandrag

       Ved utgangen av 1995 var det registrert 40 finansieringsselskap og 5 filialar av utanlandske selskap og 11 kredittføretak. I 1995 vart det utført fem inspeksjonar i finansieringsføretetak.

       Forvaltningskapitalen til finansieringsselskapa auka med 24,4 % i løpet av 1995.

       Kredittføretaka har redusert den totale forvaltningskapitalen sin kvart år sidan 1990. I løpet av 1995 vart forvaltningskapitalen redusert med om lag 0,4 %.

3.5.2 Merknader frå komiteen

       Komiteen tar redegjørelsen i meldingen vedrørende finansieringsforetakene i 1995 til orientering.

3.6 Kredittilsynet sitt arbeid med Verdipapirfondet, eigedomsmekling, innkassoverksemd og låne- og garantiformidling

3.6.1 Samandrag

       Det er i 1995 gjennomført stadleg tilsyn i alle dei 32 føretaka som har løyve til å drive fondsmeklarverksemd. Kredittilsynet har også i 1995 lagt vekt på oppfølging av reglane om handsaming av kundemidlar, føring av ordre- og omsetningsjournalar og rutinar i samband med derivathandel. Ein har lagt vekt på å granske dei interne kontrollrutinane i føretaka.

       Våren 1995 vart det gjennomført emnetilsyn i fleire meklarføretak og i fondsavdelingane i einskilde bankar.

       Det har og vore eit aukande behov for å følgje med på framvekst og bruk av nye derivatinstrument.

       Forvaltningskapitalen i aksjefonda var ved utgangen av 1995 i overkant av 17 mrd. kroner, mot 15 mrd. kroner året før. Forvaltningskapitalen i fond for ulike renteinstrument var ved utgangen av 1995 snautt 28 mrd. kroner mot om lag 23 mrd. kroner året før. Om lag 75 % av auken kom av verdiauke på aktiva i fonda. For rentefonda kan over 80 % av auken forklarast med nyteikning i dei såkalla pengemarknadsfonda.

       I tillegg til dei reine tilsynsoppgåvene hadde Kredittilsynet i 1995 mykje arbeid med handsaming av søknader i samband med regelverket om sal av andelar i verdipapirfond.

       Ved slutten av 1995 var det 318 verksemder som dreiv eigedomsmekling under tilsyn. Det var og om lag 900 advokatar som hadde stilt garanti for å drive mekling.

       Det vart gjennomført 59 stadlege tilsyn i perioden.

       Ved utgangen av 1995 var det 142 inkassoverksemder under tilsyn.

       Rapportar frå verksemdene i 1995 syner at det har vore ein auke i talet på inkassosaker og total sum til innkrevjing samanlikna med 1994.

       Det vart gjennomført 41 stadlege tilsyn i perioden.

       Hausten 1994 fastsette Kredittilsynet forskrift om inkassoverksemdene si inntektsføring av inkassosaker under utføring.

       I 1995 dreiv ti foretak låneformidlingsverksemd. Av desse var to reine låneformidlingsføretak og åtte fondsmeklarføretak.

3.6.1 Merknader frå komiteen

       Komiteen tar redegjørelsene i meldingen vedrørende verdipapirhandel, eiendomsmegling, innkassovirksomhet og låne- og garantiformidling i 1995 til orientering.

       Komiteens medlemmer fra Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Rxd Valgallianse viser til sine merknader under avsnitt 1.1.2.

3.7 Rekneskap og revisjon

3.7.1 Samandrag

       Kredittilsynet fører tilsyn med autorisasjonsordninga for rekneskapsførarar. Kredittilsynet handsamar og klager på Rekneskapsregisteret i Brønnøysund når det har gitt avslag på søknader om å få ettergitt gebyr når årsoppgjer m.v. har kome for seint. I 1995 handsama Kredittilsynet 480 klager på slike avgjerd, mot 418 i 1994. I 31 saker har Kredittilsynet gjort om på avgjerda.

       Forskrift om årsrekneskap o.a. for bankar, finansieringsføretak og morselskap for slike, og forskrift om årsrekneskap o.a. for forsikringsselskap vart fastsett av Kredittilsynet 22. juni 1995. Forskriftene tok til å gjelde 1. januar 1996 med verknad frå rekneskapsåret 1996. Finansdepartementet har i brev 29. juni 1995 til Kredittilsynet hatt som føresetnad at forskriftene skal vere førebels, og at forskriftene skal reviderast når ny rekneskapslovgiving er vedteken. Finansdepartementet uttala vidare at rekneskapsforskrifter for finansinstitusjonane bør vere i form av tilleggsforskrifter til den generelle rekneskapslovgivinga.

       Den teknologiske utviklinga i kombinasjon med at internasjonale konsern treng rekneskapsføring over landegrensene, har ført med seg stadig fleire søknader om å få gjere unntak frå enkelte reglar i rekneskapslova. I 1995 var det 591 slike søknader.

       I 1995 vart det registrert 93 nye statsautoriserte revisorar og 148 nye registrerte revisorar.

       Kredittilsynet har hatt tilsyn hjå fleire revisorar i 1995 enn i 1994, 129 mot 92. Fleire av tilsyna var avgrensa emnetilsyn, men vart etter kvart utvida til generelt gjennomsyn av verksemda. Innsatsen når det gjeld tilsyn, har vore konsentrert om revisorgrupper der ein frå før har sett at revisjonsarbeidet har hatt manglar.

3.7.2 Merknader frå komiteen

       Komiteen tar redegjørelsen i meldingen vedrørende Kredittilsynets arbeid angående regnskap og revisjon i 11995 til orientering.

3.8 Myndigheit som Finansdepartementet har delegert til Kredittilsynet

3.8.1 Samandrag

       Med brev 24. mars 1994 vart myndigheita etter ei rad lovføresegner delegert frå Finansdepartementet til Kredittilsynet. Dei prinsipp og føresetnader som tidlegare delegasjonsvedtak byggjer på, er førte vidare. I brev 24. mars 1994 uttala departementet m.a.:

       « Departementet finner grunn til å presisere at den delegerte myndighet gjelder for kurante saker og at saker av viktighet og/eller av prinsipiell karakter, etter saksforberedelse, skal oversendes departementet for avgjørelse. Dette gjelder også for tidligere delegert myndighet. »

       Kredittilsynet kom i brev 9. november 1994 med eit forslag til rutinar for rapportering av vedtak gjorde etter delegasjon frå Finansdepartementet. Departementet slutta seg til forslaget med brev av 14. desember 1994. Rapporteringsrutinane tek sikte på å sikre Finansdepartementet innsyn i viktige einskildsaker og i dei forskrifter og retningslinjer som blir fastsett for tilsynseiningane. Vidare skal departementet ha naudsynt oversyn over den forvaltningspraksis som blir følgd ved avgjerd av andre saker. Rapporteringa vert sett i verk frå og med januar 1995.

       3. august 1995 vart myndigheita til å fastsetje instruks for kontrollkomitear i finansieringsføretak delegert til Kredittilsynet.

       Sjå vedlegg til meldinga med oversyn over delegasjonsvedtak.

3.8.2 Merknader frå komiteen

       Komiteen tar redegjørelsen i meldingen vedrørende myndighet som Finansdepartementet har delegert til Kredittilsynet til orientering.

4. Statens banksikringsfond

4.1 Samandrag

       Det er i meldinga gjort greie for organisasjon, leiing og det rettslege grunnlaget for Statens Banksikringsfond.

       Statens Banksikringsfond hadde i 1995 eit overskott på 1.090,7 mill. kroner. Hovuddelen av fondinntektene var knytte til vinning ved sal av aksjar i Fokus Bank og Kreditkassen, med til saman 577,2 mill. kroner, og motteke aksjeutbytte på 464,4 mill. kroner. Fondet hadde dessutan renteinntekter frå utlån og plasseringar på til saman 153,4 mill. kroner.

       Fondet hadde i 1995 kostnader på til saman 104,3 mill. kroner.

       Ved utgangen av 1995 hadde fondet aksjar som i rekneskapen var verdsett til 2.970 mill. kroner. Marknadsverdien på aksjane var på same tid 4.959,9 mill. kroner.

       Forvaltningskapitalen til fondet var ved utgangen av 1995 på 4.059,8 mill. kroner. Forretningsbankenes sikringsfond betalte ned gjelda si til fondet i løpet av 1995. Dei likvide midlane til fondet, med unntak av mindre beløp knytte til fordringar og inneståande på driftskonto, er plassert som kontolån til staten. Kontolån til staten utgjorde 1.065,8 mill. kroner ved utgangen av 1995. Fondet førte tilbake til staten 6.969 mill. kroner i 1995. Denne overføringa er ført direkte mot fondet sin eigenkapital.

       I Nasjonalbudsjettet for 1995 drøfta departementet kor stort behov for likvide midlar ein meinte at Statens Banksikringsfond kunne ha i tida framover. Etter å ha innhenta merknader frå Statens Banksikringsfond, Kredittilsynet og Norges Bank, konkluderte departementet med at ein likviditet på 1.000 mill. kroner vil gi tilstrekkeleg beredskap for å møte eventuelle betalingsbehov.

       Departementet viser til at dei norske bankane har auka eigenkapitalen sin dei seinare åra. Når det er teke stilling til kor omfattande den statlege eigarskapen i Den norske Bank og Kredittkassen bør vere på lengre sikt, kan aksjane som Statens Banksikringsfond (i Den norske Bank), seljast til Statens Bankinvesteringsfond, eller i marknaden. Ved eventuelt sal til Statens Bankinvesteringsfond vil det vere naudsynt med ny løyving til dette fondet.

       Fondet har følgt opp Den norske Bank, Kredittkassen og Fokus Bank ved å gå gjennom dei kvartalsvise rapporteringane frå bankane. Fondet har også i 1995 arbeidd med forhold knytte til avvikling av Oslobanken. Oslobanken er no på det næraste avvikla.

       Den statlege eigardelen i bankane vart fram til byrjinga av 1995 administrert både gjennom Statens Banksikringsfond og Statens Bankinvesteringsfond. Etter at Stortinget handsama St.meld. nr. 39 (1993-1994) Bankkrisemeldinga, hausten 1994, føreslo Finansdepartementet ved Ot.prp. nr. 33 (1994-1995) visse endringar i lov om Statens Bankinvesteringsfond og lov om Statens Banksikringsfond. Framlegga til lovendringane tok sikte på å tilpasse lovgivinga til dei oppgåver som dei to fonda var tiltenkte i framtida.

       Frå departementet si side vart det lagt til grunn at eigardelane som Statens Banksikringsfond har i norske bankar skal vere avgrensa i tid, og at den langsiktige eigarskapen skal forvaltast av Statens Bankinvesteringsfond. I samsvar med dette vart det ved lovendring 23. juni 1995 opna for at Statens Banksikringsfond kan overføre ansvaret for forvaltninga av aksjar til Statens Bankinvesteringsfond. Dette vart gjort i juli same år. Forvaltninga av fondet sine aksjar i Den norske Bank, Kreditkassen og Fokus Bank skjer med grunnlag i ein avtale som dei to fonda inngjekk 12. januar 1995. Avtalen bygger på at det skal vere styret og administrasjonen i Statens Bankinvesteringsfond som har det fulle praktiske og formelle ansvaret for utøvinga av eigarskapen. Statens Bankinvesteringsfond skal mellom anna ta avgjerder om, og fastsetje dei nærare vilkåra for sal av aksjar som forvaltningsoppdraget omfattar. Dette skal skje innanfor rammene av forvaltningsavtalen og lova. Forvaltningsavtalen følgde som trykket vedlegg til Kredittmeldinga for 1994.

       I oktober 1995 selde Statens Banksikringsfond 5,5 mill. aksjar i Kredittkassen til Statens Bankinvesteringsfond. I mai 1996 selde Statens Banksikringsfond ein aksjepost på om lag 66 mill. aksjar i Den norske Bank til Statens Bankinvesteringsfond. Begge sala vart gjennomførte til marknadsvilkår.

       Salet av statens aksjar i Fokus Bank, Kredittkassen og Den norske Bank er omtalte under kap. 5 i meldinga.

       Det vart vedteke i ekstraordinær generalforsamling 16. desember 1993 at Oslobanken skulle oppløysast, og ein valde eit avviklingsstyre som skulle stå for avviklinga av banken.

       Det er i meldinga gjort nærare greie for avviklinga av Oslobanken.

4.2 Merknader frå komiteen

       Komiteen tar redegjørelsen i meldingen vedrørende Statens Banksikringsfonds virksomhet i 1995 til orientering.

5. Statens bankinvesteringsfond

5.1 Samandrag

       Det er i meldinga gjort greie for organisasjon, leiing og det rettslege grunnlaget for Statens Bankinvesteringsfond.

       Statens Bankinvesteringsfond hadde i 1995 eit overskott på 628,1 mill. kroner mot 224,2 mill. kroner i 1994.

       Driftsinntektene utgjorde 632,2 mill. kroner og driftskostnadene 4,1 mill. kroner. Av inntektene utgjer 609,3 mill. kroner utbytte frå grunnfondsbevis i Sparebanken NOR og aksjar i A/S Bergens Skillingsbank, DnB og Kreditkassen.

       Statens Bankinvesteringsfond har ikkje selt eigne aksjar, grunnfondsbevis eller ansvarlege lån i 1995. Overskottet på 628,1 mill. kroner vart heilt og fullt overført til statskassa 20. mai 1996. Sjå St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 9 (1994-1995) der det er gjort greie for prinsippa for overføring.

       Ved utgangen av 1995 hadde Statens Bankinvesteringsfond eigardelar i forretnings- og sparebankar til ein bokført verdi på i alt 4.911 mill. kroner, fordelte på aksjekapital, grunnfondsbevis og ansvarlege lån. Marknadsverdien for investeringane til Statens Bankinvesteringsfond utgjorde 8.634 mill. kroner. Det er 3.723 mill. kroner meir enn bokført verdi. Meirverdien ved førre årsskifte utgjorde 3.521 mill. kroner.

       I tillegg til dette forvalta Statens Bankinvesteringsfond ein portefølje av aksjar for Statens Banksikringsfond med ein bokført verdi på 2.970 mill. kroner. Samla marknadsverdi av porteføljen som Statens Bankinvesteringsfond forvalta ved utgangen av 1995, var 13.593,7 mill. kroner mot 16.670,7 mill. kroner året før.

       Verdipapirporteføljen som Statens Bankinvesteringsfond forvaltar, hadde i 1995 samla inntekter på 1.681,9 mill. kroner og eit nettoresultat på 1.577,4 mill. kroner etter frådrag for sals- og driftskostnader.

       Statens Bankinvesteringsfond har ikkje gitt tilsegn om deltaking i ny ansvarleg kapital i 1995.

       I St.meld. nr. 39 (1993-1994), Bankkrisemeldinga, drog Regjeringa opp hovudlinjene for den statlege eigardelen i forretningsbankane. Regjeringa gav mellom anna uttrykk for at den statlege eigardelen i Den norske Bank og Kreditkassen skulle førast vidare, medan den statlege eigenskapen Fokus Bank skulle avviklast. Frå s. 127 i St.meld. nr. 39 (1993-1994) blir det sitert:

       « På mellomlang sikt og i inneværende stortingsperiode tas det sikte på beholde en statlig eierandel på over 50 % i disse to bankene. Før det ev. blir aktuelt å redusere eierandelen under 50 %, vil Regjeringen legge spørsmålet om omfanget av det statlige eie frem for Stortinget til fornyet vurdering. »

       Stortinget slutta seg til dette forslag, jf. Innst.S.nr.213 (1993-1994).

       I tråd med dette vart alle dei 63 mill. aksjane staten hadde i Fokus Bank, selde i september/oktober 1995. Det er i meldinga gjort nærare greie for verksemda i Statens Bankinvesteringsfond i 1995.

5.2 Merknader frå komiteen

       Komiteen tar redegjørelsen i meldingen vedrørende Statens Bankinvesteringsfond til orientering.

6. Oslo børs si verksemd i 1995

6.1 Samandrag

       Det er i meldinga gjort greie for leiinga og organisatoriske tilhøve ved Oslo Børs.

       Oslo Børs hadde i 1995 eit driftsresultat på minus 3,9 mill. kroner, mot eit resultat på 4,1 mill. kroner i 1994. Dei totale driftsinntektene for Oslo Børs gjekk ned frå 71,3 mill. kroner i 1994 til 67,8 mill. kroner i 1995. Inntektsnedgangen kjem mellom anna av reduserte meklarinntekter og låg emisjonsaktivitet.

       Driftskostnadene for Oslo Børs auka frå 67,1 mill. kroner i 1994 til 71,8 mill. kroner i 1995. Finansresultatet vart 2,9 mill. kroner mot 5,5 mill. kroner i 1994. Nedgangen kjem mellom anna av disagio på terminkontraktar mot britiske pund inngått i 1994 i tilknyting til kontrakt på handelssystemet. Oslo Børs hadde i 1995 eit underskott på 0,9 mill. kroner, mot eit overskott på 9,6 mill. kroner i 1994.

       Oslo Børs hadde ved utgangen av 1995 ein eigenkapital på 123,1 mill. kroner.

       Året 1995 vart eit rekordår når det gjeld omsetnad i andrehandsmarknaden. Til saman vart det omsett aksjar og grunnfondsbevis for 156,7 mrd. kroner. Dette er ein auke på 26 % i høve til året før. Generell kursoppgang gjorde at totalindeksen steig 11,6 %. Det var dei små og mellomstore selskapa som skapte sterkast vekst, og SMB-indeksen auka nærare 90 % i verdi.

       I desember 1995 inngjekk Oslo Børs ein avtale med OM Stockholm og OMs London-baserte børs, OMLX, om felles ordrebok for norske og svenske aksjeopsjonar ved bruk av OMs handelssystem.

       Oslo Børs gav i 1995 fem selskap gebyr for brot på informasjonsplikta. Ein medlem fekk gebyr for brot på reglane om kursregistrering. Børsen iverksette 27 suspensjonar av einskilde aksjar, og i fire av tilfella vart også obligasjonslåna omfatta. I 1994 vart observasjonslista innført, jf. Kredittmeldinga for 1994.

       Børsklagenemnda fekk ingen saker til handsaming i 1995.

       I samanheng med implementeringa av EUs investeringsdirektiv gjennom ny verdipapirhandellov uttala Børsen seg til Finansdepartementet i mars 1995. Børsen gav også fråsegn til departementa i til andre saker.

       Børsen går gjennom alle årsrapportar og delårsmeldingar frå selskapa for å sikre at rekneskapa blir utarbeidde etter korrekte rekneskapsprinsipp.

       Til hjelp i arbeidet sitt på rekneskapsområdet har Børsen eit rekneskapsutval der det sit høgt kvalifiserte representantar frå utskriverar, brukarar og akademikarar.

       Oslo Børs slår fast i innleiinga i rekneskapssirkulæret for 1995 at med få unnatak har dei børsnoterte selskapa implementert den nye rekneskapsstandarden om pensjonar. Dette sikrar at selskapa viser kva slags pensjonsplikter dei har overfor dei tilsette, på ein korrekt måte.

       Oslo Børs tek opp som eit punkt i sirkulæret sitt, dei krava til miljø som ligg på dei børsnoterte selskapa. Oslo Børs framhevar det viktige i at: « Selskapene foretar en grundig vurdering av eventuelle miljøforpliktelser opp i mot kravene nedfelt i (regnskaps-) standarden for betingede utfall. » Børsen skriv vidare at « For de selskaper som driver innenfor en virksomhet hvor miljøspørsmål kan være av betydning for å vurdere selskapets finansielle stilling, jf. aksjeloven § 11-12, bør det gis en redegjørelse i årsberetningen for sentrale miljøforhold ».

       Oslo Børs har òg vurdert korleis opsjonsordningar skal førast i rekneskapen. Utgangspunktet til Børsen er at verdien av ein opsjon må bli rekna som ein kostnad for selskapet. Ein må sjå på ein opsjonsordning på linje med andre former for lønn, og desse bør difor bli førte som ein personalkostnad. I norsk praksis blir opsjonsordningar vanlegvis ikkje viste direkte i rekneskapen, men blir omtala i varierande grad i notar. Børsen gir i rekneskapssirkulæret rettleiing for korleis opsjonar og teikningsrettar til tilsette bør førast i rekneskapen.

       På bakgrunn av at uspesifiserte avsetningar vart spesielt handsama av Børsen i 1995, presiserer Oslo Børs i rekneskapssirkulæret for 1995 korleis desse prinsipielt bør vurderast. Oslo Børs er særleg oppteken av at rekneskapane frå bankane viser resultatet i perioden, og omtalar risikoforholda på ein korrekt måte. Oslo Børs skriv: « (U)avhengig av hvilke vurderinger et selskap legger til grunn for sine uspesifiserte tapsavsetninger, følger det av bestemmelsene om årsoppgjørets innhold og av kravet om at god regnskapsskikk skal gjelde hele årsoppgjøret, at det må være samsvar mellom beskrivelsen i styrets beretning av selskapets situasjon (blant annet risikoforhold) og utviklingen og det skjønnet som er anvendt i regnskapsføringen. »

       Oslo Børs tek aktivt del i arbeidet til Norsk Regnskaps Stiftelse for å sikre at dei krav til rekneskapsbehandling og informasjon som omsynet til eigarar og låntakarar set, blir reflektert i dei nye rekneskapsstandardane. Oslo Børs har sjølv teke initiativ til å få utarbeidd rekneskapsstandardar på område der Oslo Børs meiner at eksisterande regelverk ikkje er godt nok.

6.2 Merknader frå komiteen

       Komiteen tar redegjørelsen i meldingen vedrørende Oslo Børs virksomhet i 1995 til orientering.

       Komiteens medlemmer fra Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Rxd Valgallianse viser til sine merknader under 1.2.2.

7. Verdipapirsentralen si verksemd i 1995

7.1 Samandrag

       Årsmeldinga for verksemda til VPS i 1995 vart gitt av styret 20. mars 1996.

       VPS hadde ved utgangen av 1995 71 tilsette, som er to fleire enn året før.

       Det øvste organet i VPS er eit offentleg oppnemnt representantskap, jf. verdipapirsentrallova § 2-4 og forskrift fastsett 25. oktober 1985.

       Styret i VPS har i 1995 hatt åtte møte.

       VPS har ein kontrollkomite som er oppnemnd av representantskapet, jf verdipapirsentrallova § 2-5.

       Resultatrekneskapet for VPS i 1995 viser samla driftsinntekter på 90,6 mill. kroner mot 101,8 mill. kroner i 1994. Samla driftskostnader i 1995 var 85,4 mill. kroner som er om lag det same som i 1994.

       VPS gjennomførte 5,6 mill. transaksjonar i 1995, som er det høgaste transaksjonstalet i soga til VPS. Denne høge aktiviteten kjem av stor omsetjing av aksjar gjennom heile året og auka teikning i verdipapirfond.

       Ved utgangen av året var 261 aksjeselskap registrerte i VPS. Det var til same tid registrert 959 obligasjonslån, 435 sertifikatlån, grunnfondsbevis i 13 sparebankar og 77 verdipapirfond. Det var ein auke i talet på verdipapirkonti frå 487.666 i 1994 til 516.353 i 1995.

       Marknadsverdien for dei registrerte aksjane var ved utgangen av 1995 til saman 300,2 mrd. kroner. For obligasjonslån var marknadsverdien på same tidspunktet 336,2 mrd. kroner og for sertifikatlån 97,8 mrd. kroner.

       VPS er nasjonal tildelar av verdipapirnummer. Denne verksemda har i 1995 vorte knytt til eit internasjonalt elektronisk nettverk, GIAM (Global ISIN Access Mechanism), der ein kan drive gjensidig utveksling av verdipapirinformasjon.

       Saman med Oslo Børs og Noregs Fondsmeklarforbund har Norsk Opsjonssentral og VPS saman utvikla system for lån av verdipapir for « market-makarar » i derivat. Denne løysinga kan og nyttast dersom lån av verdipapir blir tillate for andre marknadsaktørar. Ordninga er til no lite nytta, særleg fordi skattereglane ikkje er klare.

       VPS har inngått ein samarbeidsavtale med Norsk Opsjonssentral om produktutvikling og drift av ymse tenester. Formålet med avtalen er å gjennomføre felles prosjekt og driftsoppgåver. Det er jamvel inngått samarbeidsavtale med Norsk Bankkompetanse om marknadsføring og sal av tenester utanlands.

       Finansdepartementet har 13. desember 1995 fastsett forskrift om levering av kontrolloppgåver for forvaltningsføretak og Verdipapirsentralen til likningsmyndigheitene.

7.1 Merknader frå komiteen

       Komiteen tar redegjørelsen i meldingen vedrørende Verdipapirsentralen si verksemd i 1995 til orientering.

8. Verksemda til statsbankane og folketrygdfondet i 1995

8.1 Verksemda til statsbankane i 1995

8.1.1 Samandrag

       I B.innst.S.nr.III 1995 vart rammene for tilsegn av lån i statsbankane i 1995 sette til i alt 22.219 mill. kroner. Den samla ramma vart auka gjennom året med til saman 565 mill. kroner til 22.784 mill. kroner. I samsvar med gjeldande regelverk kan Husbanken overføre 5 % av tilsegnsramma til neste års budsjett dersom ramma ikkje blir brukt. Dei samla rammer for statsbankane i 1995 vart ikkje endra i forhold til B.innst.S.nr.III utover overføringane av ubrukt ramme i 1994 til 1995 i Husbanken. Dessutan vart somme av delrammene i Husbanken omfordelte i løpet av året i forhold til B.innst.S.nr.III. Opplysningar om bruken av rammene og endringar i rentevilkåra er gitt under omtalen av kvar enkelt statsbank.

Husbanken og Landbruksbanken

       Det er i meldinga gjort greie for rammene og rentesatsane for bustadfinansieringa og landbruksføremål i 1995.

       Husbanken bokførte i 1995 500,9 mill. kroner i tap. Av dette var tap på skyldnader Husbanken tok over frå Selskapet for innvandrar- og flyktningebustader (SIFBO), 95,1 mill. kroner.

Noregs Kommunalbank

       I Nasjonalbudsjettet 1995 vart ramma for løyvingar av lån i Noregs Kommunalbank sett til i alt 2.800 mill. kroner.

       Uteståande garantiar frå Kommunalbanken for lån i andre kredittinstitusjonar til skular gjekk i 1995 ned med om lag 48 mill. kroner frå 140 mill. kroner til 92 mill. kroner.

       I 1995 tok Kommunalbanken opp lån for til saman om lag 55,7 mrd. kroner, fordelte på 45,2 mrd. kroner i sertifikat og 10,5 mrd. kroner i obligasjonar. Låneopptaka vart dekte på den innanlandske lånemarknaden.

Statens nærings- og distriktsutviklingsfond

       SND har to typar låneordningar, grunnfinansieringsordninga og risikolåneordningane.

       Føremålet med den langsiktige grunnfinansieringsordninga er å delfinansiere bedriftsøkonomisk lønnsame prosjekt med relativt god trygd. Veksten i utlån under grunnfinansieringsordninga blir styrt med rammer for netto utlånsvekst, ikkje med tilsegnsrammer. Grunnfinansieringsordninga skal vere sjølvfinansierande. I Nasjonalbudsjettet 1995 vart ramma for netto utlånsvekst sett til 765 mill. kroner. På grunnlag av overslag for avdraga gav dette rom for utbetaling av nye lån på 1.500 mill. kroner i 1995. Det vart utbetalt lån på 1 249 mill. kroner i 1995.

       Føremålet med SNDs risikolåneordningar er å delfinansiere prosjekt som ein forventar skal vere samfunnsøkonomisk lønnsame, men som er så risikofylte at dei ikkje kan bli realiserte berre med tilgang til ordinære finansinstitusjonar. SNDs risikolåneordningar har ein landsdekkjande og ein distriktsretta del. Den distriktsretta ordninga blir forvalta av SND og fylkeskommunane. Staten gir støtte til risikolåneordningane gjennom tapsfondsløyvingar som er knytte til kvar enkelt låneårgang. For dei låna ein gav tilsegn om i 1995, vart tapsfondsprosenten sett til 25 for dei landsdekkjande og 30 for dei distriktsretta risikolåna. I Nasjonalbudsjettet 1995 vart ramma for dei landsdekkjande risikolåna sett til 500 mill. kroner. Denne ramma vart redusert til 418 mill. kroner i salderinga av statsbudsjettet for 1995. Heile ramma vart utnytta i 1995. Ramma for den distriktsretta risikolåneordninga vart i Nasjonalbudsjettet 1995 sett til 511 mill. kroner. Det vart gitt tilsegn om nye distriktsretta risikolån for 439 mill. kroner i 1995.

       SND har to garantiordningar for lån som blir nytta til realinvesteringar og driftskreditt. Desse garantiordningane blir forvalta etter dei same prinsippa som risikolåneordningane. Den distriktsretta garantiordninga blir forvalta av SND og fylkeskommunane. Tapsfondsprosenten for dei garantiane SND gav tilsegn om i 1995, vart òg sett til 25 for den landsdekkjande delen og 30 for den distriktsretta delen. Ramma for SNDs landsdekkjande garantiar var 50 mill. kroner i 1995. Det vart gitt tilsegn om landsdekkjande garantiar for 47 mill. kroner i 1995. Ramma for distriktsretta garantiar vart i Nasjonalbudsjettet 1995 sett til 95 mill. kroner. Det vart gitt tilsegn om garantiar for 47 mill. kroner i 1995.

       Fram til 1991 var det to garantiordningar for lån til miljøverntiltak, ei i Industribanken og ei i private kredittinstitusjonar. Frå og med 1991 vart desse ordningane erstatta av -in ramme for statsgarantiar for lån til miljøvernføremål i industrien. I Nasjonalbudsjettet 1995 føreslo ein at ramma for nye garantiar vart sett til 100 mill. kroner. SND gav nye garantiar for 97 mill. kroner i 1995.

       I tillegg til at ein har vidareført den eksisterande verksemda til dei fire institusjonane som gjekk inn i SND, vart det oppretta ei eigenkapitalordning som vart lagd til SNDs eigenkapitaldivisjon. Stortinget løyvde 2 mrd. kroner til eigenkapitalordninga i samband med handsaminga av Statsbudsjettet for 1993. Kvart år kan SND investere 15 % av hovudstol pluss avkastninga det året. Investeringar som blir finansierte ved sal av tidlegare kjøpte aksjar, kjem i tillegg til dette. I 1994 fekk SND løyve til å bruke eigenkapitalordninga til å yte ansvarlege lån. I 1995 avgjorde ein å investere for til saman 576 mill. kroner. 511 mill. kroner av desse investeringane var i aksjekapital, og 65 mill. kroner var i ansvarlege lån. Ved utgangen av 1995 hadde SND ein samla aksjeportefølje på 795 mill. kroner. Avkastninga på SNDs investeringar skal over tid minst svare til den renta statsbankane betaler på innlån frå staten.

       SND fastset sjølv utlånsrentene sine. Den gjennomsnittlege utlånsrenta på grunnfinansieringslån låg på om lag 7,2 % i 1995. Renta på risikolån var 10,0 % i 1995.

       SND hadde i 1995 bokførte tap på utlån og garantiar på 229 mill. kroner.

Fiskarbanken

       I Nasjonalbudsjettet 1995 vart tilsegnsramma for lån i Fiskarbanken sett til 300 mill. kroner, fordelt på 150 mill. kroner for lån til nybygg og større ombyggingar og 150 mill. kroner for lån til andre føremål.

       Fiskarbanken fekk løyve til å omfordele mellom dei to delrammene, og banken valde å overføre 16 mill. kroner frå ramma for lån til andre føremål til ramma for lån til nybygg. I 1995 vart det såleis gitt tilsegn om 166 mill. kroner i lån til nybygg og større ombyggingar. Ein gav tilsegn om lån for 134 mill. kroner i lån til andre føremål.

       I Nasjonalbudsjettet 1995 vart det òg foreslått ei kontraktsramme for kontraheringstilskot til nybygg og vesentlege ombyggingar på 450 mill. kroner. Fiskarbanken administrerer sjølv denne ordninga. Kontraktsramma vart seinare auka til 560 mill. kroner fordi ein del av dei prosjekta som fekk tilsegn i den første delen av 1995 hadde kontrakt frå 1994. Ein kunne såleis auke kontraktsramma utan å gå ut over dei løyvingane som var stilte til disposisjon. Heile kontraktsramma vart nytta i 1995.

       Utlånsrenta i Fiskarbanken var 8,0 % i byrjinga av 1995. I samband med handsaminga av Revidert nasjonalbudsjett 1995 vedtok Stortinget å setje utlånsrenta ned til 7,5 % med verknad frå 1. juli 1995. Fiskarbanken hadde bokførte tap på 20 mill. kroner i 1995.

Statens lånekasse for utdanning

       I Nasjonalbudsjettet 1995 vart det lagt til grunn at Lånekassa for utdanning ville gi tilsegn om lån for 6 280 mill. kroner i 1995. I salderingen av statsbudsjettet for 1995 vart dette overslaget endra til 6 370 mill. kroner, m.a. fordi Stortinget gjekk imot Regjeringa sitt framlegg om å endre reglane for støtte til trygdemottakarar, og fordi det vart vedteke å auke stipenddelen med 1 prosentpoeng. I 1995 vart det til saman gitt tilsegn om lån for 6 217 mill. kroner. Dette er 14 mill. kroner mindre enn året før.

       I 1995 var renta på utlån i Lånekassa 7,5 % for lån som hadde vore renteberande i mindre enn sju år, og 8,5 % for lån som hadde vore renteberande i sju år eller meir.

       Lånekassa hadde 97,0 mill. kroner i bokførte ordinære tap i 1995. Ved utgangen av 1994 hadde Lånekassa ei uteståande gjeld på om lag 2 075 mill. kroner som ikkje lét seg drive inn med dei verkemidla som Lånekassen rådde over. Det går fram av årsrapporten frå Lånekassa for 1995 at dette beløpet hadde vakse til 2 451 mill. kroner fram til utgangen av 1995. Av dei tapte fordringane var om lag 1 294 mill. kroner lån, 1 114 mill. kroner renter og 43 mill. kroner gebyr og kostnader.

       I statsbudsjettet for 1995 vart det gitt ei løyving på 2.000 mill. kroner til avskriving av den uteståande gjelda som vart rekna som tapt. Denne løyvinga vart nytta til ein en bloc-avskriving på dei utestående låna i rekneskapen for 1995, slik at det ved utgangen av året reelt sett berre stod att 451 mill. kroner i lån som var uinndrivelege. I tillegg til dette kjem det likevel lån på 1 568 mill. kroner som blir rekna som utsette for tap. Lånekassa skal ikkje inntektsføre renter på dei låna som er avskrivne, sjølv om det framleis blir rekna renter på låna overfor kundane.

       Stortinget vedtok i samband med Ot.prp. nr. 38 (1994-1995) , jf. Innst.O.nr.52 (1994-1995) at lån som var grovt og vedvarande misleghaldne, kunne overførast permanent til Statens innkrevjingssentral for innkrevjing etter Lov om tvangsfullbyrdelse. Etter kvart som dei uinndrivelege låna blir overførte til Statens innkrevjingssentral, vil låna bli avskrivne i dei interne rekneskapane til Lånekassa, samtidig som en bloc-avsetnaden blir redusert. Det vil ikkje bli gitt nye løyvingar til tapsavskriving før heile avsetnaden på 2.000 mill. kroner er nytta. Deretter legg ein opp til at Stortinget kvart år vil gi ei løyving til avskriving av dei låna som ein reknar med å overføre til Statens innkrevjingssentral i budsjettåret.

Statens lånekasse for aviser

       Utlånsrenta i Lånekassa var på 8,0 % i 1995. Lånekassa hadde ikkje bokførte tap i 1995.

       Frå 1. januar 1996 vart Lånekassa for aviser slått saman med SND. Den kapitalen som staten hadde investert i verksemda, vart ført tilbake over statsbudsjettet for 1996, medan utlåna vart overførte til SND. Det vart lagt til grunn at eit sakkunnig, rådgjevande utval ville bli oppretta for å hjelpe SND med handsaminga av lånesøknader. På denne måten ville ein sikre at dei kulturpolitiske målsetjingane vart tekne vare på. Etter samanslåinga vil det ikkje vere eigne utlånsrammer som er øyremerkte for aviser i SND.

8.1.2 Merknader frå komiteen

       Komiteen tar redegjørelsen i meldingen vedrørende statsbankenes virksomhet i 1995 til orientering.

8.2 Verksemda til Folketrygdfondet i 1995

8.2.1 Samandrag

       Stortinget fastsette 15. februar 1990 i medhald av § 16-7 i lov om folketrygd reglement for Folketrygdfondet, forvaltning av midlane, revisjon o.a. (jf. St.prp. nr. 51, Innst.S.nr.89 (1989-1990)). Reglementet er seinare endra ved vedtaka til Stortinget den 20. juni 1991, 19. juni 1992, 28. oktober 1994, 19. juni 1995 og 21. juni 1996.

       Etter reglementet skal styret for Fondet sende årsmelding og rekneskap til Finansdepartementet, som sender melding til Stortinget. Årsmeldinga og rekneskapen for 1995 vart sende til departementet ved brev av 29. april 1996.

       Det er i meldinga redegjort for Folketrygdfondets styre og administrasjon.

       Styret for Folketrygdfondet er ansvarleg for forvaltninga av midlane til Fondet, innanfor dei retningslinjer Stortinget har fastsett og eventuelle nærare retningslinjer gitt av Kongen med heimel i § 9 i Fondet sitt regelverk.

       Folketrygdfondet tok i brev av 16. november 1994 opp spørsmålet om reglementet for Fondet gav høve til å skyte inn pengar i norske filialar av utanlandske bankar og i Postbanken. Etter Finansdepartementet si vurdering var det, jf. brev frå departementet av 14. mars 1995, ikkje forhold i reglementet for Fondet som er til hinder for plasseringar i norske filialar av utanlandske bankar. § 5 i vedtektene til Folketrygdfondet gir høve til å plassere fondsmidlane i forretnings- og sparebankar. Det er ikkje spesifisert at desse må vere norske. I samband med Revidert nasjonalbudsjett 1995 vedtok Stortinget 19. juni 1995 å utvide § 5 i Folketrygdfondet sitt reglement til også å omfatte Postbanken.

       Folketrygdfondet tok i brev av 22. desember 1994 opp spørsmålet om høve til å delta i emisjonar knytte til notering på Oslo børs. I samband med Revidert nasjonalbudsjett 1995 vart Fondet gitt høve til å delta i emisjonar knytte til børsintroduksjon.

       Heimelen i § 9 i reglementet til å gi nærare retningslinjer om forvaltninga vart delegert til Finansdepartementet ved kongeleg resolusjon av 17. januar 1992. I den grad slike nærare retningslinjer blir gitt, er dei naturleg av generell karakter, til dømes ved kvantitative samla rammer for verksemda. Det er ikkje nokon føresetnad at instruksjonsrett i enkeltsaker skal liggje til Kongen eller departementet (jf. omtale i St.prp. nr. 69 (1990-1991) og Innst.S.nr.228 (1990-1991)).

       For 1995 fastsette departementet ei felles øvre ramme for dei nettoplasseringane (behaldningsauke) Fondet kunne gjere i private og kommunale obligasjonar og sertifikat (utan statsgaranti), i bankinnskott og i aksjar på 3,5 mrd. kroner. Annan plasseringsauke kunne skje i stats- og statsgaranterte papir eller som kontolån til statskassa.

       Nærare regler for Fondet sine plasseringar i statspapir vart fastsett i brev frå Finansdepartementet av 15. desember 1992. Etter reglane kan Fondet plassere fritt i første- og andrehandsmarknaden for norske statsobligasjonar, statssertifikat og statsgaranterte papir innanfor ein portefølje på maksimalt 5 mrd. kroner. Dei andre plasseringane i Fondet gjer i statspapir, skal som hovudregel skje i form av kontolån til staten med vilkår knytte til underliggjande statslån. Retningslinjene inneber at fondsplasseringane i stats- og statsgaranterte papir utover 5 mrd. kroner må replasserast i kontolån etter kvart som eksisterande portefølje av obligasjonar og sertifikat forfell.

       Fondet auka i 1995 forvaltningskapitalen sin med 10,3 mrd. kroner, til 93,0 mrd. kroner. Forvaltningskapitalen auka til samanlikning med 1,1 mrd. kroner i 1994.

       Det er i meldinga gjort nærare greie for plasseringane.

       Det verdikorrigerte resultatet til Folketrygdfondet (dvs. inkl. urealisert resultat) var i 1995 på 10,3 mrd. kroner. Dette svara til ei nominell avkastning på 12,5 % rekna på basis av Fondet sin kapital ved inngangen til året, mot ei avkastning på 1,3 % i 1994. Avkastninga på Fondet sine plasseringar i renteinstrument (obligasjonar, sertifikat og bankinnskott) var i 1995 på 12,6 %, medan avkastninga på aksjar var 12,1 %. Totalindeksen ved Oslo Børs gjekk til samanlikning opp med 11,6 % i 1995, medan OBX-indeksen, som består av dei 25 mest omsette aksjeklassane på børsen, steig med 0,9 %. Avkastninga i 1995 på Fondet sine plasseringar må ein elles sjå i samanheng med avkastninga i åra før og med avkastningsutsiktene framover, jf. omtale nedanfor. Samla renteinntekter i 1995 var 6 594 mill. kroner, medan motteke aksjeutbytte var på 255 mill. kroner.

       Fondet hadde i 1995 ein realisert kursvinst på aksjar og obligasjonar på til saman 186 mill. kroner. Fondet hadde gjennom året ein auke i urealiserte verdipapirvinstar på aksjar og obligasjonar på 3,3 mrd. kroner, etter ein reduksjon i 1994 på 5,4 mrd. kroner. Dei urealiserte kursvinstane var fordelte med 0,7 mrd. kroner på aksjeporteføljen og 2,6 mrd. kroner på dei resterande verdipapira.

       Avkastninga på aksjer må ein rekne med varierer frå år til år, mellom anna fordi ho er avhengig av forventningar om resultat i selskapa. På denne bakgrunnen må ein vurdere resultata av Folketrygdfondet sine plasseringar i aksjar med utgangspunkt i ein noko lengre periode enn dei 5-6 åra som har gått frå dei første aksjeplasseringane vart gjorde i august 1991 og fram til utgangen av 1995. Sett over denne perioden har avkastninga av aksjeporteføljen til Fondet vore om lag den same som auken i totalindeksen ved Oslo Børs.

8.2.2 Merknader frå komiteen

       Komiteen tar redegejørelsen i meldingen vedrørende Folketrygdfondets virksomhet i 1995 til orientering.

9. Finansieringa av staten i 1995

9.1 Samandrag

       Statens likvide stilling har i 1995 vore god. Kontantbehaldninga auka gjennom året fordi langsiktig og netto kortsiktig opplåning var høgare enn brutto finansieringsbehov (som i 1995 var negativt).

       Tabellen nedanfor viser faktorane bak statens lånebehov og korleis dette har vorte dekt.

Tabell 9.1 Statens lånebehov og dekkinga av dette. Mill. kroner

  1995
Overskot før lånetransaksjonar 2.093
Utlån til statsbankane, andre utlån, aksjeteikning o.a. netto -15.030
Gjeldsavdrag på langsiktige innanlandske og utanlandske statslån 12.806
Brutto finansieringsbehov -4.317
Dette vart dekt på følgjande måte:   
Opptak av langsiktige lån innanlands, pålydande beløp1 28.500
Opptak av utanlandslån 0
Opptak av kortsiktige lån, netto -11.582
Endring i statens kontantbehaldning 22.642
Nedgang i behaldningar hos rekneskapsførarane i staten,
overkurs/underkurs på statsobligasjonslån, endringar i
forskottsbetalingar, depositokonti o.a korrigert for
omvurderingar 1.407
1 Ikkje justert for netto underkurs på 817 mill. kroner, jf siste linje i denne oppstillinga.

Kjelde: Finansdepartementet

       I 1995 vart det teke opp langsiktige innanlandske obligasjonslån på til saman 21 mrd. kroner (pålydande beløp). Dessutan plasserte Folketrygdfondet netto langsiktige kontolån til statskassen på 7,5 mrd. kroner (pålydande beløp). Behaldninga av kortsiktige lån vart redusert med i underkant av 12 mrd. kroner. Staten utferda grunnkjøpsobligasjonar for om lag 0,1 mill. kroner i 1995. Tabellen nedanfor gir ei oversikt over statens låneopptak innanlands i åra 1990-1995.

Tabell 9.2 Statens låneopptak innanlands 1990-1995 (mill. kroner)

    1990 1991 1992 1993 1994 1995
I Langsiktige lån 0 17.500 18.500 53.800 20.500 28.500
  a) Ordinære obligasjonslån 0 12.000 14.000 42.000 16.000 21.000
  b) Langsiktige kontolån 0 5.500 4.500 11.800 4.500 7.500
II Grunnkjøpsobligasjonslån 133 143 48 15 0 0
III Kortsiktige lån (netto) 1.750 7.585 -1.913 29.639 -15.278 -11.582
  a) Statskassevekslar 0 -450 0 0 0 0
  b) Statssertifikat 508 2.975 5.592 13.680 -11.478 -1.500
  c) Kontolån og inneståande
      frå fond under offentlig
      forvaltning 1.242 5.060 -7.505 15.959 -3.800 -13.082


       Det er i meldinga gjort nærare greie for innanlandsk statsgjeld i 1995.

       Ved vedtak 21. desember 1995 gav Stortinget Finansdepartementet fullmakt til å ta opp nye statslån i utlandet til eit beløp svarande til 10.000 mill. kroner, rekna etter valutakursane 30. september 1994. Det vart ikkje teke opp lån under denne fullmakta i 1995. Rekna etter valutakursane 31. desember 1995 var den utanlandske statsgjelda 61,4 mrd. kroner ved utgangen av 1995.

       29 % av statens utanlandsgjeld ved utgangen av 1995 var knytt til utviklinga i interbankrenta, medan renta for resten av utanlandsgjelda var fast fram til forfall.

       Alle lånekontraktene inneheld klausular om at renter og kapitalbeløp skal betalast fullt ut utan at norske skattestyresmakter kan gjere fråtrekk for framtidige skattar i betalingar til utanlandske obligasjonseigarar.

       I samsvar med omtalen i lånefullmaktsproposisjonen for 1995, jf. St.prp. nr. 22 (1994-1995), har Noregs Bank og Finansdepartementet frå 1. januar 1995 samordna forvaltninga av statens utanlandsgjeld og Noregs Banks valutareservar. Ein del av Noregs Banks valutareservar (« immuniseringsportefxljen ») er no skilde ut og plassert med ei samansetjing som om lag tilsvarer samansetjinga av statens gjeld. Rente og valutarisikoen ved statens utanlandsgjeld er dermed langt på veg nøytralisert gjennom Noregs Banks plasseringar. Denne sikringa kan bli noko redusert dersom det skulle bli aktuelt å nytte større delar av Noregs Banks valutareservar til intervensjonar. Finansdepartementet har i 1995 inngått valuta- og rentebyteavtalar for å få det gunstigaste forholdet mellom utanlandsgjelda og immuniseringsporteføljen.

       Tabell 9.5 i meldinga viser utviklinga for statsgjelda og fordringane til staten. Den innanlandske statsgjelda auka med om lag 7 mrd. kroner frå 1994 til 1995, medan den utanlandske statsgjelda gjekk ned med om lag 6 mrd. kroner. Statens kontantbehaldning vart auka med om lag 23 mrd. kroner i 1995. Statens lån til statsbankane vart redusert med nesten 2 mrd. kroner i 1994, medan andre utlån osv. netto vart redusert med om lag 7 mrd. kroner.

       I medhald av stortingsvedtaket 9. april 1991, jf. Innst.S.nr.113 (1990-1991), har Finansdepartementet godkjent bruk av intervensjonsavtalar som Noregs Bank har med EUs sentralbankar, og i medhald av stortingsvedtaket 7. desember 1992 (jf. St.prp. nr. 25 (1992-1993) og Innst.S.nr.71) har Finansdepartementet godkjent bruk av intervensjonsavtalar som Noregs Bank har med nordiske sentralbankar.

       Innanfor ramma av vedtaket 7. desember 1992 fekk Finansdepartementet ei beredskapsfullmakt til å ta opp kortsiktige lån i dei internasjonale marknadene innanfor ei samla ramme på 75.000 mill. kroner. Finansdepartementet har ikkje nytta denne fullmakta.

9.2 Merknader frå komiteen

       Komiteen tar redegjørelsen i meldingen vedrørende finansieringen av staten i 1995 til orientering.

10. Komiteen si tilråding

       Komiteen viser til meldingen og til det som står foran og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

       St.meld. nr. 8 (1996-1997) Kredittmeldinga 1995 - vedlegges protokollen.

Oslo, i finanskomiteen, den 4. februar 1997.

Bjørnar Olsen, Kjell Engebretsen, Per-Kristian Foss,
leiar. ordførar. sekretær.