Utanriksdepartementet viser i proposisjonen
til avgjerd i EØS-komiteen nr. 101/2000 av 10.
november 2000, som gjeld endring av protokoll 31 til EØS-avtala om
samarbeid på særlege område utanfor dei
fire fridomane. Endringa inneber at EFTA-statane får høve
til å vera med i framhaldet av det fleirårige
fellesskapsprogrammet for fremming av fornybare energikjelder i Fellesskapet
(ALTENER).
ALTENER har følgjande særskilde
mål:
– å medverka
til å skapa dei naudsynte vilkåra for å gjennomføra
ein handlingsplan for fornybare energikjelder innanfor Fellesskapet,
særleg dei rettslege, sosioøkonomiske og administrative
vilkåra, mellom anna nye marknadsinstrument og marknadsmekanismar,
– å stimulera til private
og offentlege investeringar i produksjon og bruk av energi frå fornybare
energikjelder.
For perioden 1998-2002 har rammeprogrammet ei budsjettramme
på 170 mill. euro. Til ALTENER er det sett av 77 mill.
euro. Deltaking i programmet inneber økonomiske plikter
for Noreg på 1,8 pst. av denne summen. Ved ein kurs på 1
euro = 8,2 kroner utgjer dette om lag 2,3 mill. kroner årleg.
Tilskotet frå Noreg vert dekt over
Olje- og energidepartementet sitt budsjettkapittel 1825 Energiøkonomisering,
post 21 Informasjon og opplæring m.v. Stortinget er tidlegare
orientert om Noreg si deltaking i ALTENER i St.prp. nr. 1 (1996-1997)
og St.prp. nr. 52 (1996-1997).
Deltaking i programmet får ikkje nemnande
administrative konsekvensar, og vil ikkje innebere endring av norske
lover og forskrifter.
Avgjerda i EØS-komiteen og rådsvedtaket
følgjer i uoffisiell norsk versjon som trykte vedlegg til
proposisjonen.
Utkast til innstilling er forelagt utenrikskomiteen, som
ikke har merknader til innstillingen.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet,
Aud Blattmann, Gunn Karin Gjul, Bent Hegna, Anders Hornslien, lederen
Tore Nordtun og Torny Pedersen, fra Fremskrittspartiet, Øyvind Korsberg
og Øyvind Vaksdal, fra Kristelig Folkeparti, Hilde Frafjord
Johnson og Bror Yngve Rahm, fra Høyre, Bent Høie
og Jan Tore Sanner, fra Senterpartiet, John Dale, fra Sosialistisk
Venstreparti, Hallgeir H. Langeland, og fra Venstre, Gunnar Kvassheim,
har ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget
til å gjere slikt
vedtak:
Stortinget samtykker til godkjenning av avgjerd
i EØS-komiteen nr. 101/2000 av 10. november 2000
om endring av protokoll 31 til EØS-avtala til å omfatte rådsvedtak
2000/646/EF om fastsetjing av eit fleirårig program
for fremming av fornybare energikjelder i Fellesskapet (ALTENER)
(1998-2002).
Oslo, i energi- og miljøkomiteen, den 30. november 2000
Tore Nordtun
leiar og ordførar |
Aud Blattmann
sekretær |