4.1 Sammendrag

4.1.1 Barnehagar

Det særskilde tilskotet til samiske barnehagar vart overført til Sametinget 1. januar 2001. Sametinget har utarbeidd nye retningslinjer som tok til å gjelde frå 1. januar 2002. Sametinget er òg styrkt med midlar til informasjons- og rettleiingsarbeid for samiske barnehagar og barnehagar med samiske barn. Sametinget har ansvaret for satsinga i dei samiske barnehagane i tilknyting til den treårige kvalitetssatsinga i barnehagesektoren frå Barne- og familiedepartementet.

Kunnskapane til barnehagepersonalet i samisk språk og kultur er avgjerande føresetnader for at barn i samiske barnehagar skal få styrkt og utvikla språket sitt og identiteten sin. Barne- og familiedepartementet vil i samarbeid med Sametinget greie ut spørsmålet om stipend for studentar som tek samisk førskulelærarutdanning. I tillegg skal ein klarleggje behovet for etter- og vidareutdanningstiltak for personalet i samiske barnehagar og i norskspråklege barnehagar med samiske barn.

Det er eit stort behov for forsking på området oppvekst og sosialisering i samiske samfunn. Derfor er det òg viktig å hente inn meir kunnskap om barnehagen som oppvekstarena for samiske barn. Barne- og familiedepartementet ser desse behova saman med den treårige kvalitetssatsinga.

4.1.2 Barne- og ungdomspolitikk

Barne- og familiedepartementet vil medverke til at samiske barn og unge får betre vilkår for eigne kulturelle aktivitetar i lokalsamfunnet sitt.

Barne- og familiedepartementet samarbeider med Sametinget om eit hefte som skal stimulere kommunane til større påakting og auka innsats overfor samiske barn og unge.

Departementet har i fire år hatt eit utviklingsprogram for å styrkje oppvekstmiljøet. Dei tre første åra var Tana kommune med. Rapporten frå dei første åra i programmet, med omtale av arbeidet i Tana - ein av ti kommunar i programmet, blir gitt ut i 2002.

Barne- og familiedepartementet arbeider for å styrkje det ungdomspolitiske samarbeidet i Barentsregionen, i tråd med dei prioriteringane som ligg i handlingsplanen som vart vedteken på Ungdoms­-ministerkonferansen i Tromsø i mai 2001.

4.1.3 Helse- og sosialtenester for det samiske ­folket

Sosial- og helsedepartementet har i 2001 løyvd 2 mill. kroner til Universitetet i Tromsø til drift av Senter for samisk helseforsking. Formålet med senteret er å skaffe dokumentasjon som betrar kunnskapsgrunnlaget for fagleg utvikling av helse- og sosialtenester til det samiske folket.

I 2001 vart det løyvd 2,8 mill. kroner til Finnmark fylkeskommune til drift av spesialisthelsetenesta for samefolket. For 2001 disponerer ein 5,3 mill. kroner til forsøks- og utviklingsarbeid, og av desse midlane vart 4,6 mill. kroner overførte til Sametinget for vidare fordeling. Dette inkluderer vidareføring av rehabiliteringsstipend.

4.1.4 Arbeidet med samiske språk

Kultur- og kyrkjedepartementet har gjort framlegg om å endre organiseringa av arbeidet for samiske språk, jf. Ot.prp. nr. 114 (2001-2002). Framlegget går ut på at Sametinget skal arbeide for vern og vidare utvikling av samisk språk i Noreg. Formålet med endringa er å leggje til rette for at arbeidet med samiske språk blir organisert av det organet som har best kunnskap om samiske tilhøve og kjenner behova best.

Informasjonstiltak om språkreglane i samelova er ei oppgåve som departementet vil prioritere etter at delar av regelverket har vorte endra.

4.1.5 Utdanning

Statlege tilskot til kommunar og fylkeskommunar for opplæring i og på samisk har vore drøfta sidan tidleg i 1990-åra. I 1999 gjekk ein over frå tilskot etter ein fast faktor for kvar kommune per elev til ei vurdering av talet på faktiske gruppetimar i eller på samisk. Kommunane er ikkje nøgde med denne nye ordninga i dag.

Utdannings- og forskingsdepartementet vil på bakgrunn av rapportane sjå på utrekningsmåten for tilskotet på nytt.

4.1.5.1 Rettane til vaksne samar i grunn­skulen og i vidaregåande opplæring

Utdannings- og forskingsdepartementet har oppnemnt eit arbeidsutval på fire personar til å sjå nærare på ein del spørsmål rundt opplæring for vaksne samar i den 13-årige skulegangen. Arbeidet blir fullført hausten 2002.

4.1.5.2 Sørsamisk utdanning

Som nemnt i St.meld. nr. 55 (2000-2001) fekk Statens utdanningskontor i Nord-Trøndelag to studieheimlar frå 1. august 2002. Dei går til lærarar for vidareutdanning i sørsamisk med bindingstid ved skular der det blir gitt opplæring i sørsamisk. Dette er ei utviding av ei ordning som har fungert i ei årrekkje i dei tre nordlegaste fylka.

Utdannings- og forskingsdepartementet (UFD) legg òg vekt på at utviklingsarbeidet i Sørsameprosjektet/prosjektet Sørsamisk opplæring ved heimeskulane skal omfatte heile det sørsamiske området. Parallelt med innkøyringsfasen av Sørsameprosjektet i Nordland og Sør-Trøndelag, har det gått føre seg planlegging av skuleutvikling i Røros-området. Departementet ser positivt på dette engasjementet.

4.1.5.3 St.meld. nr. 34 (2001-2002)

St.meld. nr. 34 (2001-2002) Kvalitetsreformen. Om høyere samisk utdanning og forskning, frå Utdannings- og forskingsdepartementet er til handsaming i Stortinget. Denne meldinga har vurdert fleire utfordringar og behov som Sametinget har lagt vekt på i årsmeldinga. Meldinga inneheld ei rad tiltak for å styrkje samisk utdanning og forsking.

4.1.5.4 Dei samiske vidaregåande skulane

Hausten 2001 oppnemnde Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet eit arbeidsutval som skulle vurdere kva for tilknytingsform dei to samiske vidaregåande skulane skulle ha. Gruppa overleverte rapporten i august 2002.

Arbeidsgruppa tilrår at dei to samiske vidaregåande skulane i Karasjok og Kautokeino blir knytt til Sametinget. Saka er no til behandling i Utdannings- og fors­kingsdepartementet.

4.1.6 Miljø- og kulturminnevern

Sametinget har frå 17. januar 2001 fått fullmakt etter kulturminnelova og ansvar og oppgåver på kulturminneområdet som svarar til det som tidlegare låg under Samisk kulturminneråd. Det geografiske ansvarsområdet strekkjer seg frå Hedmark i sør til Finnmark i nord. Ordninga er gjord mellombels og skal evaluerast i 2002-2003.

4.1.7 Samisk kultur

4.1.7.1 Museumsverksemd

Frå og med statsbudsjettet 2002 er løyvingar til ulike samiske kulturformål gitt under ein post som ei samla løyving. Forvaltningsansvaret for mellom anna De Samiske Samlinger og samiske museum på tilskotsordninga for museum er overført til Sametinget. Ved De Samiske Samlinger i Karasjok er det planar om å etablere ei ny biletkunstavdeling. I investeringsplanen til Kultur- og kyrkjedepartementet for kulturbygg er det lagt opp til å gi tilskot til å realisere planane etter 2005. Statlege oppgåver knytte til samisk kunstutdanning er eit ansvarsområde som ligg under Utdannings- og fors­kingsdepartementet.

4.1.7.2 Film

Punkt 2.2.7 i årsmeldinga frå Sametinget omhandlar prosjektet om filmatisering av Kautokeino-opprøret i 1852, oppbygging av ein filmby i Kautokeino og eventuelle statlege løyvingar til dette prosjektet. Denne saka vart fremma som eit dokument 8-framlegg. Stortinget handsama saka i Innst. S. nr. 196 (2001-2002), hvor flertallet uttaler:

"Flertallet i komiteen kan, i likhet med Kultur- og kirkedepartementet, ikke tilrå at dette prosjektet prioriteres foran samiske kulturbygg som er omtalt i investeringsplanen."

4.1.8 Samiske næringar

Under omtalen av samiske næringar (kap. 2.2.7.2 i meldinga) framhevar Sametinget behovet for å verne om beiteområda for reindrifta. Gjennom den kommunale arealplanlegginga - kommuneplan, reguleringsplan og utbyggingsplan - har kommunane eit ansvar for å ta omsyn til dei særskilde behova for nødvendige areal som reindrifta har, alt tidleg i planprosessane. Når det gjeld samarbeidet mellom reindrifta og kommunane, viser Regjeringa til St.meld. nr. 33 (2001-2002) Tilleggsmelding til St.meld. nr. 55 (2000-2001) Om samepolitikken, kap. 14.2.3.

Regjeringa ser det som viktig at det blir sett i verk tiltak som reduserer rovdyrtapa, og at reindriftsareala blir sikra. I tillegg til problem med tap av rein på grunn av rovvilt, kan inngrep i beiteområda og eit høgt reintal føre til for stor belastning i dei områda som er att.

Regjeringa tek sikte på å dra nytte av den kompetansen som er i reindriftsnæringa, i forvaltninga av næringa. Regjeringa meiner at verdiskapingsprogrammet for reindrift er eit viktig tiltak for å sikre ei positiv økonomisk utvikling i næringa.

Det skal òg utarbeidast ei ny stortingsmelding om rovviltforvaltninga i 2003. Rovviltrådet for reindrifta er i 2002 invitert til å vurdere fleire relevante sider av arbeidet med meldinga og kome med synspunkt alt før meldingsarbeidet er i gang. På liknande måte har vi òg eit samarbeidsforum for sauenæringa for å få innspel til meldingsarbeidet.

4.1.9 Fiskerispørsmål

Fiskeridepartementet held for tida på med eit prosjekt for å kartleggje alle typar konfliktar ved bruk av areal i kystsona. Denne kartlegginga går inn i grunnlaget for Fiskeridepartementet sitt vidare arbeid med arealbruk i kystsona. I denne samanhengen kan det vere naturleg å vurdere forholdet til samiske rettar.

4.1.10 Planlovutvalet

Når det gjeld fylkesplanlegging og innvendingsordning etter plan- og bygningslova, er dei nemnde problemstillingane i ettertid også drøfta i St.meld. nr. 19 (2001-2002) Nye oppgåver for lokaldemokratiet - regionalt og lokalt nivå. Planlovutvalet presenterer dei endelege tilrådingane sine i neste delinnstilling, som skal liggje føre i desember 2002. Regjeringa har merka seg synsmåtane til Sametinget og vil ta omsyn til dei når desse problemstillingane seinare blir handsama.

4.1.11 Sametinget sitt internasjonale engasjement på miljøområdet

Miljøverndepartementet seier seg lei for at Sametinget ikkje fann det mogleg å kommentere nasjonalrapporten for oppfølging av konvensjonen om biologisk mangfald våren 2001, men reknar med at Sametinget har synspunkt til seinare innspel frå Noreg til konvensjonen. Når det gjeld den nasjonale oppfølginga gjennom St.meld. nr. 42 (2000-2001) Om biologisk mangfald, har 14 departement laga fleire kapittel. Sametinget har eit eige innlegg som er gitt i vedlegg. Det markerer synspunkta deira, og at dei ikkje er instruerte av Regjeringa.

4.1.12 Hálkavarre skytefelt

I årsmeldinga tek Sametinget opp aktivitetane til Forsvaret i skytefeltet Hálkavarre.

Forsvarets overkommando utarbeidde tidleg i 2002 ein behovs- og funksjonsanalyse som m.a. gjorde greie for framtidig bruk av eksisterande felt, for bombing frå fly i større høgd enn tidlegare og for bruk av sjømissil.

Behovs- og funksjonsanalysen er framleis til vurdering og handsaming i Forsvarsdepartementet.

Så snart forhandlingsgrunnlaget er endeleg avklart og forankra på militærfagleg hald, får Forsvarsbygg i oppdrag å vidareføre forhandlingane med dei partane og rettshavarane det gjeld.

4.1.13 Snøhvit-utbygginga

Før Olje- og energidepartementet fastset programmet for konsekvensanalysen vedrørande utbygginga av Snøhvit-feltet, har departementet gitt Sametinget høve til å kome med synspunkt på programmet, både som høyringsinstans og ved at departementet inviterte Sametinget til møte om saka. Olje- og energidepartementet legg til grunn at konsekvensanalysen vil dekkje dei behova for utgreiing som Sametinget har peikt på.

Olje- og energidepartementet peiker på at staten har eigedomsretten til undersjøiske petroleumsførekomstar og eksklusiv rett til ressursforvaltninga.

Olje- og energidepartementet har invitert Sametingsrådet til å utdjupe og konkretisere dei samanhengane dei ser mellom Snøhvit-utbygginga og ringverknadene for samiske interesser.

4.1.14 Urfolksrettar og etableringa av FNs permanente forum for urfolkssaker

Noreg har vore med frå starten av i forhandlingane om ei FN-fråsegn om urfolksrettar, med ein delegasjon der Sametinget er representert. Arbeidet med fråsegna har hatt liten framgang, og fleire spørsmål står att før ho kan vedtakast. Regjeringa vil ta aktivt del i det vidare arbeidet for å få sluttført forhandlingane innan utgangen av urfolkstiåret (2004), og vil arbeide for at fråsegna kan vere med på å styrkje vernet av urfolka i verda. I den samanhengen vil Regjeringa halde nær kontakt med andre statar med sikte på å få betre framdrift i arbeidet med fråsegna.

Regjeringa har vore aktivt med i arbeidet for å etablere FNs permanente forum for urfolkssaker. Regjeringa vil aktivt støtte arbeidet i Permanent forum, medrekna arbeidet med å etablere ei sekretariatseining for forumet i tilknyting til sekretariatet for FNs økonomiske og sosiale råd i New York. Vidare vil Regjeringa arbeide aktivt for at Permanent forum skal finansierast over det ordinære FN-budsjettet.

4.1.15 Samefolkets fond - tapt skulegang

Samefolkets fond vart av Sametinget samstundes med handsaminga av årsmeldinga. Saka er derfor ikkje teken med i årsmeldinga. Regjeringa finn det likevel nødvendig å ta opp saka i stortingsmeldinga.

Utvalet for Rettferdsvederlag har vist til praksis om at verken tap på grunn av krigen eller fornorskingspolitikken gir rett til rettferdsvederlag. I Innst. S. nr. 74 (2001-2002) viste Stortinget i tillegg til at Stortinget gjennom etableringa av Samefolkets fond har teke eit oppgjer med fornorskingspolitikken, slik at vurderinga i den enkelte sak har teke utgangspunkt i dette.

Stortinget vedtok 16. juni 2000 å løyve 75 mill. kroner til Samefolkets fond i tilknyting til handsaminga av revidert nasjonalbudsjett for 2000. Om formålet for fondet uttalte fleirtalet i finanskomiteen at avkastninga frå fondet skal gå til ymse tiltak som kan styrkje samisk språk og kultur. Stortingsvedtaket omtaler etableringa av fondet som eit kollektivt vederlag for dei skadane og den uretten fornorskingspolitikken har valda det samiske folket.

Stortingsfleirtalet slutta seg til framlegget frå Regjeringa om at avkastninga frå fondet ikkje skal brukast til individuelle vederlag, jf. Innst. S. nr. 5 (2001-2002).

Utkastet til vedtekter for fondet vart handsama under plenumssamlinga i Sametinget torsdag 30. mai 2002. Sametinget vedtok å ta imot Samefolkets fond som eit første ledd i forsoninga og fornyinga av forholdet mellom staten og samane, mellom anna under føresetnad av at:

  • – staten i samarbeid med Sametinget set i verk arbeid for å utvikle nye samarbeidsformer og tiltak overfor samane.

  • – Regjeringa set i gang eit arbeid for å løyse saka for dei utdanningsskadelidne etter andre verdskrigen.

Fleirtalet i Sametinget ønskte ikkje at avkastninga frå fondet skulle gå til individuelle vederlag. Regjeringa vil sjå nærare på saka og vurdere på kva måte det er mogleg og ønskjeleg å følgje vedtaket i Sametinget.

4.2 Komiteens merknader

Komiteen har merket seg at Regjeringen arbeider med flere av de sakene som ble satt fokus på i årsmeldingen fra Sametinget. Komiteen vil i denne sammenheng vise til tiltak i St.meld. nr. 55 (2000-2001) Om samepolitikken, St.meld. nr. 33 (2001-2002) Tilleggsmelding til St.meld. nr. 55 (2000-2001) Om samepolitikken som har vært til behandling i Stortinget parallelt med denne stortingsmeldingen, jf. Innst. S. nr. 110 (2002-2003).