Innstilling frå energi- og miljøkomiteen om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 101/2000 av 10. november 2000 om endring av protokoll 31 til EØS-avtala til å omfatte rådsvedtak 2000/646/EF om fastsetjing av eit fleirårig program for fremming av fornybare energikjelder i Fellesskapet (ALTENER) (1998-2002)

Til Stortinget

Samandrag

Utanriksdepartementet viser i proposisjonen til avgjerd i EØS-komiteen nr. 101/2000 av 10. november 2000, som gjeld endring av protokoll 31 til EØS-avtala om samarbeid på særlege område utanfor dei fire fridomane. Endringa inneber at EFTA-statane får høve til å vera med i framhaldet av det fleirårige fellesskapsprogrammet for fremming av fornybare energikjelder i Fellesskapet (ALTENER).

ALTENER har følgjande særskilde mål:

  • – å medverka til å skapa dei naudsynte vilkåra for å gjennomføra ein handlingsplan for fornybare energikjelder innanfor Fellesskapet, særleg dei rettslege, sosioøkonomiske og administrative vilkåra, mellom anna nye marknadsinstrument og mark­nadsmekanismar,

  • – å stimulera til private og offentlege investeringar i produksjon og bruk av energi frå fornybare energikjelder.

For perioden 1998-2002 har rammeprogrammet ei budsjettramme på 170 mill. euro. Til ALTENER er det sett av 77 mill. euro. Deltaking i programmet inneber økonomiske plikter for Noreg på 1,8 pst. av denne summen. Ved ein kurs på 1 euro = 8,2 kroner utgjer dette om lag 2,3 mill. kroner årleg.

Tilskotet frå Noreg vert dekt over Olje- og energidepartementet sitt budsjettkapittel 1825 Energiøkonomisering, post 21 Informasjon og opplæring m.v. Stortinget er tidlegare orientert om Noreg si deltaking i ALTENER i St.prp. nr. 1 (1996-1997) og St.prp. nr. 52 (1996-1997).

Deltaking i programmet får ikkje nemnande administrative konsekvensar, og vil ikkje innebere endring av norske lover og forskrifter.

Avgjerda i EØS-komiteen og rådsvedtaket følgjer i uoffisiell norsk versjon som trykte vedlegg til proposisjonen.

Uttalelse fra utenrikskomiteen

Utkast til innstilling er forelagt utenrikskomiteen, som ikke har merknader til innstillingen.

Komiteen si tilråding

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Aud Blattmann, Gunn Karin Gjul, Bent Hegna, Anders Hornslien, lederen Tore Nordtun og Torny Pedersen, fra Fremskrittspartiet, Øyvind Korsberg og Øyvind Vaksdal, fra Kristelig Folkeparti, Hilde Frafjord Johnson og Bror Yngve Rahm, fra Høyre, Bent Høie og Jan Tore Sanner, fra Senterpartiet, John Dale, fra Sosialistisk Venstreparti, Hallgeir H. Langeland, og fra Venstre, Gunnar Kvassheim, har ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

Stortinget samtykker til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 101/2000 av 10. november 2000 om endring av protokoll 31 til EØS-avtala til å omfatte rådsvedtak 2000/646/EF om fastsetjing av eit fleirårig program for fremming av fornybare energikjelder i Fellesskapet (ALTENER) (1998-2002).

Oslo, i energi- og miljøkomiteen, den 30. november 2000

Tore Nordtun

leiar og ordførar

Aud Blattmann

sekretær