Innstilling frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen om forslag frå stortingsrepresentantane Rolf Reikvam, Karin Andersen og Øystein Djupedal om oppretting av opplæringskontor for bevaring av gamle handverks- og industrifag

Til Stortinget

Samandrag

Dokumentet inneheld dette forslaget:

«Stortinget ber Regjeringen legge til rette for at det opprettes kontorer for bevaring av gamle håndverks- og industrifag som dekker hele landet. Listen over små og verneverdige fag justeres årlig. Kontorene finansieres med egen bevilgning over statsbudsjettet.»

Gamle handverk og teknikkar må takast ivare, jf. NOU 1986:15 og grunngjevinga for å tredoble tilskotta for lærlingar i slike fag og opprette tre opplæringskontor i Trondheim, Oslo og Akershus. Også i fag der det ikkje er trong for mange med fagbrev, må det framleis vere høve til å ta fag-/svennebrev. Ein må sikre fagkompetansen i fag som er ved å bli borte, og jamnleg justere lista over små og verneverdige fag.

Etter framlegget må landet bli delt inn i regionar (5-6), kvar med sitt opplæringskontor som då dekkjer fleire fylke. Drifta må sikrast gjennom ei eiga statleg løyving.

Merknader frå komiteen

Komiteen meiner framlegget tar opp viktige utfordringar knytte til framtida for opplæring i små og verneverdige fag. Komiteen legg vekt på at sjølv om faga ikkje har stort behov for å utdanne mange med fagbrev, er det av stor verdi at den fagkompetansen desse faga representerer blir teken vare på, og at denne kompetansen framleis kan bli dokumentert gjennom fag-/svennebrev.

Komiteen er kjend med at dette er fag som i stor grad blir utøvde i små verksemder. Det vil derfor bare vere i unntakshøve at ei bedrift på eiga hand vil vere i stand til å ta på seg ansvaret for ein lærling. Komiteen er vidare kjend med at opplæringskontor kan bli oppretta for å etablere eit formelt samarbeid mellom bedrifter som saman tek på seg opplæringsansvar for lærlingane. Dei fleste fag vil vere avhengig av eit eige kontor dersom det skal bli etablert læreplassar.

Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, viser til at det med dagens organisering berre er nokre få fylke som er dekka med eigne opplæringskontor for ivaretaking av gamle handverks- og industrifag. For å sikre alle same rett til opplæring uavhengig av bustad meiner fleirtalet at det bør etablerast fleire kontor som til saman dekker heile landet. Fleirtalet meiner at dette kan gjerast ved at det blir lagt til rette for 2 nye kontor.

Komiteen syner til at den i Innst. S. nr. 246 (1998-1999) peika på at opplæringskontora for dei små faga fleire stader har problem med dårleg økonomi, og at departementet der blei bede om å sikre desse forsvarlege arbeidsforhold. Komiteen syner til opplysningane frå departementet i brev 12. april 2000 om at dei eksisterande opplæringskontora har fått økonomisk støtte gjennom sekretariatet for små og verneverdige fag. Departementet tilrår vidare at ein auke i tilskot til små og verneverdige fag blir gjeve som ein auke i tilskotet til den einskilde kontrakt.

Komiteen ber på denne bakgrunn om at departementet aukar satsane for tilskot til lærekontrakter i små og verneverdige fag. Komiteen tilrår også at lista over små og verneverdige fag blir oppdatert med jamne mellomrom. Komiteen viser til at det er bedriftene saman med fylkeskommunane som har ansvaret for å opprette opplæringskontor. Sidan slike kontor ikkje følgjer fylkesgrenser, meiner komiteen at departementet må ta initiativ for å få til ei organisering som sikrar at alle delar av landet har dekning av opplæringskontor.

Komiteen ber departementet om å arbeide vidare med tiltak for å ta vare på dei små og verneverdige faga, medrekna organisering av opplæringa innanfor små og verneverdige fag. Komiteen ber departementet på eigna måte kome tilbake til Stortinget med ei vurdering av funksjonane til Sekretariatet for små og verneverdige fag.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet ser at fleksibilitet og tilrettelegging fra det offentlige vil være viktig for å bevare den kompetansen som ligger i de små håndverk- og industrifagene. All den tid fagene og kompetansen forvaltes av en svært begrenset krets av personer, kan en ikke uten videre forutsette at disse også skal være oppdatert på de organisatoriske rammevilkårene i læreplaner og lignende. Derfor er det viktig at disse fagpersonene på en enkel og grei måte kan komme i kontakt med et faglig kompetent miljø som med smidighet og fleksibilitet kan hjelpe og legge til rette den enkelte med de nødvendige organisatoriske rammetiltakene. På denne bakgrunn er disse medlemmer bekymret for en oppsplitting av opplæringskontorer uansett om dette begrunnes ut ifra geografi eller det enkelte fag. Disse medlemmer mener en oppsplitting vil kunne medføre en mindre oversiktlig situasjon for den enkelte bruker som skal henvende seg til og bruke disse tjenestene. Samtidig med dette er det åpenbart at en oppsplitting i mange små opplæringskontorer vil medføre at en uforholdsmessig stor andel av midlene vil gå til administrasjon. Dette vil igjen redusere de ressurser som kan benyttes til å hjelpe de respektive fag og brukere.

Disse medlemmer vil også vise til at små fag kan ha problemer med å opprette prøvenemnder med høy faglig kompetanse etter de ordinære ordninger. Dette kom klart frem ved utdanningen til storurmaker. Det måtte en stor grad av personlig engasjement til for å kunne få mulighet til å avlegge prøve for på den måte å sikre denne kompetansen i Norge. Dette viser at en må vise fleksibilitet og smidighet fra det offentlige dersom en reelt sett ønsker å ta vare på den kompetansen som ligger i de små fagene.

Tilråding frå komiteen

Komiteen har elles ingen merknader og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

Dokument nr. 8:44 (1999-2000) - forslag frå stortingsrepresentantane Rolf Reikvam, Karin Andersen og Øystein Djupedal om oppretting av opplæringskontor for bevaring av gamle handverks- og industrifag - vert lagt ved møteboka.

Oslo, i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen, den 16. mai 2000

Ranveig Frøiland

leiar

Sigvald Oppebøen Hansen

ordførar

Rune E. Kristiansen

sekretær