Innstilling frå energi- og miljøkomiteen om endringar av løyvingar på statsbudsjettet for 2002 m.m. under Olje- og energidepartementet og endringar i eigarstruktur i det norske gasstransportsystemet

Til Stortinget

Samandrag

Olje- og energidepartementet (OED) legg i proposisjonen fram budsjettkonsekvensar knytt til restruktureringa av det statlege engasjementet i petroleumsverksemda og for staten sitt direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda (SDØE). Proposisjonen omfattar òg andre forslag til endringar på statsbudsjettet for 2002 under OED, samt ei omtale av endringar i eigarstruktur i det norske gasstransport­systemet.

Budsjettkonsekvensar knytt til restruktureringa av det statlege engasjementet i ­petroleumsverksemda og endring av løyvingar for SDØE

Budsjettkonsekvensar knytt til restruktureringa av det statlege engasjementet i petroleumsverksemda

Olje- og energidepartementet har i 2001 og 2002 på vegne av staten selt eigardelar i alt tilsvarande om lag 21,5 pst. av verdien av opphavleg SDØE-portefølje. Salet vart gjennomført etter ein bodprosess, og eigardelar tilsvarande om lag 6,5 pst. av SDØE vert selde.

Ein føresetnad for salet var at ein skulle oppnå prisar tilsvarande salet av 15 pst. av SDØE til Statoil. Det vart lagt til grunn eit anna skatteopplegg enn ved salet til Statoil. Dette er reflektert i den oppnådde prisen på 8 456 mill. kroner. Når ein tek omsyn til skilnader i rammevilkåra mellom dei to transaksjonane, er prisane som vart oppnådde ved dette salet på nivå med det som vart oppnådd ved salet til Statoil.

Samla nettoinntekter frå sal/kjøp av eigardelar mellom staten og kjøparane er dermed om lag 8 700 mill. kroner.

Over budsjetta for 2001 og 2002 har Olje- og energidepartementet så langt totalt utgiftsført om lag 87,5 mill. kroner under kap. 1801 post 21 Omstrukturering av statens petroleumsengasjement i samband med førebuing og gjennomføring av sal av SDØE-eigardelar.

Utgiftene til provisjon til finansielle rådgjevarar/tilretteleggjarar har vore på om lag 38,7 mill. kroner. Utgiftene til juridisk og strategisk ekspertise, revisjonsfagleg ekspertise og geofagleg ekspertise utgjer om lag 27,1 mill. kroner. Utgifter til datarom utgjer hovuddelen av dei andre utgiftene. Andre utgifter utgjer om lag 21,6 mill. kroner.

Utgifter til førebuing og sal av SDØE-eigardelar var estimert til 60 mill. kroner. For 2002 er det samla utgiftsført om lag 57 mill. kroner så langt, inkludert provisjon. Olje- og energidepartementet rår over overførte midlar frå 2001 på om lag 44,7 mill. kroner under kap. 1801 post 21. På bakgrunn av ovannemnde ber Olje- og energidepartementet difor om ei tilleggsløyving på 13 mill. kroner på kap. 1801 Omstrukturering av statens petroleumsengasjement, post 21 Spesielle driftsutgifter.

Budsjettkonsekvensar for SDØE og informasjon om bruk av fullmakter

Kap. 2440/5440 Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsvirksomheten

Forslag til ny løyving er mellom anna basert på oppdatert prognose for 2002 frå forretningsførar Petoro AS etter tredje kvartal 2002, jf. tabell 2.1 i proposisjonen.

Overslaget for kap. 2440 post 22 Fjerningsutgifter er auka med 10 mill. kroner, frå 90 til 100 mill. kroner. I 2002 er det gjennomført fjerning i samsvar med gjeldande lov på Frøy, Øst-Frigg, Statpipe, Frostpipe og Ekofisk.

Det er foreslått ei løyving på 1 850 mill. kroner for 2002 på kap. 2440, ny post 25 Pro et contra-oppgjør.

Endringane som er omtala i proposisjonen fører til at kap. 5440 post 24 Driftsresultat samla viser ein reduksjon på om lag 11 300 mill. kroner, frå 68 500 til 57 200 mill. kroner.

På bakgrunn av oppgjer for skadar som har funne stad og forventa skadeutbetalingar for resten av året, vert det foreslått ei løyving på 600 mill. kroner under kap. 5440, ny post 50 Overføring frå Statens petroleumsforsikringsfond.

Endringane medfører samla sett at netto kontantstraum frå SDØE blir auka med 95 mill. kroner i forhold til gjeldande løyving, frå 74 610 til 74 705 mill. kroner.

Dei totale investeringane for utbygginga av Skirne og Byggve blir i plan for utbygging og drift rekna til 1,7 mrd. 2001-kroner. Utbygginga er planlagte under vatn med oppkopling til Heimdalplattforma, og vil for SDØE i 2002 medføre om lag 155 mill. kroner i investeringar og om lag 5 mill. kroner i kalkulatoriske renter.

Dei totale investeringane i plan for utbygging og drift av Kollsnes NGL-anlegg blir rekna til om lag 2932 mill. 2002-kroner. Utbygginga av Kollsnes NGL-anlegg medfører om lag 378 mill. kroner i investeringar, om lag 3,5 mill. kroner i driftskostnader og om lag 13,5 mill. kroner i kalkulatoriske renter for SDØE i 2002.

Dei totale investeringane i plan for utbygging og drift av Visund gasseksport er rekna til om lag 2,7 mrd. 2002-kroner. Utbygginga av Visund gasseksport vil for SDØE i 2002 medføre om lag 12,5 mill. kroner i investeringar, om lag 0,5 mill. kroner i driftskostnader og om lag 0,5 mill. kroner i kalkulatoriske renter.

Dei totale investeringane for prosjektet gassbehandlingsanlegget på Kårstø er i plan for anlegg og drift rekna til 1130 mill. 2001-kroner. Utbygginga vil for SDØE i 2002 medføre om lag 152 mill. kroner i investeringar, om lag 5 mill. kroner i driftskostnader og om lag 5 mill. kroner i kalkulatoriske renter.

Andre endringsforslag

Kap. 1810 Oljedirektoratet (jf. kap. 4810)

Under post 21 Spesielle driftsutgifter blir tilsyn med petroleumsverksemda foreslått auka med 2 mill. kroner i forhold til gjeldande løyving for 2002. Ein tilsvarande auke i inntektene under kap. 4810 post 3 Refusjon av tilsynsutgifter vil bli foreslått i revidert budsjett 2003.

Oppdrags- og samarbeidsverksemd blir foreslått auka med 14 mill. kroner i forhold til gjeldande løyving for 2002. Utgiftsauken blir motsvara av ein tilsvarande inntektsauke under kap. 4810 post 2 Oppdrags- og samarbeidsvirksomhet.

Løyvinga til undersøkingar vert foreslått auka med 0,3 mill. kroner i forhold til gjeldande løyving for 2002.

Samla blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 1810 post 21 Spesielle driftsutgifter med 16,3 mill. kroner, frå 66,8 til 83,1 mill. kroner.

Kap. 1820 Norges vassdrags- og energidirektorat (jf. kap. 4820)

Samla blir det foreslått å redusere løyvinga under kap. 1820 post 21 Spesielle driftsutgifter med 2,4 mill. kroner, frå 48,7 til 46,3 mill. kroner.

Gjennom kgl. res. 11. oktober 2002 vart det gitt samtykkje til at løyvinga under kap. 1820 post 22 Forebyggingsarbeider og oppryddingstiltak kan overskridast med 4 mill. kroner for å gjennomføre nødvendige strakstiltak i eit skredfarleg område i Meråker kommune.

Vidare blir det foreslått å auke løyvinga med 2 mill. kroner som følgje av auka distriktsbidrag frå kommunane. Utgiftsauken blir motsvara av ein tilsvarande inntektsauke under kap. 4820 post 40.

Samla blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 1820 post 22 Forebyggingsarbeider og opprydningstiltak med 6 mill. kroner, frå 59,35 til 65,35 mill. kroner.

Det blir foreslått å redusere løyvinga med 1 mill. kroner på post 75 Tilskudd til sikringstiltak i forhold til gjeldande løyving for 2002.

Kap. 2442 Disponering av innretninger på kontinentalsokkelen

For 2002 er det motteke krav på om lag 90 mill. kroner i fjerningstilskot, og det er venta at selskapa totalt vil krevje om lag 200 mill. kroner i tilskot i 2002. Departementet foreslår å auke post 70 Tilskudd med 60 mill. kroner, frå 140 til 200 mill. kroner.

Kap. 2490 NVE Anlegg (jf. kap. 5490)

Det blir foreslått at løyvinga blir auka med 2 mill. kroner på post 45 Større utstyrsanskaffelser og vedlikehold i forhold til gjeldande løyving for 2002. Auken har samanheng med at NVE sine anleggsmaskiner må oppgraderast eller bytast ut for å tilfredsstille HMS-krav med omsyn til førarmiljø, støy og utslepp av avgassar.

Kap. 4810 Oljedirektoratet (jf. kap. 1810)

Løyvinga over post 2 Oppdrags- og samarbeidsvirksomhet blir foreslått auka med 17,5 mill. kroner i forhold til gjeldande løyving for 2002.

Departementet foreslår at budsjettoverslaget vert redusert med 5 mill. kroner, til 0 kroner. Dette vart òg gjort i budsjettet for 2002, jf. St.prp. nr. 24 (2001-2002).

Kap. 4820 Norges vassdrags- og energidirektorat (jf. kap. 1820)

Løyvinga over post 2 Oppdrags- og samarbeidsvirksomhet blir foreslått redusert med 3,4 mill. kroner i forhold til gjeldande løyving for 2002, jf. tilsvarande endring under kap. 1820 post 21.

Løyvinga over Post 40 Forebyggingsvirksomhet blir foreslått auka med 2 mill. kroner i forhold til gjeldande løyving for 2002 mot ein tilsvarande auke under kap. 1820 post 22.

Kap. 5608 Renter av lån til statsforetak under Olje- og energidepartementet

Pr. i dag reknar ein med renteinntekter for 2002 på 86 mill. kroner, det vil seie 7 mill. kroner meir enn i revidert budsjett 2002, og departementet foreslår å auke løyvinga for 2002 med 7 mill. kroner, frå 79 til 86 mill. kroner.

Endringar i eigarstruktur i det norske gasstransportsystemet

Departementet viser til at etableringa av interessentskapet Gassled inneber ei omstrukturering av eigardelar i transportsystemet for gass utan særlege endringar i venta inntekt for eigarane. Dette gjeld òg for SDØE.

Petoro har på vegne av SDØE forhandla fram eigardelar i Gassled og Norsea Gas AS. Løysinga inneber ein direkte statleg eigardel i Gassled på 38,293 pst. i 2003-2010 og 47,982 pst. frå 2011. Vidare vil Norsea Gas AS vere ein av eigarane i Gassled. Den direkte statlege eigardelen i Norsea Gas AS vil vere 40,006 pst. Når ein tek omsyn til staten sin direkte eigardel i Norsea Gas AS vil staten gjennom SDØE ha 39,5 pst. i 2003-2010 og 49 pst. frå 2011 i Gassled.

Den nye eigarstrukturen er planlagt å verke frå 1. januar 2003, og ein legg til grunn at departementet i samband med etableringa av Gassled forlenger løyva til anlegg og drift for aktuelle innretningar fram til 2028. Den nye eigarstrukturen er planlagt å verke frå 31. desember 2028.

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sylvia Brustad, Rolf Terje Klungland og Synnøve Konglevoll, frå Høgre, Øyvind Halleraker, Siri A. Meling og Leif Frode Onarheim, frå Framstegspartiet, Øyvind Korsberg og Øyvind Vaksdal, frå Sosialistisk Venstreparti, Hallgeir H. Langeland og Ingvild Vaggen Malvik, frå Kristeleg Folkeparti, Ingmar Ljones og Inger Stokstad og frå Senterpartiet, Inger S. Enger, viser til Olje- og energidepartementet sine forslag til endringar i statsbudsjettet for 2002 på kap. 1808 post 21 (ny), kap. 1810 post 21, kap. 1820 post 21,22 og 75, kap. 2440 post 22, 25 (ny), 30 og 50, kap. 2442 post 70, kap. 2490 post 24 og 45, kap. 4810 post 02 og 04, kap. 4820 post 02 og 40, kap. 5440 post 01 (ny), 24, 30, 31 (ny), 50 (ny), 80 og 81 (ny) og kap. 5608 post 80.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre, Framstegspartiet og Kristeleg Folkeparti, viser til at ein del av desse endringane er knytte til restruktureringa av det statlege engasjementet i petroleumsverksemda og endring av løyvingar til SDØE. Fleirtalet har ingen merknader til desse endringane.

Fleirtalet har elles ingen merknader til dei andre endringane i proposisjonen.

Fleirtalet har merka seg at etableringa av interesseselskapet Gasled inneber ei omstrukturering av eigardelar i transportsystemet for gass utan særskilde endringar i venta inntekt for eigarane. Den nye eigarstrukturen er planlagt å verke frå 1. januar 2003 og legg til grunn at departementet i samband med etableringa av Gassled forlenger løyva til anlegg og drift for aktuelle innretningar fram til 2028. Den nye eigarstrukturen er planlagt å verke frå 31. desember 2028.

Fleirtalet har ingen merknad til dette.

Medlemene i komiteen frå Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet viser til den motstanden partiet hadde mot privatisering av Statoil og restrukturering av det statlege engasjementet i petroleumsverksemda. Desse medlemene registrerer dei utgiftene og tiltaka som følgjer av desse vedtaka, samt at styringsmoglegheitene blir reduserte, slik ein kan sjå når Statoil vel byggestad for prosjekta sine.

Desse medlemene ser positivt på at det har vore auka tilsyn med petroleumsverksemda slik det kjem til uttrykk på Oljedirektoratet sitt budsjett. Desse medlemene ber om at denne posten også vert styrkt i samband med Revidert nasjonalbudsjett våren 2003.

Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti viser til brev fra Olje- og energidepartementet til komiteen av 28. november 2002, hvor det gjøres rede for de boligområdene der det ifølge den såkalte risikoklassifiseringa i programmet for økt sikkerhet mot leirskred, er avdekket behov for strakstiltak, i tillegg til boligområdet i Meråker, som er omtalt i proposisjonen. Disse områdene omfatter:

  • – Buvika, Skaun

  • – Børsa, Skaun

  • – Sentrumsområdet ved Nidelva, Trondheim

  • – Kvetabekken, Trondheim

  • – Tollnes, Skien

  • – Stadion, Porsgrunn

  • – Osebakken, Porsgrunn

  • – Borgstadjordet, Porsgrunn/Skien

  • – Bøle, Skien

  • – Follestad, Skien

  • – Rabbenveien, Drammen

  • – Sogndalselva, Sogndalen

  • – Kongshaug i Åmot, Modum

Disse medlemmer forventer at det avdekkede behovet for strakstiltak umiddelbart følges opp med de nødvendige økonomiske ressursene, slik at risikoen for omfattende naturkatastrofer med fare for tap av menneskeliv og materielle verdier, reduseres. Disse medlemmer vil derfor gi fullmakt til OED, i likhet med området i Meråker, til å overskride budsjettet for å foreta de nødvendige sikringstiltak.

Tilråding frå Komiteen

Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og ber Stortinget gjere følgjande

vedtak:

I

I statsbudsjettet for 2002 blir det gjort følgjande endringar:

Kap.

Post

Formål:

Kroner

Utgifter:

1801

Omstrukturering av statens petroleumsengasjement

21 (ny)

Spesielle driftsutgifter, kan overføres, blir løyvd med

13 000 000

1810

Oljedirektoratet (jf. kap. 4810)

21

Spesielle driftsutgifter, blir auka med

16 300 000

frå kr 66 800 000 til kr 83 100 000

1820

Norges vassdrags- og energidirektorat (jf. kap. 4820 og 4829)

21

Spesielle driftsutgifter, kan overføres, blir redusert med

2 400 000

frå kr 48 700 000 til kr 46 300 000

22

Forbygningsarbeider og oppryddingstiltak, kan overføres, blir auka med

6 000 000

frå kr 59 350 000 til kr 65 350 000

75

Tilskudd til sikringstiltak, kan overføres, blir redusert med

1 000 000

frå kr 3 600 000 til kr 2 600 000

2440

Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsvirksomheten (jf. kap. 5440)

22

Fjerningsutgifter, overslagsbevilgning, blir auka med

10 000 000

frå kr 90 000 000 til kr 100 000 000

25 (ny)

Pro et contra-oppgjør, blir løyvd med

1 850 000 000

30

Investeringer, blir redusert med

600 000 000

frå kr 14 300 000 000 til kr 13 700 000 000

50

Overføringer til Statens petroleumsforsikringsfond, blir auka med

205 000 000

frå kr 700 000 000 til kr 905 000 000

2442

Disponering av innretninger på kontinentalsokkelen

70

Tilskudd, overslagsbevilgning, blir auka med

60 000 000

frå kr 140 000 000 til kr 200 000 000

2490

NVE Anlegg (jf. kap. 5490)

24

Driftsresultat, blir auka med

4 000 000

frå kr 3 300 000 til kr -700 000

Spesifikasjon:

- Driftsinntekter

-44 000 000

- Driftsutgifter

38 000 000

- Avskrivninger

4 000 000

- Renter

1 300 000

Sum

-700 000

45

Større utstyranskaffelser og vedlikehold, kan overføres, blir auka med

2 000 000

frå kr 6 000 000 til kr 8 000 000

Inntekter:

4810

Oljedirektoratet (jf. kap. 1810)

2

Oppdrags- og samarbeidsvirksomhet, blir auka med

17 500 000

frå kr 32 000 000 til kr 49 500 000

4

Salg av undersøkelsesmateriale, blir redusert med

5 000 000

frå kr 5 000 000 til kr 0

4820

Norges vassdrags- og energidirektorat (jf. kap. 1820)

2

Oppdrags- og samarbeidsvirksomhet, blir redusert med

3 400 000

frå kr 43 500 000 til kr 40 100 000

40

Forbygningsvirksomhet, blir auka med

2 000 000

frå kr 16 000 000 til kr 18 000 000

5440

Statens direkte økonomiske engasjement i petroleums- virksomheten (jf. kap. 2440)

1 (ny)

Pro et contra-oppgjør, blir løyvd med

160 000 000

24

Driftsresultat, blir redusert med

11 300 000 000

frå kr 68 500 000 000 til kr 57 200 000 000

Spesifikasjon:

- Driftsinntekter

102 200 000 000

- Driftsutgifter

-19 100 000 000

- Lete- og feltutviklingsutgifter

-1 300 000 000

- Avskrivninger

-18 400 000 000

- Renter

-6 200 000 000

Sum

57 200 000 000

30

Avskrivninger, blir auka med

3 700 000 000

frå kr 14 700 000 000 til kr 18 400 000 000

31 (ny)

Salg av SDØE-andeler, blir løyvd med

8 456 000 000

50 (ny)

Overføring fra Statens petroleumsforsikringsfond, blir løyvd med

600 000 000

80

Renter, blir redusert med

300 000 000

frå kr 6 500 000 000 til kr 6 200 000 000

81 (ny)

Renter, salg av SDØE-andeler, blir løyvd med

244 000 000

5608

Renter av lån til statsforetak under Olje- og energidepartementet

80

Renter, Statnett SF, blir auka med

7 000 000

frå kr 79 000 000 til kr 86 000 000

II

Stortinget samtykkjer i at Olje- og energidepartementet kan godkjenne overføring av eksisterande SDØE-eigardelar i gasstransportsystemet til det nye interessentskapet Gassled, i tråd med forutsetningane i denne proposisjonen.

Oslo, i energi- og miljøkomiteen, den 13. desember 2002

Hallgeir H. Langeland

fung. leiar

Ingmar Ljones

ordførar

Øyvind Vaksdal

sekretær