Innstilling fra kommunalkomiteen om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 97/2000 av 27. oktober 2000 om endring av vedlegg XVIII til EØS-avtala (direktiv om arbeidstid på skip)

Til Stortinget

1. Sammendrag

1.1 Bakgrunn

Ved avgjerd i EØS-komiteen nr. 97/2000 av 27. oktober 2000 vart det vedteke å endre vedlegg XVIII til EØS-avtala, som gjeld helse og tryggleik på arbeidsplassen, arbeidsrett og lik handsaming av kvinner og menn, til òg å omfatte rådsdirektiv 1999/63/EF om avtala om organisering av arbeidstida til sjøfolk.

Avgjerda i EØS-komiteen vart teken med atterhald om samtykke frå Stortinget, ettersom gjennomføringa etter norsk rett gjer det naudsynt med lovendring, jf. § 26 andre leddet i Grunnlova og artikkel 103 i EØS-avtala. Stortinget vert gjennom denne proposisjonen oppmoda om å gje samtykke til godkjenning av avgjerda i EØS-komiteen.

Avgjerda i EØS-komiteen og direktivet i uoffisiell norsk omsetjing følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.

1.2 Nærmare om direktivet

I direktiv 1993/104/EF, som er ein del av EØS-avtala, er det fastsett krav til tilhøve som arbeidstid, kviletid, maksimal arbeidstid per veke, ferie, nattarbeid og skiftarbeid. Ei rekkje aktivitetar og sektorar, medrekna sjøtransport, er likevel ikkje omfatta av verkeområdet til direktivet.

På denne bakgrunnen forhandla Samanslutninga av skipsreiarar i Den europeiske unionen (ECSA) og Samanslutninga av transportarbeidarforbund i Den europeiske unionen (FST) fram ei rammeavtale om arbeidstid på skip (ECSA-avtala). Direktiv 1999/63/EF gjennomfører denne avtala. Samstundes gjev direktivet ei einsarta gjennomføring for medlemsstatane av hovudinnhaldet i ILO-konvensjon nr. 180.

Rådsdirektiv 1999/63/EF er eit minimumsdirektiv. Det har som føresetnad at gjennomføringa av føresegnene i direktivet i nasjonal lov ikkje fører til at det generelle vernenivået som den einskilde medlemsstaten alt har på området til rammeavtala, vert senka.

Direktiv 1999/63/EF gjev reglar som i utgangspunktet gjeld for alle tilsette på skip som vert drivne kommersielt. Den normale arbeidstida skal vere åtte timar. Medlemsstatane må anten fastsetje eit timetal for lengste arbeidstid eller minste kviletid. Direktivet inneheld nærmare føresegner for korleis denne reguleringa skal finne stad. Det skal førast register over utført arbeid eller gjennomført kviletid, slik at det kan kontrollerast at føresegnene vert etterlevde. Direktivet gjev høve til å gjere unntak frå arbeids- eller kviletidsføresegnene i gjevne tilfelle.

Direktivet gjeld berre for skip som tek del i kommersiell verksemd.

1.3 Tilhøvet til norsk rett

Gjennomføringa av direktivet i Noreg vil krevje endringar i lov av 3. juni 1977 nr. 50 om arbeidstid på skip, og lov av 12. juni 1987 nr. 48 om norsk internasjonalt skipsregister.

Direktivet vil utvide verkeområdet i lov om arbeidstid på skip til å gjelde alle som i medhald av tilsetjingsavtala er tilsette om bord, med mindre dei er fritekne frå verkeområdet til lova. I lov om arbeidstid på skip er det no visse yrkesgrupper som er fritekne frå verkeområdet til lova, m.a. pursarar og helsepersonell. Gjennomføringa av direktivet fører til at desse gruppene òg vil verte underlagde ei tilsvarande regulering som dei andre kategoriane av tilsette.

Lov om norsk internasjonalt skipsregister (NIS) viser til ei rekkje føresegner i lov om arbeidstid på skip. Lov om NIS må tilpassast dei endringane som vert gjorde i lov om arbeidstid på skip.

Gjennomføringa av direktivet må sjåast i samanheng med at Stortinget den 13. november 1998 gav samtykke til at Noreg skal ratifisere ILO-konvensjon nr. 180 og slutte seg til ILO-rekommandasjon nr. 187. Det vert her vist til St.prp. nr. 74 (1997-1998) og Innst. S. nr. 22 (1998-1999). Det vil verte utarbeidd ein odelstingsproposisjon med dei nemnde lovendringane for å gjennomføre direktivet og ILO-konvensjon nr. 180.

EU har vedteke rådsdirektiv 2000/34/EF om arbeidstid for fiskarar, som truleg vil verte innlemma i EØS-avtala. Dette direktivet vil òg krevje endring i lov om arbeidstid på skip. Det vil verte lagt opp til at direktiva 1999/63/EF og 2000/34/EF vert dekte av den same odelstingsproposisjonen og gjennomførde på same tid, ettersom begge direktiva krev at lov om arbeidstid på skip vert endra.

1.4 Administrative og økonomiske konsekvensar

Gjennomføringa av direktivet vil ikkje føre til større administrative eller økonomiske konsekvensar for styresmaktene eller næringa.

1.5 Konklusjonar og tilråding

Direktivet utvidar verkeområdet til lov om arbeidstid på skip til å omfatte fleire stillingskategoriar, og medverkar såleis til å styrkje arbeidarvernet. Ei godkjenning av avgjerda i EØS-komiteen vil sikre ein lik standard innanfor heile EØS-området.

Nærings- og handelsdepartementet tilrår godkjenning av avgjerda i EØS-komiteen om å ta inn direktivet i EØS-avtala. Utanriksdepartementet slutter seg til dette.

2. Komiteens merknader

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, lederen Berit Brørby, Odd Eriksen, Aud Gaundal, Einar Johansen og Kari Manger, fra Kristelig Folkeparti, Anita Apelthun Sæle og Ivar Østberg, fra Fremskrittspartiet, Torbjørn Andersen og Lodve Solholm, fra Senterpartiet, Magnhild Meltveit Kleppa, og fra Sosialistisk Venstreparti, Karin Andersen, viser til sine merknader i Innst. S. nr. 22 (1998-1999). Flertallet har for øvrig ingen merknader.

Komiteens medlemmer fra Høyre, Sverre J. Hoddevik og Erna Solberg, vil vise til at de ved behandling av Innst. S. nr. 22 (1998-1999) gikk imot på det daværende tidspunkt at Norge skulle ratifisere ILO-konvensjon 180, slik også den daværende regjeringen anbefalte. Dette var begrunnet i at disse medlemmer ikke ønsket at Norge skulle implementere regelverket i norsk lovgivning før EU-direktivet var klart og man hadde en oversikt over om EU-landene ville velge å implementere et regelverk basert på hviletidsbestemmelser eller arbeidstidsbestemmelser. Disse medlemmer konstaterer at EU-direktivet ikke medfører et hovedvalg mellom de to metodene, og vil derfor understreke at norske myndigheter bør avvente innarbeidelsen av lovendringene til man har en pekepinn på hvilke valg norsk skipsfarts konkurrentland i EU velger. Etter disse medlemmers mening er det viktig å sikre at lovendringene ikke medfører en ytterligere svekkelse av konkurransekraft for den delen av norsk skipsfart som driver i våre nærområder.

3. Uttalelse fra utenrikskomiteen

Komiteens utkast til innstilling ble 15. mars 2001 oversendt utenrikskomiteen til uttalelse. Utenrikskomiteen uttaler følgende i brev av 21. mars 2001:

"Utenrikskomiteens medlemmer slutter seg til de respektive fraksjoners merknader i kommunalkomiteens utkast til innstilling og har for øvrig ingen andre kommentarer."

4. Komiteens tilråding

Komiteen har ellers ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

Stortinget gjev samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 97/2000 av 27. oktober 2000 om endring av vedlegg XVIII til EØS-avtala (direktiv om arbeidstid på skip).

Oslo, i kommunalkomiteen, den 22. mars 2001

Berit Brørby

leder

Karin Andersen

ordfører

Erna Solberg

sekretær