Lov av 11.april 1980 om målbruk i offentleg
teneste fastset at det minst kvart fjerde år skal leggjast
fram ei stortingsmelding om dette temaet.
Meininga med det nemnde lovpålegget
er at Stortinget med jamne mellomrom skal få høve
til å drøfta korleis det står til med
tilhøvet mellom bruk av nynorsk og bokmål i staten,
med utgangspunkt i det tilsynsarbeidet Kulturdepartementet har ansvaret
for.
Faneparagrafen i mållova slår
fast at bokmål og nynorsk er likeverdige målformer
og skal vera jamstelte skriftspråk i alle organ for stat,
fylkeskommune og kommune. Dei nærmare reglane i lova gjeld
likevel berre for statstenesta, ikkje i kommunar og fylkeskommunar.
Regelverket om målbruk i staten kan enkelt sorterast i
to delar etter kva prinsipp reglane byggjer på.
Det eine prinsippet kjem til uttrykk ved at
det er målforma til eit lågare statleg forvaltningsorgan,
ein kommune, ein fylkeskommune eller ein privat part som eit statsorgan
må retta seg etter i den skriftlege kommunikasjonen sin
med desse. Tilsvarande må eit statsorgan i allment informasjonstilfang
som i innhald eller med basis i tenestekrinsen til organet har særleg
tilknyting til eit avgrensa geografisk område, retta seg
etter den eventuelle fleirtalsmålforma som gjeld for dette
området.
Det andre prinsippet går ut på at
eit statsorgan som hovudregel skal veksla mellom målformene
i allment informasjonstilfang som ikkje er knytt til eit geografisk avgrensa
område med fleirtalsmålform, slik at det over tid
blir ei rimeleg kvantitativ fordeling mellom målformene.
For statsorgan som dekkjer heile landet, skal det for tilfang som
ikkje gjeld eit geografisk avgrensa område, vera minst
25 pst. av begge målformene.
Meldinga frå 1997 hadde eit breiare
perspektiv enn det som er strengt nødvendig etter lova.
Ho tok opp verksemda i Norsk språkråd, fleire
aspekt ved temaet språk og teknologi, og ho drøfta
følgjene av den tiltakande fristillinga av statleg verksemd
for reguleringa av tilhøvet mellom bokmål og nynorsk.
Desse og andre språkpolitiske spørsmål
vil det vera naturleg å arbeida vidare med innanfor ramma
av ei seinare kulturmelding. Vi viser her til at presset på norsk
språk og kultur i kjølvatnet av globaliseringa
og den teknologiske utviklinga var eit tema som spesielt vart trekt
fram da familie-, kultur- og administrasjonskomiteen i 1999 bad
departementet ta til å førebu grunnlaget for ei
ny kulturmelding. I den meldinga som no ligg føre, vil
dei nemnde spørsmåla berre bli behandla så langt
det gjeld status og vidare prosedyre.
Innleiingvis vil departementet likevel skissera
nokre overordna språkpolitiske mål og kort drøfta
dei generelle rammene for ein samla offentleg språkpolitikk.
Det er eit språkpolitisk mål å hindra
ei utvikling mot berre eitt norsk skriftmål her i landet,
slik at nynorsk kan tryggja og styrkja posisjonen sin både
som eit levande bruksspråk og som eit likeverdig offisielt skriftmål
ved sida av bokmål.
Med dei utfordringane vi ser i kjølvatnet
av internasjonaliseringa og den teknologiske utviklinga, må vi
i tillegg stilla opp som det overordna språkpolitiske målet å verna
og styrkja norsk språk i det heile, slik at både
bokmål og nynorsk kan bestå som fullverdige bruksspråk
i alle delar av samfunnslivet, inn i det nye informasjonssamfunnet.
I Noreg er bokmål og nynorsk språklege
uttrykk for to ulike tradisjonar, to ulike kulturar, som opphavleg stod
mot kvarandre og kjempa om nasjonalt hegemoni.
Gradvis er konfliktelementet i desse sosiale
og kulturelle motsetnadene nedtona, og bokmål og nynorsk
må i dag oppfattast som integrerte delar i ein nasjonal
felleskultur, som eit uttrykk for eit kulturelt mangfald som det
ville vera eit stort tap å gi avkall på.
Jamvel om tilnærming mellom bokmål
og nynorsk ikkje lenger er aktuell normeringspolitikk, må vi
rekna med at målformene framleis vil påverka kvarandre
på ulike måtar, mellom anna i ordtilfang og ordleggingsmåte.
Den viktigaste typen av verkemiddel i ein offentleg språkpolitikk
vil vera avgrensa til å forma rammevilkår av ulike
slag som gjer at språket har eit godt jordsmonn å veksa
i. Skal eit språk haldast i hevd, må det brukast, og
faren for at norsk som det naturlege bruksspråk blant nordmenn
etter kvart vil bli trengd til sides av engelsk innanfor sentrale
delar av samfunnslivet, synest i dag å framstå som
den største utfordringa. I fleire samanhengar vil nynorsk
vera særleg utsett i så måte, fordi dette
er den minst utbreidde målforma, og fordi det av den grunn
er meir krevjande å sikra gode rammevilkår.
Tradisjonelt har uttrykket språkvern
vore nytta om det å forsvara eit språk mot det
presset som kjem utanfrå, medan språkdyrking meir
gir assosiasjonar i retning av tiltak for å utvikla språket
innanfrå. Begge desse omgrepa er nytta i lov om Norsk språkråd
frå 1971, der det i innleiinga heiter at det skal "opprettes
et råd for språkvern og språkdyrking".
Departementet meiner at formuleringane i lova
framleis dekkjer ganske godt det som bør vera innhaldet
i ein språkpolitikk for framtida. Det kan likevel hevdast at
det ligg noko visst defensivt i uttrykket språkvern, og
at språkstyrking vil vera ei betre programerklæring.
Arbeidet for styrking av norsk språk
må i utgangspunktet byggja på eit føre-var-prinsipp.
Den handlingsplanen Norsk språkråd har sett i
verk for å styrkja norsk språk, og som er spekka
med aktuelle tiltak, vil vera ein viktig reiskap i det vidare arbeidet.
Eit kjernepunkt i reguleringa av tilhøvet
mellom bokmål og nynorsk i staten er påbodet om
minst 25 pst. av kvar målform i utoverretta informasjonstilfang. Kravet
skal sikra at nynorsk blir så mykje brukt at det kan representera
ei viss motvekt til den generelle bokmålsdominansen, og
må sjåast i ein større språkpolitisk samanheng.
Målet er at nynorsk kan tryggja og
styrkja posisjonen sin både som eit levande bruksspråk
og som eit likeverdig offisielt skriftmål. Samstundes er
det overordna målet å verna og styrkja norsk språk
i det heile, slik at både bokmål og nynorsk kan
bestå som fullverdige bruksspråk i alle delar
av samfunnslivet, inn i det nye informasjonssamfunnet. Det generelle
grunnlagsdokumentet i dette arbeidet er den Plan for styrking av
norsk språk som Norsk språkråd vedtok
på rådsmøtet sitt i 2001.
Det forskriftsfesta tilsynet med målbruksreglane
vil framleis bli organisert slik at Kulturdepartementet held auge
med dei andre departementa, medan Norsk språkråd
innhentar og følgjer opp målbruksrapportar frå andre
statsorgan.
Det vart brukt noko meir nynorsk i stortingsdokument
i åra 1997-2000 sett under eitt enn i perioden før, men
framleis var det berre knapt 15 pst. nynorsk rekna etter samla sidetal.
Siktemålet for tilsynsarbeidet er at
alle statsorgana skal oppfylla minstekravet om 25 pst. av kvar målform fult
ut. Utforming av konkrete tiltak må ta utgangspunkt i at
målbruksreguleringa føreset respekt og godvilje
for begge målformer, at all røynsle viser at tilsynsarbeidet
nyttar, at særleg fagdepartementa må ansvarleggjerast,
at kontrollaspektet i tilsynsarbeidet bør supplerast med
fleire positive stimuleringstiltak, at det noverande lovgrunnlaget
for målbruk innanfor statsforvaltninga i hovudsak bør
stå ved lag, og at det er avgjerande at det framleis er
ei plikt for den enkelte tilsette å skriva både
bokmål og nynorsk.
På dette grunnlaget vil det bli lagt
til rette for ein ny giv for nynorsk målbruk i staten,
ikkje ved å ta i bruk negative sanksjonar, men ved eit
meir breispektra sett av verkemiddel, mellom anna med tilbod om
hjelp til omsetjing, skriving og språkvask av større
dokument. Departementet vil etablera ei språkkonsulentteneste knytt
til sekretariatet i Norsk språkråd. Saman med Norsk
språkråd vil departementet setja i gang eit treårig
satsingsprosjekt der leiarengasjement, nynorskopplæring
og etablering av faste rutinar for veksling mellom målformene
vil vera sentrale element.
Departementet vil arbeida vidare med spørsmål
som gjeld verkeområdet for mållova, tilhøvet
mellom språk og teknologi og ei omlegging av Norsk språkråd
til eit meir utoverretta kompetanseorgan for norsk språk
og vil koma tilbake til desse spørsmåla i ei seinare
generell kulturmelding. Elles vil departementet raskt koma tilbake
til Stortinget med framlegg om å oppheva føresegna
i lov om Norsk språkråd om å støtta
opp under utviklingstendensar som på sikt fører
målformene nærmare saman.
Kravet om minst 25 pst. av kvar målform
vart forskriftsfesta i 1988. Likevel er det enno dei færraste statsorgana
som kan dokumentera at dei kjem opp i minst 25 pst. nynorsk. I Innst.
S. nr. 174 (1997-1998) uttalte fleirtalet i familie-, kultur- og
administrasjonskomiteen, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet,
at dei kvantitative minstekrava i mållova må oppfyllast.
Eit anna fleirtal, alle unnateke Framstegspartiet og Høgre,
slo fast at det er eit felles nasjonalt ansvar å sikra
og styrkja nynorsk språk. Dette fleirtalet meinte at mållova
er heilt sentral for vår evne til å ta vare på kulturarven
og identiteten vår.
Vi kan slå fast at jamvel om ein enno
berre unntaksvis har nådd opp i minstekravet på 25
pst. nynorsk i sentralt informasjonstilfang, er nynorskbruken i
staten i dag klart større enn før dette kravet
vart forskriftsfesta i 1988. Til gjengjeld har det i denne perioden
skjedd ei innsnevring av det som uomtvisteleg blir oppfatta som ein
arena for statleg målbruk. I den grad til dømes
organisatorisk fristilling av forvaltningsverksemder også fører
til ei språkleg fristilling, vil noko av krafta gå ut av
mållova som språkpolitisk og kulturpolitisk verkemiddel.
Føresetnaden for å koma fram
til ei rimeleg avklaring av kva verkeområde målbruksreguleringa
bør ha, er at mållova blir lojalt etterlevd av
alle statsorgan som organisatorisk høyrer til innanfor
statsforvaltninga.
Departementet skisserer i meldinga det prinsipielle grunnlaget
for arbeidet vidare og for utforming av meir konkrete tiltak:
(1) Mållova er eit avgjerande verkemiddel
for å realisera det overordna språkpolitiske målet
om å styrkja norsk språk som levande bruksspråk
i alle delar av samfunnslivet, vel å merkja norsk språk
definert som summen av to likeverdige målformer som utgjer
integrerte delar av ein nasjonal felleskultur. Dette krev at nynorsk
blir brukt i eit omfang som gjer at målforma er godt synleg
i det offentlege rommet, og slik at nynorsk kan utvikla seg som
eit levande bruksspråk over eit breitt område.
(2) Reglane i mållova og særleg
prinsippet om veksling mellom målformene byggjer dessutan
på ein føresetnad om respekt og godvilje for begge
målformer, både hos dei tilsette i staten, som
skal praktisera reglane, og hos det allmenne publikum. Følgjeleg
er det fyrst og fremst positive verkemiddel og stimuleringstiltak
som må takast i bruk for å fremja ein offentleg
målbruk i samsvar med lova.
(3) Det kan registrerast ein markert auke i
nynorskbruken i dei periodane og på dei områda
der tilsynsarbeidet har vore mest aktivt. I røynda er det
sidan 1993-94 oppnådd mykje i høve til ressursbruken.
Departementet har ikkje nytta meir enn om lag 40 pst. av eit årsverk
på det meste, og Norsk språkråd opplyser å ha nytta
eit heilt årsverk i 1999, men har elles ikkje vore oppe
i meir enn eit halvt årsverk. Det er såleis ei
grunnleggjande røynsle at tilsynsarbeidet nyttar, og det
er ein klar samanheng mellom dei ressursane som blir sette inn i
arbeidet, og dei resultata ein kan visa til.
(4) Den mest effektive ressursbruken oppnår
ein likevel når kvart enkelt organ oppfyller pliktene sine utan
kontroll utanfrå. Det bør leggjast vekt på å innarbeida
gode og stabile rutinar, slik at omfanget av nynorskbruken ikkje
blir så avhengig av tilsynsarbeidet og dei ressursane som
til kvar tid kan setjast av til dette. Det er med andre ord eit
klart behov for å ansvarleggjera kvart enkelt statsorgan
og særleg dei enkelte fagdepartementa.
(5) Likevel er det ei grunnleggjande røynsle
at tilsynsarbeidet er heilt nødvendig dersom ein skal ha
von om at reglane blir etterlevde. Innhenting av rapportar om faktisk
målbruk og individuell oppfølging må difor liggja
i botnen. I dette er det nødvendigvis eit visst innslag
av kontroll, men det omfattar også mykje råd og rettleiing.
Departementet vurderer det slik at det ikkje er grunnlag for å redusera
kontrollaspektet, men føreset at ein auke i tilsynsaktiviteten
må skje i form av meir hjelp og rettleiing og andre positive
aktivitetar, dvs. at ein tek i bruk eit breiare spekter av verkemiddel enn
det ein har kunna gjera dei seinare åra.
(6) For statstilknytte institusjonar og verksemder utanfor
statsforvaltninga kan det vera aktuelt å vurdera eit enklare
og mindre omfattande regelsett enn summen av reglane i gjeldande
lov og forskrift. Det kan også elles koma på tale å vurdera
moglege lovtekniske justeringar. Departementet ser derimot ikkje
behov for større substansielle endringar når det
gjeld regulering av målbruken innanfor statsforvaltninga.
(7) All regulering av statleg målbruk
innanfor og utanfor forvaltninga byggjer på den føresetnaden
at dei tilsette er i stand til å skriva begge målformene,
i alle fall så pass godt at dei ved gjensidig hjelp og
om nødvendig med supplerande opplæring kan prestera
akseptable tekstar også på sidemålet.
Departementet ser det som ein avgjerande føresetnad for å kunna
handheva dei andre målbruksreglane innanfor statsforvaltninga at
det framleis skal vera ei plikt etter lova at den enkelte tilsette
skal bruka både bokmål og nynorsk. Det fundamentet
som dette lovkravet i praksis byggjer på, er den obligatoriske
sidemålsundervisninga i skolen.
I Innst. S. nr. 174 (1997-1998) uttalte eit
fleirtal i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen, alle utanom
medlemene frå Framstegspartiet og Høgre, at det
trongst fleire sanksjonsrådgjerder, og at sanksjonar såg
ut til å vera nødvendige både for å få inn
rapportar i rett tid og i samband med brot på lova.
Departementet kan godt skjøna at både
vanskane med å få inn rapportar frå mange
statsorgan, og det at mange organ stadig synest å sjå meir
eller mindre bort frå målbruksreglane trass i årvisse
påminningar, kan gjera sitt til at ein av og til ønskjer
at ein i tilsynsarbeidet kunne setja makt bak krava, eventuelt også i
form av direkte tvangs- eller straffetiltak. Sanksjonar o.l. vil skapa
negative haldningar og gå mest ut over den målforma
som har den veikaste posisjonen. Den framgangen som trass alt har
vore i det statlege måljamstellingsarbeidet, tilseier heller
ikkje at det er tid for å eksperimentera med slike verkemiddel.
Departementet finn det difor ikkje aktuelt no å vurdera
den typen straffe- eller tvangstiltak som ein lett kan koma til å tenkja
på når ordet sanksjonar blir nemnt.
Hovudgrepet for å skapa ein ny giv
i nynorskbruken i staten må i staden vera å leggja
enno større kraft i å utfylla kontrollaspektet
med ymse former for støtte- og hjelpetiltak, mellom anna
tilbod om hjelp til omsetjing, skriving eller språkvask
i samband med utforming av større tekstar og dokument.
Det blir òg viktig å leggja tilhøva til
rette slik at det blir enklare for dei statstilsette å bruka
nynorsk, t.d. ved elektroniske skriveverktøy av ymse slag.
Siktemålet må vera å byggja
opp under positive språkhaldningar og leggja vekt på at
arbeidet med språket i staten har ein kulturdimensjon ved
seg som kjem i tillegg til at det skal ivareta behovet for effektiv kommunikasjon.
Nøkkelen til å oppfylla kravet
om minst 25 pst. nynorsk er at det finst instruksbaserte registrerings-
og samordningsrutinar internt i det enkelte organet. Det er framleis
departementet si vurdering, slik det vart slått fast i
den førre språkmeldinga, at om ikkje dette ligg
i botnen, nyttar det lite med andre tiltak og planar. I samsvar
med det som vart varsla den gongen, og som familie-, kultur- og
administrasjonskomiteen slutta seg til i Innst. S. nr. 174 (1997-1998),
har departementet vurdert om det bør takast inn i forskrifta
eit påbod om å etablera slike rutinar.
Departementet har førebels kome til
at det likevel ikkje er sikkert at eit nytt påbod er vegen å gå så lenge problemet
nettopp er at det ikkje er stor nok respekt for dei krav og påbod
som alt finst i regelverket.
Saman med tanken om eit påbod i forskrifta
er det elles peikt på behovet for nærmare retningslinjer
for korleis dei interne rutinane kunne vera. Råd og rettleiing
om dette har vore eit sentralt element i det tilsyns- og oppfølgingsarbeidet
Norsk språkråd har drive dei siste åra,
og det er avgjerande at dette arbeidet held fram.
I brev av 22.juni 1998 til departementet gjorde
styret i Norsk språkråd framlegg om at det vart
teke inn i §1 i forskrifta eit punkt om at sentrale statsorgan
har plikt til å levera rapport om målbruken innan 31.januar
kvart år. Dette har departementet førebels vurdert
på same måten som spørsmålet
om rutinepåbod, men også rapporteringspåbod
kan det bli nødvendig å vurdera på nytt
i samband med ei samla regelverksjustering i kjølvatnet
av meldinga.
I fyrste omgang vil departementet i staden leggja større
vekt på å ansvarleggjera kvart enkelt statsorgan, særleg
fagdepartementa. Departementet vil vurdera nærmare ulike
tiltak for korleis dette kan gjerast. Det er nødvendig
at departementa meir jamleg må gjera greie for sin eigen
målbruk.
Det er meir effektiv ressursbruk dersom ein
får kvart departement til å halda jamleg oversyn
med sin eigen målbruk i staden for at mykje av oppfølginga
blir basert på etterfølgjande kontroll frå eit
tilsynsorgan.
Departementet og Norsk språkråd
vil halda fram praksisen med ei samla offentleggjering av den årlege målbruksstatistikken.
Vi viser til det som vart sagt om dette i den førre meldinga
og i merknaden frå fleirtalet i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen
i Innst. S. nr. 174 (1997-1998).
Departementet har etter kvart kome til at det
er behov for å vurdera nærmare korleis opplæringsfunksjonen knytta
til norsk i statsforvaltninga, særleg nynorsk, bør innrettast.
Vurderinga no er at denne funksjonen bør
inngå som ein integrert del av tilsynsarbeidet og i større
grad enn tidlegare tenkt ha karakter av ei språkkonsulentteneste, slik
at opplæringselementet blir nøye knytt til konkret arbeid
med utforming av tekstar for statsorgan som har hatt særlege
problem med å fylla nynorskkvoten i eigen språkbruk.
Departementet vil difor etablera ei slik konsulentteneste i tilknyting
til sekretariatet i Norsk språkråd. Etter departementet
si vurdering vil dette vera eit overlag viktig tiltak og på mange
måtar vil innebera ei nyvinning for språkarbeidet
i staten.
Med utgangspunkt i prinsippa, styrkingstiltaka
og justeringane som det er gjort greie for ovanfor, vil departementet
saman med Norsk språkråd setja i gang eit satsingsprosjekt
over tre år. Siktemålet vil vera at det store
fleirtalet av statsorgan ved slutten av prosjektet skal oppfylla
målbruksreglane fullt ut.
Etter kvart som tidlegare offentleg verksemd
tek nye organisatoriske former, vil målbruksreguleringa
som kulturpolitisk instrument få stadig mindre å seia
dersom ho heilt skulle avgrensast til å femna om berre
den målbruken som skjer innanfor den tradisjonelle forvaltninga.
Rettsleg sett er det i dag uklart i kva grad
mållova gjeld for tidlegare forvaltningsbedrifter og forvaltningsorgan
som no er fristilte og organiserte som eigne rettssubjekt, likeins
for ulike typar verksemd som staten har skipa frå grunnen
av på utsida av forvaltninga. Kjenneteiknet for dette konglomeratet
av selskap, stiftingar o.l. er at tilknytinga til staten er meir
eller mindre klart til stades, sjølv om det ikkje er ein
del av forvaltninga i trong meining.
Ei arbeidsgruppe har sett nærmare på dette,
men har ikkje kome med eit konkret framlegg til løysing. Arbeidsgruppa
har skissert ulike alternativ for å avgrensa i kva grad
målbruksreguleringa kan gjerast gjeldande for statstilknytte
institusjonar og verksemder av ulike slag.
Vanskane med å finna fram til rimelege
avgrensingar i gråsona mellom offentleg og privat verksemd
gjeld ikkje berre mållova. Tilsvarande spørsmål
gjer seg gjeldande også for offentlegrettsleg lovgiving
meir generelt. Mellom anna er det ein del av mandatet for eit offentleg
utval nedsett av Justisdepartementet i desember 1999 å vurdera
korleis verkeområdet for lova om offentleg innsyn kan avgrensast
i høve til tradisjonell offentleg forvaltning som blir
skild ut frå den ordinære forvaltninga.
Grensene treng ikkje trekkjast parallelt for
mållova og lova om offentleg innsyn, for lovene har ulikt
formål. Likevel kan det vera uheldig å ta standpunkt
til verkeområdet for mållova heilt uavhengig av
den utgreiinga som no skjer i høve til lova om offentleg innsyn.
Dette utvalsarbeidet skal etter planen avsluttast innan 1. juli
2002. Departementet vil difor arbeida vidare med denne saka og vil
koma tilbake til spørsmålet i ei seinare generell
kulturmelding.
I mellomtida rår departementet til
at utskilde selskap og andre organ der det er rettsleg tvil, så langt
råd er følgjer tilsvarande prinsipp for målbruken
sin som dei som ligg til grunn for mållova.
Det at stadig meir av språkproduksjonen
og den språklege kommunikasjonen blir teknologibasert,
reiser mange nye språkpolitiske problemstillingar og tenderer òg
til å utvida den språkpolitiske arenaen. Språkmeldinga
frå 1997 peikte på at det trongst eit offensivt handlingsprogram
der både juridiske, administrative, språkteknologiske
og økonomiske verkemiddel vart tekne i bruk.
Det målet som vart skissert, var å kunna
gi både nynorsk- og bokmålsbrukarane gode reiskapar
til støtte for språkbehandling og å tilby
relevante informasjonstenester o.l. på begge
målformer. Det vart òg vist til eit framlegg i
Kulturdepartementets handlingsplan for IT på kulturområdet
frå 1997 om å skipa eit sekretariat for språkteknikk.
Departementet har vurdert det foreslåtte
sekretariatet for språkteknikk som eit nødvendig
steg på vegen for å koma vidare i arbeidet for
norsk språk i informasjonssamfunnet. Sekretariatet kom
i operativ funksjon sommaren 2000 og vart knytt til sekretariatet
i Norsk språkråd. Det er førebels dimensjonert
til to årsverk.
Det nye sekretariatet fekk gjennom Norsk språkråd
i fyrste omgang i oppgåve å utarbeida ein handlingsplan for
norsk språk og IKT. Eit utkast låg føre
i januar 2001, og etter gjennomgang i ei interdepartemental referansegruppe
vart den endelege planen presentert i juni 2001. Her er det formulert
følgjande åtte mål:
1. Det språklege
mangfaldet i Noreg, Norden og Europa elles skal tryggjast i informasjonssamfunnet.
2. I Noreg skal IKT-baserte produkt og
tenester ha norskspråkleg brukargrensesnitt og vera tufta
på kunnskapar om norsk tale og dei to skriftformene våre.
3. Alle med norsk som morsmål
skal ha lik tilgang til slike norskspråklege produkt og
tenester og til å skaffa seg den kompetansen som krevst
for å ha nytte av tilbodet.
4. Mengda av norskspråkleg programvare
må aukast, særleg programvare på nynorsk.
5. Føresegnene i opplæringslova
om språklege parallellutgåver av elektroniske
læremiddel må oppfyllast i praksis.
6. Norsk språkteknologi må tuftast
på kunnskap om og forsking i norsk språk (bokmål,
nynorsk og dialektar) og relevant teknologi.
7. Noreg skal vera aktiv deltakar i det
nordiske og vidare europeiske samarbeidet innanfor språkteknologi.
8. Standardisert norsk IKT-terminologi
må utviklast og stillast til rådvelde.
Både før og etter at planen
vart lagd fram, har det vore arbeidt meir substansielt med særleg
to hovudspørsmål. Det eine er korleis staten skal
bruka marknadsmakta si til å syta for at dei
vanlege dataprogramma skal vera å få både
i ein nynorsk- og ein bokmålsversjon. Det andre er korleis
ein skal gå fram for å få bygd opp ein
såkalla språkbank, dvs. ei samling av norske språkressursar
i form av store mengder tekst og tale som er elektronisk lagra og
tilrettelagde for ulike typar bruk og gjenbruk, særleg
tenkt nytta til utvikling av språkteknologiske produkt
på norsk.
Departementet vil i samarbeid med Norsk språkråd og
andre relevante aktørar arbeida vidare med dei nemnde spørsmåla
og koma tilbake til desse mellom anna i ei seinare generell kulturmelding.
Departementet vil arbeida vidare med å utgreia
ei omlegging av Norsk språkråd i retning av eit
meir utoverretta kompetanseorgan for norsk språk, med større
vekt på rettleiing og informasjon og haldningsskapande
arbeid. Dette må òg sjåast i samanheng
med skipinga av ei statleg språkkonsulentteneste som foreslått
ovanfor og ideen om ein statleg språkkommisjon. Departementet
vil koma tilbake til saka i ei seinare generell kulturmelding.
Som ein del av arbeidet med å førebu
ei slik omlegging vil likevel departementet raskt koma tilbake til Stortinget
med framlegg om å oppheva føresegna i lov om Norsk
språkråd om å støtta opp under
utviklingstendensar som på sikt fører målformene
nærmare saman. Dette vart også omtalt i meldinga
frå 1997, og lovparagrafen er ikkje lenger i samsvar med
den faktiske normeringsutviklinga dei siste tiåra. Å oppheva den
sovande lovparagrafen vil likevel vera ei viktig symbolhandling.
Det inneber ei endeleg stadfesting av at den såkalla tilnærmingslinja
i forholdet mellom bokmål og nynorsk ikkje lenger er aktuell
normeringspolitikk.
Dei økonomiske konsekvensane avgrensar
seg til skipinga av ei statleg språkkonsulentteneste, førebels kostnadsrekna
til om lag 3 mill. kroner. Reint administrativt vil tenesta bli
knytt til Norsk språkråd. Dette prosjektet og
dei andre tiltaka vil elles kunna gjennomførast innanfor
etablerte organisatoriske og budsjettmessige rammer.