Dokumentet inneheld dette forslaget:
«Stortinget ber Regjeringen legge
til rette for at det opprettes kontorer for bevaring av gamle håndverks- og
industrifag som dekker hele landet. Listen over små og
verneverdige fag justeres årlig. Kontorene finansieres
med egen bevilgning over statsbudsjettet.»
Gamle handverk og teknikkar må takast
ivare, jf. NOU 1986:15 og grunngjevinga for å tredoble
tilskotta for lærlingar i slike fag og opprette tre opplæringskontor
i Trondheim, Oslo og Akershus. Også i fag der det ikkje
er trong for mange med fagbrev, må det framleis vere høve
til å ta fag-/svennebrev. Ein må sikre
fagkompetansen i fag som er ved å bli borte, og jamnleg justere
lista over små og verneverdige fag.
Etter framlegget må landet bli delt
inn i regionar (5-6), kvar med sitt opplæringskontor som
då dekkjer fleire fylke. Drifta må sikrast gjennom
ei eiga statleg løyving.
Komiteen meiner framlegget
tar opp viktige utfordringar knytte til framtida for opplæring
i små og verneverdige fag. Komiteen legg
vekt på at sjølv om faga ikkje har stort behov
for å utdanne mange med fagbrev, er det av stor verdi at
den fagkompetansen desse faga representerer blir teken vare på,
og at denne kompetansen framleis kan bli dokumentert gjennom fag-/svennebrev.
Komiteen er kjend med at dette
er fag som i stor grad blir utøvde i små verksemder.
Det vil derfor bare vere i unntakshøve at ei bedrift på eiga
hand vil vere i stand til å ta på seg ansvaret
for ein lærling. Komiteen er vidare kjend
med at opplæringskontor kan bli oppretta for å etablere
eit formelt samarbeid mellom bedrifter som saman tek på seg
opplæringsansvar for lærlingane. Dei fleste fag
vil vere avhengig av eit eige kontor dersom det skal bli etablert
læreplassar.
Komiteen sitt fleirtal,
alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, viser til
at det med dagens organisering berre er nokre få fylke
som er dekka med eigne opplæringskontor for ivaretaking
av gamle handverks- og industrifag. For å sikre alle same
rett til opplæring uavhengig av bustad meiner fleirtalet at
det bør etablerast fleire kontor som til saman dekker heile landet. Fleirtalet meiner
at dette kan gjerast ved at det blir lagt til rette for 2 nye kontor.
Komiteen syner til
at den i Innst. S. nr. 246 (1998-1999) peika på at opplæringskontora
for dei små faga fleire stader har problem med dårleg økonomi,
og at departementet der blei bede om å sikre desse forsvarlege
arbeidsforhold. Komiteen syner til opplysningane
frå departementet i brev 12. april 2000 om at dei eksisterande
opplæringskontora har fått økonomisk støtte
gjennom sekretariatet for små og verneverdige fag. Departementet
tilrår vidare at ein auke i tilskot til små og
verneverdige fag blir gjeve som ein auke i tilskotet til den einskilde
kontrakt.
Komiteen ber på denne
bakgrunn om at departementet aukar satsane for tilskot til lærekontrakter
i små og verneverdige fag. Komiteen tilrår
også at lista over små og verneverdige fag blir
oppdatert med jamne mellomrom. Komiteen viser til
at det er bedriftene saman med fylkeskommunane som har ansvaret
for å opprette opplæringskontor. Sidan slike kontor
ikkje følgjer fylkesgrenser, meiner komiteen at
departementet må ta initiativ for å få til
ei organisering som sikrar at alle delar av landet har dekning av
opplæringskontor.
Komiteen ber departementet om å arbeide
vidare med tiltak for å ta vare på dei små og
verneverdige faga, medrekna organisering av opplæringa
innanfor små og verneverdige fag. Komiteen ber
departementet på eigna måte kome tilbake til Stortinget
med ei vurdering av funksjonane til Sekretariatet for små og verneverdige
fag.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet ser
at fleksibilitet og tilrettelegging fra det offentlige vil være
viktig for å bevare den kompetansen som ligger i de små håndverk-
og industrifagene. All den tid fagene og kompetansen forvaltes av
en svært begrenset krets av personer, kan en ikke uten
videre forutsette at disse også skal være oppdatert
på de organisatoriske rammevilkårene i læreplaner
og lignende. Derfor er det viktig at disse fagpersonene på en
enkel og grei måte kan komme i kontakt med et faglig kompetent
miljø som med smidighet og fleksibilitet kan hjelpe og
legge til rette den enkelte med de nødvendige organisatoriske
rammetiltakene. På denne bakgrunn er disse medlemmer bekymret
for en oppsplitting av opplæringskontorer uansett om dette
begrunnes ut ifra geografi eller det enkelte fag. Disse medlemmer mener
en oppsplitting vil kunne medføre en mindre oversiktlig
situasjon for den enkelte bruker som skal henvende seg til og bruke
disse tjenestene. Samtidig med dette er det åpenbart at
en oppsplitting i mange små opplæringskontorer
vil medføre at en uforholdsmessig stor andel av midlene
vil gå til administrasjon. Dette vil igjen redusere de
ressurser som kan benyttes til å hjelpe de respektive fag
og brukere.
Disse medlemmer vil også vise
til at små fag kan ha problemer med å opprette
prøvenemnder med høy faglig kompetanse etter de
ordinære ordninger. Dette kom klart frem ved utdanningen
til storurmaker. Det måtte en
stor grad av personlig engasjement til for å kunne få mulighet
til å avlegge prøve for på den måte å sikre
denne kompetansen i Norge. Dette viser at en må vise fleksibilitet
og smidighet fra det offentlige dersom en reelt sett ønsker å ta
vare på den kompetansen som ligger i de små fagene.
Komiteen har elles
ingen merknader og rår Stortinget til å gjere
slikt
vedtak:
Dokument nr. 8:44 (1999-2000) - forslag frå stortingsrepresentantane
Rolf Reikvam, Karin Andersen og Øystein Djupedal om oppretting
av opplæringskontor for bevaring av gamle handverks- og
industrifag - vert lagt ved møteboka.
Oslo, i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen, den 16. mai 2000
Ranveig Frøiland
leiar |
Sigvald Oppebøen Hansen
ordførar |
Rune E. Kristiansen
sekretær |