Innstilling frå utanrikskomiteen om samtykke til tiltreding til Unidroit-konvensjonen av 24. juni 1995 om stolne eller ulovleg utførte kulturgjenstandar

Dette dokument

Til Stortinget

Samandrag

Unidroit-konvensjonen om stolne eller ulovleg utførte kulturgjenstandar er av 24. juni 1995. Bakgrunnen for konvensjonen er den auka ulovlege handelen med kulturminne, og den skaden som dette kan føre til, både med omsyn til sjølve gjenstandane og verdskulturarven. Konvensjonen inneheld føresegner som regulerer internasjonal tilbakeføring av stolne eller ulovleg utførte kulturgjenstandar.

Med ulovleg utførte kulturgjenstandar blir rekna gjenstandar som er førte ut frå territoriet til ein konvensjonsstat i strid med lovgjevinga til denne staten om utførsel av kulturgjenstandar. Konvensjonen omfattar ikkje dei tilfella der utførsel har skjedd i strid med anna nasjonal lovgjeving enn den som regulerer vern av kulturarven, og heller ikkje tilfelle der utførselen har skjedd i strid med lovgjevinga til ein stat som ikkje er part i konvensjonen.

Etter konvensjonen har den som har ein stolen eller ulovleg utført kulturgjenstand på tidspunktet for tilbakelevering krav på ei rimeleg skadebot, under føresetnad av at vedkomande utviste rimeleg aktsemd då han skaffa seg gjenstanden. Ved tilbakelevering av stolne kulturgjenstandar skal ein søkje å få den som overdrog gjenstanden, eller einkvar annan som tidlegare har overdrege han, til å betale skadebot. Ved tilbakelevering av ulovleg utførte kulturgjenstandar skal skadebot betalast av den staten som ber om tilbakelevering.

Vidare har konvensjonen reglar om saksanlegg ved tilbakelevering av gjenstandar, medrekna tidsfristar for saksanlegg og oppgåvene til ansvarlege styresmakter. Reglane i konvensjonen skal ikkje ha tilbakeverkande kraft.

Kapittel 3 i proposisjonen gjev omtale av dei ein-skilde føresegnene i konvensjonen. Konvensjonen har ei fortale og 21 artiklar, og eit vedlegg. Det nemnes m.a. at Noreg vil gje ei erklæring i medhald av artikkel 13.

Etter artikkel 13 kan konvensjonstatar som er medlemmer av organisasjonar for økonomisk integrasjon eller regionale einingar, erklære at dei vil bruke dei interne reglane til desse organisasjonane eller einingane, der verkeområdet til dei interne reglane og konvensjonen fell saman.

Som følgje av medlemskap i Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet (EØS) har Noreg gjennomført rådsdirektiv 93/7/EØF om tilbakelevering av kulturgjenstandar som er fjerna ulovleg frå territoriet til ein medlemsstat, i kulturminneloven §§ 23 a- 23 f. Verkeområdet til desse reglane fell saman med konvensjonen, og Noreg vil for EØS-området bruke reglane i rådsdirektivet.

Noreg vil derfor gje følgjande erklæring i medhald av denne artikkelen: "Innanfor Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet (EØS) skal dei interne EØS-reglane gjelde."

Konvensjonen blei sett i verk 1. juli 1998. Noreg har ikkje underteikna konvensjonen i den tida han var open for underteikning og ratifikasjon, og må såleis tiltre denne.

Per 6. april 2000 hadde 30 statar underteikna og 4 tiltrådd konvensjonen. Han var då i kraft for 12 statar.

Ei tiltreding til konvensjonen gjer det naudsynt med endring i lov av 9. juni 1978 nr. 50 om kulturminner, lov av 9. desember 1966 nr. 1 om hevd og lov av 2. juni 1978 nr. 37 om godtroerverv av løsøre. Dette vil føre til at ein får føresegner som regulerer dette tilhøvet både innanfor og utanfor EØS-området.

Gjennomføring av konvensjonen for Svalbard og Jan Mayen vil gjere det naudsynt med endring i føresegn om kulturminnevern av 24. januar 1992 nr. 34 for Svalbard og av 21. juni 1974 nr. 8 792 for Jan Mayen. Når det gjeld bilanda blir det lagt opp til å gjennomføre konvensjonen i eiga føresegn.

Merksemda omkring ulovleg omsetnad av kulturgjenstandar internasjonalt er aukande, og det er naudsynt med eit betre internasjonalt samarbeid når det gjeld vern av kulturminne. Det er viktig å støtte eit internasjonalt regelverk på dette området.

Konvensjonen vil kunne føre til fleire oppmodingar om hjelp til å finne kulturgjenstandar, og ein auka bruk av domstolane til å handsame krav om tilbakesending m.v. Til no har det vore svært få slike saker etter det tilsvarande regelverket i EØS-området, slik at ein reknar med at norsk tiltreding til Unidroit-konvensjonen ikkje vil få særlege økonomiske eller administrative konsekvensar for Noreg.

Eit avtrykk av konvensjonen i engelsk originaltekst med omsetjing til norsk følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.

Tilråding frå komiteen

Komiteen har ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjera slikt

vedtak:

Stortinget gjer samtykke til tiltreding til Unidroit-konvensjonen av 24. juni 1995 om stolne eller ulovleg utførte kulturgjenstandar.

Oslo, i utanrikskomiteen, den 25. oktober 2000

Einar Steensnæs

leiar

Lisbet Rugtvedt

ordførar

Haakon Blankenborg

sekretær