Unidroit-konvensjonen om stolne eller ulovleg utførte
kulturgjenstandar er av 24. juni 1995. Bakgrunnen for konvensjonen
er den auka ulovlege handelen med kulturminne, og den skaden som
dette kan føre til, både med omsyn til sjølve
gjenstandane og verdskulturarven. Konvensjonen inneheld føresegner
som regulerer internasjonal tilbakeføring av stolne eller ulovleg
utførte kulturgjenstandar.
Med ulovleg utførte kulturgjenstandar
blir rekna gjenstandar som er førte ut frå territoriet
til ein konvensjonsstat i strid med lovgjevinga til denne staten
om utførsel av kulturgjenstandar. Konvensjonen omfattar ikkje
dei tilfella der utførsel har skjedd i strid med anna nasjonal
lovgjeving enn den som regulerer vern av kulturarven, og heller
ikkje tilfelle der utførselen har skjedd i strid med lovgjevinga
til ein stat som ikkje er part i konvensjonen.
Etter konvensjonen har den som har ein stolen
eller ulovleg utført kulturgjenstand på tidspunktet
for tilbakelevering krav på ei rimeleg skadebot, under
føresetnad av at vedkomande utviste rimeleg aktsemd då han skaffa
seg gjenstanden. Ved tilbakelevering av stolne kulturgjenstandar
skal ein søkje å få den som overdrog gjenstanden,
eller einkvar annan som tidlegare har overdrege han, til å betale
skadebot. Ved tilbakelevering av ulovleg utførte kulturgjenstandar
skal skadebot betalast av den staten som ber om tilbakelevering.
Vidare har konvensjonen reglar om saksanlegg
ved tilbakelevering av gjenstandar, medrekna tidsfristar for saksanlegg
og oppgåvene til ansvarlege styresmakter. Reglane i konvensjonen
skal ikkje ha tilbakeverkande kraft.
Kapittel 3 i proposisjonen gjev omtale av dei
ein-skilde føresegnene i konvensjonen. Konvensjonen har
ei fortale og 21 artiklar, og eit vedlegg. Det nemnes m.a. at Noreg
vil gje ei erklæring i medhald av artikkel 13.
Etter artikkel 13 kan konvensjonstatar som er
medlemmer av organisasjonar for økonomisk integrasjon eller
regionale einingar, erklære at dei vil bruke dei interne
reglane til desse organisasjonane eller einingane, der verkeområdet
til dei interne reglane og konvensjonen fell saman.
Som følgje av medlemskap i Det europeiske økonomiske
samarbeidsområdet (EØS) har Noreg gjennomført
rådsdirektiv 93/7/EØF om tilbakelevering
av kulturgjenstandar som er fjerna ulovleg frå territoriet
til ein medlemsstat, i kulturminneloven §§ 23
a- 23 f. Verkeområdet til desse reglane fell saman med
konvensjonen, og Noreg vil for EØS-området bruke
reglane i rådsdirektivet.
Noreg vil derfor gje følgjande erklæring
i medhald av denne artikkelen: "Innanfor Det europeiske økonomiske
samarbeidsområdet (EØS) skal dei interne EØS-reglane
gjelde."
Konvensjonen blei sett i verk 1. juli 1998.
Noreg har ikkje underteikna konvensjonen i den tida han var open
for underteikning og ratifikasjon, og må såleis
tiltre denne.
Per 6. april 2000 hadde 30 statar underteikna
og 4 tiltrådd konvensjonen. Han var då i kraft
for 12 statar.
Ei tiltreding til konvensjonen gjer det naudsynt
med endring i lov av 9. juni 1978 nr. 50 om kulturminner, lov av
9. desember 1966 nr. 1 om hevd og lov av 2. juni 1978 nr. 37 om
godtroerverv av løsøre. Dette vil føre til
at ein får føresegner som regulerer dette tilhøvet både
innanfor og utanfor EØS-området.
Gjennomføring av konvensjonen for Svalbard
og Jan Mayen vil gjere det naudsynt med endring i føresegn om
kulturminnevern av 24. januar 1992 nr. 34 for Svalbard og av 21.
juni 1974 nr. 8 792 for Jan Mayen. Når det gjeld bilanda
blir det lagt opp til å gjennomføre konvensjonen
i eiga føresegn.
Merksemda omkring ulovleg omsetnad av kulturgjenstandar
internasjonalt er aukande, og det er naudsynt med eit betre internasjonalt
samarbeid når det gjeld vern av kulturminne. Det er viktig å støtte
eit internasjonalt regelverk på dette området.
Konvensjonen vil kunne føre til fleire
oppmodingar om hjelp til å finne kulturgjenstandar, og
ein auka bruk av domstolane til å handsame krav om tilbakesending m.v.
Til no har det vore svært få slike saker etter
det tilsvarande regelverket i EØS-området, slik
at ein reknar med at norsk tiltreding til Unidroit-konvensjonen
ikkje vil få særlege økonomiske eller
administrative konsekvensar for Noreg.
Eit avtrykk av konvensjonen i engelsk originaltekst med
omsetjing til norsk følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.
Komiteen har ingen
merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjera
slikt
vedtak:
Stortinget gjer samtykke til tiltreding til
Unidroit-konvensjonen av 24. juni 1995 om stolne eller ulovleg utførte
kulturgjenstandar.
Oslo, i utanrikskomiteen, den 25. oktober 2000
Einar Steensnæs
leiar |
Lisbet Rugtvedt
ordførar |
Haakon Blankenborg
sekretær |