Innstilling frå familie-, kultur- og administrasjonskomiteen om målbruk i offentleg teneste

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 109 (2001-2002)
  • Kjeldedokument: St.meld. nr. 9 (2001-2002)
  • Dato: 07.03.2002
  • Utgjevar: Familie-, kultur- og administrasjonskomiteen
  • Sidetal: 8

Til Stortinget

1. Samandrag

1.1 Innleiing

1.1.1 Bakgrunn og innhald

Lov av 11.april 1980 om målbruk i offentleg teneste fastset at det minst kvart fjerde år skal leggjast fram ei stortingsmelding om dette temaet.

Meininga med det nemnde lovpålegget er at Stortinget med jamne mellomrom skal få høve til å drøfta korleis det står til med tilhøvet mellom bruk av nynorsk og bokmål i staten, med utgangspunkt i det tilsynsarbeidet Kulturdepartementet har ansvaret for.

Faneparagrafen i mållova slår fast at bokmål og nynorsk er likeverdige målformer og skal vera jamstelte skriftspråk i alle organ for stat, fylkeskommune og kommune. Dei nærmare reglane i lova gjeld likevel berre for statstenesta, ikkje i kommunar og fylkeskommunar. Regelverket om målbruk i staten kan enkelt sorterast i to delar etter kva prinsipp reglane byggjer på.

Det eine prinsippet kjem til uttrykk ved at det er målforma til eit lågare statleg forvaltningsorgan, ein kommune, ein fylkeskommune eller ein privat part som eit statsorgan må retta seg etter i den skriftlege kommunikasjonen sin med desse. Tilsvarande må eit statsorgan i allment informasjonstilfang som i innhald eller med basis i tenestekrinsen til organet har særleg tilknyting til eit avgrensa geografisk område, retta seg etter den eventuelle fleirtalsmålforma som gjeld for dette området.

Det andre prinsippet går ut på at eit statsorgan som hovudregel skal veksla mellom målformene i allment informasjonstilfang som ikkje er knytt til eit geografisk avgrensa område med fleirtalsmålform, slik at det over tid blir ei rimeleg kvantitativ fordeling mellom målformene. For statsorgan som dekkjer heile landet, skal det for tilfang som ikkje gjeld eit geografisk avgrensa område, vera minst 25 pst. av begge målformene.

Meldinga frå 1997 hadde eit breiare perspektiv enn det som er strengt nødvendig etter lova. Ho tok opp verksemda i Norsk språkråd, fleire aspekt ved temaet språk og teknologi, og ho drøfta følgjene av den tiltakande fristillinga av statleg verksemd for reguleringa av tilhøvet mellom bokmål og nynorsk.

Desse og andre språkpolitiske spørsmål vil det vera naturleg å arbeida vidare med innanfor ramma av ei seinare kulturmelding. Vi viser her til at presset på norsk språk og kultur i kjølvatnet av globaliseringa og den teknologiske utviklinga var eit tema som spesielt vart trekt fram da familie-, kultur- og administrasjonskomiteen i 1999 bad departementet ta til å førebu grunnlaget for ei ny kulturmelding. I den meldinga som no ligg føre, vil dei nemnde spørsmåla berre bli behandla så langt det gjeld status og vidare prosedyre.

Innleiingvis vil departementet likevel skissera nokre overordna språkpolitiske mål og kort drøfta dei generelle rammene for ein samla offentleg språkpolitikk.

1.1.2 Mål og rammer for språkpolitikken

Det er eit språkpolitisk mål å hindra ei utvikling mot berre eitt norsk skriftmål her i landet, slik at nynorsk kan tryggja og styrkja posisjonen sin både som eit levande bruksspråk og som eit likeverdig offisielt skriftmål ved sida av bokmål.

Med dei utfordringane vi ser i kjølvatnet av internasjonaliseringa og den teknologiske utviklinga, må vi i tillegg stilla opp som det overordna språkpolitiske målet å verna og styrkja norsk språk i det heile, slik at både bokmål og nynorsk kan bestå som fullverdige bruksspråk i alle delar av samfunnslivet, inn i det nye informasjonssamfunnet.

I Noreg er bokmål og nynorsk språklege uttrykk for to ulike tradisjonar, to ulike kulturar, som opphavleg stod mot kvarandre og kjempa om nasjonalt hegemoni.

Gradvis er konfliktelementet i desse sosiale og kulturelle motsetnadene nedtona, og bokmål og nynorsk må i dag oppfattast som integrerte delar i ein nasjonal felleskultur, som eit uttrykk for eit kulturelt mangfald som det ville vera eit stort tap å gi avkall på.

Jamvel om tilnærming mellom bokmål og nynorsk ikkje lenger er aktuell normeringspolitikk, må vi rekna med at målformene framleis vil påverka kvarandre på ulike måtar, mellom anna i ordtilfang og ordleggingsmåte.

Den viktigaste typen av verkemiddel i ein offentleg språkpolitikk vil vera avgrensa til å forma rammevilkår av ulike slag som gjer at språket har eit godt jordsmonn å veksa i. Skal eit språk haldast i hevd, må det brukast, og faren for at norsk som det naturlege bruksspråk blant nordmenn etter kvart vil bli trengd til sides av engelsk innanfor sentrale delar av samfunnslivet, synest i dag å framstå som den største utfordringa. I fleire samanhengar vil nynorsk vera særleg utsett i så måte, fordi dette er den minst utbreidde målforma, og fordi det av den grunn er meir krevjande å sikra gode rammevilkår.

Tradisjonelt har uttrykket språkvern vore nytta om det å forsvara eit språk mot det presset som kjem utanfrå, medan språkdyrking meir gir assosiasjonar i retning av tiltak for å utvikla språket innanfrå. Begge desse omgrepa er nytta i lov om Norsk språkråd frå 1971, der det i innleiinga heiter at det skal "opprettes et råd for språkvern og språkdyrking".

Departementet meiner at formuleringane i lova framleis dekkjer ganske godt det som bør vera innhaldet i ein språkpolitikk for framtida. Det kan likevel hevdast at det ligg noko visst defensivt i uttrykket språkvern, og at språkstyrking vil vera ei betre programerklæring.

Arbeidet for styrking av norsk språk må i utgangspunktet byggja på eit føre-var-prinsipp. Den handlingsplanen Norsk språkråd har sett i verk for å styrkja norsk språk, og som er spekka med aktuelle tiltak, vil vera ein viktig reiskap i det vidare arbeidet.

1.2 Samandrag

Eit kjernepunkt i reguleringa av tilhøvet mellom bokmål og nynorsk i staten er påbodet om minst 25 pst. av kvar målform i utoverretta informasjonstilfang. Kravet skal sikra at nynorsk blir så mykje brukt at det kan representera ei viss motvekt til den generelle bokmålsdominansen, og må sjåast i ein større språkpolitisk samanheng.

Målet er at nynorsk kan tryggja og styrkja posisjonen sin både som eit levande bruksspråk og som eit likeverdig offisielt skriftmål. Samstundes er det overordna målet å verna og styrkja norsk språk i det heile, slik at både bokmål og nynorsk kan bestå som fullverdige bruksspråk i alle delar av samfunnslivet, inn i det nye informasjonssamfunnet. Det generelle grunnlagsdokumentet i dette arbeidet er den Plan for styrking av norsk språk som Norsk språkråd vedtok på rådsmøtet sitt i 2001.

Det forskriftsfesta tilsynet med målbruksreglane vil framleis bli organisert slik at Kulturdepartementet held auge med dei andre departementa, medan Norsk språkråd innhentar og følgjer opp målbruksrapportar frå andre statsorgan.

Det vart brukt noko meir nynorsk i stortingsdokument i åra 1997-2000 sett under eitt enn i perioden før, men framleis var det berre knapt 15 pst. nynorsk rekna etter samla sidetal.

Siktemålet for tilsynsarbeidet er at alle statsorgana skal oppfylla minstekravet om 25 pst. av kvar målform fult ut. Utforming av konkrete tiltak må ta utgangspunkt i at målbruksreguleringa føreset respekt og godvilje for begge målformer, at all røynsle viser at tilsynsarbeidet nyttar, at særleg fagdepartementa må ansvarleggjerast, at kontrollaspektet i tilsynsarbeidet bør supplerast med fleire positive stimuleringstiltak, at det noverande lovgrunnlaget for målbruk innanfor statsforvaltninga i hovudsak bør stå ved lag, og at det er avgjerande at det framleis er ei plikt for den enkelte tilsette å skriva både bokmål og nynorsk.

På dette grunnlaget vil det bli lagt til rette for ein ny giv for nynorsk målbruk i staten, ikkje ved å ta i bruk negative sanksjonar, men ved eit meir breispektra sett av verkemiddel, mellom anna med tilbod om hjelp til omsetjing, skriving og språkvask av større dokument. Departementet vil etablera ei språkkonsulentteneste knytt til sekretariatet i Norsk språkråd. Saman med Norsk språkråd vil departementet setja i gang eit tre­årig satsingsprosjekt der leiarengasjement, nynorskopplæring og etablering av faste rutinar for veksling mellom målformene vil vera sentrale element.

Departementet vil arbeida vidare med spørsmål som gjeld verkeområdet for mållova, tilhøvet mellom språk og teknologi og ei omlegging av Norsk språkråd til eit meir utoverretta kompetanseorgan for norsk språk og vil koma tilbake til desse spørsmåla i ei seinare generell kulturmelding. Elles vil departementet raskt koma tilbake til Stortinget med framlegg om å oppheva føresegna i lov om Norsk språkråd om å støtta opp under utviklingstendensar som på sikt fører målformene nærmare saman.

1.3 Mål og tiltak for arbeidet framover

1.3.1 Grunnlaget for framtidige tiltak

Kravet om minst 25 pst. av kvar målform vart forskriftsfesta i 1988. Likevel er det enno dei færraste statsorgana som kan dokumentera at dei kjem opp i minst 25 pst. nynorsk. I Innst. S. nr. 174 (1997-1998) uttalte fleirtalet i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, at dei kvantitative minstekrava i mållova må oppfyllast. Eit anna fleirtal, alle unnateke Framstegspartiet og Høgre, slo fast at det er eit felles nasjonalt ansvar å sikra og styrkja nynorsk språk. Dette fleirtalet meinte at mållova er heilt sentral for vår evne til å ta vare på kulturarven og identiteten vår.

Vi kan slå fast at jamvel om ein enno berre unntaksvis har nådd opp i minstekravet på 25 pst. nynorsk i sentralt informasjonstilfang, er nynorskbruken i staten i dag klart større enn før dette kravet vart forskriftsfesta i 1988. Til gjengjeld har det i denne perioden skjedd ei innsnevring av det som uomtvisteleg blir oppfatta som ein arena for statleg målbruk. I den grad til dømes organisatorisk fristilling av forvaltningsverksemder også fører til ei språkleg fristilling, vil noko av krafta gå ut av mållova som språkpolitisk og kulturpolitisk verkemiddel.

Føresetnaden for å koma fram til ei rimeleg avklaring av kva verkeområde målbruksreguleringa bør ha, er at mållova blir lojalt etterlevd av alle statsorgan som organisatorisk høyrer til innanfor statsforvaltninga.

Departementet skisserer i meldinga det prinsipielle grunnlaget for arbeidet vidare og for utforming av meir konkrete tiltak:

(1) Mållova er eit avgjerande verkemiddel for å realisera det overordna språkpolitiske målet om å styrkja norsk språk som levande bruksspråk i alle delar av samfunnslivet, vel å merkja norsk språk definert som summen av to likeverdige målformer som utgjer integrerte delar av ein nasjonal felleskultur. Dette krev at nynorsk blir brukt i eit omfang som gjer at målforma er godt synleg i det offentlege rommet, og slik at nynorsk kan utvikla seg som eit levande bruksspråk over eit breitt område.

(2) Reglane i mållova og særleg prinsippet om veksling mellom målformene byggjer dessutan på ein føresetnad om respekt og godvilje for begge målformer, både hos dei tilsette i staten, som skal praktisera reglane, og hos det allmenne publikum. Følgjeleg er det fyrst og fremst positive verkemiddel og stimuleringstiltak som må takast i bruk for å fremja ein offentleg målbruk i samsvar med lova.

(3) Det kan registrerast ein markert auke i nynorskbruken i dei periodane og på dei områda der tilsynsarbeidet har vore mest aktivt. I røynda er det sidan 1993-94 oppnådd mykje i høve til ressursbruken. Departementet har ikkje nytta meir enn om lag 40 pst. av eit årsverk på det meste, og Norsk språkråd opplyser å ha nytta eit heilt årsverk i 1999, men har elles ikkje vore oppe i meir enn eit halvt årsverk. Det er såleis ei grunnleggjande røynsle at tilsynsarbeidet nyttar, og det er ein klar samanheng mellom dei ressursane som blir sette inn i arbeidet, og dei resultata ein kan visa til.

(4) Den mest effektive ressursbruken oppnår ein likevel når kvart enkelt organ oppfyller pliktene sine utan kontroll utanfrå. Det bør leggjast vekt på å innarbeida gode og stabile rutinar, slik at omfanget av nynorskbruken ikkje blir så avhengig av tilsynsarbeidet og dei ressursane som til kvar tid kan setjast av til dette. Det er med andre ord eit klart behov for å ansvarleggjera kvart enkelt statsorgan og særleg dei enkelte fagdepartementa.

(5) Likevel er det ei grunnleggjande røynsle at tilsynsarbeidet er heilt nødvendig dersom ein skal ha von om at reglane blir etterlevde. Innhenting av rapportar om faktisk målbruk og individuell oppfølging må difor liggja i botnen. I dette er det nødvendigvis eit visst innslag av kontroll, men det omfattar også mykje råd og rettleiing. Departementet vurderer det slik at det ikkje er grunnlag for å redusera kontrollaspektet, men føreset at ein auke i tilsynsaktiviteten må skje i form av meir hjelp og rettleiing og andre positive aktivitetar, dvs. at ein tek i bruk eit breiare spekter av verkemiddel enn det ein har kunna gjera dei seinare åra.

(6) For statstilknytte institusjonar og verksemder utanfor statsforvaltninga kan det vera aktuelt å vurdera eit enklare og mindre omfattande regelsett enn summen av reglane i gjeldande lov og forskrift. Det kan også elles koma på tale å vurdera moglege lovtekniske justeringar. Departementet ser derimot ikkje behov for større substansielle endringar når det gjeld regulering av målbruken innanfor statsforvaltninga.

(7) All regulering av statleg målbruk innanfor og utanfor forvaltninga byggjer på den føresetnaden at dei tilsette er i stand til å skriva begge målformene, i alle fall så pass godt at dei ved gjensidig hjelp og om nødvendig med supplerande opplæring kan prestera akseptable tekstar også på sidemålet. Departementet ser det som ein avgjerande føresetnad for å kunna handheva dei andre målbruksreglane innanfor statsforvaltninga at det framleis skal vera ei plikt etter lova at den enkelte tilsette skal bruka både bokmål og nynorsk. Det fundamentet som dette lovkravet i praksis byggjer på, er den obligatoriske sidemålsundervisninga i skolen.

1.3.2 Ny giv for nynorsk målbruk i staten

I Innst. S. nr. 174 (1997-1998) uttalte eit fleirtal i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen, alle utanom medlemene frå Framstegspartiet og Høgre, at det trongst fleire sanksjonsrådgjerder, og at sanksjonar såg ut til å vera nødvendige både for å få inn rapportar i rett tid og i samband med brot på lova.

Departementet kan godt skjøna at både vanskane med å få inn rapportar frå mange statsorgan, og det at mange organ stadig synest å sjå meir eller mindre bort frå målbruksreglane trass i årvisse påminningar, kan gjera sitt til at ein av og til ønskjer at ein i tilsynsarbeidet kunne setja makt bak krava, eventuelt også i form av direkte tvangs- eller straffetiltak. Sanksjonar o.l. vil skapa negative haldningar og gå mest ut over den målforma som har den veikaste posisjonen. Den framgangen som trass alt har vore i det statlege måljamstellingsarbeidet, tilseier heller ikkje at det er tid for å eksperimentera med slike verkemiddel. Departementet finn det difor ikkje aktuelt no å vurdera den typen straffe- eller tvangstiltak som ein lett kan koma til å tenkja på når ordet sanksjonar blir nemnt.

Hovudgrepet for å skapa ein ny giv i nynorskbruken i staten må i staden vera å leggja enno større kraft i å utfylla kontrollaspektet med ymse former for støtte- og hjelpetiltak, mellom anna tilbod om hjelp til omsetjing, skriving eller språkvask i samband med utforming av større tekstar og dokument. Det blir òg viktig å leggja tilhøva til rette slik at det blir enklare for dei statstilsette å bruka nynorsk, t.d. ved elektroniske skriveverktøy av ymse slag.

Siktemålet må vera å byggja opp under positive språkhaldningar og leggja vekt på at arbeidet med språket i staten har ein kulturdimensjon ved seg som kjem i tillegg til at det skal ivareta behovet for effektiv kommunikasjon.

Nøkkelen til å oppfylla kravet om minst 25 pst. nynorsk er at det finst instruksbaserte registrerings- og samordningsrutinar internt i det enkelte organet. Det er framleis departementet si vurdering, slik det vart slått fast i den førre språkmeldinga, at om ikkje dette ligg i botnen, nyttar det lite med andre tiltak og planar. I samsvar med det som vart varsla den gongen, og som familie-, kultur- og administrasjonskomiteen slutta seg til i Innst. S. nr. 174 (1997-1998), har departementet vurdert om det bør takast inn i forskrifta eit påbod om å etablera slike rutinar.

Departementet har førebels kome til at det likevel ikkje er sikkert at eit nytt påbod er vegen å gå så lenge problemet nettopp er at det ikkje er stor nok respekt for dei krav og påbod som alt finst i regelverket.

Saman med tanken om eit påbod i forskrifta er det elles peikt på behovet for nærmare retningslinjer for korleis dei interne rutinane kunne vera. Råd og rettleiing om dette har vore eit sentralt element i det tilsyns- og oppfølgingsarbeidet Norsk språkråd har drive dei siste åra, og det er avgjerande at dette arbeidet held fram.

I brev av 22.juni 1998 til departementet gjorde styret i Norsk språkråd framlegg om at det vart teke inn i §1 i forskrifta eit punkt om at sentrale statsorgan har plikt til å levera rapport om målbruken innan 31.januar kvart år. Dette har departementet førebels vurdert på same måten som spørsmålet om rutinepåbod, men også rapporteringspåbod kan det bli nødvendig å vurdera på nytt i samband med ei samla regelverksjustering i kjølvatnet av meldinga.

I fyrste omgang vil departementet i staden leggja større vekt på å ansvarleggjera kvart enkelt statsorgan, særleg fagdepartementa. Departementet vil vurdera nærmare ulike tiltak for korleis dette kan gjerast. Det er nødvendig at departementa meir jamleg må gjera greie for sin eigen målbruk.

Det er meir effektiv ressursbruk dersom ein får kvart departement til å halda jamleg oversyn med sin eigen målbruk i staden for at mykje av oppfølginga blir basert på etterfølgjande kontroll frå eit tilsynsorgan.

Departementet og Norsk språkråd vil halda fram praksisen med ei samla offentleggjering av den årlege målbruksstatistikken. Vi viser til det som vart sagt om dette i den førre meldinga og i merknaden frå fleirtalet i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen i Innst. S. nr. 174 (1997-1998).

Departementet har etter kvart kome til at det er behov for å vurdera nærmare korleis opplæringsfunksjonen knytta til norsk i statsforvaltninga, særleg nynorsk, bør innrettast.

Vurderinga no er at denne funksjonen bør inngå som ein integrert del av tilsynsarbeidet og i større grad enn tidlegare tenkt ha karakter av ei språkkonsulentteneste, slik at opplæringselementet blir nøye knytt til konkret arbeid med utforming av tekstar for statsorgan som har hatt særlege problem med å fylla nynorskkvoten i eigen språkbruk. Departementet vil difor etablera ei slik konsulentteneste i tilknyting til sekretariatet i Norsk språkråd. Etter departementet si vurdering vil dette vera eit overlag viktig tiltak og på mange måtar vil innebera ei nyvinning for språkarbeidet i staten.

Med utgangspunkt i prinsippa, styrkingstiltaka og justeringane som det er gjort greie for ovanfor, vil departementet saman med Norsk språkråd setja i gang eit satsingsprosjekt over tre år. Siktemålet vil vera at det store fleirtalet av statsorgan ved slutten av prosjektet skal oppfylla målbruksreglane fullt ut.

1.4 Status i arbeidet med andre språkpolitiske spørsmål

1.4.1 Verkeområdet for mållova

Etter kvart som tidlegare offentleg verksemd tek nye organisatoriske former, vil målbruksreguleringa som kulturpolitisk instrument få stadig mindre å seia dersom ho heilt skulle avgrensast til å femna om berre den målbruken som skjer innanfor den tradisjonelle forvaltninga.

Rettsleg sett er det i dag uklart i kva grad mållova gjeld for tidlegare forvaltningsbedrifter og forvaltningsorgan som no er fristilte og organiserte som eigne rettssubjekt, likeins for ulike typar verksemd som staten har skipa frå grunnen av på utsida av forvaltninga. Kjenneteiknet for dette konglomeratet av selskap, stiftingar o.l. er at tilknytinga til staten er meir eller mindre klart til stades, sjølv om det ikkje er ein del av forvaltninga i trong meining.

Ei arbeidsgruppe har sett nærmare på dette, men har ikkje kome med eit konkret framlegg til løysing. Arbeidsgruppa har skissert ulike alternativ for å avgrensa i kva grad målbruksreguleringa kan gjerast gjeldande for statstilknytte institusjonar og verksemder av ulike slag.

Vanskane med å finna fram til rimelege avgrensingar i gråsona mellom offentleg og privat verksemd gjeld ikkje berre mållova. Tilsvarande spørsmål gjer seg gjeldande også for offentlegrettsleg lovgiving meir generelt. Mellom anna er det ein del av mandatet for eit offentleg utval nedsett av Justisdepartementet i desember 1999 å vurdera korleis verkeområdet for lova om offentleg innsyn kan avgrensast i høve til tradisjonell offentleg forvaltning som blir skild ut frå den ordinære forvaltninga.

Grensene treng ikkje trekkjast parallelt for mållova og lova om offentleg innsyn, for lovene har ulikt formål. Likevel kan det vera uheldig å ta standpunkt til verkeområdet for mållova heilt uavhengig av den utgreiinga som no skjer i høve til lova om offentleg innsyn. Dette utvalsarbeidet skal etter planen avsluttast innan 1. juli 2002. Departementet vil difor arbeida vidare med denne saka og vil koma tilbake til spørsmålet i ei seinare generell kulturmelding.

I mellomtida rår departementet til at utskilde selskap og andre organ der det er rettsleg tvil, så langt råd er følgjer tilsvarande prinsipp for målbruken sin som dei som ligg til grunn for mållova.

1.4.2 Språk og teknologi

Det at stadig meir av språkproduksjonen og den språk­lege kommunikasjonen blir teknologibasert, reiser mange nye språkpolitiske problemstillingar og tenderer òg til å utvida den språkpolitiske arenaen. Språkmeldinga frå 1997 peikte på at det trongst eit offensivt handlingsprogram der både juridiske, administrative, språkteknologiske og økonomiske verkemiddel vart tekne i bruk.

Det målet som vart skissert, var å kunna gi både nynorsk- og bokmålsbrukarane gode reiskapar til støtte for språkbehandling og å tilby relevante informasjons­tenester o.l. på begge målformer. Det vart òg vist til eit framlegg i Kulturdepartementets handlingsplan for IT på kulturområdet frå 1997 om å skipa eit sekretariat for språkteknikk.

Departementet har vurdert det foreslåtte sekretariatet for språkteknikk som eit nødvendig steg på vegen for å koma vidare i arbeidet for norsk språk i informasjonssamfunnet. Sekretariatet kom i operativ funksjon sommaren 2000 og vart knytt til sekretariatet i Norsk språkråd. Det er førebels dimensjonert til to årsverk.

Det nye sekretariatet fekk gjennom Norsk språkråd i fyrste omgang i oppgåve å utarbeida ein handlingsplan for norsk språk og IKT. Eit utkast låg føre i januar 2001, og etter gjennomgang i ei interdepartemental referansegruppe vart den endelege planen presentert i juni 2001. Her er det formulert følgjande åtte mål:

  • 1. Det språklege mangfaldet i Noreg, Norden og Europa elles skal tryggjast i informasjonssamfunnet.

  • 2. I Noreg skal IKT-baserte produkt og tenester ha norskspråkleg brukargrensesnitt og vera tufta på kunnskapar om norsk tale og dei to skriftformene våre.

  • 3. Alle med norsk som morsmål skal ha lik tilgang til slike norskspråklege produkt og tenester og til å skaffa seg den kompetansen som krevst for å ha nytte av tilbodet.

  • 4. Mengda av norskspråkleg programvare må aukast, særleg programvare på nynorsk.

  • 5. Føresegnene i opplæringslova om språklege parallellutgåver av elektroniske læremiddel må oppfyllast i praksis.

  • 6. Norsk språkteknologi må tuftast på kunnskap om og forsking i norsk språk (bokmål, nynorsk og dialektar) og relevant teknologi.

  • 7. Noreg skal vera aktiv deltakar i det nordiske og vidare europeiske samarbeidet innanfor språkteknologi.

  • 8. Standardisert norsk IKT-terminologi må utviklast og stillast til rådvelde.

Både før og etter at planen vart lagd fram, har det vore arbeidt meir substansielt med særleg to hovudspørsmål. Det eine er korleis staten skal bruka mark­nadsmakta si til å syta for at dei vanlege dataprogramma skal vera å få både i ein nynorsk- og ein bokmålsversjon. Det andre er korleis ein skal gå fram for å få bygd opp ein såkalla språkbank, dvs. ei samling av norske språkressursar i form av store mengder tekst og tale som er elektronisk lagra og tilrettelagde for ulike typar bruk og gjenbruk, særleg tenkt nytta til utvikling av språkteknologiske produkt på norsk.

Departementet vil i samarbeid med Norsk språkråd og andre relevante aktørar arbeida vidare med dei nemnde spørsmåla og koma tilbake til desse mellom anna i ei seinare generell kulturmelding.

1.4.3 Norsk språkråd

Departementet vil arbeida vidare med å utgreia ei omlegging av Norsk språkråd i retning av eit meir utoverretta kompetanseorgan for norsk språk, med større vekt på rettleiing og informasjon og haldningsskapande arbeid. Dette må òg sjåast i samanheng med skipinga av ei statleg språkkonsulentteneste som foreslått ovanfor og ideen om ein statleg språkkommisjon. Departementet vil koma tilbake til saka i ei seinare generell kulturmelding.

Som ein del av arbeidet med å førebu ei slik omlegging vil likevel departementet raskt koma tilbake til Stortinget med framlegg om å oppheva føresegna i lov om Norsk språkråd om å støtta opp under utviklingstendensar som på sikt fører målformene nærmare saman. Dette vart også omtalt i meldinga frå 1997, og lovparagrafen er ikkje lenger i samsvar med den faktiske normeringsutviklinga dei siste tiåra. Å oppheva den sovande lovparagrafen vil likevel vera ei viktig symbolhandling. Det inneber ei endeleg stadfesting av at den såkalla tilnærmingslinja i forholdet mellom bokmål og nynorsk ikkje lenger er aktuell normeringspolitikk.

1.5 Administrative og økonomiske konsekvensar

Dei økonomiske konsekvensane avgrensar seg til skipinga av ei statleg språkkonsulentteneste, førebels kostnadsrekna til om lag 3 mill. kroner. Reint administrativt vil tenesta bli knytt til Norsk språkråd. Dette prosjektet og dei andre tiltaka vil elles kunna gjennomførast innanfor etablerte organisatoriske og budsjettmessige rammer.

2. Merknader frå komiteen

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Eirin Faldet, Trond Giske og Torny Pedersen, frå Høgre, Afshan Rafiq, leiaren Sonja Irene Sjøli og Olemic Thommessen, frå Sosialistisk Venstreparti, Magnar Lund Bergo og May Hansen, frå Kristeleg Folkeparti, Dagrun Eriksen og Ola T. Lånke, og frå Senterpartiet, Eli Sollied Øveraas, viser til faneparagrafen i mållova der det slås fast at bokmål og nynorsk er likeverdige målformer som skal vere jamstelte skriftspråk i alle organ i stat, fylkeskommune og kommune. Det er eit språkpolitisk mål at nynorsk skal ha ein trygg posisjon både som eit levande bruksspråk og som eit likeverdig offisielt skriftsmål ved sida av bokmål. Fleirtalet vil understreke kor viktig det er å styrke og verne det norske språk generelt, slik at både bokmål og nynorsk kan bestå som kulturspråk og fullverdige bruksspråk i alle deler av samfunnslivet. I fleire samanhenger vil nynorsk vere særleg utsett i så måte, fordi det er den minst utbreidde målforma, og at det av den grunn er meir krevjande å sikre gode rammevilkår. Fleirtalet vil peike på at staten og det offentlege har eit særleg ansvar gjennom sin språkbruk for å syte for ei god fordeling mellom bokmål og nynorsk.

Fleirtalet vil peike på viktigheten av å oppretthalde begge målføre i allmennkringkastinga, både for radio og fjernsyn. Det norske språket står overfor store utfordringar i forhold til det stadig aukande presset frå andre språk, gjennom kommersielle interesser. For å ivareta og utvikle det norske språket som kulturuttrykk, er det viktig at dei programma som blir produsert, òg har eit aktivt forhold til sidemålet. Gjennom allmennkringkasting når språklege variasjonar ut til alle, som er med på å ivareta vår egen identitet og egenart, som eit motstykke til det internasjonale kulturuttrykk.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Ulf Erik Knudsen og Karin S. Woldseth, viser til at formålet med målloven i utgangspunktet er å verne retten til å anvende den målform som faller en naturlig eller som man velger, samt å hindre at en målform diskrimineres.

Disse medlemmer støtter retten til valg av målform, men er imot enhver form for tvang og lovregulering som har til hensikt å påtvinge den enkelte å anvende en målform som ikke er frivillig. Språk og målform bør være resultatet av en naturlig prosess hvor individ, kultur og samfunn inngår. Enhver må kunne velge sitt hovedmål, men også respektere den andre målformens likeverd og berettigelse.

Rapport om statleg målbruk 1997-2000

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre, Sosialistisk Venstreparti, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet, viser til at deler av tilsynsarbeidet frå 1994 vart overført til Norsk språkråd. Kulturdepartementet har tilsyn med departementa, medan Språkrådet fører tilsyn med alle underliggjande statsorgan. Viktige aktivitetar for Norsk språkråd i perioden 1997-2000 har vore hjelp med å etablere interne rutiner, informasjon om målbruksreglane gjennom ymse trykksaker, tiltak for å stimulere fleire til å ta kurs i nynorsk forvaltningsspråk og hjelp til å finne fram til språkkonsulentar. Fleirtalet vil peike på at det i dei siste åra har vore lagt særleg vekt på å auke nynorskprosenten i nettsider, då Internett speler ei stadig viktigare rolle i informasjonsformidlinga. Fleirtalet har merka seg at det er stor variasjon når det gjeld rapporteringsrutinane frå ulike statsorgan, og vil understreke at alle statsorgana har plikt til å levere nødvendige opplysningar og rapportar om eigen målbruk.

Mål og tiltak framover

Fleirtalet har merka seg at nynorskbruken har auka etter at tilsynsarbeidet vart overført til Norsk språkråd. Sjølv om ein berre unntaksvis har nådd opp til målet om 25 pst. nynorsk i sentral informasjonstilfang, er nynorskbruken i staten i dag klart større enn før kravet vart forskriftfesta i 1988. Målet må vidareførast, og fleirtalet ser behovet for større bruk av nynorsk målbruk i staten, og støtter dei mål og tiltak meldinga går inn for.

Fleirtalet deler departementet sitt prinsipielle grunnlag i sju punkt for arbeidet vidare og for utforming av meir konkrete tiltak. Fleirtalet er samd i at den obligatoriske sidemålsundervisninga i skulen er ein avgjerande føresetnad for å kunne handheve målbruksreglane innanfor statsforvaltninga.

Fleirtalet har merka seg at det skal leggjast meir vekt på service, hjelp og støtte til statsorgana, og at det ikkje skal nyttast sanksjonar ved lovbrot. Det einskilde organet vert oppmoda om å nytte instruksar, og innføre interne samordnings- og registreringsrutinar. Fleirtalet støtter departementet sin strategi og planer om å etablere ei språkkonsulentteneste som skal vere knytt til sekretariatet i Norsk språkråd. Fleirtalet ser det òg som svært positivt at departementet i samarbeid med Språkrådet vil setje i gang eit treårig satsingsprosjekt der leiarengasjement, nynorskopplæring og etablering av faste rutinar for veksling mellom målformene skal vere sentrale element. Fleirtalet føreset at dei fleste av statsorgana etter at satsingsprosjektet er avslutta, vil oppfylle målbruksreglane fullt ut og at 25 pst. nynorsk vert nytta.

Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet vil peike på at dersom det etter prosjektperioden på 3 år ikkje er ein monaleg framgang i arbeidet med å auke andelen nynorsk i statsorgana, bør det vurderast å forskriftsfeste interne instruksar i alle stats­organ for korleis målbrukslova skal oppfyllast.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet mener det å ha som målsetning at en viss prosentandel av "svakeste" målform skal benyttes i offentlig tjeneste, i dette tilfelle 25 pst., virker rigid, begrensende og byråkratisk. Det synes klart at dette påfører det offentlige et unødvendig og byråkratisk forsinkende ledd - som reduserer effektiviteten og evnen til å oppfylle målsetningene til de respektive etater. I lys av behovet for modernisering og effektivisering av det offentlige bør slike bestemmelser fjernes.

Disse medlemmer mener enhver normalt utrustet nordmann har evnen til å forstå begge målformer. Dette er språkets kjerne: kommunikasjon. En levende språkkultur vokser ikke frem gjennom tvang, kontroll og reguleringer.

Disse medlemmer mener at man i altfor lang tid har satt de to målformene opp mot hverandre - dette tjener ingen hensikt. Det synes klart at nynorsk skriftkultur har tilført den norske kulturarv verdifulle skatter, men det har vært i form av enkeltmenneskers engasjement og ikke statlig overstyring. Det er ikke tall og prosentandeler som avgjør språkets levedyktighet, men menneskene som frivillig anvender det.

Disse medlemmer fremmer følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen om ikke å etablere ytterligere et kontrollorgan (språkkonsulenttjeneste), som har til hensikt å ytterligere styre valg av målform i statlige organ."

"Stortinget ber Regjeringen legge til grunn at man ikke setter i verk tiltak som har til hensikt å øke omfanget av en målform ved hjelp av lovreguleringer, og som søker å øke omfanget og virkeområde til gjeldende mållov."

"Stortinget ber Regjeringen legge til rette for at tjenestemenn i statlige organ skal kunne benytte den målform som faller dem naturlig. Henvendelse til en etat på bokmål kan besvares på nynorsk hvis det er tjenestemannens målform og vice versa."

"Stortinget ber Regjeringen legge til grunn at statlig selskap som har skiftet driftsform, fortrinnsvis til aksjeselskap, skal være unntatt reguleringer og forskrifter som omfatter statlige organer i målloven."

"Stortinget ber Regjeringen fremme sak for Stortinget om en revisjon av målloven slik at den er i samsvar med statistisk materiale gjengitt i stortingsmeldingen, slik at den faktiske anvendelse av målform i forhold til andel av den norske befolkning legges til grunn for lovens formål og gjennomføring."

Medlemen i komiteen frå Senterpartiet viser til at departementet i meldinga varslar at ein vil arbeide vidare med fleire språkpolitiske spørsmål og kome tilbake til dei i ei seinare generell kulturmelding. Denne medlemen vil understreke at stoda for norsk språk og språkpolitikk bør vere eit sentralt emne i den komande kulturmeldinga.

Status i arbeidet med andre språkpolitiske spørsmål

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre, Sosialistisk Venstreparti, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet, har merka seg at det i dag er uklart i kva grad mållova skal gjelde for tidlegare forvaltningsbedrifter og forvaltningsorgan som no er fristilte og organiserte som eigne rettssubjekt. Ei arbeidsgruppe, som vart nedsett i januar 1999, la fram rapporten sin sommaren 2000, men har ikkje lagt fram eit konkret framlegg til løysing. Fleirtalet har merka seg at departementet vil arbeide vidare med dette og kome attende til spørsmålet seinare. Fleirtalet meiner det er viktig at dette vert avklara snarast råd.

Fleirtalet har merka seg at sekretariatet for språkteknikk som er knytt til Norsk språkråd kom i operativ funksjon sommaren 2000 og førebels er dimensjonert til to årsverk. Fleirtalet er samd i dei mål som er nedfelt i Handlingsplanen for norsk språk og IKT slik det er referert i meldinga.

Fleirtalet vil peike på den store mangelen det er på nynorsk programvare. Som ein av Noregs største IT-kundar, rår det offentlege samla over eit sterkt økonomisk verkemiddel til å krevje at produsentane utviklar nynorskversjonar. Fleirtalet viser til at Stortinget fleire gonger har understreka at viss ikkje staten tek den kulturpolitiske styringa når det gjeld språk og IT, vil tilfeldige programvareutviklarar kunne leggje føringer på utviklinga av norsk språk.

Fleirtalet har merka seg at departementet legg opp til at den varsla kulturmeldinga skal innehalde vurderingar om korleis staten skal bruke marknadsmakta si til å syte for at dei vanlege dataprogramma skal vere å få både i ein nynorsk- og ein bokmålsversjon.

Fleirtalet har merka seg at det skal arbeidast vidare med å utgreie ei omlegging av Norsk språkråd, slik at det vert eit meir utoverretta kompetanseorgan for norsk språk. Det skal leggjast meir vekt på rettleiing og informasjon og haldningsskapande arbeid. Skipinga av ei statleg språkkonsulentstilling og ideen om ein statleg språkkommisjon, må sjåast i samanheng med denne omlegginga. Fleirtalet støtter departementet sitt syn på at "den sovande paragrafen" om på sikt å føre målformene nærare saman, må opphevast.

Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet meiner departementet bør ta inn ein ny paragraf i lov om målbruk i offentleg teneste som sikrar at vanlege dataprogram som vert kjøpt av staten, ligg føre på begge målformer. Ein slik lovparagraf må supplerast med ei eiga forskrift.

Medlemene i komiteen frå Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet viser til at i samband med sjukehusreforma har fleire av dei statlege helseføretaka handla utan å ta omsyn til lov om målbruk i offentleg teneste. I brev av 23.januar 2002 uttaler statsråd Valgerd Svarstad Haugland følgjande:

"Når det gjeld føretaka som no er danna med heimel i helseføretakslova, er det Kultur- og kyrkjedepartementet si vurdering at tilknytinga til staten er så sterk at vi førebels har trekt den konklusjonen at dei klart fell inn under verkeområdet for gjeldande mållov. Fleire av dei sakene som har vore framme i media den siste tida, viser dessutan at det er sterkt ønskjeleg å få ei snarleg avklaring på spørsmålet."

Etter desse medlemene si meining, tyder dette på at det trengst reglar som vil hindre organa i å unndra seg målbruksreglane i mållova. Desse medlemene vil difor be Regjeringa snarast å fastsetje at målbrukslova gjeld fullt ut overfor dei statlege helseføretaka på alle nivå, og set difor fram følgjande framlegg:

"Stortinget ber Regjeringa snarast leggje fram for Stortinget framlegg til endring av målbrukslova slik at tidlegare statsorgan som fristilles og organiseres som eigne rettssubjekt, vert omfatta av målbruksreglane."

Administrative og økonomiske konsekvensar

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre, Sosialistisk Venstreparti, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet, har merka seg at dei økonomiske konsekvensane i samband med å skipe ei statleg språkkonsulentteneste, førebels er kostnadsrekna til 3 mill. kroner, og at tenesta administrativt skal knytast til Norsk språkråd. Satsingsprosjektet for øvrig skal gjennomførast innanfor etablerte organisatoriske og budsjettmessige rammer.

Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet vil peike på at statistikken i tabell 2.5 i meldinga viser at berre 12 av 78 lover (15,4 pst.) i perioden 1997-2000 kom på nynorsk. Etter desse medlemenesi meining bør det vere ei målsetting at så viktige dokument som framlegg til lovtekster føreligg på begge målføre, då dette også gir saksordførar ein meir reell moglegheit til å nytte retten sin til å velje målform på lovteksten.

3. Forslag frå mindretal

Forslag frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti:

Forslag 1

Stortinget ber Regjeringa snarast leggje fram for Stortinget framlegg til endring av målbrukslova slik at tidlegare statsorgan som fristilles og organiseres som eigne rettssubjekt, vert omfatta av målbruksreglane.

Forslag frå Fremskrittspartiet:

Forslag 2

Stortinget ber Regjeringen om ikke å etablere ytterligere et kontrollorgan (språkkonsulenttjeneste), som har til hensikt å ytterligere styre valg av målform i statlige organ.

Forslag 3

Stortinget ber Regjeringen legge til grunn at man ikke setter i verk tiltak som har til hensikt å øke omfanget av en målform ved hjelp av lovreguleringer, og som søker å øke omfanget og virkeområde til gjeldende mållov.

Forslag 4

Stortinget ber Regjeringen legge til rette for at tjenestemenn i statlige organ skal kunne benytte den målform som faller dem naturlig. Henvendelse til en etat på bokmål kan besvares på nynorsk hvis det er tjenestemannens målform og vice versa.

Forslag 5

Stortinget ber Regjeringen legge til grunn at statlig selskap som har skiftet driftsform, fortrinnsvis til aksjeselskap, skal være unntatt reguleringer og forskrifter som omfatter statlige organer i målloven.

Forslag 6

Stortinget ber Regjeringen fremme sak for Stortinget om en revisjon av målloven slik at den er i samsvar med statistisk materiale gjengitt i stortingsmeldingen, slik at den faktiske anvendelse av målform i forhold til andel av den norske befolkning legges til grunn for lovens formål og gjennomføring.

4. Tilråding frå komiteen

Komiteen har elles ingen merknader, viser til meldinga og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

St.meld. nr. 9 (2001-2002) - om målbruk i offentleg teneste - vert å leggja ved protokollen.

Oslo, i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen, den 7. mars 2002

Sonja Irene Sjøli

leder

Eli Sollied Øveraas

ordfører

Trond Giske

sekretær