1. Sammendrag

1.1 Innleiing

Regjeringa meiner at ein aktivt må motarbeide negative haldningar til lesbiske og homofile, og at ein må støtte og oppmuntre opne haldningar.

Regjeringa ønskjer å avmystifisere forhold omkring det å vere lesbisk og homofil, slik at homofile og lesbiske lettare kan utvikle ein trygg og solid sjølvidentitet. Regjeringa har som mål at lesbiske og homofile utan frykt for sanksjonar kan leve ut sin kjærleik til personar av same kjønn. Dette vil vonleg føre til at fleire deltek innanfor ulike sosiale og kulturelle omgjevnader på eigne premissar.

I norsk historie har det skjedd ei omfattande diskriminering av homofile og lesbiske. Utviklinga har gått i ei positiv retning. Ikkje dess mindre er det viktig å erkjenne at det framleis skjer diskriminering av lesbiske og homofile i det norske samfunnet. Denne diskrimineringa er i strid med verdiane våre og kan under ingen omstende aksepterast.

Gjennom arbeidet med meldinga har det blitt klart at det på fleire område manglar forskingsbasert kunnskap om forhold som gjeld situasjonen for lesbiske og homofile. Barne- og familiedepartementet har derfor bede Norges forskningsråd om å arbeide ut ein samla gjennomgang av behovet for å forsterke forskingsinnsatsen. Denne planen blir det no arbeidd med, og han vil bli ferdig i løpet av våren 2001.

Vi har likevel ein del kunnskap - og denne kunnskapen må føre til politisk handling. Først og fremst viser forskinga at det har skjedd ei markant positiv betring i livssituasjonen for lesbiske og homofile.

1.2 Homofili, heterofili og samfunnet

1.2.1 Innleiing

Dei sosiale endringane dei siste 20-30 åra har ført til at viktige skilje mellom den heterofile og den homofile og lesbiske befolkninga har blitt borte. Spesielt har endringane vore sterke når det gjeld livsstil og veremåte for heterofile. Måtar å leve på som tidlegare ofte var typiske for homofile, er blitt langt meir vanleg for store delar av befolkninga: Stadig fleire vel å leve i kortare og lengre tid åleine eller som sambuarar.

Samstundes har homofile og lesbiske fått rett til å inngå registrert partnarskap, som er ein "ekteskapsliknande" institusjon. Det er lite som skil registrerte partnarar frå ektefellar når det gjeld plikter og rettar. Dette representerer viktige endringar i samfunnet.

Samfunnsendringane dei seinare åra har framfor alt ført til nye samlivsordningar som lever side ved side med til dømes den tradisjonelle ekteskapsinstitusjonen.

1.2.2 Samfunnsendringar og kulturelle endringar

Kjønnsroller, samliv og seksualitet i endring

Kjønnsroller og seksualitet har endra seg radikalt dei siste 30 åra. Særleg i urbane miljø og kulturar vil ein oppleve at kjønnsidentitetar er mindre stereotype og tradisjonelle.

Det er mindre fokus på tradisjonelle manns- og kvinneyrke, større likskap når det gjeld utdanningsnivå, meir rettferdig fordeling av omsorgs- og husarbeidsoppgåver og ikkje minst større grad av økonomisk likestilling mellom kjønna.

Haldningane til ugift samliv har endra seg radikalt dei siste 20 åra.

Det er blitt vanleg først og fremst for unge menneske å leve periodevis eller permanent utan fast partnar og å skifte partnar fleire gonger før ein eventuelt etablerer eit fastare forhold. Samstundes er det blitt legitimt og vanleg å vere seksuelt aktiv i denne situasjonen. Dette verkar med til at rommet for seksuell eksperimentering er blitt utvida, og fleire unge har hatt eller har reflektert over utsiktene til seksuelle erfaringar på tvers av kjønnsskilja.

Samfunnsendringar har gjort sitt til at heteroseksuelle og homoseksuelle på mange måtar har blitt likare. Det er god grunn til å tru at desse endringane har hatt mykje å seie for korleis det er å leve som lesbisk og homofil i dag.

Sentralisering, urbanisering og individualisering

I etterkrigstida har veksten i hovudstadsområdet vore sterkare enn i nokon annen region i landet. Vi kan snakke om ein kraftig sentraliseringstendens. Når byane voks i omfang, skulle sentraliseringa etter kvart gjere sitt til å framskunde visse byprega veremåtar og livsstilar.

Undersøkingar kan tyde på at svært mange homofile og lesbiske vel å busetje seg i dei større byane. Her er utsiktene til å orientere seg innanfor eit lesbisk eller homofilt miljø større, samstundes som den sosiale kontrollen er mindre påtrengjande.

Urbanisering og individualisering høyrer uløyseleg saman. Der det tidlegare fanst sterke føringar frå slekt, klasse og nabolag, vel folk i dag ut frå eit mykje breiare spekter av livsstilar med dei grupperingane og subkulturane som høyrer til.

Fridommen til å velje reiser spørsmålet om identitet: Identitetsproblematikken er på den eine sida ei positiv utfordring til unge menneske i dag. Men fridommen gjer også menneske usikre. Mange finn det derfor tryggast å vere som alle andre. Spesielt vanskeleg vil denne søkingsfasen vere for lesbisk og homofil ungdom, som på eit vesentleg punkt ikkje er som alle andre.

1.2.3 Forskingsbasert kunnskap om homofile og lesbiske

Årsaksdiskusjonen

Dei spørsmåla som lengst og mest intenst har oppteke forskinga om lesbiske og homofile, er knytte til årsaksforholdet. Trass i at forskinga omkring desse spørsmåla har gått føre seg gjennom heile førre hundreåret, står ulike forskingsmiljø framleis mot kvarandre.

Denne diskusjonen kan djupast sett vere uttrykk for at ein ser på homoseksualitet som noko uønskt, og noko som ikkje kan endrast. Menneske er homofile og heterofile. Menneske lever homoseksuelt og heteroseksuelt. Utgangspunktet for Regjeringa er respekt for homofile og ein aksept av det homoseksuelle livet.

NOVA-undersøkinga

På oppdrag av Barne- og familiedepartementet gjennomførte forskingsinstitusjonen NOVA i 1998 ei større utvals- og intervjuundersøking med fokus på levekår og livskvalitet hos norske lesbiske og homofile.

NOVA-undersøkinga er den breiast samansette, både når det gjeld tema og utval, som ligg føre i nordisk samanheng. Det blei stilt tre overordna spørsmål som undersøkinga skulle gje svar på: Har livssituasjonen for lesbiske kvinner og homofile menn betra seg i løpet av dei to siste tiåra? Har lesbiske kvinner og homofile menn dårlegare levekår og lågare livskvalitet enn den generelle befolkninga? Er det særskilde grupper innanfor den lesbiske og homofile befolkninga som har det spesielt vanskeleg?

NOVA-undersøkinga konkluderer med at livssituasjonen til homofile og lesbiske på fleire område har betra seg mykje dei siste tjue åra. Lesbiske og homofile er mykje meir opne om si seksuelle orientering samanlikna med 1978, og ein større del ser ut til å omgåast lesbiske/homofile og heterofile venner samstundes. Fleire er i eit fast forhold til personar av same kjønn. Forskarane meiner at lesbiske og homofile er betre integrerte i samfunnet i det heile. Det er større delar innanfor den lesbiske og homofile befolkninga som har høg inntekt og høgare utdanning. Det er også ein større del blant lesbiske og homofile som har vore med i ulike kultur- og fritidsaktivitetar. Gruppa skil seg positivt ut i forhold til sosialt nettverk samanlikna med den generelle befolkninga.

Det er mellom dei unge lesbiske og homofile at problema er størst. Dei under 25 år kjem dårlegare ut enn alle andre aldersgrupper på dei fleste levekårs- og livskvalitetsmåla. Klarast kjem dette til uttrykk i spørsmåla om psykisk helse.

Når det gjeld å vere utsette for vald og frykt for vald, er dette eit anna område der lesbiske og homofile kjem negativt ut.

Haldningsundersøkingar

Det har blitt gjort fleire representative utvalsundersøkingar med spørsmål om kva haldningar befolkninga har hatt til homofile og homofili i Noreg i etterkrigstida. Desse undersøkingane teiknar eit grovt bilete av ei positiv haldningsendring gjennom denne tidsperioden. I 1947 såg ein stor del av befolkninga på homofili som eit svært alvorleg brotsverk. I 1998 stiller majoriteten av det norske folket seg positiv til lesbiske og homofile.

1.2.4 Nokre trekk ved historia til lesbiske og homofile

"Den moderne homoseksuelle"

I Noreg og Sverige finst det lite historisk forsking omkring situasjonen for homofile og lesbiske, men i Danmark er det gjennomført tre større studiar som tek for seg homoseksualitet i ein historisk og kulturvitskapleg samanheng. Dei danske studiane omhandlar ikkje berre den vitskaplege og offentlege debatten om homoseksualitet. Også utviklinga av ulike måtar å vere homofil på (subkulturelle praksisar) er eit stort tema. Dei teiknar eit bilete av "den moderne homoseksuelle" som ei utprega moderne og framtidsretta eksistensform. Både lesbiske kvinner og homofile menn levde i det danske samfunnslivet tidleg i vårt hundreår på ein slik måte at dei stod fram som sjølve personifiseringa av den urbane, frigjorde og moderne kvinne og mann.

Den organiserte verksemda

I Noreg har homofile og lesbiske i fleire tiår organisert seg i kampen for frigjering og særskilde rettar. Det blir hevda at DNF-48 (seinare LLH) har vore heilt sentralt for å levandegjere og formidle den homofile og lesbiske kulturen og tradisjonen i Noreg.

Relasjonane til andre frigjerings- og protestrørsler har i mange land vore strategisk viktige. Særleg har forholdet mellom lesbiske og homofile frigjeringsrørsler og den nye kvinnerørsla (der mange lesbiske kvinner også har vore sentrale aktørar) vore nært.

Det Norske Forbundet av 1948 blei skipa i Oslo hausten 1950, som ei underavdeling av det danske "Forbundet af 1948". I denne perioden var homoseksualitet forbode ved lov, noko som hadde sterk innverknad på verksemda til forbundet.

Arbeidet til DNF-48 førte til at § 213 i straffelova blei teken bort i april 1972, at Norsk Psykiatrisk Forening fjerna homoseksualitet som sjukdomsdiagnose i 1978, at fulle rettar for homofile og lesbiske blei innførte i skolen og i forsvaret, og at særskilt straffevern for lesbiske og homofile blei innført i 1981 (straffelova §§ 135a og 349a).

I 1976 førte ei kløyving til at Arbeidsgrupper for homofil og lesbisk frigjøring blei skipa. Saman med andre homofile frigjeringsrørsler organiserte dei Fellesrådet for homofile organisasjoner (FHO). I 1993 blei likevel Landsforeningen for lesbisk og homofil frigjøring (LLH) skipa gjennom ei samanslåing av DNF-48 og FHO. Året etter vedtok Stortinget partnerskapslova, som i høg grad også var eit resultat av verksemda til LLH.

1.2.5 Tiltak

Det finst framleis ein stor kunnskapsmangel om dagens situasjon for homofile og lesbiske i Noreg. Viktige tiltak vil derfor vere å få kartlagt denne situasjonen betre.

I den vidare forskinga om homofili bør ein satse på tema som:

  • – Dagens situasjon for homofile og lesbiske

  • – Historia om lesbiske og homofile i Noreg, under dette historia om psykiatrien, kyrkja og domstolane

  • – Fokus på ressursar og mangfald hos lesbiske og homofile

Regjeringa vil i tillegg kome med framlegg om ny forsking på desse områda:

  • – Det blir sett i gang forsking for å kartleggje haldningar til homofili i minoritetsgrupper, og korleis unge homofile og lesbiske blir møtt av foreldre og familie innanfor dei same minoritetsgruppene.

  • – Det vil bli sett i gang forsking om lesbisk og homofil ungdom i skolen og utdanningsinstitusjonane.

  • – Forskings- og utviklingsarbeid i forhold til homofil og lesbisk ungdom innanfor idretten bør styrkjast.

  • – Innanfor rammene av oppfølgingsprosjektet til Handlingsplanen mot sjølvmord blir det sett inn spesielle tiltak overfor gruppa lesbiske og homofile mellom anna gjennom å utforme konkrete forskingsprosjekt i samarbeid med aktuelle miljø.

  • – Innanfor ramma av dei midlane som blir stilt til rådvelde i Velferdsprogrammet, blir det teke initiativ til å setje i gang forsking som ser nærmare på rusrelaterte problem hos lesbiske og homofile, og som på denne bakgrunnen etter kvart kan kome med tilrådingar både når det gjeld førebygging og behandling.

  • – Forsking om homofile og lesbiske i arbeidslivet vil bli styrkt.

1.3 Allmenn rettsstilling og rettsleg vern for homofile

1.3.1 Innleiing

I dei seinare tiåra er det teke store sprang på lovsida for lesbiske og homofile. Medan seksuell omgang mellom to menn var straffbart fram til 1972, er no homofil orientering og livsform strafferettsleg verna mot krenkingar frå andre. I 1993 kom partnerskapslova som lovfesta at homofile har høve til å inngå registrert partnarskap.

1.3.2 Tidlegare strafferettsleg regulering av seksuell omgang mellom to av same kjønn

Seksuell omgang mellom to menn har inntil nyare tid vore straffbart i Noreg. Straffelova § 213 første ledd sette heilt fram til 1972 straff for seksuell omgang mellom menn. Lova blei i liten grad brukt i praksis. Seksuell omgang mellom kvinner har aldri vore straffbart etter straffelova av 1902.

Homofil orientering og livsform er no strafferettsleg verna mot krenkingar frå andre. Dette er fastslått i straffelova §§ 135a og 349a, i 1981.

1.3.3 Særleg om straffelova § 135a første ledd andre punktum

Føresegna i straffelova § 135a om krenkingar overfor homofile har resultert i få tiltalar og domfellingar. Spørsmålet om kor langt føresegna gjeld, har berre vore oppe i ei sak for Høgsterett, nemleg rettsavgjerda i Norsk Retstidende 1984 s. 1359 (Bratterudsaka). Saka gjaldt ein pastor i ei frikyrkje som under eit innringingsprogram på nærradio kom med sterk fordømming av homofile. Høgsterett kom til at pastoren hadde uttrykt seg i strid med straffelova § 135a. Det blei lagt til grunn at føresegna av omsyn til ytringsfridommen måtte tolkast restriktivt, og at krenkingane måtte vere av kvalifisert art for at straff skulle kunne kome på tale. Vidare blei særleg omsynet til religiøs forkynningsfridom understreka. At dommen slår fast at også utsegner i religiøs samanheng kan råkast av straffelova § 135 første ledd andre punktum, er viktig sidan mykje av den kritikken og motstanden som blir retta mot homofile, i praksis blir hevda å vere basert på eit religiøst grunnlag.

Reglane i Grunnlova om ytringsfridom (§ 100) har nyleg vore vurderte av Ytringsfridomskommisjonen som har levert ei utgreiing med framlegg til ny føresegn i Grunnlova (NOU 1999:27). Ein konsekvens av synet til Ytringsfridomskommisjonen er at føresegna om straff for krenkjande utsegner overfor homofile må opphevast.

1.3.4 Særleg om straffelova § 349a

Straffelova § 349a gjeld berre i næringsforhold. Ved vare- eller tenesteyting i private forhold, til dømes der ein huseigar leiger ut eit rom i eigen bustad som hybel, gjeld ikkje føresegna. Føresegna gjeld også berre nekting av å yte tenester eller varer på same vilkår. Det er ikkje kjent i kor stor grad det er eit praktisk problem at homofile personar blir nekta varer og tenester på same vilkår som andre.

1.3.5 Andre strafferettslege føresegner som vernar homofile

Også føresegnene i straffelova om ærekrenkingar, jf. straffelova §§ 246 flg., vil kunne bli brukte ved krenkjande utsegner mot homofile. Reglane om ærekrenking kan likevel berre brukast i dei tilfella der ei utsegn blir retta mot enkeltpersonar eller ein avgrensa krins av personar. Straffelova § 135a kan derimot brukast uavhengig av om ytringar handlar om konkrete personar eller homofile reint allment. På den andre sida må ein rekne med at når reglane om ærekrenking kan brukast, skal det mindre til for at utsegna er straffbar etter reglane om ærekrenking enn etter straffelova § 135a fordi den sistnemnde regelen berre råkar særleg kvalifiserte krenkingar.

Eit spørsmål av spesiell interesse er i kva grad det er straffbart å offentleggjere den homofile orienteringa eller livsforma hos ein person utan samtykke frå den det gjeld (såkalla outing ). Seksuell orientering blir sett på som eit personleg forhold. Utgangspunktet må derfor vere at slik offentleggjering kan vere straffbart etter straffelova § 390 som set straff for den som krenker privatlivets fred ved å gi offentleg meddelelse om personlige eller huslige forhold.

1.3.6 Internasjonalt menneskerettsleg vern av homofil orientering og livsform

Noreg er bunde av fleire internasjonale konvensjonar om menneskerettar, særleg sentrale er Den europeiske menneskerettighetskonvensjon (EMK) og Den internasjonale konvensjonen om sivile og politiske rettigheter (SP). Desse konvensjonane gjeld som norsk rett og skal ved motstrid gå framfor reglane i anna lovgjeving, jf. lov 21. mai 1999 nr. 30 om styrking av den stillinga menneskerettane har i norsk rett (menneskerettslova).

Ingen av menneskerettskonvensjonane inneheld særskilde reglar til vern av homofile. Slik konvensjonane har blitt tolka av dei relevante konvensjonsorgana, er det ut frå meir generelle reglar sett opp visse krav når det gjeld kor langt nasjonalstatane kan forskjellsbehandle personar på grunnlag av homofil orientering eller livsform.

Den europeiske menneskerettsdomstolen har i fleire avgjerder slått fast at nasjonal lovgjeving som totalt forbyr homoseksuell omgang, er i strid med EMK artikkel 8 (retten til privatliv).

Derimot har det i konvensjonspraksis i vid utstrekning blitt akseptert at lovgjevinga på ulike måtar forskjellsbehandlar homofile og heterofile. Det har såleis hittil vore godteke at nasjonal lovgjeving har høgare seksuell lågalder for homoseksuell omgang enn det som gjeld for heteroseksuell aktivitet. Det har heller ikkje blitt sett på som konvensjonsstridig at nasjonal lovgjeving ikkje gjev homofile par same rettar som gifte eller ugifte heterofile sambuande har, til dømes når det gjeld opphaldsløyve eller rett til å bu i offentlege husvære. Det er vidare godteke at nasjonal lovgjeving tillet prostitusjon overfor det motsette kjønn, men forbyr prostitusjon retta mot same kjønn.

1.3.7 Politiske mål for Regjeringa i internasjonale samanhengar

I internasjonale fora der diskriminering står på dagsorden, fremjar Regjeringa prinsippet om at diskriminering på grunn av seksuell orientering ikkje er akseptabelt. Regjeringa si haldning er grunnfesta i det ufråvikelege prinsippet om at menneskerettane gjeld for alle individ. Regjeringa vil følgje opp temaet gjennom dialog med andre land om utviklingssamarbeid.

1.3.8 Homofil orientering som grunnlag for vern etter utlendingslova

Det hender at homofile utlendingar søkjer asyl i Noreg med den grunngjevinga at dei som homofile er eller risikerer å bli forfølgde i heimlandet.

I all hovudsak er det personar frå muslimske land som hevdar dei står i fare for å bli forfølgde på grunn av si seksuelle orientering. Det blir då som regel vist til at heimlandet fastset straff for seksuell omgang mellom to av same kjønn, og eventuelt den umiddelbare straffa ein kan risikere.

Norske styresmakter meiner at homofile har ein sjølvsagd rett til å leve ut si orientering. Justisdepartementet presiserte i retningslinjer av 13. januar 1998 at det skal gjevast asyl til personar som risikerer forfølging i flyktningkonvensjonen sin forstand på grunn av si seksuelle orientering.

1.3.9 Regulering av homofilt samliv

Partnerskapslova

Lov om registrert partnerskap kom i Noreg i 1993. Partnerskapslova regulerer vilkåra for å registrere partnarskap og rettsverknadene av slik registrering. Vilkåra for å registrere partnarskap er strengare enn for å inngå ekteskap.

Regjeringa har i januar 2001 lagt fram eit høyringsnotat med framlegg om endringar i adopsjonslova og partnarskapslova. Der blir det opna for at den eine partnaren i eit registrert partnarskap kan adoptere barnet til den andre (stebarnsadopsjon).

Det er ikkje høve til kyrkjeleg vigsel for homofile og lesbiske par. Regjeringa meiner at spørsmålet om kyrkjeleg velsigning først og fremst er eit spørsmål kyrkja må ta stilling til. Regjeringa vil av den grunn ikkje gjere framlegg om å gje høve til kyrkjeleg vigsel for homofile og lesbiske par før kyrkja eventuelt sjølv tek eit initiativ til dette.

1.3.10 Om NOU 1999:25 Samboerne og samfunnet

I september 1996 blei det såkalla "Samboerutvalget" nedsett. Det skulle greie ut rettsstillinga til sambuarar. Innstillinga blei lagd fram i mai 1999 og var på ei brei offentleg høyring hausten 1999.

Utgreiinga seier ikkje noko om homofile sambuarar.

Framlegg på det privatrettslege området

Utvalet gjer ikkje framlegg om at sambuarskap generelt bør likestillast med ekteskap, men føreslår likevel nokre endringar av omsyn til den svake parten. Utvalet har spesielt lagt vekt på omsynet til barna. Vidare er det m.a. lagt vekt på å gjere det lettare for attlevande å behalde husværet og andre "nære ting".

Framlegg på det offentlegrettslege området

Utvalet går lenger i å likestille sambuarane med gifte på det offentlegrettslege området som trygd, sosialhjelp og skatt enn på det privatrettslege.

Det finst døme på at styresmaktene har likestilt heterofile og homofile sambuarar i forhold til barn.

Framlegg som gjeld "andre område"

Utvalet tek for seg både forsikring og pensjonsordningar utanom folketrygda, kven som skal få rettar som pårørande/nærståande og rett til å anke etter at den sikta er død.

1.3.11 Tiltak

Regjeringa vil fremje desse tiltaka:

  • – Homofile sambuarar vil bli inkluderte i det vidare arbeidet med utgreiinga Samboerne og samfunnet.

  • – Det vil bli vurdert å endre straffelova § 232, slik at valdsbrotsverk som er motiverte ut frå den seksuelle orienteringa hos ein person, kan vere eit straffeskjerpande moment slik det eintydig står at rasistisk motiverte valdsbrotsverk kan vere. Det vil også blir vurdert ei tilsvarande endring i straffelova § 292.

1.4 Oppvekst og identitetsutvikling

1.4.1 Innleiing

Ungdom som gradvis oppdagar at dei har kjensler for personar av eige kjønn, og som vel ei lesbisk eller homofil livsform, burde ideelt sett kunne realisere dette utan å kjenne seg marginale. Det faktum at homofile og lesbiske kan inngå partnarskap, og at dei har eit juridisk vern mot krenkingar frå andre på grunn av homofil orientering og livsform, gjer sitt til at unge menneske opplever ei legitimering av denne livsforma. Det same gjer open innstilling i media og skole og det at mange kjende personar vel å vere opne om si homoseksuelle orientering.

Forskinga om opplevingane til dei unge peiker i ulike retningar. Mykje tyder på at det er prosessen fram mot å avklare eigen seksuell identitet og deretter ta konsekvensane av ei slik avklaring ved å "kome ut", som er vanskeleg for unge lesbiske og homofile. Det å velje ei annleis form for seksualitet enn den fleirtalet vel, kan vere spesielt trugande i ungdomstida, då mange er us­ikre omkring eigen identitet.

1.4.2 Utvikling av seksuell identitet hos unge menneske

Kor vidt den seksuelle identiteten er biologisk eller sosialt fastlagd, er det inga eintydig oppfatning om.

Samfunnet er i dag mykje meir fleksibelt og mangfaldig enn tidlegare. Ungdom i det moderne samfunnet står i prinsippet nokså fritt til å velje alternative samværs- og åtferdsformer, også på det seksuelle området. Raske samfunnsendringar, endringar i familie- og samlivsmønster og individualisering tilseier at dagens ungdom ikkje treng å kjenne seg så bundne av normer og verdiar som foreldra deira var. Men det å etablere ein kjønnsidentitet er ofte problematisk for ungdom generelt. Både psykologiske og fysiologiske endringar hos den enkelte skaper tilpassingsproblem i puberteten. Ungdom som oppdagar at dei er forelska i personar av same kjønn, har eit tilleggsproblem som for nokre blir svært vanskeleg å takle. For å redusere dette problemet må skole og samfunnsliv alminneleggjere det faktum at somme menneske blir tiltrekte av sitt eige kjønn. Det er grunn til å synleggjere at homofil kjærleik og samlivsform er ei av fleire moglege samlivsformer, og formidle ein bodskap til unge menneske om at dette er akseptert.

1.4.3 Utvikling av homofil identitet

Ungdomsperioden er ein fase som har mykje å seie for identitetsutviklinga. Å få til ein kvalitativt god kontakt med andre homofile og lesbiske blir sett som svært viktig når dei skal utvikle eigen identitet.

Eit identitetsfellesskap kan også oppstå som følgje av negative erfaringar. Opplevinga av å bli diskriminert og mangelen på positive tilbakemeldingar fører til identifisering med menneske som har opplevd det same. Dersom diskrimineringa tek slutt, vil homofile og lesbiske kanskje i større grad vektleggje heilt andre identitetsfellesskap: at dei er ungdom, studentar, akademikarar og så vidare.

Seksuelle opplevingar i barndommen

For barn og ungdom er det ikkje uvanleg å ha seksuelle opplevingar med eige kjønn, utan at vedkomande dermed kjem til å utvikle ein homofil identitet seinare i livet. Etter representative tal frå Statens Institutt for folkehelse har mellom tre og fire prosent av alle nordmenn hatt samleie med ein eller fleire personar av same kjønn.

Det er vanleg å skilje mellom homoseksuelle handlingar, som kan vere situasjonsbestemte og knytte til livsfase på den eine sida, og det å vere homofil på den andre sida. Det som karakteriserer ein homofil, er at vedkomande både forelskar seg i og blir seksuelt tiltrekt av personar av eige kjønn. I somme studiar fortel lesbiske og homofile at dei har visst om kjenslene sine heilt sidan dei var barn - ned til 6-7 årsalderen. Den homofile identiteten meiner ein dermed ikkje blir til i puberteten, men lenge før.

Også i NOVA-undersøkinga fortel dei som er intervjua, om forelskingar og tiltrekking til eige kjønn ned til 10-12 årsalderen.

Mellom dei som er intervjua i NOVA-undersøkinga, fortel 15 av 21 homofile og lesbiske om ei ikkje-konform kjønnsrolleåtferd i barndommen.

Biseksualitet

Somme menneske definerer seg verken som homofile/lesbiske eller heterofile; dei opplever derimot at dei blir tiltrekte av begge kjønn. Biseksualitet er vanskeleg å definere og avgrense.

Ei mogleg tilnærming til biseksualitet er å sjå han som ein fase i det å kome ut som homoseksuell. Det å stå fram som biseksuell i ein periode av livet kan opplevast mindre trugande enn å erklære seg som homoseksuell. Det blir då venta at personen etter ei viss tid vil ta steget fullt ut. Ei anna tilnærming går ut på å sjå biseksualitet som ein eigen kategori.

Kome-ut-prosessen

Det å gradvis definere seg som homofil eller lesbisk blir i litteraturen kalla for kome-ut-prosessen. I ein amerikansk studie er utviklingsgangen av lesbisk/homofil identitet i ungdomsåra omtalt i fire stadium. Utviklinga startar med ein nøytral kjennskap til homoseksualitet som forskjellig frå heteroseksualitet, ei viss erkjenning av at ein sjølv er annleis og ein gryande mistanke om at ein sjølv er lesbisk/homofil. Deretter startar ein periode med ei viss testing og utprøving - ein begynnar å ta kontakt med andre lesbiske og homofile ungdommar eller miljø, og med dette følgjer bortforklaringar og stor uro. Etter kvart skjer ei akseptering av eigen identitet som homofil/lesbisk, og til slutt ei integrering av denne identiteten i andre delar av identiteten hos personen - den unge ser det som heilt ok å vere lesbisk eller homofil.

Aldersspennet som utviklingsgangen går over, er ofte frå 11-12 årsalderen til tidleg i 20-åra. Dei individuelle variasjonane er likevel store.

Den amerikanske studien konkluderer med ein påstand om at den homofile identiteten er ein kontinuerleg prosess for å "bli til". Dette gjeld gjennom heile livet.

I spørjeundersøkinga referert i NOVA-undersøkinga blei respondentane spurde om tidspunkt for når dei snakka med nokon om si seksuelle orientering. Svara viser at "kome-ut-alderen" har gått kraftig ned dei seinare åra. Blant dei unge vaksne (25-34 år) var alderen 20,5 år både for menn og kvinner, medan dei eldre (60 år og over) var nærmare 30 år før dei snakka med nokon om si seksuelle orientering.

Kva rollemodellar har å seie

For ungdom generelt er utviklinga av eigen identitet viktig. I jakta på eigen identitet blir det viktig å finne rollemodellar - nokon å etterlikne, nokon å identifisere seg med.

Møtet med andre lesbiske og homofile blir i NOVA-undersøkinga skildra som svært positive minne. Det kjem klart fram kor viktig det er å ha tilgang til positive rollemodellar i avklaringsfasen. Det blir også poengtert at møtet med eit miljø gav den enkelte eit mykje meir nyansert syn på kva det vil seie å vere lesbisk/homofil. Det gav forståing for at lesbiske kvinner og homofile menn er like forskjellige seg imellom som dei heterofile er, og at stereotype oppfatningar ofte er feil.

Tilbakemelding frå skole og samfunn

Undersøkingar syner kor viktig det er at skolen og samfunnet sørgjer for lett tilgjengeleg informasjon om homofili i den viktige fasen då ungdom tek til å få eit bevisst forhold til sin eigen seksualitet. Dette bør skje innanfor seksualundervisninga i skolen, men like viktig er det at homofili blir omtalt som ein naturleg variant av kjærleik og familieliv innanfor heile spekteret av samfunnsorienterte fag. Målsetjinga for undervisninga må ikkje berre vere å redusere fordommar blant heterofile elevar, ein må gje homofile og lesbiske elevar ei positiv tilbakemelding.

Også samfunnslivet generelt bør i større grad synleggjere homofili som ei akseptert samlivsform, via media og kulturliv.

1.4.4 Forholdet til foreldre og familie

Undersøkingar stadfestar at ungdom ofte kvier seg for og ventar lenge med å fortelje foreldra at dei er lesbiske eller homofile. Dei same undersøkingane viser likevel at dei fleste foreldre aksepterer dette når dei får litt tid på seg.

NOVA-undersøkinga viser at homofile og lesbiske ofte vel andre enn dei nærmaste familiemedlemmene når dei for første gong skal fortelje nokon om si seksuelle orientering. Dei fleste ventar at foreldra vil ha problem med å akseptere at ein son eller ei dotter er homofil/lesbisk, og dei ser det derfor som svært vanskeleg å fortelje foreldra om orienteringa si. Homofile menn lever i større grad skjult overfor foreldra enn lesbiske kvinner. Både menn og kvinner er i større grad opne overfor mødrene sine enn overfor fedrane.

Det går fram av undersøkinga at forholdet til foreldra blei betre for dei fleste etter at dei fortalde den nærmaste familien at dei var lesbiske/homofile.

1.4.5 Haldningar til homofili i minoritetsgrupper

Det er grunn til å vere spesielt merksame på ungdom som er lesbiske eller homofile, og som høyrer til ei minoritetsgruppe. Dette kan dreie seg om ungdom frå innvandrarmiljø, men også ungdom frå nasjonale minoritetar.

I den islamske kulturen er rolla til familien og ekteskapet sterkt dominerande. Hovudkjelda til islam, Koranen og skriftene der, er eksplisitt i si fordømming av homofili. Homoseksualitet er i dag forboden ved lov i 26 muslimske land. I Pakistan kan ein få frå 2 til 20 års fengsel. Homofile og lesbiske i muslimske land må derfor vise stor diskresjon og leve ut si seksuelle orientering i det løynde.

Vi veit svært lite om korleis det er å tilhøyre ei minoritetsgruppe og samstundes vere lesbisk eller homofil i Noreg. Det er behov for forsking på dette området.

1.4.6 Haldningar til homofili blant ungdom

I samband med NOVA-undersøkinga blei det i mars 1998 gjennomført ei opinionsundersøking for å måle haldningane i den norske befolkninga til livssituasjonen for lesbiske og homofile. Det er ein tendens i dette materialet til at yngre menneske har meir liberale haldningar til homofile og rettane deira enn eldre. Men ulike undersøkingar av dei haldningane ungdom har til homofili, viser noko sprikjande resultat.

1.4.7 Å vere synleg, trakassering og vald

NOVA-undersøkinga gjev data om korleis homofile og lesbiske opplever det å vere synleg i det offentlege rommet: på gater, på offentlege transportmiddel og restaurantar. Den enkelte si oppleving av om det er "tillate" å vise sin kjærleik til ein person av same kjønn eller ikkje, seier også ein del om haldningar og forventningar.

Å vere synleg som lesbisk/homofil kan føre med seg auka risiko for å bli utsett for ulike former for trakassering eller vald. Trakassering kan skje både direkte, til dømes gjennom nedsetjande kommentarar, og indirekte, til dømes negative eller krenkjande utsegner om lesbiske og homofile i media eller på annen offentleg stad. Fleire av dei som blei intervjua, gav døme på at dei var blitt munnleg trakasserte av personar i tenesteytande yrke.

Lesbiske kvinner er noko meir utsette for vald enn kvinner i den generelle befolkninga, medan dette ikkje er tilfelle for menn. Både når det gjeld vald og trugsmål om vald, er unge lesbiske og homofile under 25 år langt meir utsette enn den generelle befolkninga. I aldersgruppa under 25 år er den prosentvise delen av lesbiske kvinner som har blitt utsette for trugsmål siste året, over fem gonger så høg som i den generelle befolkninga.

1.4.8 Tiltak

Det må vere eit klart mål at ungdom som har ei homofil eller lesbisk livsform, skal kunne ha dette utan å bli utsette for fordømmande haldningar. Diskriminering, vald, trugsmål og trakassering er uakseptabelt, anten dette skjer i private eller offentlege samanhengar. Det er også eit klart mål at unge homofile og lesbiske bør få positive tilbakemeldingar på det å vere homofil eller lesbisk til dømes i skolen. Kva kan samfunnet elles gjere for å fremje aksepterande haldningar overfor homofile og lesbiske og hindre at dei opplever diskriminering?

Regjeringa vil fremje desse tiltaka:

  • – Det vil bli laga informasjonsmateriell om ungdom og seksualitet, der homofili er med, retta mot foreldre innanfor Foreldrerettleiingsprogrammet som Barne- og familiedepartementet er ansvarleg for. Målet er å styrkje evna hos foreldre til å støtte barn i identitetsutviklinga. Tilsvarande informasjon skal distribuerast til foreldre som ikkje kjem i kontakt med Foreldrerettleiingsprogrammet.

  • – Tilsvarande informasjonsmateriell blir utarbeidd overfor personar som arbeider med ungdom: fritidsleiarar, idrettsleiarar, leiarar i barne- og ungdomsorganisasjonar.

  • – Det blir sett i gang forsking for å kartleggje haldningar til homofili i minoritetsgrupper, og korleis unge homofile og lesbiske blir møtt av foreldre og familie innanfor dei same minoritetsgruppene.

  • – Det blir gjeve støtte til bøker, film, video- og TV-program der målet er å skape større aksept for homofili blant ungdom generelt, og å skape attkjenning og sjølvaksept hos ungdom som er lesbiske eller homofile.

1.5 Skole og utdanning

1.5.1 Innleiing

Det finst få møteplassar der styresmaktene kan nå heile eller store delar av folket. Skolen er likevel ein slik møteplass. Skoleverket er pålagt å dekkje temaet homofili innanfor rammene av læreplanverket generelt og enkelte fagplanar spesielt.

I NOVA-undersøkinga blei dei spurde bedne om å rangere saker som dei meinte var viktige for den homofile og lesbiske befolkninga. Den saka som blei prioritert høgast, var å styrkje informasjonen om homofili i undervisninga i skolen.

1.5.2 Lesbisk og homofil ungdom i skolen

Statistisk sett vil 1-2 elevar i kvar skoleklasse etter kvart finne ut at dei er lesbiske eller homofile. Vi veit samstundes at gjennomsnittsalderen for å stå fram som homofil er ca. 18 år og som lesbisk ca. 24 år. Mange av desse ungdommane vil dermed halde den emosjonelle og seksuelle orienteringa si skjult gjennom heile eller store delar av skolegangen.

Det er viktig å arbeide for at all ungdom skal få sjansen til å gjennomleve denne viktige livsfasen fri for skam og sjølvbedrag på grunn av si seksuelle og emosjonelle orientering.

Av undersøkingar veit vi at det er den yngste aldersgruppa som finn det vanskelegast å akseptere seg sjølv som homofil. For det første står ungdom heilt generelt midt i ein vanskeleg avklaringsfase i livet. For det andre finst det indikasjonar på at delar av ungdomsbefolkninga er svært negative til homofili.

Homoseksualitet må ikkje teiast bort og "merkeleggjerast". Om ein i skolesamanheng kan snakke ope og fordomsfritt om spørsmål som gjeld seksualitet og identitet, vil det å vere tiltrekt av sitt eige kjønn kanskje ikkje opplevast som meir frustrerande enn å vere tiltrekt av det motsette kjønn.

Ei større ungdomsundersøking gjord i 1998 viste til dømes at berre ca. 40 pst. av ungdommane som deltok, hadde høyrt eller lært om homofili på skolen. Det blir derfor viktig å følgje opp L97, slik at intensjonane i denne læreplanen blir realiserte.

1.5.3 Homofili i læreplanar, lærarrettleiingar og læremateriell for grunnskolen og vidaregåande opplæring

Tema om homofili er både for grunnskolen sitt vedkomande og for vidaregåande opplæring nedfelt i Læreplanverket (L97). Læreplanen er den styringsreiskapen Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet har når det gjeld innhaldet i undervisninga i skolen, og han er no innført i heile grunnskolen og er bindande for skolane. L97 tek opp tema som forelsking og kjærleik, omsorg, seksualitet og seksuell kjønnsidentitet.

Opplæringa i grunnskolen skal vere i samsvar med læreplanverket L97. Lærebøkene skal fungere som støtte og hjelp til å få oppfylt krava i opplæringa. Det blei gjeve ut nye lærebøker for alle fag og trinn i den 10-årige skolen ved innføring av L97. Nokre av dei nye lærebøkene dekkjer spørsmål om seksuell orientering, heterofili og homofili.

I samarbeid med andre departement arbeider Sosial- og helsedepartementet med å utvikle ei særskild ressursbok om seksualitet og samliv.

1.5.4 Høgare utdanning

Institusjonane kan ikkje gjevast pålegg om læreinnhaldet i undervisninga, innhaldet i forskinga eller i det faglege utviklingsarbeidet. Det er heller ikkje vanleg at institusjonane blir pålagde å tilby særskilde utdanningsprogram. Departementet kan på den andre sida fastslå nasjonale rammeplanar for enkelte utdanningar og for enkeltfag som inngår i desse utdanningane. Rammeplanane avgjer på eit overordna nivå kva for hovud- og delemne utdanninga skal innehalde.

Universitetsutdanning

I skoleåret 1996/97 gjekk Landsforeningen for lesbisk og homofil frigjøring (LLH) med støtte frå Samarbeidsorganet for helsefremjande oppgåver (SOHO) gjennom pensum og undervisning for alle helserelaterte utdanningar på høgskole- og universitetsnivå. Undersøkinga viste at berre eit lite mindretal av høgskolane har undervisning om homofili.

Spørsmål om seksuell identitet i lærarutdanning

Omsorgsoppgåvene til lærarane gjer at dei treng grunnleggjande kunnskapar om kva for behov barn og unge har. I etiske spørsmål er lærarane forplikta på internasjonale konvensjonar som Noreg har slutta seg til, slike som menneskeretts- og barnekonvensjonen.

Kompetanseutvikling for lærarar

Kyrkje,- utdannings- og forskingsdepartementet har nyleg utarbeidd eit etterutdanningsopplegg for kompetanseutvikling i natur- og miljøfag frå år 2000 der mellom anna emnet Kropp og helse, med undertittel Mennesket fra foster til voksen, er teke opp. Målgruppene er universitet, høgskolar, Statens utdanningskontor, kommunar og skolar. Dette skal tene som eit felles grunnlag for utarbeiding av strategiar og verkemiddel for kompetanseutvikling i faget.

1.5.5 Tiltak

Grunnskole og vidaregåande opplæring

Regjeringa vil fremje desse tiltaka:

  • – Det er ein føresetnad at intensjonane i læreplanen om undervisning om homofili blir implementerte i dei konkrete undervisningsopplegga i skolane. Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet vil følgje opp og sjå til at dette blir gjort.

  • – Utdanningsstyresmaktene vil arbeide for å styrkje lærarane sin kompetanse når det gjeld å gje barn og unge tryggleik i eigen kjønnsleg identitet, også medrekna homofil identitet. I samråd med Læringssenteret og Sosial- og helsedepartementet blir det laga ei ressursbok til lærarar i grunnskolen og i vidaregåande opplæring. Boka blir send skolane våren 2001.

  • – I opplæringslova § 9-2 heiter det at elevane skal ha tilgang til skolebibliotek. Biblioteka skal utstyrast i pakt med læreplanane som elevane arbeider etter. Det er derfor ein føresetnad at skolebiblioteka kjøper inn litteratur der homofili på ulikt vis blir teke opp.

Høgare utdanning

  • – For å auke kompetansen hos fagpersonalet i lærarutdanninga på området levekår for lesbiske og homofile, er Norgesnettrådet, ved Staten lærarkurs, bede om å leggje til rette for relevante kompetansehevingstiltak, mellom anna i kurs om samliv og seksualitet i 2001.

  • – Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet vil ta opp med utdanningsinstitusjonane at tema med fokus på lesbiske og homofile blir styrkte i medisinar- og psykologutdanninga. Tilsvarande blir teke opp med høgskoleutdanningane for lærarar og helse- og sosialfagleg personell.

  • – På bakgrunn av NOVA sitt prosjekt "Levevilkår og livskvalitet blant lesbiske kvinner og homofile menn i Norge" vil Høgskolen i Oslo utvikle og arrangere eit kursopplegg fokusert på kjønn, identitet og marginalisering. Målgruppene er lærarar, barnevernspedagogar, legar, prestar, psykologar, sosionomar og andre. Sosial- og helsedepartementet og Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet vil løyve 300 000 kroner til dette over statsbudsjettet for 2000/2001.

  • – Det vil bli sett i gang forsking om lesbisk og homofil ungdom i skolen og utdanningsinstitusjonane.

1.6 Familie og samliv

1.6.1 Innleiing

Mangfald er eit viktig stikkord for å karakterisere dagens samliv. Mangfaldet blir dessutan understreka av par av same kjønn, registrerte partnarar eller sambuarar.

Partnarskapslova kom i ein periode der mykje nytt voks fram: Ekteskapet sin status var vesentleg endra ved at kvinner i større grad var blitt sjølvforsørgjande. Det hadde vore ein sterk auke i skilsmisser, og det voks fram nye alternative samlivsformer.

1.6.2 Utviklinga i familiemønster

Gjennom yrkesaktiviteten til kvinnene blei det borte ein basis for ekteskap som hadde eksistert gjennom heile familiehistoria - det som blir kalla komplementære roller, og som inneber at kvinner og menn fyller ulike oppgåver i ekteskapet. I 1965 var 14 pst. av småbarnsmødrene yrkesaktive, og i 1998 var talet auka til 80 pst.

Fleire og fleire vel å leve i sambuarforhold utan å inngå formelt ekteskap, særleg blant unge menneske. Det er likevel framleis berre i dei yngste aldersgruppene (under 30 år) at sambuarskap er meir vanleg enn ekteskap.

Etter 1994 har det vore ein nedgang i talet på skilsmisser. Undersøkingar tyder på at sambuarforhold er mykje mindre stabile enn ekteskap. Risikoen for samlivsbrot er vel tre gonger så stor for sambuarar med barn som for ektepar med barn.

For barna har den nye familie- og hushaldsstrukturen ført til at familielivet deira er prega av mange fleire endringar enn tidlegare. Totalt 9 000 barn under 18 år opplevde at foreldra skilde seg i 1999. I alt levde 78 pst. av dei heimebuande barna saman med begge foreldra sine pr. 1. januar 1999, ein del som har gått ned frå 83 pst. i 1986. Vi veit heller ikkje kor mange barn som lever med homofile eller lesbiske foreldre utanom partnarskap.

Den delen som lever åleine, aukar både blant yngre og middelaldrande. Brotne sambuarskap og skilsmisser forsterkar denne utviklinga.

Dei aller siste åra har talet på ekteskap auka. Dei siste tre åra har talet på vigslar lege på mellom 23 000 og 24 000. Ein må 20 år tilbake i tid for å finne tilsvarande høge tal.

1.6.3 Par av same kjønn som ein del av eit aukande familiemangfald

Innføringa av lov om registrert partnerskap

Då lov om registrert partnerskap blei innførd i 1993, representerte ho ein milestolpe for aksept i samfunnet av homofili og homofilt samliv.

Ved å gje høve til offentleg registrering av homofile partnarskap hevda departementet at samfunnet tok konsekvensen av at menneske av same kjønn levde i varige kjensleforhold, det løyste praktiske, juridiske og økonomiske problem og ville hjelpe til å stabilisere homofile parforhold og gjere det sosiale livet deira enklare.

Erfaringane så langt har vist at det ikkje var grunnlag for å hevde at partnerskapslova svekte ekteskapet.

Registrert partnarskap

Frå lova tok til å gjelde 1. august 1993 og til utgangen av 1999, er det inngått 913 partnarskap, 56 av desse er til no oppløyste ved skilsmisse.

Dei som inngår registrert partnarskap, er vesentleg eldre enn dei som giftar seg.

Registrert partnarskap er eit utprega Oslo-fenomen. Av dei partnarskapa som er inngått til no, omfattar 56 pst. personar busette i Oslo, medan ikkje meir enn 15 pst. av alle ekteskap i denne perioden er Oslo-ekteskap.

Talet på registrerte partnarar har ikkje auka jamt, noko ein kunne tenkt seg som følgje av allmenngjering og gradvis aksept både blant homofile sjølve og i befolkninga elles.

Dei som er i eit fast forhold, sambuarar og partnarar i NOVA-undersøkinga

Den delen som er i faste forhold i dag, er mykje høgare enn i ei undersøking blant lesbiske og homofile for 20 år sidan.

Det er færre blant lesbiske og homofile som har inngått partnarskap eller som er sambuarar, enn i den generelle befolkninga. Blant lesbiske kvinner er 51 pst. sambuarar eller registrerte partnarar og blant homofile menn 33 pst. I den generelle befolkninga er 65 pst. blant kvinnene og 68 pst. blant mennene gifte eller sambuande.

1.6.4 Å leve som lesbisk og homofil

Ei rekkje undersøkingar har vist at gifte og sambuarar rapporterer at dei er meir tilfredse og opplever meir lykke enn andre sivilstatus-kategoriar. Gifte kjem klart betre ut enn ikkje gifte når det gjeld psykisk og fysisk helse, sjølvmordstal og generell dødsprosent. Dette gjeld for både kvinner og menn.

Som blant heterofile er det også blant lesbiske og homofile ein mykje større del med høg livskvalitet blant dei som er i parforhold enn blant dei som ikkje er det. Dei som er i faste forhold, har ikkje berre høg livskvalitet. Dei er også meir opne overfor arbeidskollegaer og heterofile venner enn dei som ikkje er i eit fast forhold.

Tidlegare forsking har vist at kjærleikslivet til lesbiske og homofile synest å vere utsett for særlege påkjenningar. Også nyare forsking peiker i same retning. Påkjenningane kan mellom anna ha samanheng med at lesbiske og homofile inngår i typar av forhold som også for heterofile er belastande av den grunn at forholdet blir brote opp. Sambuarskap er eit døme på ein type forhold som er mindre varig enn til dømes ekteskap.

Familieverntenesta tek kvart år imot mange førespurnader frå par og enkeltpersonar som opplever problem eller vanskar innetter i familien. Eit av familiekontora i landet som dei siste fem åra har hatt ca. 4 500 kontaktar, har berre hatt tre av dei frå lesbiske og homofile par som ønskte konsultasjon. Dersom dette er representativt for andre familievernkontor, kan ein av grunnane vere at mange lesbiske og homofile ikkje har tru verken på familieverntenesta eller andre terapeutiske tenester.

Mange lesbiske og homofile personar oppsøkjer behandlarar som dei veit dei kan stole på, til dømes Rådgivningstjenesten for homofile og lesbiske som ligg under Olafia-klinikken, Klinikk for førebyggjande medisin ved Ullevål sjukehus. Der tilbyr dei hjelp med "komme-ut"-problem, vanskar i parforhold, dårleg sjølvbilete, seksuelle problemer og følelsesmessige problemer anten i form av fortrulege samtalar eller informasjon og rettleiing.

Regjeringa meiner den offentlege kompetansen når det gjeld livssituasjonen for lesbiske og homofile, bør styrkjast. Ein måte å gjere dette på er å styrkje Rådgjevingstenesta for homofile slik at kompetansen der kan utviklast vidare og kome resten av hjelpeapparatet til gode. Regjeringa vil innleie eit samarbeid med Oslo kommune for å sjå om Rådgjevingstenesta kan spele ei rolle som nasjonalt ressurssenter eller idébank.

1.6.5 Lesbiske og homofile som mødrer og fedrar

Ein av ti i NOVA-undersøkinga har eigne barn. Det er mange fleire i aldersgruppa 35-49 år og 50 år og eldre som har barn enn i dei yngre aldersgruppene 16-34 år. Ein kan ikkje av desse tala dra den konklusjonen at det er blitt mindre vanleg for lesbiske og homofile å få barn. Årsaka kan mellom anna finnast i at dei fleste barna stammar frå eit tidlegare heterofilt samliv, og at dagens unge ikkje går vegen om eit heterofilt samliv.

10 pst. av kvinnene og 1 pst. av mennene i alderen 25-44 år i NOVA-undersøkinga bur saman med eigne barn. I den generelle befolkninga er tilsvarande delar i denne aldersgruppa 75 og 58 pst.

Ser vi på alle kvinner som lever i registrert partnarskap (1993-1998), har 64 kvinner, det vil seie 13 pst. hatt ein eller fleire fødslar. Det dreier seg for det meste om barn fødde før partnarskapet blei inngått. Frå partnarskapslova tok til å gjelde i 1993 og til og med 1998, er det berre registrert 11 barn der mor levde i registrert partnarskap då barnet blei født.

Partnarskap med barn utgjorde i 1999 4,4 pst. Blant dei som har barn, kan det vere ei vegring mot å inngå partnarskap fordi det er den ekstreme synleggjeringa av eit forhold. Pr. 1. januar 2000 var det etter barnestatistikken 34 barn (0-17 år) som budde saman med foreldre som hadde sivilstatus registrert partnar.

1.6.6 Tiltak

Det heilt fundamentale for betre livskvalitet for lesbiske og homofile er at barn frå så tidleg alder som mogleg får vite at det å vere homofil er ei seksuell orientering på linje med heterofili. Eit slikt mål vil stille store krav til foreldra, til skolen og til andre ulike informasjonskanalar.

Det synest å vere behov for auka rådgjevingskompetanse blant terapeutar om livssituasjon og samlivsforhold hos lesbiske og homofile.

Regjeringa vil fremje desse tiltaka:

  • – Familieverntenesta skal få opplæring slik at kontora er i stand til å rettleie både foreldre som har lesbiske eller homofile barn, og lesbiske og homofile par.

  • – Tilbodet til Rådgjevingstenesta for homofile og lesbiske, som ligg under Olafia-klinikken, Klinikk for førebyggande medisin ved Ullevål sjukehus, skal utvidast slik at tenesta også kan vere ein rettleiingsinstans for helsestellet.

1.7 Open haldning og sosiale nettverk

1.7.1 Innleiing

Det er eit problem for mange lesbiske og homofile at dei i mange tilfelle kjenner seg tente med å skjule orienteringa si, der dei heller under andre omstende kunne ønskje å stå fram som den dei opplever seg å vere - ofte vil det seie å stå fram som homofil eller lesbisk.

1.7.2 Open eller skjult?

Spørsmålet om å vere open framstår ofte som eit dilemma for lesbiske og homofile: Langt dei fleste opplever og erfarer at å vere open er ein positiv strategi i forhold til dei sosiale omgivnadene, men at det også er den faktoren som fører med seg dei største direkte påkjenningane.

Det kan likevel koste mykje å skjule den homofile eller lesbiske orienteringa, sjølv om konsekvensane her er av meir indirekte art.

Spørsmålet om å framstå ope med si orientering er ikkje eit eintydig spørsmål, men eit kompleks av fleire alternativ og praksisar. For det første er det mange som vel å vere selektivt opne. For det andre vil "kome ut"-prosessen aldri kunne vere ein endeleg prosess. For det tredje er det ikkje alltid at dei som har eller ønskjer å ha seksuelle relasjonar til personar av same kjønn, oppfattar seg sjølve som homofile eller lesbiske.

Talmaterialet viser at stadig fleire homofile og lesbiske vel å vere opne overfor sine sosiale omgivnader. Ikkje dess mindre er det ein viss del som lever heilt eller delvis skjult. Mykje tyder på at mange av desse skulle ønskje å vere opne om si orientering. Regjeringa ser det som viktig at unge homofile og lesbiske blir oppmuntra og støtta i å vere opne.

1.7.3 Forholdet til foreldre og sysken

Undersøkingar viser at mange foreldre har og har hatt problem med å akseptere at deira barn er homofile eller lesbiske. Og i NOVA-rapporten kjem det fram at omkring tre av ti foreldre reagerte negativt då dei fekk vite det. Likevel svarer ni av ti at dei har eit stort sett bra/godt forhold til familien sin. Samanlikna med undersøkinga frå 1978 viser det at det har vore ei positiv utvikling på dette punktet.

1.7.4 Omgangskrins og vennskapsnettverk

Vennskapane har endra karakter: Det vil seie at vennskap meir og meir synest å erstatte mange av dei funksjonane familie og slekt tidlegare hadde, og at dei etter kvart også blir til på tvers av kjønnsskilja.

Unge homofile menn har til liks med sine lesbiske systrer ofte eit vidt vennskapsnettverk. Der heterofile par (og særleg gifte eller sambuande småbarnsforeldre) dreg seg tilbake til samværsmønstra i kjernefamilien, vil homofile og lesbiske lage alternative omsorgsrelasjonar, "Vennskapsfamiliar".

1.7.5 Flukta frå lokalsamfunna - val av bustad

Det finst inga undersøking som gjev sikre tal på korleis lesbiske og homofile fordeler seg på val av bustad. Likevel er det god grunn til å tru at svært mange vel å flytte vekk frå grisgrendte strøk og inn til dei større byane. Prosenten innflyttarar til Oslo synest å vere langt høgare blant lesbiske og homofile enn for den generelle befolkninga.

Dei fleste tiltak mot ein sentraliseringstendens blant homofile vil vere til fånyttes. Ikkje dess mindre må ein erkjenne at få personar med ein homofil eller lesbisk livsstil i distrikta ofte gjer det endå vanskelegare for dei homofile og lesbiske som bur der. Seks av ti menn i grisgrendte strøk, mot åtte av ti i NOVA-utvalet generelt, svarer at dei er opne overfor vennene om si orientering.

1.7.6 Deltaking i fritidsaktivitetar og kultur

Kunst og kultur inneheld ytringsformer for å auke innlevinga vår i andre menneske sin situasjon. Kulturen er ei viktig drivkraft og ein retningsvisar i samfunnsutviklinga. Kulturopplevingar og kulturdeltaking i eit fellesskap gjev tilhøyrsle og skaper forståing for samanhengar i tilværet.

Tala frå NOVA-undersøkinga viser ein tydeleg skilnad mellom homofile og lesbiske og den generelle befolkninga. Medan berre sju pst. av lesbiske og homofile ikkje deltok i bestemte kulturaktivitetar i løpet av dei siste 12 månadene, var den tilsvarande delen på heile 35 pst. i den generelle befolkninga.

1.7.7 Deltaking i idrettslivet

Vel halvparten av den vaksne befolkninga trenar eller mosjonerer regelfast, det vil seie minst ein gong i veka.

NOVA-undersøkinga viser at dei spurde er like fysisk aktive som befolkninga elles. Når det gjeld dei helt inaktive derimot, er det langt fleire inaktive både kvinner og menn i den generelle befolkninga enn blant dei spurde i NOVA-undersøkinga.

Når det gjeld medlemsskap i idrettslag, er det fleire lesbiske kvinner som er medlem enn kvinner generelt, og motsett når det gjeld homofile menn kontra menn i befolkninga generelt.

Det er på bakgrunn av NOVA-undersøkinga grunn til å tru at dei som lever ope om sin seksualitet, ikkje finn seg så godt til rette i heteronormative idrettsmiljø.

"Maskuline" og "feminine" idrettar

Oppfatningar om femininitet og maskulinitet fører til homofobi og trakassering av lesbiske/homofile.

Lesbiske og homofile løyser dette gjerne på to måtar: anten ved å ikkje vere opne med sin seksualitet i miljøet, eller ved å framstå som nok maskuline menn eller feminine kvinner for ikkje å bli utsette for homofobi. Ein annan måte å løyse det på er sjølvsagt å velje dei aktivitetane der forventningane til maskulinitet/femininitet ikkje er så tydelege og "strenge". Det trengst meir kunnskap på dette feltet, særleg for å kunne arbeide ut eigna tiltak som kan redusere homofobi.

Einkjønna arenaer

I kor stor grad idretten som ein einkjønna arena blir opplevd som positivt eller negativt for lesbiske og homofile, er i sin tur avhengig av kor aksepterande og ope miljøet er og om det er utan homofobi. Homofobi kjem også til uttrykk verbalt (vitsing, nedsetjande kommentarar osv.) slik at ein heller ikkje som skjult lesbisk/homofil slepp unna.

Deltaking i toppidrett

Vi har i dag nokre få lesbiske og homofile topp­idrettsutøvarar som er opne i media omkring sin seksualitet. Deltaking i toppidrett aktualiserer problema rundt å vere open som homofil eller lesbisk, fordi mediemerksemda i somme tilfelle kan vere ekstremt stor. Ein slik mediesituasjon vil kunne auke presset endå meir når det gjeld frykt for homofobiske reaksjonar.

I eit samfunn der homoseksualitet mellom anna blir assosiert med uønskt seksuell åtferd, marginaliserte befolkningsgrupper og eit tabulagt privatliv, kan det vere vanskeleg for den det gjeld å sjå at å vere open rundt sin seksualitet vil slå ut som ein fordel for ein høgprofilert toppidrettsutøvar.

1.7.8 Tiltak

Regjeringa ser det som viktig å styrkje kunnskapen om og forståinga for homofile og lesbiske overfor foreldregruppa. Dette er viktig for å førebyggje negative reaksjonar i møte med at eigne barn erkjenner og fortel om eiga seksuell orientering.

Stortinget har slått fast at idrett og fysisk aktivitet for alle skal vere hovudmålet for idrettspolitikken (St.meld. nr. 14 (1999-2000)). Det er nødvendig med meir kunnskap om kor vidt ønske og behov hos homofile og lesbiske for å delta i idrett, også toppidrett, blir tillagt nok vekt, slik at visjonen idrett og fysisk aktivitet for alle også gjeld for denne gruppa.

Regjeringa gjer framlegg om desse tiltaka:

  • – Det vil bli utarbeidd informasjon retta mot dei politiske styresmaktene og tenesteapparata i kommunane.

  • – Departementet vil støtte organisasjonane til lesbiske og homofile i arbeidet deira med å skape lokale nettverk for lesbiske og homofile, slik at dei som vel å bli buande i sine lokalmiljø utanom dei større byane, lettare kan finne eit lesbisk/homofilt miljø.

  • – Departementet oppmodar NIF til eit aktivt engasjement når det gjeld integrering av homofile og lesbiske i idrettsrørsla. Spørsmål som gjeld situasjonen for lesbiske og homofile i idrettslivet, bør inngå som ein naturleg del av utdanningssystemet i NIF.

  • – Forskings- og utviklingsarbeid i forhold til homofil og lesbisk ungdom i idretten bør styrkjast.

1.8 Helse og sosiale forhold

1.8.1 Innleiing

Innanfor fleire statlege satsingar vil det vere verkemiddel som har verdi i arbeidet for å betre helseforholda hos lesbiske og homofile. Dette gjeld til dømes satsinga på helsestasjons- og skolehelsetenesta, opptrappingsplanen for psykisk helse 1999-2006, vidareføring av handlingsplanen mot sjølvmord, handlingsplanen mot HIV/AIDS - epidemien og handlingsplan for førebygging av uønskte svangerskap og abort 1999-2003.

1.8.2 Somatisk helse

Det går fram av NOVA-undersøkinga at eit stort fleirtal av respondentane vurderer helsa si som god/mykje god. Samanlikna med den generelle befolkninga er dette likevel ein noko lågare del.

Ein studie viser at lesbiske kvinner svært sjeldan konsulterer lege for rutinemessig gynekologisk undersøking. Ei svensk undersøking konkluderer med at lesbiske kvinner i mykje mindre grad enn kvinner i den generelle befolkninga går til mammografi og til gynekologisk undersøking. Å ikkje gå regelfast til slike undersøkingar, fører til høgare risiko for at sjukdom ikkje blir oppdaga på eit tidleg stadium. NOVA-undersøkinga viste at 42 pst. av lesbiske kvinner i utvalet er daglegrøykjarar, mot 27 pst. av den generelle kvinnebefolkninga. Undersøkinga viste også at lesbiske kvinner i utvalet oftare drikk alkohol og oftare er rusa enn kvinner i den generelle befolkninga.

1.8.3 Psykisk helse

Kunnskapsgrunnlaget når det gjeld psykisk helse hos homofile og lesbiske samanlikna med resten av befolkninga, er mangelfullt. Bortsett frå NOVA-undersøkinga er det gjort få norske undersøkingar som kan dokumentere utbreiing og former for psykiske lidingar for denne gruppa.

NOVA-undersøkinga viser at vi finn angst- og depresjonsrelaterte symptom oftare blant homofile og lesbiske i NOVA-undersøkinga enn blant kvinner og menn i den vanlege befolkninga. Skilnadene er størst i dei yngste aldersgruppene.

Både forsking og klinisk erfaring peiker på at mange lesbiske og homofile ungdommar lever i ein kronisk stressituasjon som kan vere ei medverkande årsak til utvikling av depresjon og sjølvmordstankar. Resultat frå NOVA-undersøkinga og anna forsking tyder på at dei som har best psykisk helse, er lesbiske og homofile som har eit avklart forhold til den seksuelle orienteringa si både psykologisk og sosialt. Personar som lever i eit fast forhold, ser ut til å vere meir verna mot psykiske vanskar knytte til seksuell orientering enn personar som lever åleine.

Når lesbisk og homofil ungdom oppsøkjer helsetenesta med angst og er usikre på grunn av den seksuelle orienteringa, er det avgjerande at helsepersonell ikkje prøver seg på terapi som skal endre den seksuelle identiteten hos ungdommane i ei anna retning.

I arbeidet med å styrkje tenestetilbodet innanfor psykisk helse er tiltak for å normalisere psykiske lidingar og vanskar sentralt. Tenestetilbodet til homofile og lesbiske skal vere ein del av det ordinære tenesteapparatet.

1.8.4 Sjølvmord og sjølvmordsforsøk

Mykje tyder på at sjølvmordstankar og sjølvmordsforsøk er meir vanleg hos homofile og lesbiske enn i befolkninga generelt. Dette går og fram av NOVA-undersøkinga.

Når det gjeld sjølvmordsforsøk, viser NOVA-undersøkinga at 16 pst. av mennene og 20 pst. av kvinnene har prøvd å ta sitt eige liv ein eller fleire gonger i løpet av livet. Tilsvarande tal for aldersgruppa 16-24 år er 27 pst. av mennene og 25 pst. av kvinnene. Vi ser altså at sjølvmordsforsøk skjer svært ofte blant unge homofile i NOVA-utvalet.

Nordamerikanske studiar dei seinare åra av befolkningstverrsnitt har funne at sjølvmordsforsøk og sjølvmordstankar er mykje meir vanleg hos unge homofile enn i den generelle befolkninga.

1.8.5 HIV/AIDS og seksuelt overførbare sjukdommar

Spørjeskjemaet i NOVA-undersøkinga inneheld fleire spørsmål om korleis lesbiske kvinner og homofile menn opplever at HIV og AIDS har påverka livet deira. Få av kvinnene er redde for sjølve å bli smitta eller kjenner at seksuallivet deira blir påverka negativt. Tala er mykje høgare for homofile menn. Ein femdel er ofte redde for at dei sjølve er smitta, og meir enn ein firedel har mista nokon som stod dei nær.

Ut frå statistikken er det ingen ting som tyder på at lesbiske kvinner er spesielt utsette for dei tradisjonelle seksuelt overførbare sjukdommane. Når det gjeld homofile menn og unge gutar, er situasjonen annleis og meir dramatisk.

Medan det blant heteroseksuelle menn i Noreg berre blei påvist sporadiske tilfelle av syfilis på nittitalet, blei det i eit utbrot blant homofile menn i Oslo påvist 40 tilfelle i 1999. Samanhalde med auken av andre seksuelt overførbare sjukdommar dei seinare åra, viser dette at det framleis er mykje usikker sex i enkelte grupper av homofile og bifile menn. Dette vil på lengre sikt kunne resultere i ein auke i talet på HIV-tilfelle.

Dei fleste homofile menn er godt kjende med risikoen for smitte med seksuelt overførbare sjukdommar og HIV.

Helseutvalet for homofile er den viktigaste aktøren i arbeidet blant homofile og bifile menn, og er fullfinansiert over løyvinga i statsbudsjettet til Handlingsplan mot HIV/AIDS-epidemien. I 2000 mottok Helseutvalet 4,4 mill. kroner til drift og prosjekt.

Statens institutt for folkehelse reknar med at mørketalet for gruppa homofile og bifile menn - det vil seie personar som er HIV-smitta, men ikkje diagnostiserte - ligg på 100-200.

I andre vestlege land, til dømes i somme delstatar i USA, i Storbritannia og Australia registrerer dei no ein auke i HIV-smitte blant homofile og bifile menn. Det er førebels uklart om denne utviklinga vil ha innverknad på den norske epidemien.

1.8.6 Bruk og misbruk av rusmiddel

I Noreg finst det etter måten lite forsking om bruk og misbruk av rusmiddel blant homofile og lesbiske. NOVA-rapporten konkluderer med at rusmiddelbruken er større blant lesbiske og homofile enn i befolkninga elles.

Forsking om homokulturen i vestlege land tyder på at barar og klubbar står svært sentralt når det gjeld å få sosial og eventuelt seksuell kontakt. For ein del menn og kvinner som er på veg "ut av skapet", kan drikking vere ein føresetnad for å nærme seg potensielle partnarar.

Narkotiske stoff blir berre brukte av ein liten minoritet lesbiske kvinner og homofile menn. Slik sett samsvarer biletet med det vi finn i befolkninga elles.

Det er ikkje grunn til å tru at denne brukargruppa har behov som ikkje kan dekkjast gjennom dei rusmiddeltiltaka som rettar seg mot andre i befolkninga. Ein må gå ut frå at dei eksisterande tenestene er i stand til å gje alle brukarane sine forsvarleg service, uavhengig av mellom anna seksuell orientering.

1.8.7 Lesbiske og homofile i møte med helse- og sosialtenesta

Kontaktfrekvens og open haldning

Det er rimeleg å tru at lesbiske og homofile oppsøkjer helse- og sosialtenestene oftare enn den generelle befolkninga. Denne trua blir stadfesta (om enn svakt) av ei undersøking av lesbiske kvinner utført for Helsetilsynet. NOVA-undersøkinga viser at ein relativt stor del av dei som svarte, har vore i kontakt med psykolog eller psykiater i løpet av dei siste fire vekene.

Generelle eller spesielle helse- og sosialtenester?

Usikker haldning knytt til korleis ein vil bli møtt av tilsette i helse- og sosialtenesta som homofil eller lesbisk, kan føre til at ein underkommuniserer sin seksuelle identitet. Resultatet kan bli ei kvalitativt dårlegare behandling fordi ei viktig side av livet til pasienten/klienten ikkje blir ein del av problemforståinga.

Bør slike erfaringar føre med seg at lesbiske og homofile får tilbod om spesielle helse- og sosialtenester? I Noreg finst det nokre få klinikkar og rådgjevingsinstansar der dei tilsette har spesiell kompetanse, m.a. Olafia-klinikken, Senter for seksuelt overførbare sykdommer i Oslo kommune.

Det er fleire grunnar til at det ikkje er ønskjeleg å vidareutvikle særskilde helse- og sosialtenester for homofile og lesbiske. For det første er det ikkje mogleg å nå alle lesbiske og homofile med eit slikt tilbod. For det andre ville utviklinga av ei særomsorg innebere ein fare for at det allmenne tenesteapparatet fråskriv seg ansvaret for å hjelpe homofile og lesbiske som har eit helseproblem eller eit sosialt problem.

Målet må vere at lesbiske og homofile skal oppleve likeverd i tenestetilbodet innanfor helse- og sosialsektoren. Ei betring av tenestetilbodet er i særleg grad avhengig av at personellet har ei aksepterande haldning og gode nok kunnskapar.

1.8.8 Svangerskapsomsorga, helsestasjons- og skolehelsetenesta og helsestasjon for ungdom

Svangerskapsomsorga vil møte homofile og lesbiske som er eller vel å bli foreldre. Tenesta har derfor ei viktig rolle å ta vare på overfor homofile og lesbiske som skal bli foreldre på lik linje med andre som skal bli det, men også ut frå spesifikke behov for rettleiing som desse foreldra måtte ha.

Dei tilsette i svangerskapsomsorga og ved helsestasjonen må sikrast kunnskapar og fagleg oppdatering som grunnlag for denne delen av foreldrerettleiinga.

Skolehelsetenesta og primærhelsetenesta kan vere den første instansen som kjem i kontakt med personar som har eit uavklart forhold til sin eigen kjønnsidentitet. Skolehelsetenesta skal gje råd og rettleiing - både individuelt og i grupper - til elevar som har særleg behov for det. Skolehelsetenesta og personell i helsestasjon for ungdom må sikrast kunnskap om behova hos lesbiske og homofile slik at dei blir i stand til å gje råd og rettleiing.

1.8.9 Tiltak

Tiltak for å styrkje tilbodet innanfor psykisk helsevern

Regjeringa Jagland la våren 1997 fram St.meld. nr. 25 (1996-1997) Åpenhet og helhet. Om psykiske lidelser og tjenestetilbudene. Regjeringa Bondevik la seinare fram St.prp. nr. 63 (1997-1998) etter at Stortinget gjennom si behandling av stortingsmeldinga fastla hovudlinjene for å styrkje og utvikle desse tenestene framover.

  • – Gjennom opptrappingsplanen for psykisk helse (1999-2006) tek ein sikte på ei generell styrking av tilbodet innanfor psykisk helsevern. Det skal i planperioden investerast for 6,3 mrd. kroner som inneber konkrete tiltak for å styrkje psykisk helsearbeid. I tillegg skal driftsutgiftene aukast til eit nivå som ligg ca. 4,6 mrd. kroner over utgiftsnivået i 1998. Ei opptrapping av driftsutgiftene på denne måten vil saman med utgiftene til investeringa innebere at det skal brukast om lag 24 mrd. kroner meir til psykisk helse i løpet av planperioden. Gjennom opptrappingsplanen vil det bli løyvt midlar til kompetansehevande tiltak for personell innanfor det psykiske helsefeltet for å styrkje kunnskapane deira om kjønnsidentitet og seksualitet, her medrekna homofili. Når tilgangen og kompetansen i tenesteapparatet blir betra både i kvalitet og kvantitet, reknar Regjeringa med at tilbodet til homofile og lesbiske blir styrkt som ein del av den ordinære helsetenesta.

  • – Innanfor opptrappingsplanen for psykisk helse vil det bli gjeve statlege øyremerkte midlar til å styrkje helsestasjons- og skolehelsetenesta med 800 årsverk i løpet av planperioden, tilsvarande 310 mill. kroner i auka driftsutgifter ved slutten av planperioden. Førebyggjande arbeid overfor målgruppa er også svært viktig. Skolehelsetenesta og helsestasjon for ungdom kan vere støttande tenester, og dessutan gje råd og rettleiing. I tillegg vil planen gje tilskot til psykososiale tenester og støttekontaktar, kultur- og fritidstiltak for barn og unge under 18 år, tilsvarande 260 årsverk eller 140 mill. kroner i auka driftsutgifter ved utgangen av planperioden. Målgruppa er barn og unge som har, eller er særleg utsette for, problem av psykososial karakter.

Tiltak mot sjølvmord

Handlingsplan mot sjølvmord blei avslutta ved utgangen av 1999. Mykje av innsatsen har vore retta mot å skolere helsepersonell og andre hjelparar i samfunnet til betre å kunne støtte ulike grupper suicidale personar som treng hjelp til å kome over problema sine. Eit nytt treårig oppfølgingsprosjekt blei etablert 1. januar 2000. Grunngjevinga for dette er hovudsakleg behovet for å sikre at den kompetansen som var bygd opp, blir halden oppe og utvikla vidare. Konkret inneber det nye prosjektet ei vidareføring av drifta ved det nasjonale kompetansesenteret, Seksjon for selvmordsforskning og forebygging ved Universitetet i Oslo, og tre regionale ressursmiljø knytte til kvar av dei andre helseregionane. Forsking, formidling av kunnskap og vidareutvikling av faglege nettverk på regionalt og lokalt nivå er andre viktige arbeidsoppgåver. Arbeidet med å sikre gode oppfølgings- og behandlingsrutinar for sjølvmordstruga personar skal i dette arbeidet få høg prioritet.

I tillegg tek oppfølgingsprosjektet sikte på å førebyggje sjølvmord blant spesielt utsette grupper. På bakgrunn av dei urovekkjande tala som kjem fram i NOVA-undersøkinga, blir det sett inn spesielle tiltak overfor lesbiske og homofile innanfor rammene av prosjektet. Det vil bli sett fokus på denne gruppa gjennom å

  • – utforme konkrete forskingsprosjekt i samarbeid med aktuelle miljø

  • – setje temaet på dagsorden og hjelpe til å høgde det generelle kunnskapsnivået blant helsepersonell i utdanningsprogram som er i gang

  • – gje fagleg hjelp til LLH, eventuelt andre aktørar ved å gjennomføre sjølvmordsførebyggjande prosjekt og tiltak

  • – innarbeide kunnskap om situasjonen for homofile og lesbiske som ein del av formidlingsstrategien i prosjektet.

Sosial- og helsedepartementet vil sikre at tiltaka blir konkretiserte og følgde opp i løpet av planperioden.

Tiltak for å overvinne HIV/AIDS

HIV-førebyggjande innsats overfor homofile og bifile menn har sidan midten av 80-talet vore statleg finansiert over handlingsplanane mot HIV/AIDS-epidemien. I dei tre siste åra har den årlege løyvinga vore på 16,6 mill. kroner. Helsetilsynet har dei siste åra fått tildelt 11,6 mill. kroner som blir fordelt vidare til drift av frivillige organisasjonar og til prosjekt i regi av desse eller andre aktørar. Resten av midlane har gått til prosjekt m.m. i regi av Statens institutt for folkehelse, og til enkelte tiltak i regi av Sosial- og helsedepartementet.

  • – Det vil også i åra framover vere viktig å halde ved like og vidareutvikle den førebyggjande innsatsen overfor homofile og bifile menn. Gjennomføringa av Handlingsplan mot HIV/AIDS-epidemien 1996-2000 er nyleg eksternt evaluert. Evalueringsrapporten er send på brei offentleg høyring. Handlingsplanperioden har fått tida lengd til ut 2001. Sosial- og helsedepartementet har sett i gang eit arbeid med å utforme ein ny strategi som skal gjelde frå 2002. Dei frivillige organisasjonane si rolle og finansieringa av dei i det framtidige HIV-førebyggjande arbeidet er eit av dei viktige spørsmåla som blir tekne opp.

Tiltak for rusmiddelmisbrukarar

Den generelle kompetansehevinga som er i gang innanfor førstelinja i sosialtenesta, vil vere eit viktig tiltak for å fange opp også særlege behov hos lesbiske og homofile. Det same gjeld den styrkinga av det førebyggjande arbeidet som no skjer gjennom at ansvar og oppgåver i rusmiddelarbeidet blir overført frå det sentrale Rusmiddeldirektoratet til dei regionale kompetansesentra for rusmiddelspørsmål. Kjønnsidentitet og seksualitet vil vere eit tema innanfor verksemda ved kompetansesentra. Innanfor ramma av dei midlane som blir stilte til rådvelde i Velferdsprogrammet, blir det teke initiativ til å setje i gang forsking som ser nærmare på rusrelaterte problem hos lesbiske og homofile, og som på denne bakgrunnen etter kvart kan kome med tilrådingar både når det gjeld førebygging og behandling.

Opplæring av helse- og sosialpersonell

Opplæring er ein nøkkelfaktor i arbeidet for å gjere helse- og sosialpersonell meir merksame på kor viktig seksuell identitet er, slik at dei kan utvikle ei aksepterande haldning og tileigne seg kunnskapar om homofili.

Opplæring av helse- og sosialpersonell bør ha som mål å:

  • – Hjelpe til å normalisere og synleggjere lesbisk og homofil identitetsutvikling.

  • – Hjelpe til å førebyggje utvikling av sekundære helseproblem hos homofile og lesbiske.

  • – Bli i stand til å kunne møte pasientar/klientar på ein måte som skaper open innstilling og tillit - som er ein føresetnad for å gje god hjelp.

  • – Gje oppdaterte kunnskapar som i særleg grad har med helse- og sosiale problem hos lesbiske og homofile å gjere.

  • – Gje kunnskap som gjer dei i stand til å møte homofile og lesbiske i suicidal krise.

  • – Hjelpe til at helse og sosialpersonell tek opp problemstillinga på eige initiativ, der dette er relevant.

Desse tiltaka vil gjere sitt til å oppnå desse måla:

  • – Gjennom Handlingsplan for forebygging av uønsket svangerskap og abort blir det mellom anna stimulert til å etablere helsestasjon for ungdom. Talet på helsestasjonar for ungdom har auka frå 12 i 1991 til vel 200 i 2000. Helsestasjon for ungdom er eit lågterskeltilbod som skal vere eit supplement til skolehelsetenesta. Samliv, seksualitet og prevensjon er hovudområda for denne tenesta, men det viser seg at også ulike psykososiale problem i stor grad er tema for konsultasjonane. Under handlingsplanen blir det vidare laga eit informasjons- og rettleiingsopplegg til småbarnsforeldre, helsestasjonspersonell og barnehagepersonell som tek for seg tema som samliv, kropp og seksualitet, under dette også homofili. Rettleiingsopplegget skal vere ferdigstilt tidleg i 2001. Det bør supplerast med enkle foreldrebrosjyrar.

  • – Det vil bli utarbeidd fagleg materiale om kjønns­identitet og seksualitet for helse-, sosial- og pedagogisk personell, der tema homofili inngår. Materialet skal gje kunnskap om korleis personellet skal møte menneske som har eit problematisk og uavklart forhold til sin eigen kjønnsidentitet.

  • – Til bruk i undervisninga for å førebyggje eteforstyrringar er det utarbeidd undervisningsmateriell for ungdomsskolen og vidaregåande opplæring "Om kultur, kropp og kommunikasjon" (I-0955B). Ei ressursbok til bruk for lærarar i undervisninga om samliv, seksualitet og prevensjon, og informasjonsskriv om samliv og seksualitet til ungdom og foreldre, er under arbeid ved Læringssenteret etter oppdrag frå Sosial- og helsedepartementet. I dette undervisningsmateriellet blir det også sett fokus på seksualitet hos barn og unge og på den psykiske og seksuelle helsa deira.

  • – Sosial- og helsedepartementet arbeider med eit rundskriv til kommunane i landet om psykososialt arbeid overfor barn og unge. Rundskrivet vil mellom anna handle om kjønnsidentitet og seksualitet hos barn og unge.

  • – Høgskolen i Oslo har utvikla eit kursopplegg over tre dagar med temaet "Kjønn, identitet og marginalisering". Målgruppene er lærarar, barnevernspedagogar, legar, prestar, psykologar, sosionomar og andre. Sosial- og helsedepartementet og Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet vil løyve 300 000 kroner til dette over statsbudsjettet for 2000/2001.

  • – Som ein del av oppfølgingsarbeidet av St.meld. nr. 24 (1996-1997) "Tilgjengelighet og faglighet - Om sykehus og annen spesialisthelsetjeneste" vil Sosial- og helsedepartementet be Nasjonalt råd for spesialistutdanninger av leger og legefordeling (NR) om å greie ut på kva slags måte tema som kjønnsidentitet og seksualitet - også homofili - i sterkare grad bør integrerast i spesialistutdanningar som i særleg grad møter pasientar der dette er relevant.

1.9 Arbeidsliv

1.9.1 Innleiing

Dei fleste homofile og lesbiske opplever forholdet til kollegaer og leiarar som godt, og over 60 pst. rapporterer at dei er opne om si emosjonelle og seksuelle orientering på arbeidsplassen. Likevel held bortimot fire av ti lesbiske og homofile den seksuelle orienteringa si heilt eller delvis skjult for kollegaer og leiing. Sjølv om dette ikkje er nokon indikasjon på mistrivsel i miljøet, fortel det samstundes at det ikkje er uproblematisk å vere homofil og lesbisk i arbeidssituasjonen.

Somme homofile og lesbiske blir diskriminerte og trakasserte i arbeidslivet.

1.9.2 Å vere open blant kollegaer

Arbeidslivet er ein arena der kjønn og seksualitet kjem til uttrykk på ulike måtar, både implisitt og eksplisitt. Former for seksualisering av arbeidsmiljøet kan ha openberre negative konsekvensar, til dømes ved seksuell trakassering. Mildare former for seksualisering, som prat og hint, kan bli oppfatta som ei unødig intimisering av "profesjonelle relasjonar".

Homofili blir nok framleis av mange oppfatta som noko som berre er seksuelt, og som ikkje blir knytt til identiteten totalt sett. Somme kan oppleve at dei utfordrar sjølve yrkesrelasjonane på ein arbeidsplass ved å fortelje at dei er homoseksuelle.

Homofile og lesbiske kan anten velje å stå ope fram og fortelje at dei er lesbiske eller homofile og dermed risikere å stå fram som intimiserande, eller dei kan dra opp eit rigid skilje mellom arbeid (offentleg) og heim/fritid (privat), og dermed skjule ei viktig side ved seg sjølv. Dette verkar med til å usynleggjere lesbiske og homofile levesett og erfaringar, men er sjølvsagt eit særskilt problem for lesbiske og homofile arbeidstakarar. For å kunne fortelje ope og ærleg om sine eigne liv i det kollegiale miljøet, risikerer dei altså på same tid å bryte med både norma om heterofili og eit forventa skilje mellom privat og offentleg. I overkant av 60 pst. er opne om at dei er lesbiske og homofile på arbeidsplassen. Ser vi på variasjonen mellom aldersgruppene, er det dei yngste og dei eldste som er minst opne om si emosjonelle og seksuelle orientering.

Når det gjeld endring over tid, kjem det tydeleg fram at ein har blitt mykje meir opne på arbeidsplassen i tidsrommet frå 1978 til 1998. I 1978 var det berre 30 pst. som var heilt opne om orienteringa si, mot over 60 pst. i 1998. I NOVA-undersøkinga kjem det samstundes fram at dei aller fleste har positiv erfaring med å vere opne.

1.9.3 Diskriminering

At nesten fire av ti vel å vere delvis eller heilt skjulte på arbeidsplassen, er eit uttrykk for at mange lesbiske og homofile fryktar negativ haldning frå kollegaer og leiing eller arbeidsgjevar, og at dei derfor prøver å førebyggje eventuell diskriminering ved ikkje å fortelje ope om si orientering. Diskriminering i snever forstand omfattar forhold som er av arbeidsrettsleg karakter, til dømes å bli nekta tilsetjing, bli oppsagd frå jobben eller bli nekta avansement. Om lag åtte pst. av dei spurde i NOVA-undersøkinga hadde opplevd diskriminering i denne tydinga. Det finst eit klart lovverk som skal verne mot dette.

Diskriminering i vid tyding omfattar fenomen som baksnakking og mobbing. I underkant av 20 pst. hadde opplevd ei eller anna form for dette.

Alle har eit generelt ansvar for å fremje trivsel og eit godt sosialt miljø på arbeidsplassen. Men leiing og arbeidsgjevar har eit spesielt ansvar. I ei undersøking blant leiinga i utvalde større organisasjonar blei det fokusert på kva haldning organisasjonane hadde, og kor medvitne dei var når det gjaldt homofile medarbeidarar. Det overordna spørsmålet var: Kva gjer arbeidsgjevar for at fleire homofile skal ønskje å vere opne på arbeidsplassen? Svara varierte frå ei negativ haldning til å ta opp dette temaet, til i somme verksemder som til dømes flyselskapet SAS, der problematikken omkring homofili var teken opp som ei prinsippsak.

Norsk Helse- og Sosialforbund (NHS) har teke antidiskriminering på alvor og lansert anti-diskrimineringsfuglen.

LLH har arbeidd ut informasjonsbrosjyrar om det å vere lesbisk og homofil på arbeidsplassar, til bruk for tillitsvalde og verneombod. Det er også etablert eit uformelt samarbeid mellom fagrørsla og LLH gjennom Fagleg nettverk for lesbiske og homofile i arbeidslivet.

Det finst likevel alt no ordningar som har til formål å fremje eit godt miljø på arbeidsplassen. Arbeidsmiljølova av 1977 legg stor vekt på dei psykiske og sosiale vilkåra for arbeidsorganisasjon og arbeidsutforming.

1.9.4 Vern mot diskriminering

Det norske lovverket er bygd opp mellom anna med sikte på å verne både enkeltmenneske og grupper frå diskriminering, jf. straffelova §§ 135a og 349a. Det finst samstundes eit særskilt arbeidsrettsleg vern mot diskriminering nedfelt i arbeidsmiljølova. Diskrimineringsføresegna i § 55 a handlar mellom anna om homofile direkte.

Føresegna skal hjelpe til med å hindre at arbeidssøkjarar og arbeidstakarar blir diskriminerte eller utestengde frå arbeidslivet på grunn av sine politiske, religiøse eller kulturelle oppfatningar eller fordi dei er medlemmer i ein arbeidstakarorganisasjon. Tilsvarande forbod gjeld i forhold til homofil legning eller homofil samlivsform.

1.9.5 Ombodsordninga i Sverige

Noreg har ingen døme på at diskriminering i forhold til seksuell orientering ved § 55 a i arbeidsmiljølova er rettsleg prøvd. Samstundes veit vi, av mellom anna NOVA-undersøkinga, at det skjer slik diskriminering.

I Sverige har dei eit annleis og meir omfattande ombodsapparat enn i Noreg. I tillegg til mellom anna ein Handikapombodsmann og Ombodsmann mot etnisk diskriminering har svenskane ein ombodsmann mot diskriminering på grunn av seksuell orientering.

Bør vi etablere eit Homo-ombod også i Noreg?

I første omgang er det truleg meir nyttig med ein forsterka forskingsinnsats på området homofili og arbeidsliv. Samstundes må LLH få store nok ressursar til å vere "vaktbikkje" på dette feltet.

1.9.6 Tiltak

Regjeringa vil fremje desse tiltaka:

  • – Det skal lagast opplysningsmateriell om homofile og lesbiske i arbeidslivet retta mot arbeidsgjevarar.

  • – Landsforeningen for lesbisk og homofil frigjøring (LLH) vil bli styrkt slik at organisasjonen kan fungere som kunnskapsbank og "vaktbikkje" når det gjeld anti-diskrimineringsarbeid i arbeidslivet. Verksemda vil bli retta mot arbeidsgjevar- og arbeidstakarorganisasjonar.

  • – Verneombod bør få opplæring i og kunnskap om situasjonen for homofile og lesbiske medarbeidarar.

  • – Forsking om homofile og lesbiske i arbeidslivet vil bli styrkt.

1.10 Homofili og trudomssamfunn

1.10.1 Innleiing

Det finst ikkje ei systematisk oversikt over haldningane dei ulike trudoms- og livssynssamfunna har til homofili og til homofilt samliv.

Hovudinntrykket er at mange trudoms- og livssynssamfunn har ei negativ og avvisande haldning til homofil kjærleik og homofilt samliv. Dei tradisjonelt restriktive haldningane ulike trudomssamfunn har til homofili medverker til å oppretthalde ei oppfatning av homofili som avvikande og feilretta, både innan trudomssamfunnet og i samfunnet elles. Dette kan føre til auka sosial belastning for homofile, og til at dei utviklar eit meir negativt sjølvbilete.

Det er heller inga tvil om at trudomssamfunna er viktige opinionsdannarar når det gjeld verdiar og haldningar.

Vi treng meir kunnskap om haldningane til homofili i ulike trudomssamfunn.

1.10.2 Den norske kyrkja og homofili

Den norske kyrkja har med 85 pst. av innbyggjarane som medlemmer eit helt spesielt ansvar. Den norske kyrkja er i dag delt i synet på homofilt samliv. På den eine sida står dei som meiner at personar som lever i homofilt samliv bør integrerast fullt ut i kyrkje og kyrkjelydsliv. På den andre sida står dei som meiner at dei frå si teologiske overtyding ikkje kan tilrå homofilt samliv, og dreg den konsekvensen at dei heller ikkje kan tilrå at personar som lever i homofilt samliv blir tilsette som prestar eller i andre stillingar med funksjonar som forkynning, undervisning eller liturgi.

Mange homofile kjenner seg djupt krenkte av den påstanden at den seksuelle orienteringa deira ikkje under noko omstende kan levast ut. For ein prest som er lesbisk eller homofil, kan utestenginga føre til eit val mellom det å innleie eit langvarig og forpliktande forhold til ein annan person og det å arbeide innanfor kyrkja. For lesbiske og homofile som er kristne, og som ønskjer å ha eit forhold til Den norske kyrkja som ein stad å utøve trua si, motta sakrament og oppleve eit trusfellesskap, kan utestenginga øydeleggje for truslivet deira. Som andre kristne ønskjer også lesbiske og homofile kyrkja si velsigning og støtte for det livet dei lever.

Den kristne opinionen har dreid i liberal retning i synet på homofil orientering, men undersøkingar viser at det mest aktive kristenfolket inntek ei langt meir restriktiv haldning enn kyrkjemedlemmene.

1.10.3 Læking av homofil orientering

I staden for omgrepet læking ("helbredelse") snakkar no enkelte kyrkjelege miljø om "endring av seksuell orientering". Bispemøtet har ikkje gjeve noka offisiell fråsegn om Bispemøtet si haldning til læking eller endring av seksuell orientering. Derimot er det eit kapittel i utgreiinga Homofili og Sjelesorg som tek for seg denne praksisen i Spørsmålet om forandring/"helbredelse". Mellom anna blir det hevda at innanfor eit stort spektrum av seksuell orientering tilseier både ein veldokumentert faglitteratur og mange velprøvde "personlige vitnesbyrd" at det finst rom for endring av seksuell orientering.

1.10.4 Åpen kirkegruppe

Åpen kirkegruppe blei grunnlagt i 1976 og er eit kristent fellesskap for lesbiske og homofile og ei undergruppe av LLH.

Åpen kirkegruppe har i fleire år vore i dialog med Den norske kyrkja, mellom anna var gruppa representert i arbeidsgruppa som gav ut utgreiinga Homofile i kirken.

1.10.5 Tiltak

Homofili er eit følsamt spørsmål innan mange trudomssamfunn i Noreg. Dette tilseier at det er behov for haldningsskapande arbeid for å få til endringsprosessar innan Den norske kyrkja og andre trudomssamfunn.

Rettslege verkemiddel for å betre kåra til homofile og lesbiske innan ulike trudomssamfunn vil måtte bli vurdert i forhold til religionsfridomsprinsippet, slik det er nedfelt i internasjonale avtalar som Noreg har forplikta seg på gjennom ratifisering eller inkorporering i norsk lov.

Mangelen på systematisk kunnskap om kva for haldningar ulike trudomssamfunn har til homofil orientering og samlivsform og om vilkåra homofile og lesbiske lever i innan ulike trudomssamfunn gjer det vanskeleg å identifisere aktuelle tiltak ovanfor livssynsorganisasjonane. Dette faktum tilseier i seg sjølv at eit nødvendig tiltak vil vere å støtte forsking og anna kartleggingsarbeid om trudomssamfunn og homofili, både i universitets- og høgskolemiljø og i regi av trudomssamfunna sjølve. Ei viktig oppfølging av dette arbeidet vil vere kunnskapsformidling og haldningsskapande arbeid, særleg retta mot trudomssamfunna sine eigne miljø.

Innan Den norske kyrkja - og truleg også innan andre trudomssamfunn - er den offisielle haldninga til homofili i endring, og det blir ført debatt om spørsmålet blant medlemsgrupper og i dei leiande organa. Det blir òg ført dialog med grupperingane til homofile og lesbiske innan trudomssamfunna. Erfaringane frå desse dialogprosessane later til å vere at dei bidreg til meir open framferd og større forståing om homofilispørsmålet. Økonomisk støtte til dialogprosessar som har til føremål å betre kåra til lesbiske og homofile innan trudomssamfunn vil difor vere eit godt tiltak.

Regjeringa sitt mål er at ingen skal bli diskriminert på grunn av seksuell orientering, verken i trudomssamfunn eller i samfunnet elles. Regjeringa meiner at lesbiske og homofile har ein sjølvsagd plass i Den norske kyrkja på linje med alle andre og vil arbeide mot diskriminering.

Som det går fram av meldinga, er det tilsett to homofile sambuarar som prestar i Den norske kyrkja. Det er ikkje semje i Den norske kyrkja om prinsippet at menneske som lever i homofilt samliv, ikkje skal kunne ha vigsla stillingar innanfor kyrkja (prest, kateket, diakon).

Ut frå arbeidsmiljølova kan ikkje ein arbeidsgjevar i utlysinga etter nye arbeidstakarar eller på annan måte krevje at søkjarar skal gje opplysningar om si eventuelle homofile orientering eller homofile samlivsform. Ved tilsetjing kan ikkje ein arbeidsgjevar forskjellsbehandle søkjarar på grunn av homofil orientering eller homofil samlivsform.

Likevel er det mogleg i somme tilfelle både å be om slike opplysningar og å diskriminere ved tilsetjing dersom vedkomande lever i homofilt samliv og stillinga vedkomande søkjer, er knytt til "religiøse trossamfunn der det i utlysning av stillinger er stilt særlige krav ut fra stillingens karakter eller formålet for vedkommende arbeidsgivers virksomhet" (§ 55 a).

Etter Regjeringa sitt syn er freistnader på å endre homoseksuell orientering hos menneske etisk uforsvarleg og i strid med våre grunnleggjande verdiar. "Læking" av homofile inneber eit syn på homofili som noko sjukt som bør endrast. Regjeringa ser på homoseksualitet som ein normal variasjon i den menneskelege seksualiteten.

Det finst ingen god dokumentasjon på at såkalla terapi endrar den homoseksuelle orienteringa hos menneske. Ein må likevel kunne fastslå at ein slik praksis kan påføre enkeltmenneske store belastningar og i verste fall psykiske lidingar.

"Læking" av homofile kan ein ikkje berre sjå på ut frå eit individuelt perspektiv. Ein slik type verksemd signaliserer eit syn på homoseksualitet som også råkar det store fleirtalet homofile som aldri vil oppsøkje ein slik aktivitet.

Regjeringa viser til fråsegna frå Helsetilsynet om at helsepersonell ikkje skal delta i denne type prosessar. Regjeringa ser det som vanskeleg å hindre trudomssamfunn i å tilby forbønn til menneske som ønskjer å endre si seksuelle orientering, men vil åtvare mot dei skadelege konsekvensane av terapiliknande tilbod i regi av kristne organisasjonar og kyrkjelydar.

Regjeringa vil fremje desse tiltaka:

  • – Seksuell orientering skal ikkje vere til hinder for tilsetjingar i Den norske kyrkja. Regjeringa går inn for å oppheve unntaksreglane i arbeidsmiljølova § 55 a om homofili for Den norsk kyrkja.

  • – Det bør ikkje gjevast økonomisk støtte til tiltak som driv med endring ("læking"/"helbredelse") av lesbiske og homofile menneske.

  • – Åpen Kirkegruppe arbeider aktivt mot diskriminering av lesbiske og homofile i Den norske kyrkja og andre kristne trudomssamfunn. Åpen Kirkegruppe bør få driftstilskot/tilskot til dette arbeidet.

1.11 Støtteordningar

1.11.1 Driftsstøtte til Landsforeningen for lesbisk og homofil frigjøring (LLH)

1989 var det første året at dåverande Det norske Forbundet av 1948 (DNF-1948) mottok driftsstøtte frå det tidlegare Forbrukar- og administrasjonsdepartementet (FAD). På 1980-talet fekk homofile sine organisasjonar løyvingar til HIV/AIDS-førebygging frå Sosialdepartementet, men etter initiativ frå organisasjonane blei tilskotet i 1989 omgjort til ordinær driftsstøtte og løyvt over FADs budsjett. Løyvinga var på 1,3 mill. kroner.

LLH har i tillegg til driftsstøtta fått tilskot til nokre enkelttiltak. I 1999 løyvde Stortinget 200 000 kroner ekstra til LLH "til informasjonsarbeid" med tilvising til kunnskap som kom fram i NOVA-undersøkinga.

Regjeringa ser på arbeidet til LLH som viktig for å betre levekåra for lesbiske og homofile, og ho har eit mål om større aksept for lesbiske og homofile i samfunnet. I statsbudsjettet for 2001 er det sett opp ein eigen budsjettpost til tiltak for lesbiske og homofile på 1,1 mill. kroner. Denne støtta vil Regjeringa auke i budsjettet for 2002.

1.11.2 Forebygging av HIV/AIDS-epidemien

Sidan 1986 har det vore stilt øyremerkte midlar til rådvelde gjennom førebygging av HIV/AIDS-epidemien over kapittel 719 post 70 på statsbudsjettet.

1.11.3 Ungdomsarbeidet i LLH

NOVA-undersøkinga viste at trass i store endringar i opinionshaldningane dei siste 20-30 åra, kombinert med betra formelle rettar for lesbiske og homofile, er det framleis slik at lesbisk og homofil ungdom opplever diskriminering og utstøyting på grunn av seksuell orientering. NOVA-undersøkinga stadfesta dermed behovet for ei sterkare satsing i arbeidet retta mot unge lesbiske, homoseksuelle og biseksuelle.

Barne- og familiedepartementet løyvde våren 1999 111 000 kroner til ein nasjonal ungdomskonferanse i regi av LLH, som blei halden i Bergen 1. og 2. mai 1999.

Konferansen synleggjorde behovet for eit sentralt ledd i LLH som arbeider spesielt med spørsmål knytt til ungdom. Utifrå resultata frå NOVA-undersøkinga såg regjeringa Stoltenberg eit behov for å setje iverk strakstiltak, særleg retta mot unge homofile og lesbiske. Det blei i 2000 løyvd 200 000 kroner til ein sommarleir, og 100 000 kroner til Homofiles Ungdomstelefon.

1.11.4 Tiltak

Regjeringa ser på arbeidet til Landsforeningen for lesbisk og homofil frigjøring, LLH, som svært viktig for å betre levekåra for lesbiske og homofile i samfunnet. LLH verkar gjennom sitt arbeid med til meir opne haldningar omkring og aksept av homofili, og organisasjonen har ein viktig funksjon som "vaktbikkje" for å hindre diskriminering og usynleggjering av homofile. LLH har ein spesielt viktig funksjon overfor ungdom som har ei lesbisk eller homofil orientering, ved at organisasjonen driv informasjon, skolering og kontaktarbeid.

Desse støtteordningane vil bli førde vidare og styrkte:

  • – I statsbudsjettet for 2001 er det sett opp ein eigen budsjettpost til tiltak for lesbiske og homofile på 1,1 mill. kroner. Støtta vil bli auka frå 2002. Auken vil dels gå til drift av Landsforeningen for lesbisk og homofil frigjøring (LLH), dels til tiltak retta mot homofile og lesbiske utanfor dei store byane og dels til å styrkje LLH sin posisjon som talsperson og rådgjevingsinstans for homofile og lesbiske. Eit av formåla er å styrkje det arbeidet LLH driv mot diskriminering.

  • – LLH vil også i åra framover motta tilskot til frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar for å drive ungdomsarbeid, så sant organisasjonen oppfyller kriteria for slikt tilskot.

1.12 Økonomiske og administrative konsekvensar

Når det gjeld dei økonomiske sidene, vil fleire av tiltaka som er presenterte, bli finansierte over dei ordinære budsjetta for dei enkelte departementa. Dette gjeld mellom anna Oppfølgingsplanen for psykisk helse, vidareføringa av Handlingsplanane mot sjølvmord og mot HIV/AIDS når det gjeld Sosial- og helsedepartementet. Derimot vil dei informasjonsopplegga som det kjem framlegg om, styrkinga av LLH, og den auka satsinga på forsking om homofile og lesbiske, krevje auka midlar over statsbudsjettet.